Ukategorisert

Religion og marxisme

Av

AKP

av Harald Dyrkorn

I dag kan du gå i ein stor bokhandel på Karl Johansgate i Oslo og finne ei heil avdeling full av all slags litteratur om korleis du skal kome i kontakt med «ånder og makter» som vi for berre 30 år sidan lærte om i lysbiletforedrag frå misjonsmarkene på Madagaskar om bord i betelskipet Elieser IV som gjekk sine årsvisse misjonsturar langs kysten.

Vi høyrde om animisme, magi og sjamanar, heksedoktorar og vonde ånder. Sjølsagt vart vi også fortalte at all denne styggedommen vart møtt med evangeliet og kvitkledde sjukepleiersker, lepravaksine og høgtlesing frå Bibelen under palmetrea. Er det rart at vi stussar når vi no i 90-åra vandrar mellom hyllene i seriøse bokhandlar og ser oppegåande og kvikke, unge menneske stå oppslukt med nasen langt nede i lærebøker i sjamanisme og bruk av runebom?

Religionen lever og blømer

Enten vi ateistar likar det eller ikkje, så lever religion og religiøse uttrykksformer i beste velgåande også i Noreg i 1998. Den norske kyrkja slit rett nok med «å nå ut til folk», og mange prestar held dei same tomme og innhaldslause preikene år etter år til den stendig minkande kyrkjelyden. Men samstundes veks det fram nye retningar, både slike som kallar seg kristne og andre som tradisjonelle kristne vil kalle avgudsdyrkarar. Bedehusmiljøa på Sør- og Vestlandet har minka i kraft og mobiliseringsevne, men også her prøver nye og yngre krefter å finne på aktivitetar og uttrykksformer som kan appellere til notidas unge som ikkje så lett slår seg til ro med å høyre på ein mørkdressa talar ståande under eit Jesusbilete. Kvar einaste sommar finn tusenvis av unge familiar vegen til religiøse sommarstemne i Sarons dal og andre dalar. Slike nykristne vekkingsbølgjer opplever ein renessanse i våre dagar, og for mange er desse store familiestemna med tungetale og åndeleg vekking eit høgdepunkt i året.

I Oslo og andre store byar dukkar det opp moskear, muslimske sentra, Koran-skular; ja, jamvel eigen grunnskular vil dei ha, og heilt vanlege, kvite nordmenn konverterer til islam, rett nok ikkje i masseomfang, men det skjer. Islam er truleg det mest veksande trussamfunn i Noreg, til stor uro for dei mest forstokka og sionistiske kristenleiarane. Midt oppe i alt dette strevar Humanetisk Forbund med å få folk til å melde seg ut or Den norske kyrkja. Og det karakteristiske ved desse kampanjane er ikkje den folkeopplyste, rasjonelle kritikken av religionen og Gud og overtrua. Nei, det som lyser mot oss frå HEF sine brosjyrar og annonsar er det «store spørsmålet» om kven som skal halde gravtalen over oss når vi døyr! Kva viser dette anna enn at også humanetikarar står undrande og usikre overfor døden og det som kjem/ikkje kjem etterpå. Her er dei på veg inn i det ein prest kalla «sjelens dunkle landskap» der ein ikkje kommuniserer med rasjonelle utsegner, men ved bruk av symbol og gjennom ritual. Gjennom rituala kan det useieleg seiast. Vi kan samlast på Slottsplassen og brenne lys når kongen døyr eller på ulukkesstaden der mange menneske har omkome i brann, trafikkulukke eller annan katastrofe og vise gjennom ulike symbolske handlingar at vi står saman i motgangen og vil ta vare på kvarandre. Slike rituelle samværsformer for å markere fellesskap i sorg og glede har ofte djupe historiske røter i religion.

Moderne overtru

I tillegg til den meir tradisjonelle religiøse aktiviteten, så finst det på «marknaden» ein flaum av det vi må kunne kalle pseudoreligiøse tilbod og marknadsføring av overtru som ikkje ser seg for god til å profitere på rein vankunne blant folk. Ja, for dette er verkeleg ein «marknad» i ordets verste forstand. Her er det snakk om kreative forretningsfolk som sel krystallar som folk skal ha i lomma eller leggje under senga for å få betre helse, motverke stråling frå vassårar under huset osb. For ei tid sidan fann eg ei annonse frå eit firma som kan ta oss med for å liggje ute i Nordmarka for å kome i kontakt med «maktene» der oppe. Det skulle koste 1.500 kroner. Sjøl har eg ligge under open himmel, både i Nordmarka og på fjellet; i Nordmarka kosta det meg berre trikkebilletten og litt mat!

Andre tilbyr oss å sjå framtida vår i planetane eller i kort. Eg har merka meg at i juni er alle vekebladshoroskop rause med å dele ut pengar til dei fleste av oss! Elles opplever eg at nesten alle slike stjernetydingar høver rimeleg bra på meg, så løyndommen ligg vel i at ein prøver å lage ein mest mogleg generell spådom med mange atterhald slik at det ikkje blir for tydeleg. Litt pengar og kjærleik og lovord til ulike eigenskapar ved oss som les, så slår det til, og vekeblada kan halde dette gåande. Truskuldig vekebladsmoro? Ja, men sett inn i ein større samanheng, så bør det uroe oss på venstresida at astrologimarknaden veks og folk tek til å tru at planeten Uranus og fjerne tåkeheimar rår for lagnaden vår!

Røtene til religionen

Lat oss førebels ikkje vikle oss meir inn i dagsaktuelle religiøse ytringsformer, men gå tilbake til det heilt grunnleggjande: Kva er religion? Har alle dei ulike religiøse ytringane vi ser i dag, røter i same «behov», trong eller lengt hos mennesket? Finst det ein Gud eller fleire gudar? Er religion og gudstru uttrykk for ein objektiv realitet, kva er i så fall dette?

Som i andre spørsmål kan vi gripe til leksikonet og der finne at ein amerikansk religionspsykolog som heiter J. Pratt har sagt at religion er ei bestemt haldning til den makta eller dei maktene vi som enkeltmenneske eller som grupper trur rår over liv og lagnad for oss. Ut frå dette reknar tilhengjarane av ulike religionar med at det finst ei eller fleire makter som rår for livet og lagnaden og innrettar seg etter det. Religionar med fleire slike «makter» blir kalla polyteistiske, medan til dømes kristendommen og islam har berre ein gud og er monoteistiske. Gudane, både den kristne og Allah og alle dei andre har aldri vore tenkt heilt upersonlege, sjøl om dei har blitt meir utydelege og abstrakte med tida. Dette går att frå dei mest opphavlege religionar til dei store monoteistiske systema i kristendommen og islam, og det set oss straks på den tanken at kan hende har mennesket sjøl skapt desse gudane?

Spørsmålet om religion, om trua på Gud eller gudane er eit av dei mest sentrale spørsmål menneska har tumla med opp gjennom tidene. Det handlar eigentleg – som Friedrich Engels skriv i ei lita bok om Ludwig Feuerbach – om eit av hovudspørsmåla i filosofien: forholdet mellom tenking og tilvære. Dei som set ånd og tanke i første rekke, som meiner at ånda eller guden står bak og har sett alle ting i rørsle, høyrer heime i den religiøse eller idealistiske leiren. Mot dette står det materialistiske synet som hevdar at det finst ei omverd, ein materie som eksisterer utanfor oss og som er uavhengig av tenkinga og medvitet vårt. Marx meinte at det er dei materielle forholda og den samfunnsmessige praksisen vår som avgjer korleis og kva vi tenkjer og korleis vi ser på verda. I tillegg bygde Marx på dialektikken til Hegel. Både naturen og menneskesamfunnet er prosessar som stendig er i endring. Ting og samfunnsformer er ikkje faste og statiske, men er i stadig endring og utvikling. Rørsle og endring er i følgje Marx og Engels den måten materien eksisterer på. Drivkrafta i desse rørslene finst i tinga og prosessane sjølve. Og alt dette speglast av i menneskehjernen som grunnlag for tenkinga vår, og kjem best og mest allsidig til utrykk i den dialektiske måten å tenke på – den dialektiske materialismen. I dag er den dialektiske materialismen nærmast for eit banneord å rekne i mange krinsar. Grunnane til det er ulike. Herskarklassene hatar sjølsagt til alle tider all filosofi og teori som kan gjere dei undertrykte medvitne om undertrykkinga og rettleie opprør. I tillegg vart den dialektiske materialismen gjort til statsfilosofi i gamle Sovjetunionen og enda opp som eit stivt dogmatisk, system og undertrykkingsreiskap mot annleis tenkjande. Ingen ting er meir fjernt for den dialektiske materialismen enn det!

Religion og religiøs aktivitet er også slike prosessar som har oppstått i historia og utvikla seg. Forskarane har funne ut at neanderthalmennesket må ha hatt religion. Av det faktum at dei gravla sine døde og måten dei gjorde det på, ser det ut til at dei har stått undrande og fulle av ærefrykt overfor døden. Religion med historisk utvikling av gudar og gudsomgrep er steg i menneska si erkjenning av omverda og seg sjølve. På eit gitt steg i erkjenningsutviklinga si tok menneska til å lage seg forteljingar om korleis verda hadde blitt til, om kva for makter som rådde for ver og vind, sol- og månemørking, gode eller dårlege avlingar osb. Desse maktene fekk sterkt personleg preg og vart svært menneskelege. Slik oppstod trua på at ting og levande vesen rundt oss kan ha menneskelege eigenskapar og representere makter vi må halde oss inne med. Det utvikla seg også ein religiøs praksis med ulike seremoniar som skulle blidgjere maktene. Seremoniane, ritene og ofringane var sterke manifestasjonar av fellesskap mellom menneske i familiar, slekter og stammesamfunn.

At gudane har utvikla seg historisk ser vi lett ved å lese Bibelen og samanlikne med den kristendomsundervisninga vi har opplevd i skulen og den som no blir borna våre til del. På skulen får dei i dag ikkje høyre alt om Abrahams og Isaks og Jakobs Gud – heilt enkelt fordi det ikkje lenger er denne guden den Norske kyrkja vedkjenner seg. Det høver rett og slett ikkje med ein gammal patriarkalsk stammegud frå inst i Mellomhavsområdet no i nittiåras moderne, idustrialiserte Noreg, eller kanskje det no er det postindustrielle, postmoderne Noreg som gjeld? Religionslærarane i skulen kan såleis ikkje forkynne eller fortelje om alt som står i Det gamle, men også i Det nye testamentet. Såpass forstår både teologane og lærebokforfattarane.

Gud er skapt i menneske sitt bilete. Han har utvikla seg som eit idealbilete av mennesket slik det ser seg sjølv i det aktuelle samfunnet det lever i. I neste omgang blir også mennesket eit abstrakt idealvesen skilt ut frå Guden, som Friedrich Engels seier i sin kritikk av Ludwig Feuerbach. Det som verkeleg finst er dei verkelege menneska av kjøt og blod i samfunnet. Marx og Engels kritiserte Feuerbach fordi han aldri greidde å ta steget over til å sjå mennesket som eit verksamt, handlande samfunnsvesen, eit politisk vesen som gjennom revolusjonær praksis kan forandre samfunnet og livsvilkåra sine og dermed seg sjølv.

Religion, ideologi og samfunn

Ideologi er det som ei gruppe menneske eller eit samfunn vil at medlemmene i samfunnet skal synest om samfunnet dei lever i. Ideologi er ikkje vitskap, men forteljingar som blir framført på ulike måtar for å dra oss alle inn i folden, enten vi no er medlemmer i ein organisasjon, eit trussamfunn eller ein nasjonalstat. Engels seier at fram til 1200-1600-talet tok all ideologi form av religion. Frå 1700-talet og utover utvikla borgarskapet ein ideologi som var lausriven frå religionen. Ideala i den franske revolusjonen var fridom, likskap og brorskap. Dei sette ingen ny religion inn i staden for den gamle! I vår tid har vi såleis religionen som ei eigen ideologisk avdeling ved sida av den meir verdslege som politikarar og byråkratar forvaltar. Men både statsreligionen og den verdslege legitimeringa av makta i dag er ideologi, det hjelper ikkje kor mykje sosialøkonomane, marknadsøkonomane og andre ærendsgutar for kapitalen kallar verksemda si for vitskap!

Ideologien er tenkt å skulle tene makthavarane. Dei som er undertrykte, må få ei akseptabel forklaring som er til å leve med på kvifor dei må vere nedkua. Historisk har religionen hatt ein slik funksjon. Nesten heile kyrkjehistoria er ei historie om korleis religion har blitt brukt av herskarklassane til å halde folk nede.

Men ulike element frå religionen kan også haldast fram som frigjeringsideologi og snuast mot makthavarane. Det var dette den tyske bondeopprøraren, Thomas Münzer, gjorde som leiar for dei opprørske bondeflokkane i Tyskland på 1500-talet. Han heldt fram det som Luther hadde starta: eit opprør mot pavekyrkja og maktahavarane i Tyskland med Luthers tyske bibelutgåve som inspirasjonskjelde og skalkeskjul! Men når Luther såg kor opprørske og fridomshungrige desse bøndene var, slo han kontra og allierte seg med fyrstane mot bondeopprøret.

På ein meir stillferdig og smålåten måte gjorde Hans Nielssen Hauge sitt opprør og krevde rett for lekfolk til å forkynne Guds ord. Knytt saman med praktisk handverks-og industriverksemd vart Hauge sine strengt religiøse opprørsidear til ei kraft som lyfte vanlege folk eit godt stykke oppover. I alle høve grov han grunnen unna det geistlege forkynningsmonopolet og fekk mange til å lite meir på seg sjølve og sin eigen bakgrunn.

Trass i industrialisering, opplysningsfilosofi og framsteg, marxisme og vitskapleg sosialisme, så finst det framleis store grupper av menneske rundt heile verda som også i vår tid samlast under ei religiøs fane i kamp mot imperialisme og undertrykking. Sjå berre på dei ulike islamistiske rørslene. No er det klart at bak religiøse fridoms-og opprørsfaner kan det skjule seg mykje rart og kan hende også ulike motiv for kampen. Men straumdrag i lei av kamp mot imperialisme, sosialt opprør og frigjering er sikkert viktig i alle desse rørslene. Eit stort problem for dei synest å vere at dei kjem på kant med kvinnene. Det er ikkje sikkert at kvinnene i all framtid vil lese Koranen eller andre religiøse bøker slik presteskapet og makthavarane gjer. Tvert om; det er grunn til å tru at det her ulmar under overflata, og at det kvinnene i islamistiske rørsler vil gjere, kan få avgjerande betydning for utviklinga, både av den konkrete kampen og for det framtidige samfunnet.

Andre med merket religiøs, radikal og antiimperialist kan vi finne i Latin-Amerika der vi veit at mange katolske geistlege har teke standpunkt for frigjeringsrørsler. Dei har vald side ut frå kva dei oppfattar at religionen deira seier om fridom, likskap og menneskeverd og at dette kjem på sterk kollisjonskurs med kapitalismens og imperialismens herjingar i landa deira.

Religion og makt i dag

Spelar religionen noko rolle i praksis når det gjeld å legitimere maktahavarane i Noreg i dag? Opplagt; sjå berre på Arbeidarpartiet kor redde dei er for at statskyrkja skal bli borte. Tidlegare har sosialistar og sosialdemokratar i Noreg vore mot statskyrkje, men tidleg på 80-talet tok AP på seg å vere med og leggje til rette for at folk skal få tilfredsstilt sine «religiøse behov». Barnedåp, bryllaup, gravferd og andre viktige markeringar i livet har framleis stor betydning for folk. Gjennom å ha hand om desse rituelle funksjonane samstundes som den kristne religionen til statskyrkja tilpassar seg og tek opp i seg nye straumdrag i samfunnet, så vert statskyrkja ein godt brukbar ideologisk maktfaktor for herskarklassen i Noreg.

Men det må tilpassingar til. Dei gamle ideala med ja, ja og nei, nei når du talar, gjeld ikkje lenger. No må det vere meir tja, tja. Leikny Øgrim og Asta Haaland har spissformulert korleis vår tids ideologi er og må vere:

«Ingenting betyr noe lenger. Du betyr ingenting. Jeg betyr ingenting. Det har ingenting å si hva vi gjør, hvordan vi lever. Det eneste som betyr noe er hva vi mener. I det store og hele. Og hvem vi vanker med. Alt er likegyldig. Livet flyter forbi. Det viktige er å ha det gøy så lenge det varer. Vem vet? Inte jag! Vem vet? Inte du? …. Og siden vi lever under postmodernismen, henter vi litt herfra og derfra på ideologiens loppemarked. Vi bryr oss ikke om de store linjene, om ideologi, filosofi eller materialisme og idealisme.»

Dette sitatet er den rådande filosofien i Noreg i eit nøtteskal, og det må også kyrkja tilpasse seg om ho skal kunne henge med for å seie det litt sportsleg, og det skal ein jo i dag. Men kyrkje må også tilpasse seg andre straumdrag i samfunnet enn dei makthavarane ønskjer. Ho blir tvinga til å godta homofile samlivsformer, kvinnelege prestar, praktiserande homifile prestar og kyrkjelydsarbeidarar. Men om kyrkja greier denne omstillinga, og ikkje slepper ustyrlege og opprørske grupper innan seg sjølv for langt, så vil ho vere ein utmerka ideologisk reiskap for makthavarane i Noreg i mange år framover. Greier ho ikkje tilpassinga, vil ho verte riven i filler og det er toppen av maktfjellet i Noreg heilt sikkert livredde for.

Nytt liv på bedehuset?

Til slutt ei lita forteljing frå bedehusland. I ei lita bygd på Vestlandet har bedehuset dei siste 25 åra vore sterkt dominert av ei trongsynt og reaksjonær gruppe som etablerte seg i kjølvatnet på ei kristen vekking. Etter kvart utvikla det seg ei nokså livsfjernt og mørkt kristenliv innanfor veggene. Bygda har gjennomgått den same utviklinga som mange andre slike utkantgrender med avfolking og nedlegging av arbeidsplassar. Ei rettssak om sabotasje mot eit fiskeoppdrettsanlegg rir bygda som ei mare i fleire år. Det utviklar seg to åtskilde leirar som står nokså steilt mot einannan. Livet på bedehuset held fram i same, gamle tilstivna formene.

Så skjer det noko hausten 1998. Det dett ein lapp ned i postkassene til folk med invitasjon til ein bygdekveld på bedehuset. Den nye presten i kommunen har fått sleppe til for å snakke om ungdomsmiljøet. Ein gamal sløydlærar skal synge solo, og ein 50 år gamal fiskar som har drive utviklingsarbeid på Sri Lanka og som deltok i AKP sine omfattande og folkeopplysande programdiskusjonar tidleg på 70-talet skal halde foredrag og vise lysbilete. Alt dette skal no skje på ein og same kveld innanfor veggene til dette forstokka bedehuset med soknerådet som arrangør! Ja, slik kan det gå her i verda. Kva skjer vidare? Det veit vi ikkje. Men grunnlaget er lagt for å skape eit nytt fellesskap, eit fellesskap som ser ut til å ha tvinga seg fram dei seinare åra på ein heilt annan arena enn den religiøse. Materielle og jordnære spørsmål om framtida for bygdesamfunnet, om arbeidsplassane, om ungdomsmiljøet er blitt så påtrengande at det til og med finn vegen inn i bedehuset. Lat oss vone at det ikkje blir med denne eine kvelden! Det er nesten slik at ein en gamal ateist og fritenkjar kunne ønskje seg nytt liv på bedehuset.

Helst skulle vi hatt ei RV-gruppe i ei slik bygd, men det har vi ikkje. Det betyr at vi i første omgang må innfinne oss på bedehuset og delta i samtalane der. Vi treng ikkje be eller synge salmar, men vi kan høyre på andakta, og vi kan høyre kva presten har å seie om ungdomsmiljøet. Vi kan kome med innspel til praktisk politisk verksemd, og så vil praksis etter kvart utvikle trong for studier og nye former for tenking og organisering. Gud vil vere attåt, i alle høve i byrjinga, men med tida vil verksemda kan hende vekse ut av bedehuset, eller bedehuset vil bli forvandla til ein politisk verkstad og Gud kome meir i bakgrunnen, dialektikk, veit du! Det er eit slikt perspektiv vi må ha på bedehuset og livet der om vi reknar oss som materialistar og revolusjonære.

Litteraturliste:
  • Friedric Engels: Om religion, Oktober forlag, Oslo 1978
  • Friedrich Engels: Ludwig Feuerbach og slutten på den klassiske tyske filosofi, Oktober forlag, Oslo 1981
  • Hans Kirk: Fiskerne (ein roman om eit lite fiskarsamfunn som flyttar frå Nordsjøkysten inn i Limfjorden, og korleis dei på kort tid vinn soknet for misjonen), Gyldendals Tranebøger, København 1974
  • Karl Marx: Kritikk av den Hegelske rettsfilosofi (innledning) i Verker i utvalg 1 – filosofiske skrifter, Pax forlag, Oslo 1972
  • Karl Marx: Fra den tyske ideologi, i Verker i utvalg 2 – skrifter om den materialistiske historieoppfatning, Pax forlag, Oslo 1970
  • Pål Steigan: «I begynnelsen skapte mennesket Gud i sitt bilde», artikkel i Steigan: Svar på tiltale, Oktober forlag 1982
  • Bjørn Olav Utvik: «Kommunistar og Gud», artikkel i Røde Fane nr 3, 1989
  • Olaf Aagedal: Rapport frå bedehusland, Det Norske Samlaget, Oslo 1988