«Den korte maskinskrivne meldinga som glei under døra mi i forsegla konvolutt stadfesta avtalen min med det største trugsmålet mot tryggleiken til India. Eg hadde venta i månader på å høyre frå dei.»
Den indiske forfatteren, Arundhati Roy, fulgte maoistene i områdene de kontrollerer i India ifjor. Sist vinter kom artikkelen om besøket. Det er den du nå kan lese på norsk.
Eg måtte vere ved Ma Danteshwarimandiren i Dantewara, Chhattisgarh på eitt av fire gitte tidspunkt på ein av to gitte dagar. Det var for å ta høgde for dårleg vêr, punktering, vegsperringar, transportstreik og rein uflaks.
|
Meldinga sa: «Forfattaren må ha kamera, tika og kokosnøtt. Kontakten har lue, magasinet Hindi Outlook og bananar. Passord: Namashkar Guruji».
|
|
Namashkar Guruji. Eg undra på om kontakten og velkomstmannen venta seg ein mann. Og om eg skulle skaffe meg mustasje.
I Dantewara har politiet vanlege klede og opprørarane uniformar. Fengselssjefen er i fengsel. Fangane er frie (tri hundre av dei rømte frå det gamle byfengslet for to år sidan). Valdtatte kvinner er i varetekt hos politiet. Valdtektsmennene held talar på marknaden.
På andre sida av elva Indravati, i området maoistane kontrollerer, ligg staden politiet kallar «Pakistan». Der er landsbyane tomme, men skogen er full av folk. Barn som burde vere på skolen, styrer seg sjølve. I dei vakre skoglandsbyane er skolane av betong enten sprengt til ruinar eller fulle av politimenn. Den dødelege krigen som går føre seg i jungelen er ein krig som den indiske regjeringa er både stolt av og skjems for. Operasjon Grønn Jakt er både erklært og fornekta. Den indiske innanriksministeren (og administrerande direktør for krigen), P Chidambaram, seier han ikkje finst, at han er mediaskapt. Likevel er svære summar sett av til krigen, og titusenvis av soldatar er mobiliserte. Sjølv om krigsteatret går føre seg i jungelen i Sentral-India, vil han få alvorlege konsekvensar for oss alle.
Om spøkelser er åndene etter nokon eller noko som har slutta eksistere, så er kanskje den nye firefelts motorvegen som brakar gjennom skogen det motsette av eit spøkelse. Kanskje er det eit varsel om det som skal komme.
Motstandarane i skogen er ulike på mest alle vis. På eine sida ein massiv paramilitær styrke væpna med pengar, skytevåpen, media og overmotet til ei kommande supermakt. På andre sida, vanlege landsbyfolk væpna med tradisjonelle våpen, støtta av ein eineståande organisert og enormt motivert maoistgerilja, med ei uvanleg, valdeleg og væpna opprørshistorie. Maoistane og dei paramilitære er gamle motstandarar, og har kjempa mot eldre utgaver av kvarandre mange gonger før: Telengana på femtitallet, Vest-Bengal, Bihar, Srikakulam i Andra Pradesh seint på seksti- og syttitallet, og så igjen i Andra Pradesh frå åttitallet og heilt fram til i dag. Dei kjenner taktikken til motparten, og har studert stridshandboka hans nøye. Kvar gong har det verka som maoistane (eller tidlegare utgaver) ikkje bare er nedkjempa, men bokstavleg talt fysisk utrydda. Kvar gong har dei dukka opp att, betre organisert, meir målmedvitne og med større innverknad enn nokon gong. No igjen har oppstanden spreidd seg i dei mineralrike skogane i Chhattisgarh, Jharkhand, Orissa, og Vest-Bengal – heimen til millionar av indiske stammefolk og draumelandet for næringslivet.
Det er enklast for eit liberalt samvit å tru at krigen i skogane er ein krig mellom regjeringa i India og maoistane, som kallar val ein bløff, parlamentet ein svinesti, og som opent har sagt at målet er å styrte den indiske staten. Det er høveleg å gløyme at stamme-folka i Sentral-India har ført motstandskamp i fleire hundre år før maoistane. (Det er sjølvsagt banalt. Om dei ikkje så hadde, hadde dei ikkje eksistert.) Ho-, oraon-, kols-, santal-, munda- og gond-folket har gjort opprør fleire gonger, mot britane, mot zamindarane
|
og pengelånarane. Opprøra blei knust på frykteleg vis, mange tusen drepne, men folka blei aldri erobra. Etter sjølvstendet var stammefolka grunnlaget for det første opprøret ein kan kalle maoistisk, i Naxalbari i Vest-Bengal (der ordet naxalitt kjem frå – no brukt synonymt med «maoist».) Sidan då har politikken til naxalittane vore uløyseleg knytt til stammeopprør, og det seier like mykje om stammefolka som om naxalittane.
Opprørsarven har skapt eit rasande folk som er isolert og marginalisert med vilje av den indiske regjeringa. Den indiske grunnlova, det moralske grunnlaget for det indiske demokratiet, vart vedtatt av parlamentet i 1950. Det var ein tragisk dag for stammefolka. Grunnlova stadfesta kolonipolitikken og gjorde staten til formyndar for stammeområda. Over natta blei alle stammefolka gjort til okkupantar på sine eigne område. Lova nekta dei tradisjonelle rettar til å hauste i skogen, ho kriminaliserte ein levemåte. I bytte for røysteretten vart dei fråstole rett til levebrød og sjølvrespekt.
Etter at regjeringa med grufulle knep hadde drive dei bort og stadig lengre ned i fattigdom, byrja ho bruke armoda mot dei. Kvar gong regjeringa hadde behov for å flytte ei stor mengde folk – pga dambygging, vatningsanlegg, prosjekt, gruver – snakka ho om «å bringe stammefolka inn i vår tid» eller om å gi dei «fruktene av moderne utvikling». Av dei titalls millionar internt fordrivne menneska (meir enn 30 millionar bare på grunn av dammar), flyktningar frå Indias «framsteg», er den store majoriteten stammefolk. Når regjeringa byrjar snakke om velferd for stammefolka, er det tid for å bli uroleg.
Den siste som har bekymra seg er innanriksminister P Chidambaram som seier han ikkje ønskar stammefolka skal bu i «museumskulturar ». Velferden til stammefolka såg ikkje ut til å vere førsteprioriteten hans då han var næringslivsadvokat, som representant for mange store gruveselskap. Så det kan vere ein ide å undersøke grunnlaget for den nye uro hans.
Gjennom dei siste fem åra eller så har regjeringane i Chhattisgarh, Jharkhand, Orissa og Vest-Bengal underteikna hundrevis av intensjonsavtalar for mange milliardar dollar med bedrifter, alle hemmelege, om stålverk, jernverk, kraftverk, aluminiumsverk, dammar og gruver. For å omgjøre intensjonsavtalane til handfaste pengar må stammefolka flyttast.
Derfor denne krigen.
Når eit land som kallar seg demokrati, opent erklærer krig innanfor eigne grenser, korleis ser krigen ut? Har motstandsrørsla ein sjanse? Bør dei ha det? Kven er maoistane? Er dei bare valdelege nihilistar som brukar ein forelda ideologi på stammefolk, og fører dei inn i håplause opprør? Kva for ei lekse har dei lært av dei siste erfaringane sine? Er væpna kamp i seg sjølv udemokratisk? Er smørbrødteorien rett – at «vanlege» stammefolk er fanga i skotvekslinga mellom staten og maoistane? Er «maoistar» og «stammefolk» to heilt ulike grupper slik det blir sagt? Har dei samanfallande interesser? Har dei lært noko av kvarandre? Har dei forandra kvarandre?
Dagen før eg drog ringte mora mi, og sa søvnig «Eg har tenkt» med det merkelege instinktet mødrer har «at det er revolusjon dette landet treng.»
Ein artikkel på nettet seier at israelske Mossad trener tretti høgtståande politioffiserar i teknikkar for målretta snikmord, for å gjøre maoistane «hovudlause». I pressa blir det snakka om det nye utstyret som er kjøpt inn frå Israel: laser-avstandsmålarar, varmevirkande fotoutstyr og ubemanna dronar som er så populære i hæren i USA. Perfekte våpen å bruke mot dei fattige. Kjøreturen frå Raipur til Dantewara tar omlag ti timar gjennom område som skal vere «maoist-plaga». Det er ikkje likegyldige ord. Plage/herjing inneber sjukdom/skadedyr. Sjukdommar må ein kurere. Skadedyr må utryddast. Maoistane må feiast ut. På snikande uskyldig vis har folkemordsspråk komme inn i ordtilfanget vårt.
For å forsvare motorvegen har tryggingsstyrkane «sikra» eit smalt skogbelte på begge sider. Lenger inne herskar «Dada log». Brørne. Kameratane.
I utkanten av Raipur reklamerer ein enorm plakat for kreftsjukehuset til Vedanta (selskapet innanriksministeren vår eingong jobba i). I Orissa der Vedanta grev ut bauxitt, finansierer dei eit universitet. På snikande uskyldig vis trenger konserna inn i oppfatningane våre: Dei Edle Kjempene som verkeleg bryr seg. Det blir kalla Corporate Social Responsibility (CSR) – bedrifters samfunnsansvar. Slik kan gruve-selskap bli som den legendariske skuespillaren og tidlegare statsministeren NTR som lika spille alle rollene i dei telugiske
|
mytane – dei gode og skurkane, alle på ein gong, i same film. CSR dekkar over den skammelege økonomien bak gruvesektoren i India. Den nettopp utkomne Lokayukta-rapporten om Karnataka seier til dømes at regjeringa får 27 rupi for kvart tonn jernmalm, mens det private selskapet som driv gruva gjør 5 000 rupi. I bauxittog aluminiumssektoren er talla enno verre. Me snakkar om ran på høglys dag til musikken frå milliardar av dollar. Nok til å kjøpe valresultat, regjeringar, dommarar, aviser, fjernsynskanalar, NGO-ar og hjelpeorganisasjonar. Kva betyr eit kreftsjukehus her eller der?
Eg kan ikkje hugse å ha sett namnet til Vedanta på den lange lista med intensjonsavtalar underteikna av regjeringa i Chhattisgarh. Men når det er eit kreftsjukehus, er eg forskrudd nok til å ha mistanke om at det finst eit flatsprengt bauxittfjell ein stad.
Me passerer Kanker som er berømt for treningsskolen for antiterror og jungelkrig under leiing av brigadegeneral B K Ponwar – Rumpelstiltskin
|
i denne krigen – med ansvar for å gjøre korrupte, slurvete politimenn (strå) til kommandosoldatar (gull). «Bruk geriljataktikk mot geriljaen» er motto for krigsskolen, og er malt på fjellet. Mennene må løpe, skli, hoppe på og av helikopter i lufta, ri på hest (av ein eller annan grunn), ete slangar og det jungelen byr på. Brigadegeneralen er svært stolt av å trene folk frå gata til å kjempe mot «terroristar ». Åtte hundre politimenn blir uteksaminerte kvar sjette veke frå krigsskolen. Tjue liknande skolar er planlagt over heile landet. Politiet blir gradvis omgjort til ein hær. (I Kashmir er det motsett. Hæren blir omgjort til ein oppblåst administrativ politistyrke.) Opp ned. Uansett er folket fienden.
Det er seint. Jagdalpur søv, bortsett frå alle plakatane med Rahul Gandhi som ber folk slutte seg til Ungdomskongressen. Han har vore to gonger i Bastar dei siste månadene utan å seie stort om krigen. Det er kanskje for kinkig for Folkets Prins å blande seg inn på dette tidspunktet. Medierådgivarane hans må ha sett foten ned. Det faktum at Salwa Judum (reinsingsjakta) – den frykta regjeringsstøtta gruppa med frivillige som er ansvarlege for valdtekter, drap, brenning av landsbyar og fordriving av hundretusenvis frå heimane sine – er leia av Mahendra Karma. Gruppa sit i den lovgivande forsamlinga for Kongresspartiet, og blir ikkje lagt særleg vekt på i det detaljplanlagte blestopplegget rundt Rahul Gandhi.
Eg var framme ved Ma Danteshwarimandiren i god tid til avtalen (første dag, første oppmøte). Eg hadde kamera, ei lita kokosnøtt og ein rød puddertika i panna. Eg lurte på om nokon betrakta meg og fekk seg ein latter. Etter få minutt kom ein ung gutt bort til meg. Han hadde lue og skolesekk. Øydelagt raud neglelakk på neglane. Ikkje Hindi Outlook, ingen bananar. «Er du ho som skal vere med inn?» spurte han. Ingen Namashkar Guruji. Eg visste ikkje kva eg skulle svare. Han tok ein fuktig lapp ut av lomma og gav den til meg. Det stod «Outlook nahi mila». (Kunne ikkje finne Outlook)
«Og bananane?»
«Eg åt dei», sa han. «Eg vart sulten.»
Han var ein skikkeleg tryggingstrussel. På ryggsekken stod det «Charlie Brown – Not your ordinary blockhead». Eg fann snart ut av at Dandakaranya, skogen eg no skulle inn i, var full av folk med mange namn og flyktige identitetar. Tanken var ei lise for meg. Så flott å ikkje vere låst som seg sjølv, å bli ein annan for ei stund.
Me gjekk til ein busshaldeplass få minutt frå tempelet. Det var fullt alt. Ting skjedde fort. Det var to menn på motorsyklar. Ingenting vart sagt – bare eit gjenkjennande blikk, endra kroppshaldning, start av motorane. Eg hadde ingen ide om kor me skulle. Me passerte huset til politisjefen som eg hugsa frå det siste besøket mitt. Han var ein frittalande mann, politisjefen: «Du forstår, Ma’am, dette problemet kan ærleg talt ikkje løysast av oss i politiet eller militæret. Problemet med desse stammane er at dei ikkje forstår begjær. Utan at dei får begjær, er det ikkje håp. Eg har sagt til sjefen at dei må fjerne hæren og sette eit TV-apparat i alle heimane istadenfor. Alt vil ordne seg automatisk.»
Raskt var me på veg ut av byen. Ingen etter oss. Det var ein lang tur, tri timar etter mi klokke. Han endte brått langt ute i øydemarka, på ein øde veg med skog på begge sider. Mangtu steig av, og eg gjorde det same. Motorsyklane forsvann, og eg tok på ryggsekken og følgte den lille interne tryggingstrusselen inn i skogen. Det var ein vakker dag. Skogbotnen var eit teppe av gull.
Etter ei stund kom me fram på dei kvite sandbankane til ei brei og stille elv. Ho blei tydeleg fylt av monsunregn, så no var ho meir eller mindre ei sandflate, midt på ei renne, ankeldjup, lett å vasse over. På andre sida var «Pakistan». «Der ute, ma’am», hadde den frittalande politisjefen sagt til meg, «skyt gutane mine for å drepe.» Eg hugsa det då me byrja krysse elva. Eg såg oss i riflesiktet til ein politimannn – små figurar i landskapet, lette å skyte ned. Men Mangtu såg ganske ubekymra ut, og eg følgte hans eksempel.
På andre sida, i ei limefarga t-skjorte med påskrifta Horlicks!
|
venta Chandu. Ein litt eldre tryggingstrussel. Kanskje tjue. Han hadde eit vakkert smil, ein sykkel, ei jerrykanne med kokt vatn og mange pakker glukosekjeks til meg, frå Partiet. Me fekk igjen pusten og byrja gå igjen. Det viste seg at sykkelen var ei avleiingsmanøver. Ruta var mest heilt uråd å sykle. Me klatra opp bratte åsar, og kravla ned steinete stiar langs ganske utrygge fjellavsatsar. Når han ikkje kunne trille, løfta Chandu sykkelen og bar han over hovudet som om han ikkje veide noko. Eg tok til å undre meg over inntrykket av forvirra landsbygut. Eg oppdaga (mykje seinare) at han kunne handtere alle slags våpen, «unntatt ein LMG
|
», fortalte han meg villig.
Tri vakre, skitfulle menn med blomar i turbanane gjekk saman med oss omlag ein halv time før vegane våre skilte lag. Ved solnedgang byrja det å gale i skulderveskene deira. Dei innheldt hanar som dei hadde hatt med på marknaden, men ikkje fått selt.
Chandu ser ut til å kunne sjå i mørket. Eg må bruke lommelykta. Sirissane startar opp og blir snart som eit orkester, eit tak av lyd over oss. Eg lengtar etter å sjå opp på nattehimmelen, men tør ikkje. Eg må ha auga på bakken. Eit steg av gongen. Konsentrere meg.
Eg høyrer hunder. Men eg kan ikkje avgjøre kor langt borte dei er. Terrenget blir flatare. Eg stel meg til eit blikk på himmelen. Det gjør meg ekstatisk. Eg håper me snart skal stoppe. «Snart», seier Chandu. Det viser seg å bli meir enn ein time. Eg ser sihuetten av enorme tre. Me er framme.
Landsbyen ser vidstrakt ut, med husa langt frå kvarandre. Huset me går inn i, er vakkert. Det er ein ildstad, der det sit folk rundt. Fleire folk utanfor i mørket. Eg kan ikkje seie kor mange. Eg kan så vidt skjelne dei. Ei mumling spreier seg. Lal Salaam Kaamraid. (Raud helsing, kamerat.) Lal Salaam, seier eg. Eg er meir enn trøytt. Dama i huset ropar meg inn, og gir meg kylling i karri kokt med grønne bønner og litt raud ris. Fantastisk. Spebarnet hennar søv ved sida av meg, sølvfotringane hennar glitrar i ildskjæret.
Etter middag drar eg ned glidelåsen til soveposen min. Han har ein merkeleg påtrengande lyd, den store glidelåsen. Ein radio blir slått på. BBCs hindisendingar. Den engelske kjerka har trekt tilbake pengane sine frå Vedantas prosjekt i Niyamgiri, og viser til miljøøydeleggingar og brot på rettane til Dongria Kondh-stammen. Eg kan høyre kubjeller, snufsing, føtter som rører seg, kveg som fis. Alt er bra med verda. Auga mine lukkar seg.
Me er oppe klokka fem. På farta før seks. Etter nok eit par timar kryssar me ei ny elv. Me går gjennom vakre landsbyar. Alle landsbyane har ei samling tamarindtre som voktar landsbyen, som ei klynge enorme, velvillige gudar. Herleg tamarindtre frå Bastar. Klokka elleve står sola høgt, og det er mindre hyggeleg å gå. Me stoppar for å ete lunsj i ein landsby. Chandu ser ut til å kjenne folka i huset. Ei nydeleg ung jente flørtar med han. Han ser litt blyg ut, kanskje fordi eg er der. Lunsjen består av rå papaya med masoor dal
|
, og raud ris. Og raudt chilipulver. Me skal vente på at sola mistar litt av gløden før me byrjar gå igjen. Me tar ein høneblund i lysthuset. Det er ein enkel prakt over staden. Alt er reint og nødvendig. Ikkje noko rot. Ei svart høne paraderer opp og ned den låge jordvollen. Eit bambusnett stabiliserer taksperrene på det halmdekka taket, og er samtidig lagringsplass. Det er ein sopelime av gras, to trommer, ei fletta halmkorg, ein knekt paraply og ein stabel tomme, flatklemte esker av bølgepapp. Noko fangar blikket mitt. Eg treng brillene. Det som er trykt på pappen: Ideal Power 90 High Energy Emulsion Explosive (Class-2) SD CAT ZZ.
Me byrjar gå igjen rundt to. I landsbyen me skal til vil me møte ei Didi (søster, kamerat) som kjenner neste etappe på reisa. Chandu gjør ikkje det. Det er sparsomt med informasjon også. Alle skal ikkje vite alt. Men då me kjem til landsbyen er ikkje Didi der. Ikkje noko nytt om henne. For første gong ser eg ei lita urosky legge seg over Chandu. Ei stor legger seg over meg. Eg kjenner ikkje kommunikasjonssystema, men kva om dei har slått feil?
Me blir parkert utanfor eit forlatt skolebygg, litt utanfor landsbyen. Korfor er alle landsbyskolane til regjeringa bygde som betongfestningar, med stållemmar for vindauga og foldedører av stål? Korfor ikkje som landsbyhusa, med jord og halm? Fordi dei samtidig er kaserner og bunkers. «I landsbyane i Abhujmad», seier Chandu, «er skolane slik …» Han rissar ein bygningsplan på bakken med ein kvist. Tri åttekantar sett saman som ei bikake. «Så dei kan skyte i alle retningar.» Han teiknar piler for å illustrere poenget, som ein cricketbane – som vognhjulet* t
|
il ein slagmann. Det er ingen lærarar i nokon av skolane, seier Chandu. Alle har rømt. Eller har dere jagd dei bort? Nei, me jagar bare politiet. Men korfor skulle lærarane komme hit, til jungelen, når dei får lønn for å sitte heime? Godt poeng.
Han informerer meg om at dette er eit «nytt område». Partiet har nettopp komme hit.
Omlag tjue ungdommar kjem, gutar og jenter. I tenåra og tidleg i tjueåra. Chandu forklarer at dette er landsbymilitsen, det lågaste nivået i det militære hierarkiet til maoistane. Eg har aldri sett nokon som dei før. Dei er kledde i sariar og lendeklede, enkelte i frynsete olivengrønne uniformar. Gutane ber smykke, hovudplagg. Alle har munnladningsriflar, som blir kalla bharmaar. Enkelte har knivar, økser, pil og bue. Ein gut har ein grov bombekastar laga av eit tungt trefots galvanisert røyr. Det er fylt med krutt og granat, ferdig til avfyring. Det bråkar fælt, men kan bare brukast ein gong. Likevel skremmer det politiet, seier dei, og fniser. Krig ser ikkje ut til å vere det dei tenker mest på. Kanskje fordi området deira er utanfor rekkevidda til Salwa Judum. Dei har nettopp avslutta dagens arbeid, hjelpt til å bygge eit gjerde rundt landsbyen for å holde geitene ute av åkrane. Dei er fulle av moro og nyfikne. Jentene stoler på og er fortrulege med gutane. Eg har antennar for slikt og er imponert. Jobben deira, seier Chandu, er å patruljere og forsvare ei gruppe på fire eller fem landsbyar og hjelpe til på markene, reinske brønnar eller reparere hus – gjøre det som måtte vere nødvendig.
Framleis inga Didi. Kva gjør ein? Ingenting. Ventar. Hjelpe til med å kutte opp og reinske.
Etter middag stiller alle på linje utan for mykje prat. Me forflyttar oss. Alt forflyttar seg med oss, risen, grønnsakene, kjelar og panner. Me drar frå skoleområdet, og går på ei linje inn i skogen. På mindre enn ein halv time kjem me til ei lysning i skogen der me skal sove. Det er fullstendig stille. På få minutt har alle lagt ut sine blå plastlaken, «jihili»-ar som finst over alt, (utan dei ingen Revolusjon). Chandu og Mangtu deler eitt, og legg ut eitt for meg. Dei finn den beste plassen til meg, ved den beste gråsteinen. Chandu seier han har sendt ei melding til Didi. Om ho får meldinga, vil ho vere her tidleg om morgonen. Om ho får meldinga.
Det er det vakraste rommet eg har sove i på lang tid. Min private suite i eit tusenstjerners hotell. Eg er omgitt av desse underlege, vakre ungane med merkelege våpen. Dei er alle maoistar. Skal dei alle saman døy? Er skolen i jungelkrig retta mot dei? Og krigshelikoptra, varmefotoutstyret og lasermålarane?
Korfor må dei døy? For kva? For å gjøre alt her om til ei gruve? Eg minnest besøket til jernmalmdagbrotgruvene i Keonjhar i Orissa. Ein gong var det skog der. Og barn som dette. No er landskapet som eit opent raudt sår. Raudt støv fyller nasebor og lunger. Vatnet er raudt, lufta er raud, menneska er raude, lungene og håret deira er raude. Dag og natt donar lastebilar gjennom landsbyane deira, tett i tett, tusen på tusen med lastebilar fraktar malm til Paradip der det blir sendt til Kina. Der blir det omdanna til bilar og røyk og uventa byar som dukkar opp over natta. Til ein «vekstrate» som får økonomar til å miste pusten. Til våpen å føre krig med.
Alle søv utanom vaktpostane som jobbar i skift på ein og ein halv time. Endeleg kan eg sjå på stjernene. Då eg var barn på breiddene til Meenachal, pleidde eg tenke at lyden av sirissar – som alltid starta i skumringa – var lyden frå stjerner som starta opp, klare til å skinne. Eg er overraska over kor glad eg er for å vere her. Det er ingen stad i verda eg heller ville vere. Kven skal eg vere i natt? Kamerat Rahel
|
under stjernene? Kanskje Didi kjem i morgon.
Dei kjem tidleg på ettermiddagen. Eg kan sjå dei på avstand. Omlag femten, alle i olivengrønne uniformar, løpande mot oss. Sjølv på avstand, på måten dei løper på, kan eg sjå at dei er viktige mål. Folkets Frigjøringsgeriljahær (PLGA). Mål for varmesøkande kamera og laserriflar. Mål for Jungelkrigsrekruttskolen.
Dei har skikkelege rifler. INSAS, SLR, to har AK-47. Leiaren for troppen er kamerat Madhav som har vore med i Partiet sidan han var ni. Han er frå Warangal i Andra Pradesh. Han er opprørt og umåteleg lei seg. Det var ei grov misforståing, seier han igjen og igjen, noko som vanlegvis ikkje skjer. Eg var venta til hovudleiren den første kvelden. Ein eller annan rota til jungelkommunikasjonen. Me skulle vore sett av motorsyklane ein heilt annan stad. «Du måtte vente, du måtte gå så mykje. Me har løpe heile vegen etter at me fekk meldinga om at du var her.» Eg sa det var i orden, at eg hadde vore førebudd på å vente og gå og lytte. Han ville dra straks, fordi folka i leiren venta og var urolege.
Turen til leiren tar få timar. Det blir mørkt då me kjem fram. Det er fleire nivå med vaktpostar og konsentriske vaktrundar. Det må vere rundt hundre kameratar stilt opp i to rader. Alle har våpen. Og smiler. Dei byrjar synge: Lal lal salaam, aane vaaley saathiyon ko lal lal salaam. (Raud helsing til kameratane som har komme.) Det var vakkert sunge, som om det var ein folkesong om ei elv, eller ein skogblomst. Med songen, helsinga, handtrykket og knyttneven. Alle helsar kvarandre, mumlar Lalslaam, mlalslaa mlalslaam …
Utanom ein stor blå jihili spreidd ut på skogbotnen, snautt halvannan kvadratmeter, er det ingen teikn til ein «leir». Her er det i tillegg ein jihili som tak. Det er rommet mitt for natta. Enten blei eg lønna for dagane med vandring, eller dulla med for det som skulle komme. Eller begge delar. Uansett var det siste gongen på heile turen eg hadde tak over hovudet. Ved middagen møtte eg kamerat Narmada, leiar for Krantikari Adivasi Mahila Sangathan (KAMS), som det er utlova dusør for, kamerat Saroja frå PLGA som er like høg som SLR-en sin, kamerat Maase (som betyr svart jente på gondi) som det også er utlova dusør for, kamerat Roopi, den tekniske trollmannen, kamerat Raju som leiar området eg har vandra gjennom, og kamerat Venu (eller Murali eller Sonu eller Sushil, det du må ønske å kalle han), tydeleg den øvste av dei alle. Kanskje sentralkomiteen, kanskje til og med politbyrået. Ingen seier det, eg spør ikkje. Oss imellom snakkar me gondi, halbi, telugu, panjabi og malayalam. Bare Maase snakkar engelsk. (Så alle snakkar hindi saman.) Kamerat Maase er høg og stille og synest svømme gjennom eit hav av smerte for å delta i samtalen. Men ut frå måten ho omfamnar meg på, forstår eg at ho les. Og at ho saknar bøker i jungelen. Ho skal først fortelle meg om seg sjølv seinare. Når ho tiltrur meg sorga si. Det kjem dårleg nytt, slik det gjør i denne jungelen. Ein løpar, med «kjeks». Handskrivne meldingar på papir, bretta og stifta igjen til små firkantar. Ei veske full av dei. Som pommes frites. Nytt frå alle kantar. Politiet har drepe fem i landsbyen Ongnaar, fire frå militsen og ein vanleg landsbybuar: Santhu Pottai (25), Phoolo Vadde (22), Kande Potai (22), Ramoli Vadde (20), Dalsai Koram (22). Dei kunne vore barna i det stjernedekka soverommet mitt natta før.
Så kjem det godt nytt. Ei lita gruppe med ein lubben ung mann. Han har au uniform, som ser ganske ny ut. Alle beundrar den, og seier den passar fint. Han ser blyg og fornøgd ut. Han er doktor, og har komme for å leve og arbeide saman med kameratane i skogen. Det er mange år sidan ein doktor var på besøk i Dandakaranya.
På radioen er det nytt om møtet mellom innanriksministeren og delstatsministrane frå område plaga av «venstreekstremistar », møtet der dei skal drøfte krigen. Hovudministrane i Jharkand og Bihar er tilbakehaldne og har ikkje vore med. Alle rundt radioen ler. Når det er val, seier dei, under heile valkampen, og så kanskje ein månad eller to etter at regjeringa er danna, seier alle politikarane ting som «Naxalittane er barna våre». Du kan stille klokka etter tidspunktet dei forandrar meining, og får hoggtenner.
Eg blir presentert for kamerat Kamla. Eg blir fortalt at eg ikkje på nokon måte må gå ein meter unna jihilien min utan å vekke ho. Fordi alle blir desorienterte i mørket, og kan gå seg alvorleg vill. (Eg vekker ho ikkje. Eg søv som ein stein.) Om morgonen gir Kamla meg ei gul plastpakke med eitt hjørne klippa av. Ein gong brukt til Abis Gold Refined Soya Oil. No var det potta mi. Ingenting går til spille på vegen mot revolusjonen.
(Sjølv i dag tenker eg på kamerat Kamla heile tida, kvar dag. Ho er 17. Ho ber ein heimelaga pistol på hofta. Og for eit smil. Men om politiet støytar på ho, drep dei ho. Kanskje valdtar dei ho først. Dei stiller ingen spørsmål. Fordi ho er ein trussel mot tryggleiken.
Etter frokost ventar kamerat Venu (Sushil, Sonu, Murali) på meg, sit med beina i kors på jihilien, ser ut som ein spe landsbylærar. Eg skal få historieundervisning. Eller meir presist eit foredrag om dei siste tretti års historie i Dandakaranya-skogen, som har kulminert i krigen som virvlar gjennom han i dag. Ganske visst ein partisk versjon. Men kva for historie er ikkje det? I alle tilfelle må den hemmelege historia bli offentleggjort om ho skal bli sett på prøve og diskutert, i staden for bare å bli jugd om, slik det skjer i dag.
Kamerat Venu har eit trygt vesen og ein mild stemme som dei nærmaste dagane skal dukke opp i ein samanheng som fullstendig tar motet frå meg. I dag snakkar han i fleire timar, nesten samanhengande. Han er som ein lagersjef med eit gigantisk nøkkelsknippe som kan opne ein labyrint av skap fulle av historier, songar og innsikt.
Kamerat Venu var i ein av dei sju væpna laga som kryssa elva Godavari frå Andhra Pradesh og inn i Dandakaranya-skogen (DK på partispråket) i juni 1980, tretti år sidan. Han er ein av dei opprinnelege førtini
|
. Dei var ein del av Peoples War Group (PWG), ein fraksjon av Communist Party of India (Marxist-Leninist) – CPI (ML), dei opphavlege naxalittane. PWG vart formelt erklært som sjølvstendig parti i april det året, med Kondapalli Seetharamiah som leiar. PWG hadde beslutta å bygge ein ståande hær, som trong ein base. DK skulle bli den basen, og desse første laga vart sende inn for å undersøke området og starte arbeidet med å lage geriljasonar. Diskusjonen om kommunistparti burde ha ein ståande hær eller ikkje og om ein «folkehær» er ei sjølvmotseiing, er gamle diskusjonar. PWGs vedtak om å bygge ein hær var bygd på erfaringane deira frå Andhra Pradesh, der «jorda til dei som driv ho»-kampanja deira førte til direkte samanstøytar med jordeigarane, og politiforfølging som partiet fann det uråd å verne seg mot utan ein eigen trent kampstyrke.
(I 2004 hadde PWG slått seg saman med dei andre CPI(ML)-fraksjonane, Party Unity (PU) og Maoist Communist Centre (MCC) – som arbeider i storparten av Bihar og Jharkhand. For å bli det dei er no, Communist Party of India (Maoist).)
Dandakaranya er ein del av det britane på kvit manns vis kalla Gondwana, landet til gondane. I dag skjer delstatsgrensene til Madhya Pradesh, Chhattisgarh, Orissa, Andhra Pradesh og Maharashtra gjennom skogen. Å dele eit brysomt folk på ulike administrative einingar er eit gammalt knep. Men desse maoistane og maoistiske gondane bryr seg ikkje mykje om slikt som delstatsgrenser. Dei har eit anna kart i hovudet, og som andre skapningar i skogen, sine eigne stiar. For dei er ikkje vegar meint å gå på. Dei skal bare kryssast, eller slik det skjer i stadig større grad, bli overfalt. Sjølv om gondane (skilt i koya- og dorla-stammane) utan samanlikning utgjør den største gruppa, er det mindre busettingar frå andre stammesamfunn også. Ikkje-adivasiane
|
, handelsfolk og busettarar bur i utkanten av skogen, nær vegane og marknadene.
PWG var ikkje dei første forkynnarane som kom til Dandakaranya. Baba Amte, den kjente Ghandi-tilhengaren hadde opna meditasjonssenter og leprahospital i Warora i 1975. Ramakrishna-misjonen hadde byrja opne landsbyskolar i dei fjerne skogane i Abhujmad. I Nord-Bastar hadde Baba Bihari Das starta ein aggressiv kampanje for å «bringe stammefolka attende til hindufolden », det innebar ei svertekampanje mot stammekulturen, påførde dei sjølvforakt og introduserte hinduismens store gave – kastevesenet. Dei første konvertittane, landsbyhøvdingane og store landeigarar – folk som Mahendra Karma, grunnleggaren av Salwa Judum – vart gitt status som dwij, gjenfødde bramanar.
|
(Sjølvsagt var det bedrag, fordi ingen kan bli braman. Om det gjekk an, hadde me vore ein nasjon med bramanar i dag.) Men denne falske hinduismen blir rekna god nok for stammefolka, akkurat som dei falske utgavene av alt anna – kjeks, såpe, fyrstikker, olje – som bli selt på marknaden i landsbyane. Som eit ledd i Hindutva-kampanja vart landsbynamna endra i matriklane, som resultat har dei fleste to namn i dag – folkets namn og regjeringas. Landsbyen Innar vart til dømes til Chinnari. I røystemanntallet vart stammenamn endra til hindunamn. (Massa Karma blei Mahendra Karma.) Dei som ikkje ville inn i hindufolden, blei erklærte «katwa» (det betydde urørbare), og blei seinare det naturlege rekrutteringsgrunnlaget for maoistane.
PWG starta først arbeidet i Sør-Bastar og Gadchiroli. Kamerat Venu går ganske detaljert inn på desse første månadene: Korleis landsbyburarane var skeptiske til dei, og ikkje ville sleppe dei inn i heimane sine. Ingen ville gi dei mat eller vatn. Politiet spreidde rykte om at dei var tjuvar. Kvinnene skjulte smykka sine i omnsaska. Undertrykkinga var stor. I november 1980 opna politiet ild på eit landsbymøte i Gadchiroli, og drap eit heilt lag. Det var det første «drept i samanstøyt»-tilfellet i DK. Det vart eit traumatisk tilbakeslag, og kameratane trekte seg tilbake over Godavari og attende til Adilabad.
Men dei kom attende i 1981. Dei byrja organisere stammefolka til å kreve auka betaling for tendublader (som det blir laga beedi
|
av). Den gongen betalte oppkjøparane 3 paisa for ein bunt på 50 blader. Det var ein enorm jobb å organisere folk som var heilt ukjente med slikt politisk arbeid, å føre dei i streik. Til sist vann dei streiken, og prisen vart dobla til 6 paisa bunten. Men den verkelege suksessen til partiet var at dei hadde demonstrert verdien av einskap og ein ny måte å føre politiske forhandlingar på. I dag, etter mange streikar og aksjonar, er prisen per bunt 1 rupi
|
(Det kan verke usannsynleg bra, men utbyttet i tendu-handelen løper opp i milliardar av rupi.) Kvart år krev regjeringa tilbud, og gir kontraktørar løyve til å ta ut ei fast mengde tendublad – vanlegvis mellom 1 500 og 5 000 standard sekker kjent som manak bora. Kvar manak bora inneheld rundt 1 000 buntar. (Det er sjølvsagt ingen måte å hindre at kontraktørane tar ut meir enn dei skal.) Når tendubladene kjem til marknaden blir dei selt i kilo. Den sleipe aritmetikken og slu systemet som omgjør buntar til manak boraer til kilo, er kontrollert av kontraktørane, og gir nok av rom for manipulasjon av verste slag. Dei mest konservative overslaga set profitten deira per sekk til rundt 1 100 rupi. (Det er etter å ha betalt partiet ein kommisjon på 120 rupi per sekk. Sjølv etter den målestokken gjør ein liten kontraktør (1 500 sekkar) rundt 1,6 millionar rupi per sesong, og ein stor (5 000 sekkar) opp til 5,5 millionar rupi. Eit meir realistisk overslag er mange gonger det beløpet. Så lenge tjener den største interne tryggingsrisikoen akkurat nok til å overleve til neste sesong.
Me blir avbrote av latter og synet av Nilesh, ein av dei unge PLGA-kameratane, som går raskt mot kjøkkenområdet, mens han slår seg sjølv. Når han kjem nærmare, ser eg han ber på eit bladfylt reir av arge raude maur som har krabba over heile han, og bitt han på armar og hals. Nilesh ler også. «Har du ete maurchutney?» spør kamerat Venu. Eg kjenner godt til raude maur frå barndommen i Kerala. Eg har blitt bitt, men aldri ete dei. (Chutneyen viser seg vere nydeleg. Syrleg. Masse folinsyre.) Nilesh er frå Bijapur, som er kjerneområdet for operasjonane til Salwa Judum. Ein yngre bror av Nilesh slutta seg til Judum på eit av plyndrings- og branntokta, og blei utnemnt til SPO – Special Police Officer. Han bur i Basaguda-leiren saman med mora. Faren nekta å flytte, og blei att i landsbyen. I røynda er det ein blodig familiefeide. Seinare då eg hadde høve til å snakke med han, spørte eg Nilesh korfor broren hadde gjort det. «Han fekk sjansen til å styre seg sjølv, såre folk og brenne hus. Han gjekk amok, gjorde grufulle ting. No sit han fast i det. Han kan aldri komme attende til landsbyen. Han blir ikkje tilgitt. Det veit han.»
Me går attende til historietimen. Den neste store kampen partiet førte, seier kamerat Venu, var mot Ballapur Paper Mills. Regjeringa hadde gitt Thaparfamilien ein 45-årskontrakt på å ta ut 150 000 tonn bambus til svært subsidierte prisar. (Småtteri samanlikna med bauxitt, men likevel.) Stammefolka fekk betalt 10 paisa for ein bunt med 20 bambusstenglar. (Eg skal ikkje vere så vulgær at eg samanliknar det med profitten til Thapar-familien.) Etter mykje bråk, ein streik følgt av forhandlingar med folk frå papirfabrikken der folket såg på, vart prisen tridobla til 30 paisa per bunt. For stammefolka var det svær framgang. Andre politiske parti hadde gitt lovnader utan å vise teikn til å halde dei. Folk byrja komme til PWG med spørsmål om dei kunne slutte seg til.
Men kampen rundt tendu, bambus og andre skogsprodukt var sesongbetont. Det evige problemet til stammefolka, den verkelege forbannelsen i livet, var den største jordeigaren av alle, skogsministeriet. Kvar einaste morgon dukka tilsette frå ministeriet, jamvel heilt underordna folk, opp i landsbyane som ein vond draum, hindra folk i å pløye jorda si, i å samle ved, i å la kveget få beite, frå å leve. Dei hadde med elefantar som tråkka i åkrane, spreidde babul-frø f
|
or å øydelegge jorda. Folk blei slått, arrestert, audmjuka, avlingane øydelagt. Frå skogsministeriet si side var dette sjølvsagt illegale busettarar som dreiv grunnlovsstridig verksemd, og ministeriet handheva bare lova. (Deira seksuelle utnytting av kvinner var bare ein ekstra bonus i ein strabasiøs stilling.)
Oppildna av folkets deltaking i desse kampane vedtok partiet å stå opp mot skogsministeriet. Dei oppmuntra folk til å ta skogsområde og dyrke opp. Skogsministeriet svarte med å brenne nye landsbyar som dukka opp i skogen. I 1986 oppretta dei ein nasjonalpark i Bijapur som innebar fordriving av seksti landsbyar. Meir enn halvparten av dei var alt fråflytta, og arbeidet med infrastrukturen i nasjonalparken hadde byrja då partiet gjekk inn. Dei raserte anlegga, og stansa fordrivinga av landsbyane som var att. Dei hindra skogsministeriet i å komme inn i området. I nokre få tilfelle vart tjenestemenn fanga, bunde til tre, og slått av landsbybuarar. Det var ein reinsande hemn for utbytting i generasjonar. Til sist flykta skogsministeriet. Mellom 1986 og 2000 omfordelte partiet 1 200 km2 skogsjord. I dag er det ingen jordlause bønder i Dandakaranya seier kamerat Venu.
For dei unge i dag er skogsministeriet eit fjernt minne, slikt mødrer lagar historier til ungane sine av, om ei mytisk fortid med trelldom og audmjuking. For dei eldre betydde fridomen frå skogsministeriet ekte fridom. Dei kunne ta på han, smake han. Det betydde langt meir enn sjølvstendet for India nokon gong hadde gjort. Dei byrja strøyme til partiet som hadde kjempa saman med dei.
Dei sju laga hadde nådd langt. Dei hadde no innflytelse i eit skogsområde på 60 000 km2, med tusenvis av landsbyar og millionar av menneske.
Men at skogsministeriet forsvann, varsla at politiet kom. Det starta eit kretsløp av blodige hendingar. Falske «samanstøytar» utført av politiet, overfall frå PWGs side. Med omfordelinga av jord kom andre oppgaver: vatning, jordbruksavkasting, og problemet med ei aukande befolkning som rydda skog på vilkårleg vis. Det blei fatta vedtak om å skille «massearbeid» frå «militært arbeid».
I dag er Dandakaranya administrert gjennom ein omfattande struktur av Janatana Sarkar (folkeregjeringar). Organisasjonsprinsippa kom frå den kinesiske revolusjonen og Vietnamkrigen. Den enkelte Janatana Sarkar blir valt av ei samling landsbyar med samla folketal frå 500 til 5 000. Ho har ni departement: Krishi (jordbruk), Vyapar-Udyog (handel og industri), Arthik (økonomi), Nyay (rettsvesen), Raksha (forsvar), Hospital (helse), Jan Sampark (informasjons-/blestarbeid), School-Riti Rivaj (utdanning og kultur) og Jungle (jungel). Ei gruppe Janatana Sarkar ligg under ein områdekomite. Tri områdekomitear utgjør ein divisjon. Det er ti divisjonar i Dandakaranya.
«Me har eit redd jungelen-departement no, seier kamerat Venu. «Du må ha lese regjeringsrapporten som seier at skogen har auka i naxalittområda?»
Ironisk nok, seier kamerat Venu, var det mukhiyaane (landsbyhøvdingane) – Dwijbrigaden – som var dei første til å dra fordel av partiets kampanje mot skogsminsteriet. Dei brukte arbeidskraft og ressursar til å sikre seg så mykje land dei kunne, mens det enno var tid. Men så byrja folk komme til partiet med sine «indre motsetningar», som kamerat Venu så sjarmerande uttrykker det. Partiet byrja ta opp spørsmål om likeverd, klasse og urettvise i stammesamfunna. Dei store landeigarane ante trøbbel i horisonten. Etter som partiet auka autoriteten sin, hadde deira byrja minke. Stadig oftare gjekk folk med problema sine til partiet i staden for til mukhiyaane. Gamle utbyttingsformer vart utfordra. Første regnversdagen skulle folk tradisjonelt dyrke jorda til høvdingane i staden for si eiga. Det stansa. Folk baud dei ikkje lenger det dei hadde plukka av mahua
|
eller andre skogsvekster. Det var tydeleg behov for å gjøre noko.
Inn kjem Mahendra Karma, ein av dei største jordeigarane i regionen og på den tida medlem av kommunistpartiet i India (CPI). I 1990 samla han ei gruppe høvdingar og jordeigarar og starta ein kampanje kalla Jan Jagran Abhiyan (kampanja for offentleg oppvakning). Måten dei «vekka opinionen » på, var å opprette jaktlag på rundt 300 menn for å finkjemme skogen, drepe folk, brenne hus og mishandle kvinner. Regjeringa i Madhya Pradesh den gongen – Chhattisgarh var enno ikkje oppretta – sørga for politistøtte. I Maharashtra byrja noko liknande kalla «Demokratisk Front» sine åtak. PWG svarte på alt dette som sanne folkekrigarar, med å drepe nokre få av dei mest illgjetne jordeigarane. På få månader visna Jan Jagran Abhiyan, den «kvite terroren» med kamerat Venus ord. I 1998 prøvde Mahendra Karma som no hadde gått inn i Kongresspartiet å gjenopplive Jan Jagran Abhiyan. Denne gongen rant det ut i sanden enno raskare enn første gongen.
Så, sommaren 2005, hadde han hellet med seg. Regjeringa i Chhattisgarh underteikna to intensjonsavtalar (som er hemmelege) om å bygge to stålverk. Ein på 70 milliardar rupi med Essar Steel i Bailadila, og den andre på 100 milliardar rupi med Tata Steel i Lohandiguda. Den same månaden kom statsminister Manmohan Singh med si vidgjetne fråsegn om at maoistane var den «Største indre trygginsgtrusselen» i India. (Det var ein merkeleg ting å seie på den tida, fordi det motsette faktisk var sant. Kongresspartiregjeringa i Andhra Pradesh hadde nettopp utmanøvrert maoistane, desimert dei. Dei hadde mista rundt 1 600 kader, og var totalt uorganiserte.) Fråsegna frå statsministeren sendte aksjekursen på gruveselskapa til himmels. Ho sendte au eit signal til media om at det fritt fram for å ta maoistane for dei som ville. I juni 2005 samla Mahendra Karma eit hemmeleg møte med høvdingar i landsbyen Kutroo, og erklærte Salwa Judum (reinsingsjakta). Ei nydeleg blanding av jordnær stammekultur og dwij-/nazioppfatningar.
Ulikt Jan Jagran Abhiyan var Salwa Judum ein bakkeryddingsoperasjon, for å flytte folk ut av landsbyane sine til leirar ved vegane, der politiet kunne kontrollere dei. I militære termar er det kalla strategiske landsbyar. Det vart funne opp av general Sir Harold Briggs i 1950 då britane var i krig mot kommunistane i Malaya. Ideen til Briggs vart veldig populær i den indiske hæren, som har brukt han i Nagaland, Mizoram og i Telengana. Sjefsminister Raman Singh frå BJP i
|
Chhattisgarh kunngjorde at hans regjering ville rekne som maoistar dei landsbybuarane som ikkje flytta til leirane. Så i Bastar blei det at ein vanleg landsbybuar bare blei verande heime og levde eit vanleg liv, det same som å gi seg ut på farleg terroristaktivitet.
Saman med eit stålkrus med svart te blir eg bydd eit par øyretelefonar av ein eller annan som slår på ein liten mp3-spelar. Det er eit sprakande opptak av herr D S Manhar, den gongen politisjef i Bijapur, som orienterer ein underoffiser over radioen om dei belønningane og insentiva delstatsog sentralregjeringa tilbyr til «jagrit»-landsbyar (oppvakna), og til folk som går med på å flytte til leirane. Så gir han klare instruksjonar om at landsbyar som nektar «overgi» seg skal brennast, og at journalistar som ønskar treffe naxalittar, skal skytast direkte. (Eg hadde lese det i avisene for lenge sidan. Då historia slapp ut, blei politisjefen som straff – ikkje klart kven som blei straffa – flytta til statens menneskerettskommisjon.
Den første landsbyen Salwa Judum brente ned (18. juni 2005), var Ambeli. Mellom juni og desember 2005 brente, drap, valdtok og plyndra dei seg veg gjennom hundrevis av landsbyar i sørlege Dantewara. Senter for operasjonane var Bijapur og Bhairamgarh nær Bailadila der det nye stålverket til Essar Steel var planlagt. Ikkje tilfeldig var det au området der maoistane stod sterkt, der Janatana Sarkarane hadde gjort mykje arbeid, særleg med å bygge infrastruktur for å samle vatn. Janatana Sarkarane vart eit spesialmål for åtak frå Salwa Judum. Hundrevis vart drepne på mest brutale vis. Rundt 60 000 menneske flytta inn i leirane, nokon frivillig, andre av frykt. Av desse vart rundt 3 000 peika ut til SPO (Special Police Officers) med ei lønn på 1 500 rupi.
For desse ynkelege smulane dømte unge menneske som broren til Nilesh seg sjølve til livstid bak piggtrådgjerde. Så grufulle dei hadde vore, kunne dei ende opp som dei første ofra i denne grufulle krigen. Ingen høgsterettsdom som gir Salwa Judum ordre om å oppløyse seg, kan endre skjebnen deira.
Dei gjenverande hundretusenvis med menneske forsvann frå radaren til regjeringa. (Men utviklingsfonda for desse 644 landsbyane gjorde ikkje det. Kva skjer med den lille gullgruva?) Mange av dei tok seg fram til Andhra Pradesh og Orissa dit dei vanlegvis langpendla for å arbeide med å plukke chili i sesongen. Men titusenvis flykta inn i skogen der dei framleis er, utan tak over hovudet, og kjem attende til åkrane og heimane sine bare på dagtid.
I kjølvatnet til Salwa Judum dukka det opp ein sverm av politistasjonar og leirar. Ideen var å gi dekke til ein «snikande reokkupasjon » av maoistkontrollert område. Dei gjekk ut frå at maoistane ikkje ville våge åtak på ein slik konsentrasjon av tryggingsstyrkar. Maoistane på si side innsåg at om dei ikkje braut opp tryggingsstyrkane, ville det bety at dei ville svikte folk dei hadde fått tillit frå, og som dei hadde levd og arbeidd saman med i tjuefem år. Dei slo attende i ein serie med åtak i hjertet av tryggingsnettverket.
Den 26. januar 2006 gjekk PLGA til åtak på politileiren i Gangalaur og drap sytten. Den 17. juli 2006 vart Salwa Judum-leiren ved Erabor utsett for åtak, tjue vart drepne og hundreogfemti såra. (Kan vere har du lese om det: «Maoistane gjekk til åtak på flyktningeleiren regjeringa har sett opp for å gi ly for landsbybuarane som har flykta frå landsbyane sine på grunn av terror sett i verk av naxalittane.») Den 13. desember 2006 gjekk dei til åtak på «flyktninge»leiren i Basaguda og drap 3 SPO-ar og ein politimann. Den 15. mars 2007 kom det modigaste av dei alle. Eit hundre og tjue geriljasoldatar frå PLGA gjekk til åtak på Rani Bodili Kanya Ashram, eit herberge for jenter som var omgjort til brakke for 80 politifolk (og SPOar) frå Chhattisgarh, mens jentene framleis budde der som menneskelege skjold. PLGA gjekk inn i inngjerdinga, sperra av annekset jentene budde i, og gjekk til åtak på brakkene. Femtifem politi og SPO-ar vart drepne. Ingen av jentene vart skadd. (Den frittalande SP-en i Dantewara hadde vist meg PowerPoint-presentasjonen sin med forferdelege foto av dei brente lika av politimennene med opne magar i ruinane av dei sprengte skolebygningane. Dei var så makabre at eg var nøydd til å sjå bort. Han såg fornøgd ut med reaksjonen min.)
Åtaket på Rani Bodili førte til rabalder i landet. Menneskerettsorganisasjonar fordømde maoistane ikkje bare for valden, men au for å vere skolefiendtlege og gå til åtak på skolar. Men i Dandakaranya blei Rani Bodili-åtaket ei legende: songar og dikt og teaterstykke vart skrive om det.
Motåtaket til maoistane klarte å bryte tryggingsnettet, og gav folk pusterom. Politiet og Salwa Judum trekte seg attende til leirane sine, som dei no kjem ut frå – vanlegvis midt på natta – bare som gjengar på 300 eller 1 000 for å gjennomføre operasjonar med innringing og søking i landsbyane. Gradvis byrja folk bortsett frå SPO-ane og deira familiar returnere til landsbyane frå leirane. Maoistane ønska dei velkomne og kunngjorde at jamvel SPO-ane kunne vende tilbake om dei ærleg og offentleg angra handlingane sine. Ungdom i flokkevis byrja slutte seg til PLGA. (PLGA blei formelt oppretta i desember 2000. Dei siste tretti åra har dei væpna laga gradvis blitt til avdelingar, avdelingar blitt til troppar, og troppar til kompani. Men etter plyndringa av Salwa Judum var PLGA raskt i stand til å opprette bataljonar.)
Salwa Judum hadde ikkje bare slått feil, men fungert stikk i strid med målet.
Som me veit, var det ikkje bare ein operasjon på lokalnivå innanfor eit lite tidsrom. Uansett løgner i media var Salwa Judum ein felles operasjon mellom delstatsregjeringa i Chhattisgarh og Kongresspartiet som sat med makta sentralt. Dei kunne ikkje tillate at han slo feil. Ikkje når alle desse intensjonsavtalane framleis venta, som mismodige håpefulle på ekteskapsmarknaden. Regjeringa stod under enormt press for å komme opp med ein ny plan. Dei kom opp med Operasjon Grønn Jakt. SPO-ane frå Salwa Judum blir kalla Koya-commandoes no.
Regjeringa har tatt i bruk Chhattisgarh Armed Force (CAF), Central Reserve Police Force (CRPF), Border Security Force (BSF), Indo-Tibetan Border Police (ITBP), Central Industrial Security Force (CISF), Grey Hounds, Scorpions, Cobras. Og ein politikk som kjærleg blir kalla WHAM – Winning Hearts and Minds – vinne hjerter og sinn.
Viktige krigar blir ofte utkjempa på usannsynlege stader. Den frie marknadskapitalismen nedkjempa sovjetkommunismen i dei dystre fjella i Afghanistan. Her i skogane i Dantewara raser det ein kamp om Indias sjel. Mykje er sagt om den djupe krisa for det indiske demokratiet og maskepien mellom store selskap, store parti og tryggingsetablissementet. Om nokon vil gjøre ei rask undersøking i marka, er Dantewara staden å dra.
Eit utkast til rapport om «Jordbruket i delstaten og den uferdige jordreformen» (band 1) sa at Tata Steel og Essar Steel var hovudfinansieringskjelda til Salwa Judum. Fordi det var ein regjeringsrapport skapte han oppstand då han vart gjengitt i pressa. (Den historia er seinare tatt ut av den endelege rapporten. Var det ein faktisk feil, eller fekk nokon eit høfleg stålklapp på skuldra?)
Den 12. oktober 2009 skulle den lovpålagte høyringa om Tatas stålverk vore halde i Lohandiguda der dei berørte innbyggarane kunne møtt opp. Faktisk gjekk høyringa for seg i ein liten sal i sentralregjeringas bygning i Jagdalpur, mange mil unna, avstengt med massive tryggingstiltak. Eit innleigd publikum på femti stammefolk blei henta inn med ein bevokta konvoi av regjeringsjeepar. Etter møtet gratulerte representanten for sentralregjeringa «folket i Lohandiguda» med samarbeidet. Lokalavisene refererte løgnene, sjølv om dei visste betre. (Annonsane strøymde på.) Trass i protestar frå landsbybuarane har tileigninga av jord til prosjektet starta.
Maoistane er ikkje dei einaste som freistar avsette den indiske staten. Han er alt avsett mange gonger, av hindufundamentalistar og økonomisk diktatur.
Lohandiguda, ein fem timars køyretur frå Dantewara, var aldri naxalittland. Men det er det no. Kamerat Joori som sat ved sida meg då eg åt maurchutneyen, arbeider i området. Ho sa dei hadde beslutta å gå inn etter at det hadde byrja dukke opp graffiti på landsbyhusa med teksten Naxali Ao, Hamein Bachao (Naxalittar kom og redd oss!). For få månader sidan vart presidenten i landsbyens panchayat
|
skoten og drepen på marknaden. «Han var Tatas mann», seier Joori, «han tvinga folk til å gi opp jorda si og ta mot kompensasjon. Det er godt han er borte. Me mista ein kamerat også. Dei skaut han. Vil du ha meir chapoli?» Ho er bare tjue. «Me lar ikkje Tata sleppe inn der. Folk vil ikkje ha dei.» Joori er ikkje i PLGA. Ho er i Chetna Natya Manch (CNM), kulturavdelinga til partiet. Ho syng. Ho skriv songar. Ho er frå Abhujmad. (Ho er gift med kamerat Madhav. Ho forelska seg i songen hans då han besøkte landsbyen hennar med ein CNM-trupp.)
Eg følte eg burde seie noko då. Om det fånyttige i vald, om uakseptable summariske avrettingar. Men kva skulle eg be dei gjøre? Gå til retten? Gjøre ein dharna*
|
i Jantar Mantar i New Dehli? Ein marsj? Ein etersendt sultestreik? Det er latterleg. Dei som står for den nye økonomiske politikken – som finn det så lett å seie «Det finst ikkje alternativ» – bør legge fram ein alternativ motstandsstrategi. Ein som er spesifikk for nettopp desse folka, i den spesifikke skogen. Her. No. Kva for eit parti skal dei stemme på?
|
Kva for demokratisk institusjon i dette landet skal dei vende seg til? Kva for dører banka ikkje Narmada Bachao Andolan på då dei år etter år kjempa mot store dammar i Narmada?
Det er mørkt. Det er stor aktivitet i leiren, men eg kan ikkje sjå noko. Bare små lys som flyttar seg. Det er vanskeleg å avgjøre om dei er stjerner eller ildfluer eller maoistar i farta. Lille Mangtu dukkar opp frå inkje. Eg fann ut at han var ein av ei gruppe på ti barn som var ein del av første ladning på den mobile skolen for unge kommunistar. Dei lærer å lese og skrive, og blir undervist i grunnleggande kommunistiske prinsipp. («Indoktrinering av unge sinn!» hyler våre næringslivsstyrte media. Fjernsynsreklamen som hjernevaskar barn før dei kan tenke, blir ikkje sett som indoktrinering.) Dei unge kommunistane får ikkje bære våpen eller uniform. Men dei følger etter PLGA-patruljane, med stjerner i auga, som groupies etter rockeband.
Mangtu har adoptert meg med ei mjuk eigarmine. Han har fylt vassflaska mi, og seier eg må pakke veska mi. Det blir blåst i ei fløyte. Det blå jihili-teltet blir tatt ned og bretta saman på fem minutt. Ei ny fløyte og alle hundre kameratane fell inn på linje. Fem rader. Kamerat Raju er operasjonsleiar. Det er opprop. Eg er på andre rad, ropar ut nummeret mitt når kamerat Kamla foran gir teikn. (Me tel til tjue, og startar så frå ein, fordi det er så langt dei fleste gondar tel. Tjue er nok for dei. Kanskje burde det vere nok for oss au.) Chandu har uniform no, og ber ein stengun. Med låg stemme orienterer kamerat Raju gruppa. Alt er på gondi, eg forstår ikkje ein døyt, men høyrer stadig ordet RV. Seinare fortel Raju meg at det står for Rendezvous!
|
Det er eit gondiord no. «Me har RV-punkt i tilfelle me kjem i strid og må spreie oss, så veit dei kor me skal omgruppere oss.» Han kan umauleg forstå panikken det fyller meg med. Ikkje fordi eg er redd for å bli skoten på, men fordi eg er redd for å gå vill. Eg har retningsdysleksi, i stand til å gå vill mellom soverommet og badet. Kva skal eg gjøre i 60 000 km2 skog? Om så helvete brenn skal eg halde fast i sariflaket til kamerat Raju.
Før me startar gå, kjem kamerat Venu bort til meg. «Okeydå kamerat. Eg må seie farvel.» Eg blir overraska. Han ser ut som ein liten mygg i ullkappe og sandalar, omgitt av vaktene sine, tri kvinner, tri menn. Tungt væpna. «Me er svært takknemlege kamerat, for at du kjem heilt hit,» seier han. Nok ein gong handtrykket, den knytta neven.
«Lal Salaam kamerat.» Han forsvinn inn i skogen, han som ber nøklane. Og på eit blunk er det som han aldri har vore her. Eg kjenner meg litt ribba. Men eg har timar med opptak å lytte på. Og som dagane blir til veker, skal eg møte mange som legg farge og detaljar på det risset han teikna for meg. Me startar å gå i motsett retning. Kamerat Raju, som stinkar Iodex på mils avstand, seier med eit fornøgd smil: «Knea mine er øydelagt. Eg kan bare gå om eg tar ein neve smertestillande.»
Kamerat Raju snakkar perfekt hindi, og fortel dei merkelegaste ting utan ei mine. Han har jobba som forsvarsadokat i Raipur i atten år. Både han og kona Malti var medlemmer i partiet og del av nettverket til partiet i byen. På slutten av 2007 blei ein av nøkkelpersonane i nettverket arrestert, torturert og til slutt snudd til informant. Dei køyrde han rundt i Raipur i lukka politibil, og fekk han til å peike ut tidlegare kollegaer. Kamerat Malti var ein av dei. Den 22. januar 2008 vart ho arrestert saman med mange andre. Hovudklagemålet er at ho har sendt videoopptak på CD som viser dei grufulle handlingane til Salwa Judum til mange parlamentsmedlemmer. Saka hennar kjem neppe opp fordi politiet veit dei står svakt. Men den nye tryggingslova i Chhattisgarh (CSPSA) gir politiet høve til å halde ho utan kausjon i mange år. «No har regjeringa plassert ut mange bataljonar av Chhattisgarh-politiet for å verne dei stakkars parlamentsmedlemmene frå sin eigen post,» seier kamerat Raju. Han blei ikkje tatt fordi han var i Dandakaranya på den tida, på eit møte. Han har vore her sidan. Dei to barna hans i skolealder som var aleine igjen heime var i harde forhøyr hos politiet. Til slutt vart heimen deira stengt av, og dei drog for å bu hos ein onkel. Kamerat Raju høyrde nytt om dei første gongen for få veker sidan. Kva gir han styrken, evnen til å halde fast i sin etsande humor? Kva får dei til å halde ut alle saman, med alt dei har gått gjennom? Deira håp og tiltru – og kjærleik – til Partiet. Eg møter det igjen og igjen, på djupaste og mest personlege vis.
Me går på ei rekke no. Eg og eit hundre «sanselaust valdelege», blodtørstige rebellar. Eg såg meg rundt i leiren før me drog. Det er ingen teikn til at bortimot hundre menneske har slått leir her utanom litt aske der båla har vore. Eg kan ikkje forstå denne hæren. Når det gjeld forbruk, er han meir ghandisk enn nokon Ghandi-tilhengar, og har eit mindre karbonavtrykk enn nokon miljøevangelist. Men akkurat no praktiserer dei jamvel ghandisme i sabotasjeaksjonane; til dømes strippar og kannibaliserer dei alle delar av ein politibil før dei brenn han. Rattet blir retta ut til løp på munnladningsgevær, setetrekka plukka av og brukt til ammunisjonsvesker, batteriet brukt til å lagre solenergi. (Nye instruksar frå den øvste kommandoen seier at kapra køyretøy skal bli gravde ned og ikkje kremerte. Så dei kan bli tatt opp att når det er nødvendig.) Eg lurer på om eg skal skrive eit stykke – Gandhi Get Your Gun? Eller blir eg lynsja?
Me går i kolmørke og er heilt stille. Eg er den einaste som brukar lykt, peika ned så det einaste eg kan sjå i lyssirkelen, er dei nakne hælane til kamerat Kamla i dei slitte svarte sandalane, som viser meg nøyaktig kor eg skal plassere føttene. Ho ber ti gonger så mykje vekt som eg gjør. Ryggsekk, ei rifle, ei stor veske med utstyr på hovudet, ei av dei store grytene og to skuldervesker fulle av grønnsaker. Veska på hovudet er perfekt balansert, og ho kan rutsje ned skråningar og sleipe fjellstiar utan så mykje som å røre ho. Ho er eit mirakel. Det viser seg bli ein lang marsj. Eg er takknemlig for historietimen fordi han i tillegg til alt anna gav beina mine kvile ein heil dag.
Det er så vakkert, å gå i skogen on natta. Og eg skal gjøre det natt etter natt.
Me skal til ei feiring av hundreårsdagen for Bhumkal-opprøret i 1910 der koyane reiste seg mot britane. Bhumkal betyr jordskjelv. Kamerat Raju seier folk vil gå i dagevis saman for å vere med på feiringa. Skogen må vere full av folk som er på vandring. Det er feiringar i alle divisjonane i DK. Me er priviligerte fordi kamerat Leng, seremonimeisteren går saman med oss. På gondi betyr leng «røysta». Kamerat Leng er ein høg middelaldrande mann frå Andhra Pradesh, kollega av den legendariske og elska songarpoeten Gadar som grunnla den radikale kulturorganisasjonen Jan Natya Manch (JNM) i -72. Til slutt blei JNM formelt ein del av PWG, og i Andhra Pradesh kunne dei samle titusenvis. Kamerat Leng slutta seg til i 1977 og blei sjølv ein berømt songar. Han budde i Andhra under den verste undertrykkinga, tida med drap i «samanstøyt» der venner døydde mest kvar dag. Sjølv vart han henta ut av sjukehussenga si ei natt, av ein kvinneleg politiinspektør forkledd som lege. Han blei tatt ut i skogen utanfor Warangal for å vere med i ein «samanstøyt». Men heldigvis for han, seier kamerat Leng, fekk Gadar vite om det og klarte slå alarm. Då PWG beslutta å starte ein kulturorganisasjon i DK i 1998, fekk kamerat Leng oppgava med å leie Chetana Natya Manch. Og her er han, på vandring saman med meg, i olivengrønn skjorte, og av ein eller annan grunn mørk lilla pyjamas med rosa kaninar på. «CNM har 10 000 medlemmer no,» fortalte han meg. «Me har 500 songar, på hindi, gondi, chhattisgarhi og halbi. Me har trykt ei bok med 140 av songane våre. Alle skriv songar.» Den første gongen eg snakka med han, verka han svært alvorleg, svært målmedviten. Men nokre dagar seinare, ved eit bål, framleis med pyjamasen på, fortel han oss om ein av dei store, framgangsrike telugu-filmskaparane (ein venn av han) som alltid speler naxalitt i sine eigne filmar. «Eg spørte han,» seier kamerat Leng med vakker telugu-aksent på hindien, «korfor trur du alltid at naxalittane er slik?» – og så laga han ein skikkeleg karikatur av ein samankrøkt jegerliknande mann med høge steg, frå skogen, med ein AK-47, og fekk oss til å hyle av latter.
Eg er ikkje sikker på om eg ser fram til Bhumkal-feiringa. Eg er redd eg får sjå tradisjonell stammedans proppfull av maoistpropaganda, eggande retoriske talar og eit lydig publikum med glassaktige auge. Me kjem fram til staden ganske seint på kvelden. Eit midlertidig monument av bambus, kledd i raud duk er sett opp. På toppen, over hammaren og sigden til maoistpartiet, er pila og buen til Janatana Sarkar, kledd med sølvpapir. Treffande hierarki. Scenen er stor, au midlertidig, på ei solid stilling dekka med eit tjukt lag av jord. Det brenn alt små bål spreidde rundt på området, folk har byrja komme, og lager kveldsmaten sin. Dei er bare silhuettar i mørket. Me finn veg gjennom folka (lalsalaam,lalsalaam,lalsalaam), og går i om lag femten minutt til me møter skogen igjen.
På den nye leirplassen må me stille opp igjen. Nytt opprop. Og så instruksar om vaktposisjonar og «skytesektorar» – kven som skal dekke kva for område i tilfelle politiåtak. RV-punkt blir fastlagt igjen.
Ein fortropp er der og har alt laga middag. Kamla gir meg ein vill guava som ho har plukka mens me gjekk og spart til meg.
Frå morgongry samlar det seg fleire og fleire folk til dagens feiring. Det bygger seg opp ei opprømt stemning. Folk som ikkje har sett kvarandre på lenge møtest igjen. Me høyrer lyden av mikrofonar som blir testa. Flagg, banner, plakatar, flaggdekorasjonar blir heist i vêret. Ein plakat med bileta av dei fem drepne i Ongnaar dagen me kom er dukka opp.
Eg drikk te med kamerat Narmada, kamerat Maase og kamerat Rupi. Kamerat Narmada snakkar om alle dei åra ho arbeidde i Gadchiroli før ho blei sjef for Krantikari Adivasi Mahila Sanghathan (KAMS) i DK. Rupi og Maase har vore byaktivistar i Andhra Pradesh, og fortel meg om dei lange åra med kvinnekamp i partiet, ikkje bare for sine rettar, men au for å få partiet til å forstå at likeverdige menn og kvinner er sentralt i draumen om eit rettferdig samfunn. Me snakkar om 70-åra og historiene til kvinner i naxalittrørsla som blei desillusjonerte av mannlege kameratar som såg seg sjølve som store revolusjonære, men var knytta til det gamle patriarkiet, den same gamle sjåvinismen. Maase seier tinga har endra seg mykje sidan den gongen, sjølv om dei framleis har eit stykke å gå. (Sentralkomiteen og Politbyrået i partiet har ingen kvinner foreløpig.)
Rundt middagstid kjem ein ny PLGA-kontingent. Han er leia av ein høg, smidig, guttaktig mann. Denne kameraten har to namn – Sukhdev, og Gudsa Usendi – ingen av dei er hans. Sukhdev er namnet på ein høgt verdsett kamerat som blei martyr. (I denne krigen er dei døde dei einaste som trygt kan bruke sitte eige namn.) Når det gjeld Gudsa Usendi, har mange kameratar vore Gudsa Usendi på eit eller anna tidspunkt. (Kamerat Raju var det for få månader sidan.) Gudsa Usendi er tittelen til partiets talsperson i Dandakaranya. Så sjølv om Sukhdev er saman med meg resten av turen, har eg ikkje ein ide om korleis eg nokongong skal finne han att. Men eg ville kjenne att latteren hans kor som helst. Han kom til DK i -88 seier han, då PWG bestemte å sende tredjedelen av styrkane sine frå Nord- Telengana til DK. Han er vakkert kledd i «civil» (gondi for «sivile klede») i motsetning til «dress» (maoist-»uniformen»), og kunne gå for å vere ein ung forretningsmann. Eg spør korfor han ikkje har uniform. Han seier han har vore på reise, og er nett komme attende frå Keshkal Ghats nær Kanker. Der blir det meldt om bauxittforekomstar – 3 millionar tonn – som eit selskap med namn Vedanta har sett seg ut.
Bingo. Ti poeng av ti for instinkta mine.
Sukhdev seier han reiste dit for å måle temperaturen i folket. For å sjå om dei var klare til å kjempe. «Dei vil ha patruljar no. Og våpen.» Så kastar han hovudet tilbake, og brøler av latter. «Eg fortalte at det ikkje var så lett, bhai.» Frå tilfeldige utsagn i samtalar og måten han ber sin AK-47, forstår eg at han au er høgt oppe i PLGA.
Jungelposten kjem. Det er eit kjeks til meg! Det er frå kamerat Venu. På ein bitteliten papirlapp, brett på brett, har han skrive ned teksten til ein song han lova å sende meg. Kamerat Narmada smiler når ho les teksten. Ho kjenner historia, som går tilbake til 1980-tallet, rundt den tida folk først byrja få tillit til partiet og vende seg til det med problema sine – sine «indre motsetningar» som kamerat Venu ordla seg. Kvinnene var mellom dei første som kom. Ein kveld sat ei gammal kvinne ved bålet og reiste seg, og sang ein song for pappa trestokk. Ho var maadiya, blant dei var det vanleg å ta av blusa og gå med bare bryst etter at dei gifta seg.
Jumper polo intor Dada, Dakoniley
Taane tasom intor Dada, Dakoniley
Bata papam kittom Dada, Dakoniley
Duniya kadile maata Dada, Dakoniley
Dei seier me ikkje kan ha blusene på, Dada, Dakoniley
Dei får oss til å ta dei av, Dada
På kva måte har me synda, Dada
Verda er endra, er ho ikkje Dada
Aatum hatteke Dada, Dakoniley
Aada nanga dantom Dada, Dakoniley
Id pisval manni Dada, Dakoniley
Mava koyaturku vehat Dada, Dakoniley
Men når me går til marknaden, Dada
Må me gå halvnakne, Dada
Me ønskar ikkje dette livet Dada
Fortell forfedrane våre det Dada
Dette blei det første kvinneproblemet partiet køyrte kampanje mot. Det måtte handterast med varsemd, med kirurgisk presisjon. I 1986 oppretta partiet Adivasi Mahila Sanghathana (AMS) som utvikla seg til Krantikari Adivasi Mahila Sangathan (KAMS), og som no har 90 000 registrerte medlemmer. Det kan vere den største kvinneorganisasjonen i landet. (Dei er forresten alle maoistar, alle 90 000 av dei. Skal dei «utslettast»? Og kva med dei 10 000 medlemmene av CNM? Dei også?) KAMS arbeider mot adivasitradisjonane med tvungne ekteskap og bortføringar. Mot skikken der menstruerande kvinner må bu utanfor landsbyen i hytter i skogen. Mot bigami og familievald. Dei har ikkje vunne alle kampane, men kva for feministar har det?
Til dømes har kvinner ikkje lov til å så i Dandakaranya, sjølv i dag. På partimøter seier mennene seg einige i at dette er urettferdig og må bort. Men i praksis tillater dei det ganske enkelt ikkje. Så vedtok partiet at kvinnene kunne så på allmenningane, som er eigde av Janatana Sarkar. Her sår dei frø, dyrkar grønnsaker, og bygger vatningsdammar. Ein halv, ikkje ein heil seier.
Ettersom politiundertrykkinga har auka på i Bastar, har kvinnene i KAMS blitt ei formidabel kraft og samlar seg i hundretall, innimellom tusenvis for å konfrontere politiet fysisk. Sjølve det faktum at KAMS eksisterer har endra tradisjonelle haldningar radikalt og letta på mange av dei tradisjonelle måtane kvinner blir diskriminerte på. For mange unge kvinner som gjekk inn i partiet, særleg til PLGA, blei det ein måte å sleppe unna mangelen på luft i sine eigne samfunn. Kamerat Sushila, ein høgare funksjonær i KAMS snakkar om Salwa Judums raseri mot kvinnene i KAMS. Ho seier eitt av slagorda deira var Hum Do Bibi layenge! Layenge! (Me vil ha to koner! Me vil!) Mykje av valdtektene og den bestialske seksuelle lemlestinga var retta mot medlemmer i KAMS. Mange unge kvinner som var vitne til villskapen, gjekk inn i PLGA og no utgjør kvinnene 45 prosent av kaderen. Kamerat Narmada sender bud på nokre av dei, og etter ei stund sluttar dei seg til oss.
Kamerat Rinki har svært kort hår. Bobsveis som dei seier på gondi. Det er modig gjort, fordi her betyr «bob-sveis» «maoist». For politiet er det meir enn nok til å gi ordre om summarisk avretting. Nagabataljonen og Salwa Judum gjekk til åtak på kamerat Rinkis landsby Korma i 2005. På den tida var Rinki med i landsbymilitsen. Det same var vennene Lukki og Sukki, som også var medlemmer i KAMS. Etter å ha brent ned landsbyen fanga Naga-bataljonen Lukki og Sukki og ei anna jente, gjennomførte massevaldtekt og drap dei. Dei valdtok dei på grasbakken,» seier Rinki, «men etter at det var over, var det ikkje gras igjen.» Det har gått mange år no, Naga-bataljonen er borte, men politiet kjem framleis. «Dei kjem når dei treng kvinner, eller kyllingar.»
Ajitha har også bob-sveis. Judum kom til Korseel, landsbyen hennar, og drap tri stykker ved å drukne dei i ein bekk. Ajitha var i militsen, og følgte Judum eit stykke til ein stad nær landsbyen som bli kalla Paral Nar Todak. Ho såg dei valdta seks kvinner og skyte ein mann i halsen.
Kamerat Laxmi som er ei vakker jente med ei lang flette, fortel ho såg Judum brenne tretti hus i landsbyen hennar, Jojor. Me hadde ingen våpen då,» seier ho, «me kunne ikkje gjøre anna enn å sjå på.» Ho hjekk inn i PLGA like etter. Laxmi var ein av dei 150 geriljasoldatane som gjekk gjennom jungelen i tri og ein halv månad i 2008, til Nayagarh i Orissa, for å raide eit av våpenlagra til politiet, der dei tok 1 200 riflar og 200 000 ammunisjonsrundar.
Kamerat Sumitra slutta seg til PLGA i 2004, før Salwa Judum byrja herjingane sine. Ho gjekk inn, seier ho, fordi ho ønska å sleppe vekk heimanfrå. «Kvinner blir kontrollert på alle måtar,» fortalte ho meg. «I landsbyen vår fekk ikkje jenter klatre i tre, om dei gjorde det, måtte dei betale ei bot på 500 rupi eller ei høne. Om ein mann slår ei kvinne og ho slår igjen, må ho gi landsbyen ei geit. Mannfolka går opp i åsane saman i månadsvis for å jakte. Kvinner har ikkje lov til å gå nær slaktinga, det beste kjøttet går til menn. Kvinner får ikkje lov å ete egg.» Gode grunnar til å slutte seg til ein geriljahær?
Sumitra fortel historia til to av vennene, Telam Parvati og Kamla som jobba i KAMS. Telam Parvati var frå landsbyen Polekaya i Sør-Bastar. Som alle andre derifrå, var ho vitne til at Salwa Judum brente ned landsbyen. Ho gjekk så inn i PLGA og drog for å arbeide i fjellområda i Keshkal. I 2009 var ho og Kamla nettopp ferdige med å organisere feiringa av kvinnedagen 8.mars i området. Dei var saman i ei lita hytte utanfor landsbyen Vadgo. Politiet omringa hytta på natta og byrja skyte. Kamla skaut tilbake, men ho vart drepen. Parvati slapp unna, men vart funnen, og drepen neste dag.
Det skjedde sist år på kvinnedagen. Og her er ein avisrapport frå ei landsdekkande avis om kvinnedagen i år.
Bastar -rebellar kjemper for kvinnerettar
Sahar Khan, i dag, Raipur, 7. mars 2010
Regjeringa har nok gjort alt dei kan for å stanse den maoistiske trusselen mot landet. Men ein avdeling rebellar i Chhattisgarh har viktigare saker for seg enn å overleve. Med den internasjonale kvinnedagen rundt hjørnet, har maoistane i Bastarregionen av delstaten oppfordra til ei vekelang «feiring» for å fremme kvinners rettar. Plakatar kom også opp i Bijapur, ein del av Bastar-distriktet. Invitasjonen frå dei sjølvutnemnde forkjemparane for kvinners rettar har overraska delstatspolitiet. Generalinspektøren i Bastar TJ Longkumer sa: «Eg har aldri sett ei slik oppmoding frå naxalittane, dei trur bare på vald og blod.»
Og så held rapporten fram:
«Eg trur maoistane freistar gå mot vår svært framgangsrike Jan Jagran Abhiyaan (medvitskampanje for massane). Me starta den noverande kampanja med mål om å vinne folkeleg støtte til Operasjon Grønn Jakt, som politiet sette i verk for å fjerne venstreorienterte ekstremistar, » sa generalinspektøren.
Denne blandinga av vond vilje og vankunne er ikkje uvanleg. Gudsa Usendi som dokumenterer notida for partiet, veit meir om dette enn dei fleste folk. Den lille datamaskina hans er full av pressemeldingar, dementi, rettingar, partilitteratur, lister over døde, TV-klipp og lyd- og videomateriale. «Det verste med å vere Gudsa Usendi,» seier han, «er å sende ut informasjon som aldri blir offentleggjort. Me kunne legge fram ei tjukk bok med upubliserte meldingar, om løgnene dei fortel om oss.» Han snakkar utan spor av indignasjon, med eit snev av humor faktisk.
Han tenker tilbake:
«I 2007 måtte me sende ut ei erklæring som sa: «Nahi bhai, humney gai ko hathode say nahin mara.» (Nei bror, me drap ikkje kyr med hammer.) I 2007 kunngjorde regjeringa til Raman Singh ein Gai Yojana (kuplan), eit valløfte, ei ku til alle adivasiar. Ein dag meldte fjernsynskanalane og avisene at naxalittane hadde gått til åtak på ein flokk kyr og slått dei til døde – med hammer – fordi dei var antihindu, anti-BJP. Du kan tenke deg kva som hendte. Me sendte ut eit dementi. Mest ingen offentleggjorde den. Seinare viste det seg at mannen som skulle fordele kyrne, var ein kjeltring. Han selte dei, og sa me hadde overfalt han og drepe kyrne.»
«Å, det er dusinvis, dei driv no eingong ein kampanje. Då Salwa Judum starta, gjekk dei til åtak på landsbyen Ambeli, brente han ned, og så gjekk alle SPO-ane, Naga-bataljonen, politiet mot Kotrapol … Du må ha høyrt om Kotrapal? Det er ein kjent landsby, han er brent ned tjueto gonger fordi han har nekta overgi seg. Då Salwa Judum nådde Kotrapal, venta militsen vår på dei. Dei låg klar til åtak. To SPO-ar døydde. Militsen fanga sju, resten rømde. Neste dag meldte avisene at naxalittane hadde massakrert fattige adivasiar. Enkelte sa me hadde drepe hundrevis. Jamvel eit respektert magasin som Frontline sa me drap atten uskyldige adivasiar. Til og med menneskerettsaktivisten K Balagopal som vanlegvis er omhyggeleg med fakta, jamvel han sa det. Me sendte ut ei forklaring. Ingen publiserte ho. Seinare vedgjekk K Balagopal mistaket i boka si … Men kven la merke til det?»
«Områdekomiteen kalte saman ein Jan Adalat (folkedomstol). Fire tusen var der. Dei lytta til heile historia. To av SPOane fekk dødsdom. Fem fekk åtvaring og blei sleppte laus. Folket avgjorde. Sjølv med informantar – som er blitt eit stort problem i dag – lyttar folk til saka, historiene, tilståingane og seier «Iska hum risk nahin le sakte» (Me kan ikkje i stole på denne personen) eller, «Iska risk hum lenge» (Me tar risken på å stole på denne personen). Pressa melder alltid om informantar som blir drepne. Aldri om dei mange som blir sette fri. Aldri om dei personane desse informantane har drepe. Alle trur at det ei blodtørstig prosedyre der alle alltid blir drepne. Det dreier seg ikkje om hemn, det dreier seg om å overleve og å redde liv i framtida … Sjølvsagt er det problem, me har gjort forferdelege mistak, me har til og med drepe feil folk i åtaka våre, trudd dei var politimenn, men det er ikkje slik det blir framstilt i media.»
På andre sida, kva med «samanstøyt», falske og andre – den verste forma for summarisk justis – som skaffar politimenn og soldatar medaljar for tapper innsats, pengesummar og forfremmingar utanfor rekkefølge frå den indiske regjeringa? Dess fleire dei drep, dess meire blir dei belønna. «Modige» blir dei kalla, «samanstøyt»- spesialistane. «Anti-nasjonale» blir me kalla, dei av oss som vågar stille spørsmål. Og kva med høgsterett som frekt vedgjekk at dei ikkje hadde nok bevis til å dømme Mohammed Afzal (tiltalt for åtaket på parlamentet i desember 2001) til døden, men likevel gjorde det, fordi «det kollektive samvitet til samfunnet bare ville vere fornøgde om forbrytaren blir lønna med dødsstraff.»
I tilfellet med Jan Adalat i Kotrapal var kollektivet i det minste fysisk til stades for å fatte si eiga beslutning. Ho blei ikkje tatt av dommarar som hadde mista kontakten med det vanlege livet for lenge sidan, og gir seg ut for å snakke på vegner av eit fråverande kollektiv.
Eg undrar på kva folket i Kotrapal skulle gjort? Sendt bud på politiet?
Lyden av trommene har blitt svært høg. Det er tid for Bhumkal. Me går til festplassen. Eg kan knapt tru det eg ser. Det er eit hav av folk, dei villaste og vakre folk, kledd på det villaste og vakre vis. Mennene ser ut til å ha brydd seg meir med utsjånaden enn kvinnene. Dei har fjørpryd på hovudet og malte tatoveringar i fjeset. Mange har sminke på auga og pudra fjes. Det er mengder av milits, jenter i sari med fargar som tar pusten frå deg, og rifler lett slengt over skuldrane. Det er gamle folk, ungar, og raude flaggdekorasjonar over himmelen. Sola er skarp og høg. Kamerat Leng taler. Og mange funksjonærar frå dei ulike Janatana Sarkar. Kamerat Niti, ei uvanleg kvinne som har vore med i partiet sidan 1997, er slik ein trussel mot nasjonen at meir enn 700 politimenn omringa landsbyen hennar i januar 2007, fordi dei fekk høyre ho var der. Kamerat Niti blir oppfatta så farleg og jaga så desperat, ikkje fordi ho har leia så mange åtak (noko ho har), men fordi ho er ei adivasikvinne som er elska av folket i landsbyen og ein stor inspirasjon for ungdommen. Ho snakkar med AK-en på skuldra. (Det er eit gevær med ei historie. Mest alle våpen har ei historie: Kven det blei tatt frå, korleis, og av kven.)
Ein CNM-trupp framfører eit stykke om Bhumkal-opprøret. Dei vonde kvite kolonistane har hattar og gyllent gras som hår, og trakasserer og mørbankar adivasiane – til endelaus glede for publikum. Ein annan trupp frå Sør-Gangalaur framfører eit stykke kalla Nitir Judum Pito (Historia om blodjakta). Joori tolkar for meg. Det er historia om to gamle som går for å besøke landsbyen til dattera. Som dei går gjennom skogen går dei vill fordi alt er brent og ukjenneleg. Salwa Judum har til og med brent trommene og musikkinstrumenta. Det er ikkje aske fordi det har regna. Dei kan ikkje finne dattera. I sin sorg startar det gamle paret å synge, og når ho høyrer dei, syng røysta til dattera attende frå ruinane:
Lyden frå landsbyen vår har stilna, syng ho. Ris blir ikkje banka lenger, ingen latter ved brønnen. Ingen fuglar, ikkje brekande geiter. Den gode lykkestrengen vår er broten.
Faren hennar syng tilbake:
Vakre datter mi, ikkje gråt i dag. Alle som er fødde, må døy. Desse trea rundt oss vil falle, blomane vil bløme og visne, ein dag blir denne verda gammal. Men kven døyr me for? Ein dag vil dei som ranar oss, lære, ein dag vil Sanninga seire, men folket vårt vil aldri gløyme deg, ikkje på tusentals av år.
Nokre talar til. Så byrjar tromminga og dansen. Kvar Janatana Sarkar har sin eigen trupp. Kvar trupp har øvd inn sin eigen dans. Dei kjem ein etter ein, med store trommer og dei dansar ville historier. Den einaste figuren alle truppane har felles, er Slem Gruvemann, med hjelm og mørke briller, og vanlegvis røykar han ein sigarett. Men det er ikkje noko stivt eller mekanisk over dansen deira. Ettersom dei dansar, stig støvet. Lyden av trommene blir øyredøvande. Gradvis byrjar folkesamlinga å gynge. Og ho byrjar danse. Dei dansar i små rader på seks eller sju, menn og kvinner for seg, med armane rundt livet på kvarandre. Tusenvis av menneske. Det er dette dei kom for. For dette. Lykke blir tatt svært alvorleg her, i Dandakaranya-skogen. Folk vil gå milevis, i dagevis saman for å feste og synge, for å sette fjør i turbanane og blomar i håret, for å legge armane rundt kvarandre og drikke mahua og danse natta gjennom. Ingen syng eller dansar aleine. Dette, meir enn noko anna, viser deira trass mot ein sivilisasjon som freistar utrydde dei.
Eg kan ikkje tru at alt dette skjer rett framfor nasa til politiet. Midt inne i Operasjon Grønn Jakt.
Frå starten ser PLGA-kameratane på dei som dansar, frå sidelinja med geværa sine. Men så, ein etter ein, som ender som ikkje orkar stå på land og sjå andre ender svømme, går dei også inn, og byrjar danse. Snart er det rader med olivengrønne dansarar, snurrande rundt med dei andre fargane. Og så, fordi søstrer og brør og foreldre og ungar og venner ikkje har møttest på månader, kanskje år, møter kvarandre, bryt radene opp og omformar seg, og dei olivengrønne blir fordelt mellom snurrande sariar og blomar og trommar og turbanar. Det er verkeleg ein folkets hær. Iallfall i dag. Og det formann Mao sa om at geriljaen var fisken, og folket vatnet dei svømmer i, er – i denne stunda – bokstavleg sant.
Formann Mao. Han er også her. Litt einsam, kanskje, men til stades. Det er eit fotografi av han, på ein raudkledd skjerm. Marx au. Og Charu Majumdar, grunnleggaren og sjefsteoretikaren for naxalittrørsla. Den harde retorikken hans dyrkar vald, blod og martyrium, og brukar ofte eit språk så grovt at det nesten er folkemordaktig. Når eg står her, på Bhumkal-dagen, kan eg ikkje unngå å tenke at analysane hans, som er så viktige for organiseringa i denne revolusjonen, er så fjerne frå kjenslene og veven i han. Når han sa at bare «ei utryddingskampanje» kan skape «det nye mennesket som vil utfordre døden og fri seg frå all eigeninteresse» – kunne han sett for seg at dette urgamle folket, som dansar inn i natta, ville bli dei som måtte aksle draumane hans?
Det er ein stor bjørnetjeneste for alt som skjer her, at det einaste som ser ut til å nå ut til verda utanfor er den stive, ubøyelege retorikken til ideologane i eit parti som har vakse fram frå ei problemfylt fortid. Då Charu Mazumdar sa dei berømte orda «Kinas formann er vår formann, og Kinas veg er vår veg», var han klar til å la det gå så langt at naxalittane heldt seg i ro, mens general Yahya Khan utførte folkemord i Aust-Pakistan (Bangladesh), fordi Kina på den tida var alliert med Pakistan. Det var au stille om Røde Khmer og dødsmarkene i Kambodsja. Det var stille om dei grufulle overgrepa i dei kinesiske og russiske revolusjonane. Stille om Tibet. Innanfor naxalittrørsla har det au vore valdelege overgrep, og det er uråd å forsvare mykje av det dei har gjort. Men kan noko av det dei har gjort, samanliknast med dei tarvelege prestasjonane til Kongresspartiet og BJP i Punjab, Kashmir, Delhi, Mumbai, Gukarat … Og likevel, trass i desse forferdelege motseiingane, var Charu Mazumdar ein visjonær i mykje av det han skreiv og sa. Partiet han grunnla (og dei mange utbrytargruppene) har holdt draumen om revolusjon reell og til stades i India. Tenk deg eit samfunn utan den draumen. For det aleine kan me ikke dømme han for hardt. Særleg ikkje når me svøper oss i Gandhis hyklande humbug om den overlegne «ikkje-valdelege vegen» og ideen hans om formyndarskap:
«Den rike mannen blir ståande med sin rikdom, som han vil bruke ein rimeleg del av til personlege behov, og vil tiltru resten å bli brukt til det beste for samfunnet.»
Så merkeleg det er då, at vår tids indiske tsarar i det indiske etablissementet – staten som knuste naxalittane så nådelaust – no seier det Charu Mazumdar sa for så lenge sidan: Kinas veg er vår veg.
Alt er snudd opp ned.
Kinas veg er endra. Kina har blitt ei imperialistmakt no, jaktar på andre land, andre folks ressursar. Men partiet har framleis rett, det er bare det at partiet har skifta meining.
Når partiet er på friarfot (som det er no i Dandakaranya), oppvartar folket, er oppmerksame på alle behova, då er det eit ekte folkets parti, hæren deira ein ekte folkehær. Men etter revolusjonen kan denne kjærleiksaffæra så lett snu seg til eit bittert ekteskap. Kor lett folkehæren kan vende seg mot folket. I Dandakaranya i dag ønskar partiet at bauxitten skal bli verande i fjella. Vil det endre oppfatning i morgon? Men kan me, bør me la uro for framtida paralysere oss i dag?
Dansen vil gå heile natta. Eg går attende til leiren. Maase er der, vaken. Me snakkar til langt på natt. Eg gir ho eksemplaret mitt av Nerudas Kapteinens vers (Eg tok det med, bare i tilfelle). Ho spør igjen og igjen: «Kva meiner dei om oss utanfor? Kva seier studentane? Fortell meg om kvinnerørsla, kva er dei store sakene no?» Ho spør om meg, om skrivinga mi. Eg prøver gi ho ei ærleg framstilling av kaoset mitt. Så byrjar ho snakke om seg sjølv, korleis ho gjekk inn i partiet. Ho fortel at partnaren hennar blei drepen i mars siste året, i ein falsk samanstøyt. Han vart arrestert i Nashik, og tatt til Warangal for å bli drepen. «Dei må ha torturert han mykje.» Ho var på veg for å møte han då ho høyrde han var arrestert. Ho har vore i skogen heile tida etterpå. Etter å ha tidd lenge fortel ho at ho har vore gift ein gong før, for lenge sidan. «Han vart au drepen i ein samanstøyt,» seier ho, og legg til med hjerteskjerande presisjon: «Men ein verkeleg ein.»
Eg ligg vaken på jihilien min, tenker på det langvarige sorgmodet til Maase, lyttar til trommene og lyden av langvarig lykke frå plassen, og tenker på Charu Mazumdars ide om langvarig krig, det sentrale budskapet til maoistpartiet. Det er det som får folk til å tru at tilbudet frå maoistane om «fredsforhandlingar» er ein bløff, eit triks for å få pusterom til å omgruppere seg, skaffe seg nye våpen og gå tilbake til å føre langvarig krig. Kva er langvarig krig? Er det ein grusom ting i seg sjølv, eller er det avhengig av typen krig? Kva om folket her i Dandakaranya ikkje hadde ført sin langvarige krig dei siste tretti åra, kor ville dei vore no?
Og er maoistane dei einaste som trur på langvarig krig? Nesten frå den stunda India blei ein suveren nasjon, blei landet ei kolonimakt, la under seg land, førte krig. Landet har aldri nølt med å bruke militær intervensjon i politiske spørsmål – Kashmir, Hyderabad, Goa, Nagaland, Manipur, Telengana, Assam, Punjab, naxalittopprøret i Vest-Bengal, Bihar, Andhra Pradesh og no i alle stammeområda i Sentral-India. Titusenvis er drepne utan straffeforfølging, hundretusenvis torturert. Alt dette bak den gode demokratimaska. Kven har dei ført krigane mot? Muslimar, kristne, sikhar, kommunistar, dalitar,
|
stammefolk og mest av alt mot dei fattige som vågar stille spørsmål ved skjebnen sin i staden for å godta smulane som blir slengt til dei. Det er vanskeleg å unngå å sjå at den indiske staten i kjerna er ein høgkaste-hindustat (uansett kva for parti som sit med makta) som av natur er fiendtleg til «dei andre». Som på kolonialt vis sender naga-soldatane og mizoane** f
|
or å slåst i Chhattisgarh, sikhane til Kashmir, kashmirar til Orissa, tamilar til Assam, og så vidare. Om ikkje dette er langvarig krig, kva er?
Utrivelege tankar ei vakker, stjernefylt natt. Sukhdev smiler for seg sjølv, fjeset er opplyst av skjermen på datamaskina. Han er ein sprø arbeidsnarkoman.
«Eg tenker på journalistane som kom i fjor til Bhumkal-feiringa. Dei blei ein dag eller to. Ein poserte med AK-en min, blei fotografert, og drog så tilbake og kalla oss drapsmaskiner eller noko slikt.»
Dansen har ikkje stansa og det er daggry. Rekkene går framleis, hundrevis av ungdommar dansar framleis. «Dei stoppar ikkje,» seier kamerat Raju, «ikkje før me byrjar pakke saman.»
På plassen treff eg på kamerat Doktor. Han har drive ein liten medisinsk leir i utkanten av dansegolvet.
Eg vil kysse dei tjukke kinna hans. Korfor kan ikkje han vere minst tretti personar istadenfor bare ein? Korfor kan han ikkje vere tusen personar? Eg spør han korleis ho ser ut, helsa i Dandakaranya. Svaret hans får blodet mitt til å stivne. Flesteparten av dei han har undersøkt, seier han, medrekna dei frå PLGA, har eit hemoglobintall mellom 5 og 6 (mens det vanlege for kvinner i India er 11). Det er tuberkolose pga meir enn to år med kronisk anemi. Små barn har andregrads feilernæring, i medisinske termar kalla Kwashiorkor. (Eg slo det opp seinare. Det er eit ord bygd på ga-språket frå kystområda i Ghana, og betyr «sjukdommen eit spebarn får når det nye spebarnet kjem». Den eldre ungen får ikkje morsmelk, og det er ikkje nok mat til å gi det nok næring.) «Det er ein epidemi her, som i Biafra,» seier kamerat Doktor, «eg har arbeidd i landsbyar før, men eg har aldri sett noko som dette.»
I tillegg til dette er det malaria, osteropose, bendelorm, alvorlege øyre- og tanninfeksjonar, og primær amenoré – når næringsmangel i puberteten får menstruasjonen til å forsvinne eller ikkje dukke opp i utgangspunktet.
«Det er ingen sjukehus i denne skogen bortsett frå eit eller to i Gadchiroli. Ingen legar. Ingen medisin.»
Han skal ut på ein åttedagars tur til Abhujmad med det lille laget sitt. Han er også kledd i «dress». Så om dei finner han, vil dei drepe han.
Kamerat Raju seier at det ikkje er trygt for oss å halde fram med å telte her. Me må flytte oss. Å dra frå Bhumkal betyr mange farvel over lang tid.
Lal lal salaam, Lal lal salaam, Jaane waley Sathiyon ko Lal Lal Salaam, (Raud helsing til kameratane som drar.)
Phir milenge, Phir milenge Dandakaranya jungle mein phir milenge (Me møtest igjen, ein dag, i Dandakaranyaskogen.)
Det blir aldri tatt lett på velkomst- og avreiseseremonien, fordi alle veit at når dei seier «me møtest igjen», så meiner dei faktisk» me møtest kanskje ikkje igjen». Kamerat Narmada, kamerat Maase og kamerat Roopi drar kvar sin veg. Får eg nokon gong sjå dei att?
Så er me på vandring på ny. Det blir varmare for kvar dag. Kamla plukkar den første tendufrukten til meg. Den smaker som chikoo.
|
Eg er blitt tamarindslave. Denne gongen slår me leir nær ein bekk. Kvinner og menn bader i grupper etter tur. Om kvelden mottar kamerat Raju ei heil pakke med «kjeks».
Nytt:
60 personar arresterte i Manpur-divisjonen i slutten av januar 2010 er enno ikkje framstilte for retten.
Store politistyrkar har komme til Sør- Bastar. Vilkårlege åtak er i gang.
Den 8. november 2009 blei Dirko Madka (60) og Kovasi Suklu (68) drepne i landsbyen Kachlaram i Bijapur Jila.
Den 24. november blei Madavi Baman (15) drept i landsbyen Pangodi.
Den 3. desember blei også Madavi Budram frå Korenjad drept.
Den 11. desember, landsbyen Gumiapal i Darba-avdelinga, 7 menneske drepne (namna er ikkje klare).
Den 15. desember, landsbyen Kotrapal, Veko Sombar og Madavi Matti (begge i KAMS) drepne.
Den 30. desember, landsbyen Vechapal, Poonem Pandu og Poonem Motu (far og son) drepne.
I januar 2010 (dato ukjent) vart leiaren for Janatana Sarkar i landsbyen Kaika i Gangalaur drepen.
Den 9. januar vart 4 menneske drepne i landsbyen Surpangooden i Jagargondaområdet.
Den 10. januar vart 3 menneske drepne i landsbyen Pullem Pulladi (ingen namn enno).
Den 25. januar, 7 menneske drepne i landsbyen Takilod, Indravati-området.
Den 10. februar (Bhumkal-dagen) Kumli valdtatt og drepen i landsbyen Dumnaar, Abhujmad. Ho var frå ein landsbyen kalla Paiver.
2 000 soldatar frå Indo Tibetan Border Patrol (ITBP) har slått leir i skogane i Rajnandgaon.
5 000 ekstra BSF-soldatar har komme til Kanker.
Og så: PLGA-kvoten oppfylt.
Nokre gamle aviser var det også. Det er mykje skriving om naxalittane. Ein skrikande titel oppsummerer det politiske klimaet: Khadedo, Maaro, Samarpan Karao (Eliminer, drep, få dei til å overgi seg). Under det: Varta ke liye loktantra ka dwar khula hai (Demokratiets dør er alltid open for samtalar). Eit anna seier at maoistane dyrkar cannabis for å skaffe pengar. Den tredje er ein leiarartikkel som seier at politiet har full kontroll over området me går gjennom, og har slått leir i.
Dei unge kommunistane tar med seg utklippa som lesetrening. Dei vandrar rundt i leiren, og les dei antimaoistiske artiklane høgt med radiostemmer.
Ny dag. Ny stad. Me har slått oss til i utkanten av landsbyen Usir, under store mahuatre. Mahuaen har nettopp byrja blomstre, og slepp den bleikgrønne blomsterprakta si som juvelar på skogbotnen. Lufta er metta av den lett rusande lukta. Me ventar på ungane frå skolen i Bhatpal. Skolen blei stengt etter trefninga ved Ongnaar, og er gjort om til politileir. Ungane sendt heim. Det same gjeld skolane i Nelwad, Moonjmetta, Edka, Vedomakat og Dhanora.
Skoleungane frå Bhatpal dukkar ikkje opp.
Kamerat Niti (mest ettersøkt) og kamerat Vinod tar oss med på ein lang tur for å sjå ei rekke med innhaustingsanlegg og irrigasjonsdammar Janatana Sarkar i området har bygd. Kamerat Niti snakkar om alle problema dei har med jordbruket. Bare 2 prosent av jorda har vatningsanlegg. I Abhumjad var pløying ukjent fram til for ti år sidan. I Gadricholi derimot kjem hybride frø og plantegift sakte og sikkert inn. «Me treng sårt til hjelp med jordbruket», seier kamerat Vinod. «Me treng folk som kjenner til frø, økologiske middel mot plantesjukdommar, permakultur. Med litt hjelp kan me gjøre mykje.»
Kamerat Ramu er den leiande gardbrukaren i området. Han viser oss stolt rundt på åkrane, der dei dyrkar ris, brinjal, gongura, løk, kålrot. Så viser han oss like stolt ein stor, men uttørka vatningsdam. Kva er dette? «Denne har ikkje ein gong vatn i regntida», seier han med eit smil om munnen, «det er ikkje vår, han blei gravd av Looti Sarkar (regjeringa som raner). Det er to parallelle styringssystem her, Janatana Sarkar og Looti Sarkar.
Eg tenker på det kamerat Venu sa til meg: Dei vil knuse oss, ikkje bare på grunn av minerala, men fordi me tilbyr verda ein alternativ modell.
Det er ikkje eit alternativ enno, denne Gram Swaraj-ideen
|
med gevær. Det er for mykje sult, for mykje sjukdom her. Men han har heilt tydeleg skapt grunnlaget for eit alternativ. Ikkje for heile verda, ikkje for Alaska eller New Delhi, kanskje ikkje eingong for heile Chhattisgarh, men for seg sjølv. For Dandakaranya. Det er den største løyndommen i verda. Han har lagt grunnlaget for alternativet til å bli utsletta. Han har trassa historia. Mot alle odds har han smidd ein modell for å overleve. Han treng hjelp og fantasi, han treng legar, lærarar, bønder.
Han treng ikkje krig.
Men om krig er alt han får, vil han slå attende.
I løpet av få dagar møter eg kvinner som arbeider i KAMS, folk med ulike posisjonar i Janatana Sarkar, medlemmer av Dandakaranya Adivasi Kisan Mazdoor Sangathan (DAKMS), familiane til dei som er drepne, og heilt vanlege menneske som freistar klare seg i desse skrekkelege tidene.
Eg møtte tri søstrer, Sukhiyari, Sukdai og Sukkali, ikkje unge, kanskje i førtiåra, frå Narainpur-distriktet. Dei har vore med i KAMS i tolv år. Folket i landsbyen er avhengige av at dei tar seg av politiet. «Politiet kjem i grupper på to til tri hundre. Dei stel alt, smykke, kyllingar, grisar, gryter og panner, piler og buar», sukkar Sukkali, «ikkje ein gong ein kniv blir att.» Huset hennar i Innar har dei brent to gonger, ein gong av Nagabataljonen og ein gong av CRPF.
|
Sukhiari har blitt arrestert og fengsla i Jagdalpur i sju månader. «Ein gong tok dei med seg alle i landsbyen, og sa at alle mennene var naxalittar. » Sukhiarai følgte etter med alle kvinnene og barna. Dei omringa politistasjonen og nekta gå før mennene var sette fri. «Uansett når dei tar nokon med seg, må ein gå straks og dra dei med tilbake. Før dei får skrive rapport. Når dei først har fått noko i bøkene sine, blir det svært vanskeleg.»
Sukhiarai, som blei bortført som barn og tvangsgifta med ein eldre mann (ho rømte, og slo seg til hos søstera si), organiserer no massemønstringar, taler på møter. Mennene er avhengige av henne for å vere beskytta. Eg spør kva partiet betyr for ho. «Naxalvaad ka matlab humaara Parivaar (Naxalvaad er familien vår). Når me får høyre om eit åtak, er det som familien har blitt såra», seier Sukhiari.
Eg spør om ho veit kven Mao var. Ho smilte blygt. «Han var ein leiar. Vi arbeider for å gjøre verkeleg visjonen hans.»
Eg møtte kamerat Somari Gawde. Tjue år gammal, og ho hadde alt sona to år i fengsel i Jagdalpur. Ho var i landsbyen Innar 8. januar 2007 då 740 politimenn omringa han fordi dei hadde informasjon som sa at kamerat Niti var der. (Ho var det, men var reist då politiet kom.) Men landsbymilitsen der Somari var medlem, var der framleis. Politiet opna ild då dagen grydde. Dei drap to guttar, Suklal Gawde og Kachroo Gota. Så tok dei tri andre til fange, to guttar, Dusri Salam og Ranai, og Somari. Dusri og Ranai var bunde og skotne. Somari blei slått nesten til døde. Politiet fekk tak i ein traktor med tilhengar, og lessa dei døde på. Somari blei tvunge til å sitte saman med dei døde kroppane og tatt til Narainpur.
Eg møtte Chamri, mor til kamerat Dilip som blei skoten 6. juli 2009. Ho seier at politiet etter å ha drepe han bandt liket hans til ein stokk, som eit dyr, og bar han med seg. (Dei må vise fram lika for å få pengebelønninga, før andre med vald tar over drapa.) Chamri løp bak dei heile vegen til politistasjonen. Då dei var framme, hadde ikkje liket ein einaste tråd av klede på seg. Undervegs, sa Chamri, la dei liket i vegkanten då dei stoppa ved ein dhaba f
|
or å få te og kjeks. (Som dei ikkje betalte for.) Prøv å sjå for dykk mora som følger etter liket av sonen sin gjennom skogen, stoppar på avstand, og ventar på at mordarane skal bli ferdige med teen. Dei lot ho ikkje få liket av sonen så ho kunne gravlegge han på skikkeleg vis. Dei lot ho bare kaste ein neve med jord i grøfta der dei gravde ned dei andre dei hadde drepe den dagen. Chamri seier ho vil ha hemn. Badla ku badla. Blod for blod.
Eg møtte dei valde medlemmene av Marskola Janatana Sarkar som styrer seks landsbyar. Dei skildra eit politiraid: Dei kjem om natta; 300, 400, somme tider 1 000. Dei sperrar av landsbyen, og legg seg til å vente. Ved daggry tar dei til fange dei som først går ut på markene, og brukar dei som menneskelege skjold når dei går inn i landsbyen, og som må vise dei kor «boobytrapsa » er. («Booby-traps» har blitt eit gondi- ord. Alle smiler når dei seier eller høyrer ordet. Skogen er full av feller, ekte og falske. Jamvel PLGA må visast veg gjennom landsbyane.) Når politiet først er inne i landsbyen, plyndrar og stel dei, og brenn husa. Dei har med hundar. Hundane tar dei som prøver rømme. Dei jagar opp kyllingar og grisar, og politiet drep dei, og tar dei med i sekkar. SPO-ar kjem saman med politiet. Dei veit kor folk gøymer pengar og smykke. Dei fangar folk, og tar dei med seg. Og tar pengane før dei slepp dei fri. Dei har alltid med seg nokre ekstra naxalittdressar i tilfelle dei finn folk dei kan drepe. Dei får pengar for å drepe naxalittar, så dei lagar nokon. Landsbyfolket er for redde til å bli verande heime.
I denne fredfulle skogen ser livet ut til å ha blitt heilt militarisert no. Folk kan ord som sperre av og søke, skyte, framrykking, retrett, ned, kamp! For å hauste avlingane sine treng dei PLGA som vaktpostar. Marknadene er fulle av muhkbirar (informantar) som politiet har lurt frå landsbyane sine med pengar. (1 500 rupi i månaden.) Eg blir fortalt at det er ein mukhbir mohallah – informantkoloni 2 i Narainpur, der det bur minst fire tusen muhkbirar. Mennene kan ikkje går til marknaden lenger. Kvinnene går, men dei blir passa nøye på. Om dei kjøper det minste lille ekstra, skuldar politiet dei for å handle inn for naxalittar. Medisinseljarane har fått instruksar om å bare selje medisin i små mengder til folk. Lågprisrasjonar frå det offentlege distribusjonssystemet (PDS) – sukker, ris, parafin – blir lagra i eller nær politistasjonane slik at det er uråd for dei fleste å få kjøpt dei.
Artikkel 2 i FN-konvensjonen for å hindre og straffe folkemord definerer folkemord som:
Kva for helst av dei følgande handlingane som er utført for å øydelegge heilt eller delvis ei nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe, som slik: drepe medlemmer av gruppa; vere årsak til alvorleg skade på legeme eller sjel på medlemmer av gruppa; medvite la gruppa bli utsett for levevilkår som tar sikte på å øydelegge dei fysisk heilt eller delvis; påtvinge dei tiltak som tar sikte på å hindre fødslar innan gruppa; [eller] med makt overføre barn frå gruppa til ei anna gruppe.
Eg merkar endeleg all gåinga. Eg er sliten. Kamla skaffar meg eit gryte med varmt vatn. Eg badar bak eit tre i mørket. Men eg kan ikkje ete middag, og krabbar opp i soveposen for å sove. Kamerat Raju kunngjør at me må forflytte oss. Dette skjer sjølvsagt ofte, men i natt er det tungt. Me har slått leir i ei open eng. Me har høyrt bomber i det fjerne. Me er 104 personar. Nok ein gong, på ei rad gjennom natta. Grashopper. Lukta av noko som minner om lavendel. Klokka må ha vore over elleve då me kom til plassen me skulle vere om natta. Ein steinhaug. Oppstilling. Namneopprop. Ein radio blir slått på. BBC seier det har vore åtak på ein leir frå Eastern Frontier Rifles i Lalgarh, Vest-Bengal. Seksti maoistar på motorsyklar. Fjorten politimenn drepne, ti sakna. Våpen tatt. Fornøgd mumling rundt om. Maoistleiaren Kishenji blir intervjua. Når skal dere slutte med denne valden, og komme til samtalar? Når Operasjon Grønn Jakt blir avblåst. Når som helst. Sei til Chidambaram at me vil snakke. Neste spørsmål: Det er mørkt no, dere har lagt ut landminer, forsterkingar er kalt inn, vil dere går til åtak på dei også? Kishenji: Ja sjølvsagt, ellers vil folk slå meg. Det blir latter i rekkene. Klargjøraren Sukhdev seier: «Dei seier alltid landminer. Me bruker ikkje landsminer. Me bruker IED-ar.
|
Ny luksussuite på hotellet med tusen stjerner. Eg kjenner meg sjuk. Det byrjar regne. Det blir litt fnising. Kamla legg ein jihili over meg. Kva meir har eg behov for? Alle andre bare rullar seg inn i jihilien.
Morgonen etter er dødstalla i Lalgarh gått opp til tjueein, ti sakna.
Kamerat Raju er omsorgsfull i dag. Me forflyttar oss ikkje før kvelden.
Ein kveld sit folk som ein sverm møll rundt eit lys. Det er kamerat Sukhdevs lille datamaskin, driven av solpanel, og dei ser på Mother India,
|
med geværpipene som silhuett mot himmelen. Kamla ser ikkje ut til å vere interessert. Eg spør om ho likar sjå på film. Nahi didi. Sirf ambush video.» (Nei didi. Bare overfall på video.») Seinare spør eg kamerat Sukhdev om desse overfallsvideoane. Utan å løfte eit augelokk speler han ein for meg.
Det startar med bilete frå Dandakaranya, elver, fossar, nærbilete av ein naken grein, ein gauk kallar. Så plutseleg ein kamerat som koplar til ein IED, dekkar over den med tørt lauv. Ei motorsykkelrekke blir blåst i vêret. Det er lemlesta kroppar og brennande syklar. Våpen blir tatt. Tri politimenn, å sjå til med granatsjokk, blir bunde.
Kven filmar? Kven leiar operasjonane? Kven sikrar at purken blir sett fri om dei overgir seg? (Dei blei sett fri, fekk eg stadfesta seinare.)
Eg kjenner den milde, trygge røysta. Det er kamerat Venu.
«Det er overfallet ved Kudur», seier kamerat Suhkdev.
Han har au eit videoarkiv med brente landsbyar, vitnemål frå augevitne og slektningar av dei døde. På ein svidd vegg på eit brent hus står det skrive «Nagaaa! Fødd til å drepe!» Det er metervis med eit liten gutt som fekk hogge av fingrane for å innvie Bastar-delen av Operasjon Grønn Jakt. (Det er til og med eit fjernsynsintervju med meg. Arbeidsrommet mitt. Bøkene mine. Merkeleg.)
Om kvelden melder radioen om eit nytt naxalittåtak. Dette er på Jamui, Bihar. Det blir sagt at 125 maoistar gjekk til åtak på ein landsby og drap ti menneske frå korastammen som gjengjeld for at dei gav politiet opplysningar, som førte til at seks maoistar døde. Sjølvsagt veit me at denne rapporten kan vere sann eller ikkje. Men om han er det, er det utilgiveleg. Kamerat Raju og Sukhdev liker seg tydeleg ikkje.
Nytt som har komme frå Jharkhand og Bihar, er urovekkande. Folk har framleis den grufulle halshogginga av politimannen Francis Induvar friskt i minnet. Det er ei påminning om kor lett disiplin i væpna kamp kan løyse seg opp til tankelaust kriminelle og valdelege handlingar, eller til stygge identitetskrigar mellom kaste og samfunn og religiøse grupper. Ved å instituere urettvise slik han har gjort, har den indiske staten gjort landet til ei kruttønne med massiv uro. Regjeringa tar grundig feil om ho trur at ho får slutt på valden ved å gjennomføre «målretta snikmord» for å gjøre CPI(maoist) «hovudlause». Tvert i mot vil valden spreie seg og bli intensivert, og regjeringa vil ikkje ha nokon å snakke med.
Dei siste dagane mine der ruslar me gjennom den frodige, vakre Indravati-dalen. Mens me går der i åssida, ser me ei anna rekke med folk som går i same retning, men på andre sida av elva. Eg blir fortalt at dei er på veg til eit anti-dammøte i landsbyen Kudur. Dei er fullt synlege og uvæpna. Folkets eiga samling for dalen. Eg hoppa av og slutta meg til dei.
Bodghhat-dammen vil fylle heile det området me har vandra gjennom i dagevis. All den skogen, all den historia, alle desse historiene. Meir enn hundre landsbyar. Er det så planen? Å drukne folk som rotter, slik at stålverket i Lohandiguda og bauxittgruva og aliminiumsverket i Keshkal-passet kan få elva?
På møtet seier folk som har komme milevis, det same me alle har høyrt i årevis. Me kjem til å drukne, men flyttar ikkje på oss! Dei er opprømde fordi nokon frå Delhi er med dei. Eg fortel dei at Delhi er ein skrekkeleg by som verken kjenner til eller bryr seg om dei.
Eg besøkte Gujarat bare få veker før eg kom til Dandakaranya. Sardar Sarovardammen har meir eller mindre nådd full høgde no. Og mest kvar einaste ting som Narmada Bachao Andolan (NBA) sa ville skje, har skjedd. Folk som blei forflytta, har ikkje fått erstatning, men det seier seg sjølv. Det er ikkje bygd kanalar. Det finst ingen pengar. Så vatnet frå Narmada blir leia ut i det tomme elveleiet til Sabarmati (som blei demt opp for lenge sidan). Mesteparten av vatnet blir slukt av byar og industri. Verknadene nedanfor i elva – saltvatninntrenging i ein elvemunning utan elv – blir uråd å lindre.
Ein gong i tida var trua på at store dammar var «templa i det moderne India» misforstått, men kanskje forståeleg. Men i dag, etter alt det som har skjedd, og me veit alt det me veit, er det naudsynt å seie at store dammar er brotsverk mot menneska.
Bodhghat-dammen vart lagt på hylla i 1984 etter at folka i området protesterte. Kven vil stoppe han no? Kven vil hindre at grunnsteinen blir lagt ned? Kven vil hindre at Indravati blir stolen? Nokon må gjøre det.
Siste natta slo me leir ved foten av den bratte åsen me skulle gå opp om morgonen, for å ende opp på vegen der ein motorsykkel skulle plukke meg opp. Skogen har endra seg på den tida eg har vore der. Chironjeen, silkebomulla og mangotrea har byrja blomstre.
Landsbyfolket frå Kudar sender ei stor gryte nyfanga fisk til leiren. Og ei liste til meg, med 71 slag frukt, grønnsaker, belgfruktar og insekt dei får frå skogen, og dyrkar på åkrane sine, oppstilt med marknadsprisen. Det er bare ei liste. Men det er også eit kart over verda deira.
Det kjem jungelpost. To kjeks til meg. Eit dikt og ein pressa blomst frå kamerat Narmada. Eit morosamt brev frå Maase. (Kven er ho? Får eg nokon gong vite det?)
Kamerat Suhkdev spør om han laste over musikk frå iPoden min til datamaskina si. Me høyrer på eit opptak med Iqbal Bano som syng «Hum Dekhenge» (Me vil oppleve dagen) av Faiz Ahmed Faiz, på den berømte konserten i Lahore då undertrykkinga i Zia-ul-Haq-åra var som verst.
Jab ahl-e-safa-Mardud-e-haram,
Masnad pe bithaiye jayenge
Når kjettarane og dei utskjelte
blir plasserte høgt oppe
Sab taaj uchhale jayenge
Sab takht giraye jayenge
Vil alle kroner bli rive bort
Alle troner velta
Hum Dekhenge
Femti tusen tilhøyrarar den gongen i Pakistan byrja rope trassig: Inqilab Zindabad! Inqilab Zindabad!
|
Så mange år seinare gir dette ropet gjenklang i denne skogen. Merkeleg, dei alliansane som blir skapte.
Innanriksministeren har komme med tilslørte truslar mot dei som «feilaktig tilbyr intellektuell og materiell støtte til maoistane ». Vil deling av musikk gi slik straff?
Ved morgongry seier eg farvel til kamerat Madhav og Joori, til unge Mangtu og alle dei andre. Kamerat Chandu er gått for å ordne med syklane, og skal bli med opp til hovudvegen. Kamerat Raju blir ikkje med. (Klatringa ville bli eit helvete for knea hans.) Kamerat Niti (mest ettersøkt), kamerat Suhkdev, Kamla og fem andre skal følge meg opp på høgda. Då me startar gå, løsnar Niti og Suhkdev tilfeldig men samtidig sikringa på AK-ane sine. Det er første gongen eg har sett dei gjøre det. Me nærmar oss «grensa». «Veit du kva du skal gjøre om me blir skote på?» spør Suhkdev tilfeldig, som om det er den mest naturlege ting i verda.
«Ja», seier eg. «Umiddelbart erklære sveltestreik på ubestemt tid.»
Han sette seg på ein stein og lo. Me klatra i omlag ein time. Rett under vegen sette me oss i ein nisje i fjellet, heilt i skjul, som ei bakholdsgruppe, og lytta etter lyden av motorsyklar. Når me gjør det, må me ta adjø raskt. Lal Salaam kameratar.
Da eg såg meg attende, var dei der framleis. Vinka. Ei lita gruppe. Menneske som lever med draumane sine, mens resten av verda lever med mareritta sine. Eg tenker på denne reisa kvar einaste kveld. På nattehimmelen, på skogstiane. Eg ser hælane på kamerat Kamla i dei slitte sandalane, opplyst av lommelykta mi. Eg veit at ho må vere på farta. På vandring, ikkje bare for seg sjølve, men for å halde håpet levande for oss alle.
(Artikkelen er oversatt til norsk av Gunnar Danielsen. Fotnotene er laget oversetteren.)