Samanbrotet i det europeiske systemet

Av

Nr 4 2012


Samir Amin er fødd i Kairo i 1931, med fransk mor og egyptisk far. Han studerte statsvitskap, statistikk og økonomi i Paris. Han var ei stund medlem av det franske kommunistpartiet PCF, men tok seinare avstand frå sovjetsystemet. Han har jobba ei rekke stader rundt i verda, men sidan 1980 har han vore leiar for Third World Forum i Dakar i Senegal. Artikkelen her stod i septembernummeret av Monthly Review, omsett frå fransk. Amin er ein av hovudinnleiarane på Globaliseringskonferansen i Oslo 2.–4. november. Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Fleirtalet i Europa meiner Europa har alt som skal til for å bli ei økonomisk og politisk makt på linje med, og dermed uavhengig av, USA. Ei enkel summering av innbyggartall og BNP gjør det tilforlateleg. Men eg trur at Europa lir av tri store hemsko som utelukkar ei slik samanlikning.

Først av alt er den nordlege delen av Amerika (USA og det eg kallar den ytre delstaten Canada) utrusta med naturressursar som utan samanlikning langt overgår dei i den delen av Europa som ligg vest for Russland, slik ein kan sjå at Europa er avhengig av importert energi.

For det andre er Europa sett saman av mange historisk ulike nasjonar. Dei ulike politiske kulturane er tunge nok til at ein ikkje kan snakke om eit «europeisk» folk slik me kan om det «amerikanske» folket i USA, sjølv om desse europeiske skilnadene ikkje nødvendigvis har vore prega av nasjonal sjåvinisme. Me kjem attende seinare til dette viktige spørsmålet.

For det tredje (og hovudårsaka til at ei slik samanlikning er utelukka) har den kapitalistiske utviklinga i Europa vore – og er – ujamn. Kapitalismen i Amerika har utvikla seg på ein relativt einsarta måte i Nord- Amerika, iallfall etter borgarkrigen. Europa vest for det historiske Russland (medrekna Ukraina og Kviterussland) er sett saman av tri ulikt utvikla kapitalistiske samfunn.

Den historiske kapitalismen – det vil seie den kapitalistiske produksjonsmåten som er etablert på verdsbasis – tok form i starten av 1500-talet i trianglet London/ Amsterdam/Paris, og fekk si endelege form med den franske politiske revolusjonen og den engelske industrielle revolusjonen. Denne modellen som skulle bli rådande i dei dominerande kapitalistiske sentra opp til vår tid (liberal kapitalisme som Wallerstein har kalla det), ekspanderte raskt og kraftig i USA etter borgarkrigen, og gjorde slutt på makta til slaveøkonomien i den føderale regjeringa, og au slutt på Japan som sjølvstendig makt. I Europa vann den same modellen fram like raskt i Tyskland og Skandinavia. Kjernelanda i Europa (Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Nederland, Belgia, Sveits, Austerrike og dei skandinaviske landa) er no under herredømmet til sine eigne altomfattande (som eg kallar dei) monopol, som ut av tidlegare former av monopolkapitalisme nådde dette stadiet i perioden 1975–1990.

Likevel er ikkje altomfattande monopol (generalized monopolies) i denne europeiske regionen «europeiske»; dei er absolutt «nasjonale» (altså tyske, britiske, svenske osv), jamvel om dei driv forretningar transeuropeisk og transnasjonalt (på verdsbasis). Det same er tilfellet med dagens altomfattande monopol i USA og Japan. I kommentarane mine til dei store undersøkingane som er gjort på dette området, har eg lagt vekt på kor avgjørande viktig denne konklusjonen er.1

Det andre sjiktet omfattar Italia, Spania og Portugal, der same dominerande modell – den altomfattande monopolkapitalismen – først tok form ganske nyleg, etter andre verdskrigen. På grunn av dette har desse samfunna framleis særdrag i økonomi og politisk styringsverk som hindrar dei i å komme opp på same nivå som dei andre.

Men det tredje sjiktet, sett saman av land i den tidlegare «sosialistiske (sovjettypen) verda» og Hellas, vart ikkje base for altomfattande og nasjonale monopol. (Greske skipsreiarar eit mauleg unntak, sjølv om deira «greske» status er svært diskutabel.) Fram til andre verdskrigen var alle desse landa langt unna utvikla kapitalistiske forhold som karakteriserte kjernelanda i Europa. Etterpå underkua sovjet-sosialismen kimen til eit nasjonalt borgarskap i alle landa med «den reelt eksisterande sosialismen». Eit innskrenka borgarleg styre vart erstatta med statleg kapitalisme med sosiale, om ikkje sosialistiske trekk. Med reintegrasjonen i den kapitalistiske verda gjennom medlemskap i EU og Nato stod desse landa frå då av i same situasjon som andre i den kapitalistiske periferien – ikkje styrte av sine eigne altomfattande monopol, men prisgitt dei i den europeiske kjerna.

Dette heterogene Europa utelukkar absolutt samanlikning med USA/Canada. Men kan ikkje desse skilnadene forsvinne gradvis – nettopp gjennom bygginga av Europa? Det er rådande oppfatning i Europa. Eg er usamd, og skal komme attende til spørsmålet.

Kan Europa samanliknast med det todelte amerikanske kontinentet?

Eg trur det er meir realistisk å samanlikne Europa med det todelte amerikanske kontinentet (USA/Canada på eine sida, Latin- Amerika og Karibia på andre), enn bare med Nord-Amerika aleine. Det delte kontinentet utgjør ein del innanfor verdskapitalismen kjenneteikna av kontrasten mellom det sentrale og dominerande Nord, og det perifere og underordna Sør. Denne dominansen vart proklamert som mål gjennom Monroe-doktrinen i 1823, og på 1800-tallet delte det oppstigande USA makta si med den britiske konkurrenten som då hadde hegemoni på verdsbasis. Slik makt blir i dag i hovudsak utøvd av Washington, med altomfattande monopol som har brei kontroll over det økonomiske og politiske livet sør for grensene, trass i kamplystne forsøk siste tida på å utfordre makta. Parallellen til Europa er openbar. Austlege Europa er i ein underordna perifer stilling slik Latin- Amerika er det til USA.

Alle samanlikningar har sine grenser, og om ein ser bort frå dei, ville det gi gale konklusjonar om maulege framtidsløp, og maulege og effektive strategiar for å opne det beste av desse løpa. På to område er det skilnader. Latin-Amerika er eit umåteleg stort kontinent utstyrt med fantastiske naturressursar – vatn, jord, mineralar, olje og naturgass. Aust-Europa kan ikkje på noko vis samanliknast her. Dessutan er Latin- Amerika også mindre heterogent enn Aust- Europa: Det har to nærskylde språk (jamvel om det er mange overlevande indianarspråk) og lite nasjonalsjåvinistisk fiendskap mellom naboar. Uansett skilnader skal ein ikkje dra forenkla samanlikningar for langt.

USAs dominans over sørlege Amerika blir i hovudsak utøvd med økonomiske middel, som den pan-amerikanske fellesmarknaden Washington vil ha (sjølv om det har blitt ein stopp i USAs arbeid for å få det til). Jamvel den delen av planen som er sett ut i livet, NAFTA, og som gjør Mexico til eit vedheng til den store nordamerikanske marknaden, utfordrar ikkje meksikansk suverenitet institusjonelt. Det er ikkje nokon naiv observasjon frå mi side. Eg er godt klar over at det ikkje er vasstette skott mellom økonomiske og politiske metodar. Latinamerikanske opposisjonelle har korrekt oppfatta Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) som «USAs kolonikontor», og lista over USAs intervensjonar, militære (som i Karibia) eller som støtte til statskupp, er lang nok til å bevise det.

Dei institusjonelle tilhøva mellom landa i EU har eit breiare og meir komplekst grunnlag. Det finst ein slags vesteuropeisk «Monroe-doktrine». («Aust-Europa er eigedommen til Vest-Europa.») Men det er ikkje alt. Den europeiske unionen er ikkje lenger ein rein «fellesmarknad» slik det var i starten, avgrensa til seks land før det vart utvida til andre land i Vest-Europa. Etter Maastricht-traktaten er det blitt eit politisk prosjekt. Sjølvsagt som eit middel til å fremme det større prosjektet – at dei altomfattande monopola kan styre dei samfunna som unionen omfattar. Men det blei også ein arena for konfliktar og utfordringar for desse prosjekta og metodane for å gjennomføre dei. Dei europeiske institusjonane er meint å knytte saman folka i unionen, og har mange metodar for å nå det målet, som representasjon i Europaparlamentet i samsvar med folketal og ikkje BNP. Det er grunnen til at opinionen i Europa, medrekna dei fleste venstreorienterte kritikarane, framleis klyngar seg til håpet om at eit anna Europa er mauleg.

Før ein drøftar tesar og hypotesar om alternative framtidsløp for Europa, er det nødvendig på eine sida å diskutere atlantisme og imperialisme, og på andre sida europeisk identitet.

Europa eller atlantisk og imperialistisk Europa?

Storbritannia er meir atlantisk enn europeisk ut frå fortida si som hegemonisk imperialist, sjølv om den arven er redusert til ein privilegert status for City of London i det globale finanssystemet. Derfor set Storbritannia den særeigne medlemskapen sin i EU lågare enn opprettinga av ein euroatlantisk økonomisk og finansiell marknad. Det står over viljen til å delta aktivt i den politiske utforminga av Europa.

Men det er ikkje bare Storbritannia som er atlantisk. Dei kontinentale europeiske statane er det ikkje mindre, trass i tilsynelatande vilje til å skape eit politisk Europa. Beviset ligg i den sentrale posisjonen NATO har i det politiske byggverket. At ein militær allianse med medlemsland utanfor unionen de facto er integrert i den «europeiske konstitusjonen » er ein anomali utan sidestykke. For enkelte europeiske land (Polen, Ungarn og dei baltiske statane) er NATOs vern – det vil seie USAs – mot deira «russiske fiende» (!) viktigare enn tilknyttinga til EU.

Den standhaftige atlantismen, og NATOs utvida operasjonsområde verda over etter bortfallet av den antatte «sovjetiske trusselen», er resultatet av det eg ser som framveksten av den kollektive imperialismen til triaden (USA, Europa og Japan). Det vil seie dei dominerande sentra for altomfattande monopolkapitalisme aktar å dominere trass i at nye statar stig opp. Det er ei relativt ny endring i det imperialistiske systemet, som tidlegare og tradisjonelt var basert på konflikt mellom dei imperialistiske maktene. Den kollektive imperialismen voks fram på grunn av behovet for felles front mot folk og statar i periferien i Asia, Afrika og Latin- Amerika som er opptatte av å komme seg ut av den underordna rolla.

Det europeiske imperialistiske sjiktet her omfattar bare Vest-Europa, der alle statane alltid i moderne tid har vore imperialistiske, med eller utan koloniar, ettersom dei har og alltid har hatt ein del i den imperialistiske renta. Motsett har ikkje statane i Aust- Europa tilgang til det, ettersom dei ikkje har eigne nasjonale altomfattande monopol. Men dei har svelga illusjonen om at dei har rett til det bare fordi dei er «europeiske». Vil dei nokon gong kvitta seg med den illusjonen?

Imperialismen, som no er blitt kollektiv og vil vere det framover, har ein felles politikk mot Sør, triadens politikk: Permanent aggresjon mot folk og statar som vågar stille spørsmål ved deira globaliseringssystem. Og kollektiv imperialisme har ein militær leiar, om ikkje hegemonist: USA. Slik har det seg at verken EU eller nokon av statane der har nokon «utanrikspolitikk» lenger. Fakta viser at det bare er ein einaste realitet: støtte til kva som helst Washington (kanskje i samforstand med London) avgjør på eiga hand. Sett frå Sør er ikkje Europa noko anna enn ein vilkårslaus alliert av USA. Og sjølv om det kan vere somme illusjonar om dette i Latin-Amerika – utan tvil fordi hegemoniet på brutalt vis blir utøvd av USA aleine her og ikkje av underordna europeiske allierte – er det ikkje tilfellet i Asia og Afrika. Makthavarane i dei oppstigande landa veit det: Dei som styrer i dei andre landa på dei to kontinenta, godtar statusen som lydige kompradorar. For alle er det bare Washington som tel, Europa kunne like gjerne vore ikkje-eksisterande.

Finst det ein europeisk identitet?

Spørsmålet skal vurderast frå ein intern europisk synsvinkel. Frå eit eksternt synspunkt – frå heile Sør – er «Europa» avgjort ein realitet. For folka i Asia og Afrika med språk og religionar som er «ikkje-europeiske» sjølv etter at kristne misjonærar har omvendt folk, eller at folk har tatt til seg det offisielle språket til tidlegare kolonistar, er europearane «dei andre». Det er sjølvsagt annleis i Latin-Amerika som på same vis som Nord- Amerika er resultatet av bygginga av «det andre Europa» – «den nye verda», kopla til danninga av den historiske kapitalismen.

Spørsmålet om europeisk identitet kan bare drøftast ved å sjå på Europa innanfrå. Men teoriane som stadfestar eller fornektar ein slik identitet, støytar saman i polemikk der begge sider overdriv for å vinne. Slik viser somme til kristendommen, sjølv om ein reint logisk må vise til katolske, protestantiske og ortodokse kristne – og ikkje oversjå det langt frå ubetydelege tallet på folk utan religiøs praksis eller tru i det heile tatt.

Andre vil peike på at ein spanjol lettare vil komme overeins med ein argentinar enn ein litauar, at ei fransk kvinne vil forstå ein algeriar betre enn ein bulgarar, og at engelskmennene rører seg friare i dei delane av verda der folk delar språket deira enn i Europa. Den gamle greskromerske sivilisasjonen, som han var eller som rekonstruksjonen, burde gjøre latin og gresk, og ikkje engelsk til dei offisielle europeiske språka (slik dei var i middelalderen). Opplysingstida på 1700-tallet omfatta snautt meir enn trianglet London/ Amsterdam/Paris, sjølv om ideane vart eksportert så langt som Prøyssen og Russland. Representative demokratiske val er framleis ikkje ein fast norm og for nytt til at ein kan seie opphavet til dei går attende til danninga av dei klart tydeleg ulike politiske kulturane i Europa.

Det er ikkje vanskeleg å vise makta nasjonale identitetar framleis har i Europa. Frankrike, Tyskland, Spania og Storbritannia blei alle skapt gjennom hundreår med bitter krig. Sjølv om den lite viktige statsministeren i Luxembourg kan seie at fedrelandet hans (eller til banken hans?) «er Europa», så ville ikkje ein fransk president, tysk kanslar eller britisk statsminister våge å seie noko så dumt. Men må det verkeleg vere ein felles identitet for å lage eit legitimt prosjekt for regional politisk integrasjon? Eg meiner det ikkje på noko vis må vere slik. Ikkje så lenge dei ulike identitetane (kall dei «nasjonale ») blir akseptert, og dei saklege årsakene bak den felles viljen til politisk samling blir presist formulert. Dette prinsippet gjeld ikkje bare i Europa. Det er slik for folk i Karibia, i det iberiske Amerika, i den arabiske verda og i Afrika. Ein treng ikkje tru på «arabisme» eller «négritude»2 for å godta eit arabisk eller afrikansk prosjekt som legitimt. Uheldigvis oppfører ikkje «europistane» seg så intelligent. Det store fleirtalet av dei trur det er nok å kalle seg «overnasjonale» eller «anti-sjølvstyre», det er i beste fall meiningslaust, og kan jamvel kollidere med den verkelege verda. Derfor vil eg ikkje drøfte om eit europeisk politisk prosjekt er levedyktig på grunnlag av flyktige vurderingar av «identitet», men på grunnlag av innsatsen, og dei institusjonelle formene for å styre denne innsatsen.

Er den europeiske unionen levedyktig?

Spørsmålet er ikkje om «eit» europeisk prosjekt (kva for prosjekt? for kva?) vil vere mauleg. Svaret er openbart ja. Spørsmålet er om det noverande prosjektet er levedyktig, eller kan omgjørast til å bli det. Eg ser bort frå dei høgreorienterte «europistane», altså dei som underkastar seg krava til den altomfattande monopolkapitalismen og aksepterer EU slik han er, og bare bryr seg om å finne løysningar på noverande «konjunkturmessige » (som eg hevdar ikkje er det i det heile tatt) vanskar. Eg ser bare på argumenta til dei som hevdar at «eit anna Europa er mauleg», medrekna forkjemparane for ein reformert kapitalisme med eit menneskeleg ansikt, og dei som har ei sosialistisk omdanning av Europa og verda som perspektiv.

Sentralt i debatten står kva slags krise som rår i Europa og verda. Når det gjeld Europa, heng den opne krisa i eurosona og krisa på bakrommet i EU uløyseleg saman.

I det minste sidan Maastricht-traktaten, og etter mi meining mykje lenger, har danninga av EU og eurosona blitt tenkt og forma som komponentar av ei såkalla liberal globalisering. Det er opprettinga av eit system som skal sikre eksklusiv dominans for altomfattande monopolkapitalisme. Eit nødvendig startpunkt blir derfor å analysere dei motsetningane som etter mi meining gjør dette prosjektet (og dermed det europeiske inkludert i det) ugjennomførbart.

Les Samir Amin om dristighet i Rødt 2-2012

Men i vilkårslaust forsvar for «eit» europeisk prosjekt (prosjektet som har fordelen av å eksistere, av alt å vere på plass) vil ein seie: Det kan forandrast. Det kan det heilt sikkert – abstrakt teoretisk. Men kva for vilkår må til? Eg trur det vil krevje eit dobbelt mirakel, og eg trur ikkje på mirakel:

1) at det felles europeiske byggverket aksepterer nasjonal sjølvråderett, mangfaldet av interesser som er i spel, og organiserer institusjonar på det grunnlaget; og 2) at kapitalismen – så lenge han er det generelle rammeverket for å styre økonomi og samfunn – blir tvinga til å fungere på ein annan måte enn det den indre logikken i han dikterer. Ein logikk som no har gitt herredømmet til altomfattande monopol. Eg ser ingen teikn til at fleirtalet av europistane vil ta omsyn til slike føresetnader. Heller ikkje ser eg at den venstreorienterte minoriteten blant dei som tar omsyn til slike krav, er i stand til å mobilisere politiske og sosiale krefter som kan makte å snu konservatismen til dei etablerte europistane. Det er grunnen til at eg konkluderer med at EU ikkje kan bli noko anna enn det han er, og slik sett ikkje er levedyktig. Krisa i eurosona viser at det er umogleg.

Det «europeiske» prosjektet slik Maastricht-traktaten definerer det, og eurosoneprosjektet, vart selt til opinionen i ein propagandakampanje som ein bare kan kalle tåpeleg og uærleg. Somme – dei (relativt) privilegerte folka i velståande Vest- Europa – vart fortalt at bortfallet av nasjonal suverenitet ville gjøre slutt på hatfylte og blodige krigar på kontinentet (og suksessen for slikt tullprat er lett å forstå). Det vart servert med ein saus: vennskapen til det store amerikanske demokratiet, den felles kampen for demokrati i det tilbakeståande Sør – ein ny måte å få aksept for gamle imperialistiske haldningar – og så vidare. Dei andre, dei fattige jævlane i aust, vart lova velstand ved å «ta igjen» vestleg levestandard.

Fleirtalet i begge delar av Europa, vest og aust, svelga tullpratet. I aust ser det ut til at dei trudde at tilslutning til EU ville sikre den velkjente «opphentinga», verkeleg ein god handel. Men prisen dei betalte – kanskje som straff for å ha godtatt regime som praktiserte sovjet-typen sosialisme kalla kommunisme – var ei smertefull strukturtilpassing gjennom mange år. Tilpassing – «innstramming» (for arbeidarane, ikkje milliardærane) – vart sett i verk. Men resultatet vart sosial katastrofe. Og Aust-Europa vart periferien til Vest-Europa. Ei undersøking nyleg fortel oss at 80 prosent av rumenarane meiner at «ting var betre i Ceausescu-tida»!3 Kan ein finne betre teikn på at det påståtte demokratiet i EU ikkje har legitimitet? Vil folka som er med, lære seg leksa? Vil dei forstå at kapitalismens logikk ikkje er opphenting, men det motsette, djupare ulikskap? Kven veit!

At Hellas i dag står i sentrum for konflikten, er både fordi Hellas er med i eurosona, og fordi folket her håpte å sleppe unna skjebnen til dei andre (eks- «sosialistiske») landa på Balkan. Generelt trudde (eller håpte?) det greske folket at fordi dei unngjekk vanskjebnen ved å vere styrt av «kommunistar» (mektige under heroiske andre verdskrig) – og takk vere oberststyret! – ikkje måtte betale prisen dei andre på Balkan måtte. Europa og euroen ville fungere annleis for dei. Europeisk solidaritet, særleg i eurosona, same kor svak han måtte vere andre stader (der brotsverket «kommunisme» skulle straffast), ville vere til deira fordel.

Grekarane må leve med resultatet av sine naive illusjonar. Dei bør vite no at systemet vil senke dei ned på nivå med sine naboar, Bulgaria og Albania. Logikken i eurosona er ikkje annleis enn i EU. Tvert om, han forsterkar dei valdelege sidene. Generelt forsterkar kapitalistisk akkumulasjon ulikskap mellom nasjonar (det er kjelda til kontrasten mellom sentrum og periferi), og akkumulasjon dominert av altomfattande monopol forsterkar dei innebygde tendensane i systemet. Mot dette vil det bli hevda at EU-institusjonane har verktøy til å rette opp ulike tilhøve internt i EU, gjennom passande finansiell støtte til etternølarane innanfor unionen. Generelt trur opinionen på dette. I røynda er denne støtta utilstrekkeleg for å få til opphenting (bortsett frå landbruket, eit spørsmål som ikkje blir drøfta her). Meir alvorleg er at støtta legg til rette for at dei altomfattande monopola kan sleppe til, og dermed styrkar tendensen til ulik utvikling ved å gjøre dei involverte økonomiane endå opnare. Og denne støtta har som mål å styrke visse regionar i landa (til dømes Bøhmen, Lombardia og Katalonia), og dermed svekke nasjonalstatens evne til å stå mot diktat frå monopola.

Eurosona vart utforma for å forsterke ei slik utvikling. Den grunnleggande naturen til sona er definert av statuttane til Den europeiske sentralbanken (ECB). ECB har forbod mot å låne til nasjonale regjeringar (og jamvel til ein overnasjonal europeisk stat om han eksisterte, noko han ikkje gjør). ECB må låne eksklusivt til bankar til latterleg låg rente, desse får i sin tur rente-inntekter frå statsobligasjonar, det har forsterka dominansen til dei altomfattande monopola. Det som blir kalla finansialisering er innebygd i strategien til desse monopola. Frå første stund har analysen min vore at dette systemet ikkje er levedyktig, bestemt til å kollapse så fort kapitalismen blir ramma av ei alvorleg krise. Det skjer framfor auga våre no. Eg heldt fast ved at det einaste alternativet som kunne bidra til ei utvikling mot eit solid europeisk byggverk, krev nasjonale valutaer knytt saman med definerte bytteverdiar bygd på seriøse forhandlingar om vekslingskurs og industripolitikk. Og det skulle gjelde fram til, endeleg og mykje seinare, dei politiske kulturane hadde modna og gitt grunnlag for opprettinga av eit føderalt Europa overordna – men utan å fjerne – dei ulike nasjonalstatane.

Og no har eurosona gått inn i ei venta krise som truar eksistensen av sona, noko som til og med blir vedgått i Brussel. Det er ingen teikn til at EU er i stand til radikal sjølvkritikk som kunne føre til eit anna system for valutaregulering, og skrinlegging av liberalismen som er innebygd i avtalane som framleis gjeld.

Dei ansvarlege for bankerotten til det europeiske prosjektet er ikkje ofra, dei sårbare landa i utkanten av Europa. Det er tvert om dei europeiske kjernelanda (det vil seie dei herskande klassane i desse landa), først av dei Tyskland som har hatt fordel av systemet. Det gjør fornærmingane mot det greske folket endå meir fråstøytande. Late menneske? Skattesnyteri? Madame Lagarde gløymer at skattesnytarane her er skipsreiarane som er beskytta av (den IMF-støtta) globaliseringsfridommen.

Resonnementet mitt er ikkje basert på at ein må godta konfliktar nasjonar mellom, sjølv om slikt går føre seg. Det er bygd på å erkjenne konflikten mellom altomfattande monopol (som sjølv bare finst i dei europeiske kjernelanda) og arbeidarane i sentrum og periferi – sjølv om innstrammingane dei er utsette for har markant større øydeleggande effekt i periferien enn i kjernelanda. Den «tyske modellen», som er lovprist av heile den politiske høgresida i Europa og store delar av venstresida, har vore suksess i Tyskland takk vere at relativt føyelege arbeidarar har godtatt lønningar tretti prosent under dei franske. Dei føyelege er hovudårsaka til den tyske eksportsuksessen, og den kraftige veksten i avkastinga som dei tyske altomfattande monopola profitterer på. Alle må forstå at denne modellen begeistrar dei som forsvarer kapitalismen utan vilkår!

Det verste står likevel igjen: På ein eller annan måte, brått eller gradvis, vil det europeiske prosjektet bli slitt i stykker, med start i eurosona. Då er det tilbake til start – 1930-tallet. Me får eit mark-område avgrensa til Tyskland og landa dei dominerer aust og sør for grensene sine; Nederland og Skandinavia sjølvstendige, men villige til å tilpasse seg; eit Storbritannia endå meir atlantisk og dermed distansert frå omskiftande politikk på kontinentet; eit isolert Frankrike (som under de Gaulle? eller Vichy?); og eit Spania og Italia som er usikre og ustabile. Me får det verste frå begge: nasjonale europeiske samfunn underordna diktata frå altomfattande monopol og tilhøyrande globalisert «liberalisme» på den eine sida, og på andre sida vil dei herskande kreftene her, fordi dei er makteslause, vere endå meir avhengige av «nasjonalistisk» demagogi. Eit slikt styre vil mangedoble handlingsrommet til ekstremhøgre. Me får (har me alt?) Pilsudskiar, Horthyar, baltiske baronar, folk som vil vekke Mussolini og Franco til live, og maurassianarar4. Det «nasjonalistiske» snakket til ekstremhøgre er løgnaktig, fordi desse politiske kreftene (eller leiarane i det minste) allment sett godtar kapitalismen og den einaste forma han kan ta, altomfattande monopolkapitalisme. Ekte «nasjonalisme» i dag kan bare vere populistisk i ordets rette forstand: for å tene og ikkje bedra folket. I dag må ordet «nasjonalisme» brukast forsiktig, og kanskje heller bli erstatta med «internasjonalisme mellom folk og arbeidarar». Motsett reduserer retorikken til desse høgrefolka nasjonalismen sin til valdelege og sjåvinistiske overgrep mot immigrantar og sigøynarar, som får skulda som kjelde til ulykkene. Desse høgreorienterte unnlèt ikkje å ta med seg dei «fattige» i hatsnakket sitt, som ansvarlege for deira fattigdom og misbruk av «velferdsgoder».

Det er resultatet når ein gjenstridig forsvarer det europeiske prosjektet jamvel midt i stormen: det blir øydelagt.

Finst det eit mindre smerteleg alternativ? Går me mot ei ny bølgje progressive samfunnsendringar?

Sjølvsagt eksisterer det alternativet framleis, i prinsippet. Men vilkåra for eit eller anna av dei maulege alternativa skal bli ein realitet, må forklarast grundig. Det er umauleg å gå tilbake til eit tidlegare stadium av kapitalismen, til ein periode før sentraliseringa av kapitalistisk kontroll. Me kan bare gå framover, det betyr å starte frå det faktiske stadiet av kapitalistisk kontroll, og forstå at tida har komme for å «ekspropriere ekspropriatørane ». Ikkje noko anna er mauleg. Når det er sagt, utelukkar ikkje standpunktet at ein kan føre kampar som steg for steg går den vegen. Tvert om, det krev at ein har klare strategiske mål for kvart steg, og bruk av effektive taktikkar. Å handle utan gjennomtenkt strategi og taktikk tilpassa det stadiet ein er på, er å dømme seg sjølv til bare å ta opp att lettvinte og impotente slagord som «Ned med kapitalismen!». Ut frå eit slikt synspunkt ville eit første effektivt steg i Europa – som kanskje alt blir tatt – vere å utfordre innstrammingspolitikken. Denne politikken er fast knytte til, og krev autoritære og antidemokratiske tiltak. Målet om å få starta den økonomiske veksten igjen, trass i at det er eit tvitydig omgrep (omstart med kva for aktivitetar? og med kva for midlar?), er ganske naturleg knytt til eit slikt første steg.

Men ein må forstå at dette første steget vil kollidere med det etablerte ECB-systemet for å styre valutaen. Derfor meiner eg ein ikkje kan unngå å «forlate euroen» for å gå tilbake til nasjonale valutaer i dei europeiske statane. Då og bare då kan ein skaffe seg handlingsrom, bygd på forhandlingar mellom dei europeiske partnarane, og gjennom det revisjon av lovverket som regulerer dei europeiske institusjonane. Då og bare då kan ein gjennomføre tiltak som peikar mot sosialisering av monopola. Eg ser for eksempel for meg å skille ut bankfunksjonane, og til slutt nasjonalisering av dei bankane som har vanskar. Vidare: lette nakketaket monopola har på små og mellomstore bedrifter og på bøndene; innføring av sterkt progressive skattesystem; ekspropriere anlegga til bedrifter som har flytta utanlands til fordel for arbeidarane og lokale styresmakter; utvide tallet på handels-, industri- og finanspartnarar gjennom forhandlingar spesielt med nye land i Sør; og så vidare. Alle desse tiltaka krev nasjonale suverene økonomiar og dermed brot med dei europeiske reglane som forbyr dei. For det er klart for meg at det politiske grunnlaget for slike tiltak aldri vil vere til stades samtidig over heile EU. Slike mirakel skjer ikkje. Så me må godta å starte der me kan, i eit eller fleire land. Eg er overtydd om at når først prosessen har starta, vil den fort rulle vidare.

Mot desse framlegga (som iallfall delvis er formulert av president François Hollande) kjem dei politiske kreftene som tjener dei altomfattande monopola med motframlegg som vil fjerne alt innhald i dei: «starte ny vekst ved å gjøre alle meir konkurransedyktige, respektere opne og transparente marknader ». Det er linja ikkje bare til Merkel, det er også linja til hennar sosialdemokratiske motstandarar og ECB-president Draghi. Men ein må forstå – og seie – at «opne og transparente marknader» ikkje eksisterer. Marknadene, som er ugjennomsiktige av natur, er domenet til kommersielt konkurrerande monopol. Me har å gjøre med ein falsk retorikk som må bli kalla for det. Å prøve å styre marknadene etter å ha akseptert dei på prinsipielt grunnlag, ved å foreslå reglar for å «regulere» dei, fører ikkje til noko. Det er å be dei altomfattande monopola, dei som har fordel av systemet dei kontrollerer, om å handle mot sine eigne interesser. Dei veit korleis dei skal oppheve reguleringar som kan bli lagt på dei.

Nittenhundretallet var ikkje bare prega av valdelege krigar utan sidestykke, for ein stor del på grunn av konflikt mellom imperialistar (som det var mange av). Det var au prega av revolusjonære rørsler blant nasjonar og folk som var perifere for den tidas kapitalisme. Desse revolusjonane omforma Russland, Asia, Afrika og Latin-Amerika i stort tempo, og blei den dynamiske faktoren som endra verda. Men i sentrum av det imperialistiske systemet fekk dei på sitt beste bare matt gjenklang. Dei proimperialistiske og reaksjonære kreftene blei sittande med den politiske kontrollen over samfunna i det som hadde blitt til triaden i vår tids kollektive imperialisme. Dermed kunne dei halde fram med «oppdemmings»politikken, og så «reversere» seirane frå den første bølgja for å frigjøre fleirtalet av menneska. Det er den manglande internasjonalismen mellom arbeidarar og folkeslag som er kjelda til det doble dramaet i det tjuande hundreåret: Framgangen byrja først å bleikne i periferien (dei første sosialistiske eksperimenta, overgangen frå antiimperialistisk frigjøring til sosial frigjøring) på den eine sida, og på den andre sida dei sosialistiske rørslene i Europa som gjekk over til kapitalismen og imperialismen då sosialdemokratiet dreiv over i sosialliberalisme.

Men kapitalismens triumf, som altomfattande monopol, vil vise seg kortliva (1980–2008?). Demokratiske og sosiale kampar som skjer verda over, og somme politiske tiltak mellom oppstigande land, stiller spørsmål ved dominansen til dei altomfattande monopola, og varslar ei ny bølgje endringar i verda. Desse kampane og konfliktane engasjerer alle samfunn på jordkloden, i Nord så vel som i Sør.

For å halde på makta si er vår tids kapitalisme tvinga til samtidige åtak på statar, nasjonar og arbeidarar i Sør (for å skaffe seg superprofitt av arbeidskrafta og plyndre naturressursane) og Nord, der dei er tvinga til å konkurrere med dei i Sør. Så dei objektive vilkåra for global samansmelting av kampar eksisterer. Men frå eksistensen av objektive vilkår, til at dei blir aktivert av subjektive sosiale aktørar som vil ha forandring, er det framleis eit stykke veg å gå. Me har ikkje tenkt å løyse dette spørsmålet med nokre få store, lettvinne og tomme frasar. Grundige studiar av konfliktane mellom dei nye statane og den imperialistiske triaden, og slik dei kjem til uttrykk i dei demokratiske og sosiale krava til arbeidarane i involverte land. Grundige studiar av dei pågåande revolusjonane i landa i Sør, av avgrensingane dei har og ulike utviklingsvegar for dei. Grundige studiar av kampane folka i Europa og Amerika fører. Slike studiar utgjør grunnlaget for å gjennomføre fruktbare diskusjonar om maulege alternative framtidsløp.

Det er framleis ikkje teikn i horisonten til ei rørsle som vil attreise internasjonalismen. Vil den andre bølgja for å forandre verda då bare bli ei «ny» utgave av den første? Med omsyn til Europa, som er temaet vårt her, så er den antiimperialistiske dimensjonen fråverande i medvitet både til dei som deltar i kampen, og i strategiane deira. Om dei i det heile har strategiar. Eg insisterer på å konkludere refleksjonane mine om «Europa sett frå utsida» med den avgjørande observasjonen.

Notar

  1. «Transnational Capitalism or Collective Imperialism?», Pambazuka News, 23. mars 2011. http://www.pamazuka. org
  2. Negritude: Litterær og ideologisk rørsle blant svarte intellektuelle og politikarar i Frankrike på 1930-talet. Dei var antikolonialistiske, og ville erstatte den kvite manns forakt med å oppvurdere svart kultur. (Wikipedia, bm.)
  3. Sitatet er basert på ein muntleg rapport frå ein rumensk deltakar på Balkan Social Forum i Zagreb i mai 2012.
  4. Maurrassianar: Etter Charles Maurrass, leiar i sjåvinistiske og anti-semittiske Action Française rundt 1900-tallet. (Wikipedia, eng.)