Norske og svenske forfattarar stør skotsk folkeavstemming for sjølvstende
«Me er overraska over fryktkampanjen som er sett i gong av dei politiske partia i London for å bevara unionen,» skriv ei rekkje kjende forfattarar frå Noreg og Sverige i eit ope brev. Der stør dei skottane sine aspirasjonar for sjølvstende, og samanliknar det med folkeavstemminga i Noreg i 1905. Dei oppfordrar folk til å stemma for skotsk sjølvstende i folkeavstemminga 18. september i år. Mellom anna Thorvald Steen, Jon Fosse, Mustafa Can, Anne B. Ragde og Gro Dahle har signert brevet.
Fordrivinga av palestinarar i Israel skjer også i dag
I 2013 vedtok den israelske nasjonalforsamlinga, Knesset, Prawer-planen for å fordriva 70 000 palestinske beduinar frå Negev-ørkenen. Israel vil øydeleggja «ikkje anerkjende» landsbyar, det vil seie landsbyar frå før staten Israel blei oppretta, og landsbyar som blei etablerte på 1950-talet etter israelsk militærordre for å husa beduinar som var fordrivne frå andre landområde. Staten Israel ser på innbyggjarane i desse landsbyane som inntrengarar på staten sine område, og vil ikkje la dei ha infrastruktur som elektrisitet og kloakk.
Nytt lovforslag i Irak senker ekteskapsalderen for jenter til 9 år
Eit lovforslag som har blitt vedteke i den irakiske nasjonalforsamlinga opnar for at jenter ned i 9årsalderen gifter seg og aksepterer valdtekt innanfor ekteskapet. Lova vil viss den blir godkjend av regjeringa, gjelda for sjiamajoriteten i Irak. Human Rights Watch og andre menneskeretts-organisasjonar reagerer på lovforslaget.
Innstrammingar i reglane for å henta ektefelle til Noreg
Asylavtalen til dei borgarlege partia inneber at ein må vera 24 år for å kunna henta ein ektefelle frå utlandet. Ein må også tena minst 300 000 kr i året, 50 000 meir enn under den førre regjeringa. Grunngjevinga for innstramminga i alder er å hindra tvangsekteskap, så unge under 24 kan få henta ektefelle viss dei kan visa at dei ikkje er utsette for tvang, og at ektefellen kan bidra i Noreg, noko som opnar for meir skjønns-vurdering enn under den førre regjeringa.
Det borgarlege byrådet i Oslo går mot reservasjonsretten
Byrådet i Oslo vedtok i mars at dei går mot at fastlegar skal kunna reservera seg mot aborthenvising, både lokalt og nasjonalt.
Tre av åtte byrådar stemte mot dette vedtaket. 254 av 322 ordførarar i ei undersøking VG gjorde, seier at dei ikkje ønskjer å gi legane reservasjonsrett. Av dei som seier nei, er det 53 ordførarar frå Høgre.
Militariseringa av Norge er profitabel
Daværende statssekretær Roger Ingebrigtsen (Ap) mente i 2011 at våpen-industrien kan redde Norge når oljen tar slutt. Da statssekretæren på vegne av regjeringen besøkte våpenprodusenten Vinghøg AS på Nøtterøy, ble han umåtelig imponert.
– Vestfold bør være stolte av denne bedriften som i dag er en internasjonal aktør. Det er en bedrift som styrker troen på at Norge kan overleve også etter at oljen tar slutt, sa Roger Ingebrigtsen (Ap) i Forsvarsdepartementet til Tønsbergs Blad.
(Fra Pål Steigans bok, Blod, olje og våpen – norsk imperialisme, Rødt!, 2014.)
Kravet som ikke ville la seg gjemme
1. mars arrangerte Tidsskriftet Rødt! sammen med venner en konferanse på Litteraturhuset i Oslo. Full sal om et krav som er dømt nord og ned, men som stadig vekk reises. Merkelig, synes til og med en del progressive menn. Naturlig, sier dobbeltarbeidende kvinner og kvinneaktivister.
På sekstimersdagen.no finner du innledningene og lenker til annet aktuell stoff. Også til videoene som ble tatt opp og som ligger på YouTube.