Schmidt, Marx og økologi

Av Terje Valen

1995-01


Alfred Schmidt har fordreid Marx sitt natursyn til det ukjennelige, men han har også forkasta sjølve kjerna i det marxistiske prosjektet, utviklinga av den materielle framandgøringa fram mot si eiga oppheving. På denne måten skaper han ei fiendtlig motseiing mellom Marx og naturvernarane.

Våren 1993 reiste Kristin Asdal ein debatt om Marx sitt natursyn i Klassekampen. Ho viste til Alfred Schmidt og hans doktoravhandling om dette emnet. Ut frå det Schmidt skriv om Marx sitt naturomgrep, kritiserer ho Marx. Men ho har ikkje noen kritisk vurdering av Schmidt og tradisjonen hans. Denne vurderinga er viktig å ta fordi ei heil rekkje av seinare akademisk-marxistiske teoretikarar, som til dømes amerikanaren Norman Levine («The Tragic Deception: Marx Contra Engels», Clio Books 1975) og svensken Per Månson («Från Marx til marxism», Röda Bokförlaget 1987 og «Karl Marx)

En introduktion», Daidalos 1993) støttar seg på Schmidt. Schmidt si vurdering av Marx sitt syn på naturen er dessutan blitt grunnlaget for store delar av miljøvernarane og økologane sin kritikk av Marx på dette området.

Frankfurtarane

Schmidt var fødd i 1931. Han studerte først historie, engelsk og klassisk filologi og så filosofi og sosiologi ved universitetet i Frankfurt am Main. Han var elev av Max Horkheimer og Theodor W. Adorno, dei leiande personane innen den såkalla Frankfurtskulen i vitskapsteori. Frankfurtarane reiste ein viktig kritikk mot den såkalla positivistiske og empiriske vitskapsteorien og ville føre inn att dialektikken i samfunnsvitskapane. Boka om Marx sitt naturomgrep var det første større arbeidet Schmidt offentliggjorde.

Eigentlig skreiv Schmidt avhandlinga «Der Begriff derNatur in der Lehre von Marx»  (Naturomgrepet i Marx si lære) i slutten av 50-talet på oppdrag frå Theodor W. Adorno og Walter Dirks ved «Institut Für Sozialforschung» i Frankfurt. Avhandlinga kom ut i 1962 og blei gitt ut att i 1971 i ei omarbeid og utvida utgåve med eit etterord.

Då Schmidt skreiv avhandlinga var det som innlegg i ein diskusjon mellom forskjellige retningar som kalte seg marxistiske. Desse retningane tok ut delar av Marx sine teoriar og diskuterte med kvarandre som om deira del var heilskapen, mens dei andre hadde tatt fatt i feil del.

Naturdialektikk

Boka er for det meste ein polemikk mot Ernst Bloch, og etterordet er ein støtte til delar av Sartre sitt syn som gjekk ut på at det ikkje finst ein «objektiv naturdialektikk». Dessutan er delar av boka ein polemikk mot Engels si oppfatning om at det finst ein naturdialektikk. Schmidt meinte at utspringet for stalinismen sin «marxisme-leninisme», med manglande vekt på menneske si særeigne, skapande rolle i historia, låg her. Gjennom å tolke Marx sitt syn på dialektikken og forholdet menneske/natur på sin måte, sette Schmidt også opp Marx mot Engels på dette feltet. Han meinte også at natursynet til Marx hadde endra seg sterkt frå ungdomsskriftene til dei midtre og seinare skriftene hans. Han meinte at Marx i (dei «romantiske») ungdomsskriftene hevda at menneska sin strid med naturen ville ta slutt under kommunismen, mens (den meir «realistiske») Marx i dei seinare skriftene sa at menneska sin strid med naturen ville fortsette også då.

Schmidt ville altså gi naturen/materien og dialektikken den rette plassen i marxistisk teori ut frå ei vurdering av at Engels hadde lagt for mykje inn under dialektikken sitt verkeområde, mens positivistane, empirikarane og stalinistane hadde tatt dialektikken ut av marxismen. I samband med dette ville han gi ein inngåande analyse av Marx sitt natursyn.

Når vi skal sjå litt nærare på det han skriv, må eg, som vanlig, gjøre merksam på at mange av dei teoretikarane som deltok i debatten, brukte ein litt særeigen terminologi med fleire spesialord. Dei laga også ofte lange og innfløkte setningar. Dette pregar også Schmidt sin skrivemåte. Eg har heller ikkje alltid hatt tid nok til å finpusse omsettingane frå tysk til nynorsk, så språkkjennarar får noe å sette tennene i.

I første delen av første kapitlet i boka si hevdar Schmidt at «den marxske materialismen» er «ikkjeªontologisk». Med det meiner han at Marx sin materialisme ikkje er knytta til det vesentlige ved tinga slik dei er, uavhengig av menneska si verksemd. «Det finst ingen rein, historisk umodifisert, natur som kan vere erkjenningsgjenstand for naturvitskapen.» (side 45) Han seier at Marx sin materialisme er knytt til forholdet mellom menneske og natur, til arbeidsprosessen. Kvalitetane til den naturen som ikkje er omdanna av menneska, er «eit reint skolastisk spørsmål» (side 58). Det er medvetet om det uoppløselige forholdet mellom menneske og natur, mellom subjekt og objekt (gjennom arbeidsprosessen), som er kjerna i Marx sin materialisme. Men i motsetnad til det hegelske så blir ikkje det marxske subjekt/objektet tatt heilt inn i subjektet. (side 78) (Hos Hegel var sambandet subjekt/objekt (eller menneska/naturen) noe som heilt ut gjekk føre seg i tenkinga til subjektet. Hos Marx forsvinn ikkje naturen heilt inn i menneska gjennom arbeidsprosessen.)

Kritikk av Engels

Andre delen av første kapitlet er ein «kritikk av Engels sin form for naturdialektikk». Her konkluderer Schmidt slik: «Naturen er arbeidet sitt subjekt/objekt. Dialektikken deira består av at menneska (som også er natur) endrar naturen sin, idet dei fratar det ytre (dvs. naturen rundt menneska) gradvis det framande og ytre, idet dei formidlar seg med det ytre og målmetvete lar det arbeide for seg. (Altså at menneska skapar det moderne industrisamfunnet.) Då forholdet mellom menneska og naturen er forutsetninga for dei vekselsidige forholda som menneska har til kvarandre, så vidar dialektikken i arbeidsprosessen, som ein naturprossess, seg ut til den menneskelige historia sin dialektikk overhodet.» (side 58)

Han hevdar et Engels, ved å følge det falske eksempelet til Hegel, utvidar den dialektiske metoden til å gjelde erkjenninga av naturen. «Men i naturerkjenninga er ikkje dei avgjørande bestemmingane av dialektikken til stades: vekselvirkning av subjekt og objekt, einskap av teori og praksis, historisk endring av kategoriane sitt substrat (dvs. den materielle verda) som grunnlag for endringa deira (kategoriane) i tenkinga osb.»  «Den naturen som finst før menneskesamfunnet, kjem ikkje lenger enn til polaritetar og motsetnader, som moment som står utanfor kvarandre, i beste fall til vekselverknad, men ikkje til dialektisk motsetnadsforhold.» «Den førdialektiske karakteren til naturen sjølv motsvarer det engelske dialektikkomgrepet, som på ein eigendomlig måte svingar mellom den gamle mekanikken og ein streng dialektikk som foreligg hos Hegel og Marx.» I naturen sjølv finst bare «ein kime til dialektikk». (side 57)

I kapittel 2 seier Schmidt at «Naturstoffet i seg sjølv, som Marx sett lik med materie, alt er forma, det vil seie at det er underlagt fysiske og kjemiske lover som blir formidla av naturvitskapane i stadig kontakt med den materielle produksjonen.» «– materien sin struktur er ikkje fastsett ein gong for alle. Materiestrukturen sitt begrep blir dessuten heile tida rikare gjennom forløpet av historia til naturvitskapane som er nært vevd saman i den samfunnsmessige praksisen.» (side 59)

I dette kapitlet prøver han å ta utgangspunkt i sentrale moment i «Kapitalen» sjølv for å vise at Marx såg på materien utanom mennesket som daudt arbeidsmateriale, ikkje som noko med eigenutvikling. Begrepa konstant og variabel kapital spring ut av dette, meiner han. Alt i naturen som menneska bruker i vareproduksjonen, som tenderer mot å blir universell, blir til konstant kapital som ikkje kan skape noe nytt, mens menneska gjennom arbeidsevna si blir variabel kapital, dvs. til ein del av naturen som kan skape noe nytt.

Naturlover

«Utan dei menneskelige anstrengingane for å beherske naturen er omgrepet naturlover utenkelig.» (side 66)

«. . . opphevinga av framandgjøringa, (finn stad) ikkje i filosofien, men i sosialismen som den høgaste skikkelse av verkelig formidling mellom menneske og natur, og gjennom sosialismen forsvinn ikkje heilt enkelt tingliggjøringa, men det ytre som menneska må tileigne seg fortsett å eksistere også når det blir passande for menneska. Menneska må alltid arbeide: «Som skapar av bruksverdiar, som nyttig arbeid, er arbeidet derfor ein menneskelig eksistensform som er uavhengig av alle samfunnsformer, ein evig naturnødvendigheit for å formidle stoffvekslinga mellom menneske og natur, altså det menneskelige livet sjølv.» (side 68)

«– sålenge naturen blir tileigne agrarisk (som jordbruk), og altså er fullstendig uavhengig, er menneska abstrakt identisk med naturen, dei synker så å seie ned i naturværenen: men der det lukkast menneska å råde over naturen allsidig teknisk-økonomisk og vitskaplig, når dei altså forvandlar han til ei maskinverd, stivnar han til noe abstrakt ytre for menneska.» (side 81)

Under kommunismen vil ikkje menneska lenger ligge i strid med kvarandre, men også då blir livet bestemt av den mest allmenne nødvendigheita, «stoffvekslinga mellom menneske og natur. Det er nok slik at denne nødvendigheita, ifølge Marx, blir ein beherska nødvendigheit, og at menneska vil ligge i kamp bare med den tinglige naturen, og ikkje med kvarandre. Men denne kampen tyder, at også den klasselause menneskeheita veit at dei står ovafor noka som til sjuande og sist ikkje er identisk med dei,–» (side 85)

Erkjenning

Det tredje kapitlet handlar om skiljet mellom samfunn og natur og erkjenningsprosessen. Det skal eg ikkje gå nærare inn på her, men gå rett over på fjerde og siste kapittel som handlar om utopien i forholdet mellom menneske og natur. Her finn vi då konklusjonane på heile avhandlinga.

Schmidt skriv: «Det spørsmålet som er antyda her, om i kva grad eit meir humant samfunn også kan tre inn i eit nytt forhold til naturen rundt menneska er svært mykje diskutert mellom marxtolkarar. Den mogne Marx avvik på dette punktet ein del frå tesane i dei tidlige skriftene hans ide i dei seinare skriftene er det ikkje lenger tale om ein «resurreksjon» av heile naturen. Det nye samfunnet skal bare vere til gode for menneska og nok eintydig til kostnad for den ytre naturen. Den (ytre naturen) skal ble herska over med gigantiske teknologiske middel ved minst mulig arbeids- og tidsbruk og tene menneska som eit materielt substrat for alle tenkelige forbruksgode.» «I framtida skal ikkje utbyttinga av naturen ta slutt, men dei menneskelige inngrepa skal bli så rasjonelle at også dei fjernare verknadene av denne utbyttinga skal kunne bli kontrollerte. Dermed skal naturen skritt for skritt bli frarøve muligheiten til å hevne seg på dei for sigeren deira».(side 159-160)

Mammutmaskineri

«Vi kan heller spørre om framtidssamfunnet ikkje blir til eit mammutmaskineri, om ikkje orda i «Oppklaringa sin dialektikk» (av Horkheimer og Adorno, 1944) om det «menneskelige samfunnet som ein masseøydeleggar i naturen» blir meir sanne enn draumen til den unge Marx om ei humanisering av naturen som også skulle innehalde ei naturalisering av menneska.» (side 160) «At det nødvendige riket fortsett å vere til, så lenge det fins menneskehistorie, tyder også at menneska er nødt til og forhalde seg til naturen i det vesentlige på ein tileignande, inngripande, kjempande måte.» «I den grad vi strever etter å forandre tinga slik dei er i og for seg, til ting for oss, så blir i siste instans dei formene som menneska har pregt av naturstoffet, i motsetnad til dei opprinnelige formene, noe ytre og likegyldig.» «. . . ifølge Marx kjem det ikkje til ei full forsoning mellom subjekt og objekt.» (side 162)

Det vi kan håpe på er at menneska «når dei ein gong gjennom samfunnsforma si ikkje lenger må forhalde seg til kvarandre ut frå økonomiske nytteomsyn, kanskje kan klare å late seg sjå på dei ytre tinga ut frå deira eige perspektiv, deira eigen «realitet»,-. I eit slik samfunn ville blikket på naturtinga vere avslappa, det ville ha noe av roen og saktmodigheita som omgjev ordet «natur» i Spinoza sitt system.» (side 162-163)

«Idag då dei tekniske muligheitene til menneska gjør det mulig å gå langt utover draumane til dei gamle utopistane, vil det heller sjå ut som at desse muligheitene som blir realisert på ein negativ måte, slår om i øydeleggingskrefter, og så fører til den totale øydelegging istadenfor til den, som alltid, menneskelig avgrensa lukka: altså den dystre parodien på den endringa som Marx ville ha, der subjekt og objekt ikkje blir forsont, men øydelagt. (side 167)

I 1965 skreiv Schmidt eit tillegg til boka si med tittelen  «Zum Verhá„áltnis von Geschichte und Natur om dialektischen Materialismus», («Til forholdet mellom historie og natur i den dialektiske materialismen»).

Han held fast på at dialektikken er knytt til menneske si utveksling med naturen. Men han innskrenkar også ytterligare verkeområdet til dialektikken. Han skriv: «Av alt dette framgår at det for den marxske teorien, . . . , strengt tatt bare finst to virkelig historiske dialektikkar: den som handlar om . . .  den meir eller mindre revolusjonære overgang frå den antikk-føydale til den borgarlige era og den som handlar om den katastrofe-frigjerande overgangen frå denne era til den sosialistiske.» (side 190-191)

Og som ein konklusjon på heile resonnementet kjem: . . . Begrepet om ein historisk-materialistisk oppfatta dialektikk gjeld bare for det fullt utfalda borgarlige samfunnet, og for dei førborgarlige samfunna gjeld det bare i den grad dei antesiperer bytteforhold.» (side 192)

Konklusjonen til Alfred Schmidt er altså at Marx meinte at det ikkje finst dialektikk i naturen utan at menneska utvekslar seg med han, og at det ikkje finst dialektikk i ikkje-borgarlige samfunn. Positivt uttrykt: det finst bare dialektikk i samband med den menneskelige utvekslinga med naturen i kapitalismen si tid.

Tendensiøs tolkning

Eg hevdar at dette er ei svært tendensiøs tolking av Marx. Det er ei tolking som skal få Marx til å bli eit sanningsvitne for dei tankane som Max Horkheimer og Theodor W. Adorno la fram i skriftet «Dialektik der Aufklärung» i 1944.  Kjerna i dette skriftet er at korkje kapitalismen, eller sosialismen/kommunismen kan løyse dei grunnleggande problema i verda. Desse problema spring nemlig ikkje ut av framandgjøringa eller kapitalforholdet om du vil. Dei spring ut av menneska si aukande vitskapelig-teknologiske utveksling med naturen rundt seg. Dette tyder at øydelegginga av menneska og naturen rundt kjem av den aukte tingliggjøringa til menneska og ikkje av den framandgjorte forma som denne tingliggjøringa tar i ei viss historisk epoke.

Horkheimer, Adorno og Schmidt tenderer derfor i retning av å seie at jo meir utvikla produktivkreftene er, uansett samfunnsform, desto meir øydelegg vi både menneska og naturen rundt. Dette knyttar dei også til den forma for tenkinga som dei meiner heng saman med den vitskapelig-teknologiske utviklinga, nemlig ein slags formålsrasjonalitet som målar og vurderer alt ut frå i kva grad det kan bli omdanna til bruksverdiar for menneska.

I eit siste etterord frå 1971 gir likevel Schmidt ein slags opning for ei anna tolking av Marx på dette feltet. Her seier han: «Den som studerar det marxske naturbegrepet idag, må ta omsyn til den emansipatoriske rolla til den menneskelige naturen og den befriande krafta i det «sansemessige» hos den yngre Marx.» Ut frå dette vil han trekke meir av Feuerbach inn i marxismen for å komme fram til en teori som får fram det som Horkheimer og Adorno kalte «naturen sin trang etter fred». «Løysinga (på desse spørsmåla) vil avhenge av i kva grad vi klarer å redde dei feuerbachske elementa hos den yngre Marx over i den utarbeida teorien i dei seinare verka hans og utvikle eit rasjonalitetsomgrep som forsonar den allsidige emansipasjonen til arten med dei vitale interessene til individa.» (side 211)

Det er ikkje rart at han kjenner seg tvinga til å gi ei opning, for alle kan jo sjå at uansett om Marx-tolkinga hans er rett eller ikkje, så fører det lett til den svartaste pessimisme, handlingslamming eller hedonisme. Det fører folk nett vekk frå den politiske handlinga som Schmidt ellers hyllar.

Så langt til framstillinga av Schmidt sine posisjonar. No vil eg opne kritikken av dei.

Den tyske ideologien

Schmidt si framstilling av kva Marx meiner, kviler i siste instans på eit sitat frå den tyske ideologien. (Det høyrer til historia at dette sitatet er stroke over i originalmanuskriptet. Men det tyder ikkje at Marx meinte der var feil, bare at det ikkje høyrte til akkurat der i teksten.) Eg skal sitere denne delen av boka nøye, for her ligg hunden nedgravd.

Schmidt skriv: «For Marx finst det rett og slett ikkje noe skilje mellom natur og samfunn og dermed ikkje noen grunnleggande metodisk skilnad mellom naturvitskapane og åndsvitskapane. Slik skriv han i»Den tyske ideologien»: «Vi kjenner bare ein einaste vitskap, historievitskapen. Historia kan vi sjå frå to sider, vi kan dele han i naturhitorie og menneskehistorie. Begge sider kan ikkje skiljast frå kvarandre; så lenge menneske eksisterer betingar naturhistoria og menneskehistoria seg gjensidig». » (side 43)

Her stansar Schmidt siteringa si. Men i»Den tyske ideologien» fortsett det slik: «Naturhistoria, såkalla naturvitskap, angår oss ikkje her, men vi vil måtta undersøkje menneskehistoria, sidan mest heile ideologien er anten ein fordreid tolking av denne historia eller ein fullstendig abstraksjon frå ho. Ideologi er sjølv bare eit av aspekta av denne historia.» (Marx-Engels: Collected Works, volume 5, side 28.)

Det er nett i denne tida Marx gjør valet sitt om å konsentrere seg om menneskehistoria framfor for eksempel naturhistoria, som han klårt ser på som ein eigen disiplin (naturvitskap). Fordi han anar at problema til menneska no i hovedsak er løynt i menneskehistoria, veljer han å konsentrere seg om denne. Dette valet speglar seg i heile den seinare produksjonen hans som er retta inn på å undersøke om denne ideen var rett og etter kvart på å vise kvifor han var rett. Det speglar seg og i den arbeidsdelinga som han og Engels oppretta seg imellom, der Engels skulle ta seg av mellom anna naturhistoria og militærhistoria.

Slik sett har Schmidt gått så langt som til å forfalske Marx for at det han skriv skal passe betre inn som sanningsvitne for frankfurtarane. Det tener han ikkje til ære. Men det er ikkje alt. Heile metoden hans er prega av at han stykkar opp Marx og vel ut berre sitat som passar inn i det billetet som han vil skape av Marx sitt syn på dialektikk og materie. På denne måten virkar skriftet hans som eit lærd og underfundig angrep på det Marx stod for. Fordi han har så mykje kildetilvisningar til Marx-tekstar virkar han imponerande. Det er jo ikkje vanlig at folk kan sin Marx på fingrane (sjøl om det nok kunna ha vore ei hjelp i slike tilfelle). Og slik har han altså blitt ein slags guru for delar av miljørørsla.

Havemann

Det er til dømes heilt påfallande at Schmidt ikkje tar opp den moderne naturvitskapan i skriftet sitt i dei heile. Det er påfallande at han i etterskriftet ikkje nevner den internasjonalt kjende forskaren i kjernefysikk og fysikalsk kjemi, Robert Havemann. Havemann fekk, som kjend, avskil frå professorstillinga si ved Humbold-universitetet i Aust-Tyskland etter å ha halde ei serie oppsiktsvekkande førelesningar om naturdialektikk og andre emne vinteren 1963-64. (Robert Havemann: «Dialektikk uten dogmer? Naturvitenskap og filosofi.», Universitetsforlaget. Udatert, men kom ut i 1964 eller 1965.) Framstillinga hans av naturdialektikken som grunna seg på Engels og Hegel, blei for sterk kost for styresmaktene i Aust-Tyskland fordi dei var eit sterkt angrep på forskningsmessig og politisk einsretting og manglande fridom.

Det er altså eit faktum at Schmidt hadde eit fjernt tilhøve til moderne naturvitskap. Vi kan sjå det når han snakkar om naturvitskapelig metode som positivistisk/empirisk metode og til dømes når han seier at naturen er underlagt evige lover. Han knytter seg då til den gamle tradisjonen frå Demokrit, og ikkje mot tradisjonen frå Epikur, som var eit utgangspunkt for Marx (og Engels) si naturforståing. (Sjå Marx si doktoravhandling om forskjellen på Demokrit og Epikur sitt naturomgrep, eller min kommentar til dette i»Marxistisk Renessanse, Kommunistisk Offensiv».)

Heilt sentralt i Schmidt si forståing er at han ikkje skiljer mellom motseiing allment og motseiinga i form av antagonisme. Derfor tolkar han også eit heilt sentralt sitat der Marx beskriv kommunismen, på feil måte. Marx skriv:

«Den tredje og siste forma for kommunisme står for ei positiv oppheving av privateigedommen (som er mennesket si framandgjøring av seg sjølv), og går følgjeleg inn for ei verkeleg tileigning av det menneskelige vesen gjennom og for mennesket. Denne kommunismen står derfor som ei fullstendig medviten tilbakevending til mennesket som samfunnsmessig, dvs. menneskeleg menneske, der heile den tidligare utviklinga sin rikdom blir tatt vare på.

Denne kommunismen er som fullgjort naturalisme=humanisme, og som fullgjort humanisme=naturalisme. Han står for den sanne oppløysinga av striden mellom mennesket og (resten av) naturen og mellom mennesket og mennesket, den sanne oppløysinga av striden mellom eksistens og vesen, mellom tingliggjering og sjølvutfalding, mellom fridom og naudsyn, mellom individ og art. Han er løysinga på historia si gåte og han er medviten om det.»

Menneske – natur

Dette tyder ikkje at motseiinga menneske-natur er oppheva, men det tyder at antagonismen, dvs. striden mellom dei, er oppheva. Det tyder ikkje at motseiinga mellom menneske og menneske er oppheva, men at antagonismen i motseiinga er oppheva osv. Dette er slik fordi alle forskjellar tar form av motseiingar og fordi ikkje noe er identisk med noe anna, og heller ikkje identisk med seg sjølv. I den dialektiske logikken er ikkje a=a, fordi a er i stadig utvikling og er både a og ikkje a. Viss ikkje det var tilfelle ville ikkje tinga kunne endre seg. Etter mi meining er dette kjerna i den dialektiske materialismen og dette gjeld både i den reine naturhistoria der menneskearbeid aldri har vore tilstades, og i menneskehistoria anten vi ser på han ut frå aspektet arbeid, leik, læring, kunstnarlig verksemd eller kjærleik.

Resultatet av Schmidt si oppfatning av dialektikk, vil vere at menneska ikkje har kunne utvikle seg til menneske, fordi dei ikkje kunne ta spranget frå dyr til menneske dersom det ikkje var dialektikk i naturen utenfor arbeidet.

Dette vil føre oss tilbake til ideen om at ein ytre påverknad har «skapt» menneska. Derfor opnar også Schmidt med si omtolking av Marx, dørene for den idealismen som han vil kjempe mot.

Konklusjonen min er altså at Schmidt har fordreid Marx sitt natursyn til det ukjennelige, men også at han har forkasta sjølve kjerna i det marxistiske prosjektet, utviklinga av den materielle framandgøringa fram mot si eiga oppheving.

I denne korte artikkelen har eg lagt vekt på å la Schmidt sjølv få komme mykje til orde fordi han aldri har vore omsett til norsk etter det eg veit. I neste omgang blir oppgåva å kritisere han i større detalj. Vi treng også  å gi ei meir utfyllande framstilling av Marx sitt natursyn. Men lesarane har no i alle fall høve til å få kikke Schmidt litt i korta.