Problem?

Av Øyvind Bremer Karlsen

2011-04

– Morn, sa fyren som hadde stoppa. Eg trur problem?

Frostrøyken låg tett og klam over det vesle søkket mellom holane der bilen til Anders hadde slege seg til ro etter å ha blitt skubba og dytta med skuldra til den grinete eigaren mot A-stolpen over hundre meter for så å skulle starte i fart i nedoverbakken. Anders hadde hoppa inn, trampa inn kløtsjen og slengt giret i anna. Bilen hadde ikkje starta. Den stivfrosne jernhaugen av ein bil ville berre ikkje. Men var batteriet flatt, så var det vel nettopp det.

– Dobar dan*, sa Anders. Har du slepetau?

– Eg veit ikkje. Kva er slepetau?

Anders gikk fram til bilen til jugoslaven, lét som om han knytte eit tau til støytfangaren, strekte tauet liksom bakover og festa det til støytfangaren på sin eigen bil.

– Nei, sa jugoslaven. Skal du sitta på meg til jobb?

Anders låste bildjevelen og tok plass i passasjersetet i den andre bilen. Utlendingen køyrde av stad.

– Du jobbar Triplex, ikkje sant?

– Ja. Brekker opp. Og du bygger dekk? Har sett deg i matsalen. Eg heiter Anders.

– Milan her.

Bildekkbyggaren svinga ut på hovudvegen. Han tørka dogg av frontruta med den eine handa, styrte og skifta gir med den andre.

– Kaldt i dag.

– Bikkjekaldt, svara oppbrekkaren

– Vi fiksar problem på bil etter jobb, vættø. Du kjøper sånt tau. Eg kjører. Niks problem. Ja, sa Anders. Ja, fint. Hvala. Takk.

Tøffe tak hadde det vore i Bildekk lenge. Det stoppa ikkje folk der. Ingen brydde seg om å ta ein kamp for å betre arbeidsforholda, dei sa opp i staden, fann seg noko anna å gjera.

Fabrikken rekrutterte først folk nordpå. Nordlendingane slutta etter kvart. Fabrikken sendte personalfolka sine til Jugoslavia og fekk folk der. Så kom utlendingane og berre fekk leilegheiter! Møblerte! Folk prata og slarva, mange var fortørna, men Anders og dei fleste han prata med, syntes det var greitt at arbeidsfolka frå Jugoslavia sleppte å bu i telt..?

Dessutan betalte dei vel husleige ..? Men mange var dauvhøyrde på det øyret; og desse utlendingane sat på kafé og drakk kaffi om føremiddagane! Midt i arbeidstida! Så jobba dei vel ettermiddagsskift, da …? Mange høyrde ikkje på det øyret, heller. Dessutan tok dei kvinnfolka frå nordmennene …

Problem?

Det passa seg sånn at dei hadde matpause på likt.

Oppbrekkaren stod ved kaffimaskinen i matsalen i kjellaren på Bildekk da han såg at Milan kom, så han sleppte på meir pengar og spurte:

– Med mjølk?

– Kva? Bildekkbyggaren kom bort til han.

– Skal du ha mjølk i kaffien?

– Ja, takk. Han tok imot pappbegeret. Med mjølk.

Så åt dei maten sin og prata litt om vêr og vind og kulde, og Milan gjentok at han skulle køyre så Anders fekk fiksa bilen etter jobb, vættø.

Og på bensinstasjonen kjøpte Anders eit blått nylontau som såg ut til å kunna halde vinteren ut. Og etter å ha fått taua den gamle, svenske totaktaren nokre rundar på bustadfeltet, gav dei to opp. Og Anders banna. Eit nytt batteri kosta skjorta. Og det var kaldt som berre faen.

På bensinstasjonen ville Anders bytte inn slepetauet i eit nytt batteri.

Ekspeditøren spurte om han elles hadde det bra.

Milan gliste.

Bilfaenen, derimot, både starta og gjekk med nytt batteri.

Anders visst sånn nokolunde kvar jugoslaven budde, ikkje så langt frå si eiga leiligheit på det nye bustadfeltet og der stod bilen hans, og den første dørklokka opplyste at den som budde der heitte Milan til fornamn og ei opphoping av konsonantar til etternamn.

Men han som lukka opp, var ikkje Milan.

– Dobar dan, sa Anders. Milan?

– Ja, det er meg.

– Ein annan Milan? Anders, litt forvirra.

– Har du meir problem på bil? spurte utlendingen.

Anders gliste. Så det var kjent

– Ein annan Milan bur der nede, sa Milan og peika. 7D, la han til. Han fiksar problem.

Problem?

Nå, kva skulle ein seia? Ein del av desse jugoslavane trudde dei hadde komme til Paradis. Byggje 80 dekk på skiftet utan problem. Så dei bygde meir, bygde det dei orka og sprengde akkordane. I staden for snittet på rundt 80, var dei heilt oppe i 120. Det var ikkje lett å få dei til å innsjå at dei ville slite seg ut før året var omme om dei heldt på sånn. Folk flest i Bildekk skulle trass alt halde på med å bygge dekk i mange år enda om dei levde og hadde helsa. Dessutan da folka på Tidsstudiet fekk ferten av kva som skjedde, var dei snart på plass på stoppeklokkene sine og fastsette nye akkordar. Og folk måtte bygge fleire faens dekk for same lønna. Og det var eit Helvete! I Bildekk. Igjen! Passe forbanna, folk. Etter kvart hadde jugoslavane skjønt teikninga. Men akkordane var og blei dårlegare. Problem? Det var ikkje å ta hardt i.

I 7D lukka den rette Milan opp.

– Problem, sa Anders. Eg har problem. Har du tid ei stund?

– Kva? Enda meir problem på den gamle bil? OK, eg blir med.

Milan slengde på seg ei boblejakke, trekte på seg eit par brune cherroxstøvlar, låste døra og gjekk ut i kulda saman med kameraten sin, dei gjekk bortover den smale vegen mellom husrekkene.

– Ikkje starte nå igjen? Du har jo nytt batteri?

– Det er ikkje bilen som er problemet, sa Anders. Det er kjøleskåpet.

– Kjøleskåpet, for faen? Eg trur ikkje eg kan fikse kjøleskåpet, sa Milan.

Sei ikkje det, gitt.

Heime låste Anders opp, opna døra:

– Ver så god, gå inn.

Og på kjøkkenet slo Anders kjøleskåpsdøra på vid vegg.

– For mykje øl, sa han alvorleg. Du må hjelpe til.

Milan slo seg for panna.

– Du mykje galen, vættø, lo han.

Anders tok ut to langpils, trekte dei opp, fann glas.

– Dei galne har det godt, sa han.