Ukategorisert

Retten til ressursane i samiske område

Av

AKP

av Svein Lund

AKP stødde fullt ut kampen for oppretting av samerettsutvalget (SRU), som ein integrert del av Altakampen. Det har tatt utvalet 17 år å komme fram til eit forslag, som bare tar for seg delar av mandatet, spørsmålet om retten til land og vatn i Finnmark. Arbeidet med å avklare rettstilstanden i resten av det samiske busettingsområdet har enno ikkje starta opp.

AKP sine samepolitiske program av 1973 og 1988 har krevd anerkjenning avsamisk eigedomsrett til samiske område, men utan å konkretiserekordan dette skal gjennomføras. Når no Samerettsutvalet er kome, måvi ta opp igjen diskusjonen og forsøke å komme vidare. I åretsvalkamp har RV som einaste parti gitt ei klar støtte til mindretalet iSRU som ønsker Finnmark grunnforvaltning med lik representasjon avSametinget og fylkestinget, og samtidig retten til å opprette Samiskgrunnforvaltning for dei områda som ønsker det.

Men dette er ikkje meir enn eit førebels standpunkt, der vi harforsvart det vi såg som det einaste akseptable av dei alternativa som liggføre.

Spørsmålet om rettstilstanden i samiske område er mye størreenn som så og gjeld mye meir enn Finnmark. No må også restenav landet komme på banen. Denne artikkelen er derfor eit forsøk påå få igang ein debatt over heile landet. Eg vil ikkje forsøkeå finne enkle politiske svar på kompliserte spørsmål,men stille problemstillingar til debatt og heller vise kor vanskeleg det er.

Eg vil starte med å problematisere overskrifta: Retten til ressursane i samiske område.

  • Ka er ein rett eller rettigheit?
  • Kas ressursar snakkar vi om?
  • Ka er samiske område?

Ingen av spørsmåla har opplagte svar. Eg skal ta dei i omvendtrekkefølge ettersom vi i første rekke diskuterer rettar som erknytta til eit geografisk område.

Ka er samiske område?

Kong Harald sa ved opninga av Sametinget i oktober 1997 at den norske statener tufta på territoriet til to folk, nordmenn og samar. Nøyaktigdet samme har tidlegare høgsterettsjustitiarius Carsten Smith sagt.Denne markeringa frå to av dei øvste representantane for den norskestaten er svært viktige prinsipielle uttrykk for utviklinga i norsksamepolitikk. Dette ville vore utekkeleg for 20 år sidan og er framleisikkje aktuell politikk verken i Sverige eller Finland.

Kongen sine ord betyr anerkjenning av at det finst eit samisk territorium,eit område der samane har retten til land og vatn. Det er eit signal om atdagens rettstilstand ikkje kan fortsette.

Spørsmålet er kordan ein avgrensar samisk område og omein kan snakke om grader av samisk område.

Samiske område i vid tyding er geografiske område medtradisjonell samisk busetting gjennom mange hundreår opp til nyare tid, ialle fall til dette hundreåret. I Noreg omfatter dette det aller meste avNord-Noreg og vel halve Trøndelag, samt ein snipp av Hedmark. Dettefaller i stor grad saman med grensene for samisk reindrift, men reindrifta erbare ei av mange næringstilpassingar som har gitt samane rettar i detteområdet.

I tillegg er det store samiske område i Sverige, Finland og Russland.Samisk område, Sameland eller Sápmi i denne tydinga omfattar eitområde omlag like stort som Noreg. I heile dette området er detaktuelt å snakke om samiske rettar i ei eller anna form.

I størstedelen av området er samane idag eit lite mindretal. Derfor er det aktuelt å avgrense mindre område innafor dette, der samane får sikra sterkare rettar enn i området som heilskap. Eit opplagt døme her er Indre Finnmark, men det er langt i frå det einaste område der dette er aktuelt. ILO-konvensjonen om urfolk opererer med eit skile mellom dei områda som urfolka har utnytta aleine eller vore heilt dominerande og område som dei i lang tid har brukt i lag med andre folkeslag. I nokre av dokumenta frå Samerettsutvalet (NOU 1994:43 Rett til forvaltning av land og vann i Finnmark) opereras det med eit liknande skile. I ei utreiing for Kommunaldepartementet for nokre år sidan blei det gjort eit forsøk på å definere «samisk region» etter samme mønster.

Det finst og andre definisjonar av samisk område for språklegeog økonomiske føremål, som «forvaltningsområdetfor samisk språk» og «virkeområdet for SamiskUtviklingsfond». Disse må ikkje blandast inn i spørsmåletom avgrensing av samisk område når det gjeld retten til land ogvatn.

Blei du ikkje klokare?

Konklusjon: Det finst ikkje ein eintydig definisjon elleravgrensing av ka som er samisk område. Det er eit spørsmål ompolitisk kamp og om medvitet til den samiske befolkninga i fornorska område.

Ka for ressursar?
  • Fornybare og ikkje-fornybare ressursar

    Dei fornybare er slikt somvilt, fisk, trevirke, bær eller i det heile flora og fauna.

    Dei ikkje-fornybare er mineralar, stein og grus, olje og gass.

    Samerettsutvalet skil skarpt mellom disse to ressurstypene og vil hafelles forvaltning for Finnmark av dei ikkje-fornybare og lokal / kommunalforvaltning av dei fornybare.

    Ikkje alle er samde i dette skilet. Foreksempel har Venstre gått inn for ein «kommunemodell» der ogsåforvaltninga av dei ikkje-fornybare ressursane skal leggas til kommunane. Sjølvville eg heller vurdere å gå andre vegen; å legge alleressursar under Finnmark grunnforvaltning/Samisk grunnforvaltning. Men verkenFinnmark RV eller eg har så langt noko fastlåst syn på dette.Ikkje alle er samde i dette skilet. For eksempel har Venstre gått inn forein «kommunemodell» der også forvaltninga av dei ikkje-fornybareressursane skal leggas til kommunane. Sjølv ville eg heller vurdere ågå andre vegen; å legge alle ressursar under Finnmarkgrunnforvaltning/Samisk grunnforvaltning. Men verken Finnmark RV eller eg har sålangt noko fastlåst syn på dette.

  • Land og vatn, over og under jorda, i og under sjøen

    Dei som forvaltar ressursane, kan avgjøre inngrep eller freding i høvetil for eksempel vasskraftutbygging, militære øvingsområde,vegbygging, hyttebygging, oppdyrking, oljeutvinning, oppdrettsanlegg osv. Sålangt har landressursane vore det dominerande diskusjonstema, men SRU tar og oppspørsmålet om fiskerettar. Spørsmålet om oljeutvinninghar så langt vore lite framme, men det er klart at sameretten må inni biletet når vi no står foran oljeutvinning utafor Finnmarkskystenog foredlingsanlegg i Sállánnuorri/Sørøysundet vedHammerfest.

  • Menneskelege ressursar, kunnskapar

    Diskusjonen om patent på genar og generegistrering av urfolk har gjort spørsmåletom retten til menneskelege ressursar aktuelt. Klassekampen viste i september atgenar frå urfolk no er lagt ut på sal og multinasjonale selskap gjørenorme fortenester utan at urfolka sjølve får noko igjen. Detnorske Sametinget har sagt klart nei til innsamling av genprøver fråden samiske befolkninga.

Eit anna spørsmål er retten til økonomisk utnytting sombygger på urfolka sin kultur og tradisjonelle naturbruk. Særleg iFinland har turistindustrien tent stort på billige etterlikningar avsamiske husflidsprodukt og anna falsk samekultur.

Alle disse ressursane er slike som gir den som rår over dei betreeller eksklusive konkurranseføremoner. Samane og andre urfolk vil aldrikunne konkurrere økonomisk med den internasjonale monopolkapitalen. Deter derfor snakk om både retten til å bruke og retten til ånekte anna bruk.

Ka er ein juridisk rett?

Jus er ikkje ein nøytral vitskap. Han er ein samfunnsmessig reiskapforma av dei herskande klassene, og ein del av statsapparatet, ein reiskap til åoppretthalde, vinne og/eller avgrense makt. Men jussen er og påverka avkampen mellom dei herskande og dei som blir herska over.

Jusen er forma av kampen mellom:

  • klassar
  • kjønn
  • nasjonale og etniske grupper
  • religionar
  • kulturar

Finst det ein kommunistisk rettsfilosofi?

Eg kan ikkje sjå at vi har ein klar, oppdatert kommunistiskrettsfilosofi som vi kan bruke både i den daglege kampen og i kampen forsosialisme / kommunisme.

Ein slik rettsfilosofi må etter mitt syn bygge på to tildelsmotstridande tradisjonar

Prinsippa i dei vil eg demonstrere med to klassiske sitat frå norsklitteratur:

  1. Med lov skal land byggjast
    – og ikkje med ulov øydast(Håvamål)

  2. Tvers igjennom lov til seier –
    ikkje går det andre veier
    til vårt drømte, frieland(Rudolf Nilsen)
Rettskjelder

For sameretten finst det 3 rettskjelder:

  1. Norsk rett
  2. Internasjonal folkerett
  3. Samisk rettsoppfatning

For motstandarar av samiske rettar har det vore viktig å reduseretydninga av dei to siste og einsidig legge vekt på norsk jus. Denne har isvært liten grad tatt opp i seg dei samiske rettsoppfatningane.Motstandarane har bare anerkjent folkeretten som eit abstrakt prinsipp. Pådet eine området etter det andre ser vi at denne er ikkje er blitt nedfelti norsk lov og praktisk politikk.

Jo lengre vi går bakover i historia, jo sterkare vern harurfolket/lokalbefolkninga og den tradisjonelle bruken av ressursane hatt. Dettepeikar klart tilbake til ei tid da denne brukeren var einerådande.Etterkvart som kolonistar og innflyttarar pressa på, sørgde dei ogfor å få endra lovverket til å fjerne rettsvernet som samaneog lokalbefolkninga forøvrig hadde.

Nokre merkesteinar i utviklinga av lovene:

  • Finneodelen fram til 1700-talet
  • Lappekodisillen 1751
  • Fiskeriloven 1830
  • Reindriftslovane frå midten av 1800-talet
  • Jordsalgsloven 1902
  • EØS-avtalen
  • Statskog 1993

Alle disse lovendringane har kome som resultat av politiske kampar og førttil nye kampar. Nokre har slått fast det juridiske grunnlaget for samane,men hovudretninga har vore at lovane har blitt brukt til å fjerne rettarsom samane tradisjonelt har hatt.

Ei stor utfordring ville vere å lage ei oversikt som viser denhistoriske samanhangen mellom disse lovendringane og fordelinga av rikdommen,for eksempel kordan endringane i fiskerilovgivinga har redusert finnmarkinganesin andel av fisket og fjordfiskarane sin andel.

Eit sentralt omgrep i debatten er «alders tids bruk». Ka som er konsekvensen av dette er avhengig av

  • tolking av historia (Anno 1997 går det hissig diskusjon om etnisiteten til befolkninga i Finnmark i eldre steinalder.) Om ein les forskjellige historiebøker vil ein få heilt forskjellig oppfatningar av busettingshistoria til samer, kvenar og nordmenn.
  • tolking av konvensjonar
  • rettsinnhald (eigedomsrett, bruksrett, forvaltningsrett)
Hovudformer for landrettar

Juridisk kan ein skile mellom tre hovudformer for landrettar: bruksrett,eigedomsrett og forvaltningsrett.

Bruksretten ligg historisk før eigedomsretten, men i dag ereigedomsretten overordna alle andre rettar. Eigedomsretten er det same someksklusiv rett til økonomisk utnytting. Eigedomsretten er «hellig»under kapitalismen, men det er på papiret. Det er mange avgrensingar påeigaren sin rett til å disponere/nekte bruk av eigedomen sin. Stat ogkommune kan ekspropriere og bergverksloven, friluftsloven, bygningsloven osv.set grenser for ka eigaren kan gjøre med sin eigen eigedom. Konfliktarmellom eigar og andre interesser kan vere av mange slag; ofte står einkapitalist sine private interesser opp mot staten som felleskapitalist.Individuelle rettar må avgrensast for å hindre anarki. Staten kangripe inn i eigedomsretten for å ivareta f.eks. miljøomsyn ellermotsett for å presse gjennom kraftutbygging eller militæranlegg.

Det gamle samiske kravet (NSR, Sametinget) har vore samisk eigedomsrett tilland og vatn. Av dei norske partia har bare RV støtta dette kravet.Samerettsutvalet har vore sterkt splitta på dette, med to utreiingar somstår stikk mot kvarandre. I den endelege konklusjonen vik dei unna spørsmåletog gjør forvaltningsretten til hovudsaka.

I dag er det bare samane sin bruksrett som tildels er anerkjent i lova.Denne er i første rekke knytt til reindrifta. Når det gjeldfiskeria, er heller ikkje bruksretten anerkjent. Bruksrett er ofte ein delrettsom ein brukar har på eigedom som andre (offentlege organ ellerprivatpersonar) har eigedomsretten til. Ein slik bruksrett framstår da somei avgrensing på eigaren sin eigedomsrett. Dei mest samefientligepolitikarane (FrP) ønskjer å fjerne all innskrenking av råderettentil eigaren, og med det til og med å fjerne sør-samane sinbeiterett for rein på fjellområde som er eigd av private bønder.SV seier at samane skal ha «utvida bruksrett» og nøye seg meddet. Forvaltningsrett vil seie å kunne regulere bruken av eit område,som eigar eller på vegne av eigaren.

Utgangspunktet er at Staten påberopar seg den juridiske eigedomsrettentil utmarka i Finnmark.

Den juridiske situasjonen i Finnmark idag er at Den norske staten hareigedomsretten, mens det statskapitalistiske foretaket, Statskog SF, harforvaltningsretten. Medlemmane i SRU er samde om å overføreforvaltningsretten til Finnmark Grunnforvaltning, men usamde om dette og skalgjelde eigedomsretten. SRU foreslår ei styrka forvaltningsrett, dvs. atforvaltningsorganet/-organa får rett til å hindre naturinngrep i størregrad enn private eigarar kan gjøre i dag. For eksempel skal Finnmarkgrunnforvaltning kunne nekte mineralutvinning, noko ein privat eigar ikkje kanetter bergverkslova. Forvaltningsrett kan derfor faktisk vere både svakareog sterkare enn eigedomsrett.

Moralsk rett og folkeleg rettsoppfatning

I tillegg til de juridiske lover og regler, og det etablerte rettsapparatet finst det ein moralsk rett. Folk har sine oppfatningar av ka som er rett og galt, moralsk og umoralsk. Nokre av disse er relativt universelle, mens andre kan variere frå land til land eller folk til folk. Disse rettsoppfatningane kallas og uskrivne lover. Hos samane har det lenge vore klart at det på ein del område eksisterer rettsoppfatningar som i større eller mindre grad bryt med det som er juridisk rett i dei statane der samane bur. Ein del av disse blei samla og skreve ned på 1930-talet av Erik Solem (Lappiske rettsstudier). Å samle samiske rettsoppfatningar var ein vesentleg del av Samerettsutvalet sitt mandat, men dette blei medvete sabotert og det er no sett ned eit nytt utval som skal sjå på dette. I mellomtida er 17 år gått tapt, og med det er mange av dei levande tradisjonane borte.

Kamp om ressursforvaltninga

I samiske område er det kamp om ressursforvaltninga på alle område.Tildels er disse kampane knytt til sameretten, tildels blir dei vel så myeoppfatta som ein kamp mellom landsdelar eller mellom lokale brukarar og sentralestyresmakter. Ikkje minst er det og konflikt mellom næringar der ofte ersamar på begge sider.

I denne samanhang blir det ikkje plass til meir enn ein kort oversikt overnokre av disse motsetningane:

  • fiske i sjøen
    Frå hanseatertida. Aldri harfinnmarkingane fiska så liten del av fisken utafor Finnmarkskysten som idag.
  • jordbruk
    kombinasjonsnæring/stordrift/ferskvassfiske/lokalbefolkning/turisme
  • jakt
    lokalbefolkning/turisme
  • bær
    moltebær for lokalbefolkninga eller alle? forpaktingtil bygdelag?
  • mineraler
    internasjonale gruveselskap
  • olje/gass
    all utvinning av internasjonale konsern. Ingen regionalstyring
  • reindrift
  • brukskonfliktar med jordbruk, hyttebygging, kraftutbygging osv.
Politiske reaksjonar på SRU

Ein gjennomgang av Samerettsutvalet si innstilling er det ikkje plass tilher. Eg vil bare vise til heftet «Samerett og ressurskamp i nord» og gårett over til å kommentere reaksjonane på innstillinga.

Etter at SRU si innstilling blei lagt fram i mars 1997 starta reaksjonen einoffensiv mot alt som smakar av samiske rettar. Dei aller fleste parti i Finnmarker djupt splitta, bare FrP og RV er nokolunde samla på kvar si side.

I FrP sin valkamp i 1997 gjorde ein kampen mot samiske rettar til eihovudsak, noko som slo kraftig ut på gallupen i Finnmark, og det var likeved at FrP kom inn på Stortinget frå det fylket der partiettidlegare har skjelt ut befolkninga som latsabbar og snyltarar.

Men det var ikkje FrP, men derimot SV, som klarte kunststykket å kommepå Stortinget på å kjøre fram kampen mot samiskerettar. SV sin overgang frå eit i hovudsak pro-samisk til eit i hovudsakanti-samisk parti i rettigheitskampen er eit tragisk eksempel pågrenselaus opportunisme hos delar av den såkalla venstresida. Dettehamskiftet har ikkje skjedd utan sverdslag. Den anti-samiske fløya fikkfleirtal på nominasjonsmøte med ei røyst i overvekt. Dennefløya har og klart å få støtte frå den nyesentrale SV-leiinga. SV har blitt omfamna av høgrefolk og gamleborgarvernarar frå Alta-kampen. Men SV sine lokallag i indre Finnmark erlagt ned i protest.

Diskusjonen om sameretten har og ført til at reaksjonæreanti-samiske krefter igjen har stått fram med krav om å fjernesamisk kultur og språk i alle samanhangar. Det har blitt fritt fram forhets mot alt samisk og i Tana er det danna ein eigen aksjon «Nei tilSameland» som i skrivande stund aksjonerer mot samiske læreplanar forgrunnskolen.

Siste tilskotet til reaksjonen er Lærarforbundet som har kravd deisamiske læreplanane trukke tilbake for å ¨endre dei slik at deianti-samiske kreftene kan godta dei.

Ikkje bare samerett

Ressursrettskamp i Noreg gjeld ikkje bare sameretten, men til no har detmangla ei samla framstilling av ressurrett i Noreg, som ser på saker som:

  • allmenningsrett til fjell og hei-område
  • jaktrett og fiskerett (ferskvatn og sjø)

Ei av dei største utfordringane til rettsomgrepa våre kjem no ispørsmålet om retten til ressursane i Noreg og verda. Det gårpå retten til å øydeleggje naturen og retten til åskjerme ikkje kapitalistisk produksjon, produksjon som er tilpassa den lokalekulturen. Denne kampen står særleg skarpt i spørsmåletom urfolksretten, i Norden sameretten.

Grunnlaget for urfolka sine krav og for folkeretten er tanken at bruk av eitområde gjennom mange generasjonar gir rett til å fortsette åbruke området økonomisk og til å verne det mot konkurrerandeog øydeleggjande bruk.

Det er i første rekke urfolka sine organisasjonar og internasjonalefolkerettsekspertar som har vore pådrivarar og lagt premissar i debatten.Så langt har vi som er kommunistar i for liten grad vore med å drivedebatten framover.

Spørjeteiknet som har blitt reist ved det juridiske grunnlaget forstatens rett til jorda i Finnmark er noko av bakgrunnen for nedsetjinga avSamerettsutvalet. Men er det ikkje og grunnlag for å stille spørjeteiknved både statleg og privat eigedomsrett i anna samisk område?

Og ka med dei uomtvisteleg heilnorske områda?

Ka slags juridisk og historisk grunnlag og rettsoppfatning kviler eigentlegeigedomsretten på til dei enorme skog- og fjellområda til familianeTreschow, Løvenskjold og Cappelen?

Og her overlet eg debatten til dokker.

Les meir:
  • Samerett og ressurskamp i nord. Hefte utgitt av RV og AKP i Troms og Finnmark (1997), særleg artikkelen om samerett av Heaika Skum og Svein Lund. I dette heftet står det og ei fyldig litteraturliste.
  • Svein Lund: «Med AKP for samisk stat og etnisk reinsking?» Artikkelen sto i Røde Fane nr 3, 1996.