Ukategorisert

Rasisme på norsk (bokomtale)

Av

Gudrun Kløve Juuhl

Rolf Aakervik: Rasisme på norsk, Almater forlag, 2008

Boka Rasisme på norsk er ei debattbok om rasisme i Noreg, og har særleg ungdom som målgruppe, skriv forfattaren i føreordet. Boka er basert på migrasjonspedagog Rolf Aakervik sine røynsler gjennom mange års arbeid med og forsking på mangfald ograsisme.

Noko av bakgrunnen hans for å skriva er ein vilje til å diskutera og presisera rasismeomgrepet, og forsvara det som ei nemning på diskriminering på grunnlag av etnisk/ nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge og liknande, slik det er definert i SN-konvensjonen om rasediskriminering. Dette er eit godt prosjekt, og noko som heilt sikkert kunne vore nyttig å bruka i samfunnsfagundervisninga,slik Aakervik ynskjer.

Boka set seg føre å vera ei innføring i rasisme i Noreg, med delane:

  • Hvordan rasisme kan oppleves
  • Rasisme i teori og praksis- Rasismens uttrykksformer
  • Uhederlighet, kriminalitet, vold og fanatisme
  • Fremmedfrykt
  • Hva kan ungdommer gjøre?
  • Anti-rasisme
  • Sentrale begreper

Boka opnar med å fortelja gjennom historiene til «Salomon», «Muhammed» og «Saida» om korleis kvardagen kan vera for ungdomar i Noreg med ulike minoritetsbakgrunnar. Ifølgje Aakervik er desse historiene «bygget på en blanding av erfaringsmateriale, undersøkelser og forskning og (…) deretter generalisert.» (side 22)

Det verkar som eit fint opplegg, og det er ein god ide å starta med å fortelja korleis det kjennest ut for dei som opplever at dei vert haldne utanfor og diskriminerte. Likevel tykkjer eg det kunne vore arbeidd litt betre med å fokusera historiene. Kvifor må til dømes historia om Salomon gjerast «sosiologisk» ved å bruka eit heilt avsnitt på å fortelja om kor mange av elevane i klassen hans på grunnskulen som budde i blokk, rekkjehus og villa, men utan å fortelja kor gamal hovudpersonen var da han byrja på skulen eller kva klassetrinn han byrja på (det står tidlegare i teksten at han kom til Noreg som einsleg mindreårig asylsøkjar då han var seksten)? Her gjer forfattaren eit i utgangspunktet godt grep for å skapa innleving og engasjement, men skuslar vekk noko av potensialet ved å fokusera på mindre relevante detaljar, og missa fokuset på hovudpersonen som lesaren gjerne er interesserti.

Likevel er det interessant å lesa om dei tre «lagnadene», sjølv om ein lurer på kor «autentiske» dei er og i kva grad dei er sette saman av bitar av ulike ungdomar sine historier, og kva som fyrst og fremst er generalisering og dikting (kanskje særleg sidan det i to av dei tre historiene vert snakka om SOS Rasisme-lag på skulen. I kva grad er det ei vanleg erfaring for minoritetsungdom? Eller er det fyrst og fremst teke med for å informera lesaren om organisasjonen?), men slik må det nødvendigvis vera når det er anonymiserte historier baserte på forfattaten si oppsamla erfaring, og det er heilt greitt. Det står òg mykje bra i kapitlet “Rasisme i teori og praksis». Det er ein seriøs og ganske god argumentasjon for at norsk innvandringspolitikk kan kallast (eller er) rasistisk, og det er standpunkt som eg meiner det er viktig å få inn i skulen og gjeve ungdom høve til å møta i norske klasserom. Alt i alt meiner eg at boka representerer eit viktigprosjekt.

Problemet med boka som opplysnings- og debattbok retta mot ungdom er at ho er så rotete, uklårt og kompakt skrive at ho er veldig vanskeleg å lesa og få meining ut av. Hadde eg vore lærar, trur eg at eg heller ville brukt element av historiene frå boka eller kanskje invitert forfattaren på besøk, heller enn å satsa på at elevane fekk noko ut av å lesa boka.Her er ein del av eit avsnitt under overskrifta«Rasisme i teori og praksis»:

«Tross mange ord om et flerkulturelt og integrerende og mangfoldig samfunn, forteller den praktiske virkeligheten og innvandringslovene at det er for mange av «dem» og at «vi» må sikre oss mot at «de» blir enda flere. Media forteller at barna til innvandrere blir voldelige, at kriminelle utlendinger prøver å snike seg inn i landet og at innvandrere og flyktninger utan arbeid går på sosialen når det er nok av ledige jobber. Det er også østeuropeiske bander som gjør tyveriraid. Disse medvirker også til å problemfokusere et bilde av utlendingar som forsterker fremmedfiendtlige og rasistiske holdningar. Fordommene fører til at mange ikke finner ut at Ali er grei og at det at han går i moskeen ikke gjør ham farlig eller kriminell, kanskje tvert imot. Mange veksler identiteter.» (side 45)

Forfattaren skriv at fordi boka er tenkt å brukast i skulen, av ungdommar, har han unngått referansar. Eit problem med denne teksten er presisjonsnivået: at det er veldig uklårt kva som er fakta, kva som er personlege generaliseringar og kva som er rein synsing. Eit anna er samanhengen. Etter at han fortel kva media fortel om innvandrarar, nemner han dei austeuropeiske tjuveribandane. Her vert det uklart om han meiner dei faktiske eller bandane slik dei er referert til i media. I neste setning går det fram at det er truleg dei faktiske bandane han meiner, sidan dei der er aktørar som bidreg til å skapa eit negativt bilete av utlendingar. Faktisk medverkar dei austeuropeiske bandane, om ein skal ta teksten på ordet, til at mange ikkje vil verta kjende med Ali sidan han går i moskeen. Det verkar i utgansgpunktet som ein litt pussig årsakssamanheng, og ikkje spesielt rimeleg for ein som ikkje er veldig samd med forfattaren frå før. Så kjem plutseleg ei lausriven setning om atmange vekslar identitetar.

Her hadde det gjort seg med litt grunnleggjande tekstarbeid. Då kunne dette vorte ei mykje meir brukande, og med det viktigare, bok.

Gudrun Kløve Juuhl