Norsk fiskeri i omstilling

Av Line Brendberg

1998-04


Til å vera eit industriland har Noreg enno ein del att av kystflåten sin, ikkje minst av di utviklinga i kyst-Noreg har vore eit politisk interessant tema også i nyare tid.

Fram til no har det funnest brei semje om at kysten skal ha båtar i alle storleikar, og ein desentralisert og allsidig mottaksstruktur. Forsvaret av Råfisklova har stått sterkt, ettersom ho synleg vernar retten til alle deltakarar i fisket gjennom fiskekjøparane sin mottaksplikt og garanterte minsteprisar.

For oss som tykkjer den mindre kystflåta vår er verdt å ta med inn i framtida, finnest det enno noko å redda, men det er grunn til å tru at det kjem til å skje strukturendringar i nær framtid som overgår alt vi har sett til no. I den stoda kan det vera av verdi å tenkja etter korfor kystflåta har livets rett i effektiviseringas tidsalder, og kva utvikling vi bør streva for å unngå. Den overflatesurfinga som fylgjer er ikkje ein freistnad på å gje eit totaloversyn over kva som skjer. I staden er det viktig for meg å syna fram nokre av dei prinsippa som eg meiner ligg til grunn for å ynskja levande kystsamfunn ei ljos framtid.

Motsett det norske landbruket er fiskeria stort sett eksportretta og marknadsfølsame. Biletet mange har av norsk landsbygd, er prega av det trauste og uforanderlege, noko som er underleg når ein tenkjer på korleis heile kysten til alle tider har måtta leva med raske omstillingar og marknadstilpassingar. Ikkje berre varierer pris, omsetnad og råvaremotar, men fisket er i seg sjølv eit lotteri der produksjonen i havet, innsiget til kysten og kvaliteten på råvaren svingar kraftig i kortare og lengre periodar.

Ved fyrste blikk verkar dei minste kystfiskebåtane veldig sårbare og avleggs.

Fartya er småe og lite geografisk mobile, mange av dei er av eldre årgang, og fiskaren ombord er så avhengig av ver og fiskeførekomstar at han knapt veit kva han skal gjera neste dag. Difor er det forførande politikk å skulla frelsa fiskaren frå denne levemåten, om det så var mot hans eigen vilje.. («dei heng jo att i slikt nostalgisk bakstrev der ute i Utvær… .»)

På kva måtar byggjer løysingane som skal lokka og pressa dei sjølveigande småfiskarane vekk, på premiss som ikkje vil stå seg i framtida?

1. Småe investorar er ikkje slavar av kapitalen. Ein fiskar med ein eldre liten båt kan tola skilnader i inntekter frå år til år. Han har kalkulert inn i marginane sine at fisket og prisane ikkje alltid er gunstige og jamnt fordelte. Overgangen til store, dyre farty som tilbyr faste heilårsarbeidsplassar til mannskapet er avhengige av jamn avkastning for å betala ned gjelda si (noko det har synt seg at mange av dei ikkje klarer utan hjelp i alle fall). Det fører til meir press på fiskebestandane, sterkare påtrykk for at privat storkapital skal få kjøpa eigedomsretten til ressursane i havet, og at fleire tek sjansen på å gå på havet i ver som eigentleg er for dårleg til å fiska trygt i.

2. Stadbundne fiskarar sit inne med uvurderleg kunnskap om dei økologiske samanhengane og utviklinga over tid i dei områda der dei driv til dagleg.

Det har mange gonger undra meg at denne ressursen er teken så lite i bruk. Innsikten til kystfiskarane er ein database som absolutt burde liggja til grunn for framtidig arbeid med fiskeriforvalting og overvaking av dei marine miljøa.

3. Kystfiskaren er omstillingsdyktig. Utan store kostnader og tidheft kan han skifta frå fisket etter ein art til ein annan. Den største artsrikdomen finn vi i grunthavsområde, og mange av dei tenkeleg utnyttbare ressursane i sjøen kan berre hentast ut med småe, stadeigne båtar.

4. Måten å ta ut ressursar på er meir økologisk berekraftig. Fisket er selektivt, det vil seia at reiskapen er meint å ta ut berre ein eller nokre fåe artar, og problemet med store bifangstar og undermåls fangst er mindre. Reiskapen er dessutan passiv; han står i sjøen og ventar på at fisken går på sjølv. Med god råvarehandsaming i alle ledd er det dermed mogleg å plukka ut prima menneskeføde utan å gjera for stor skade på anna som lever i sjøen. Kystfiskaren har eigeninteresse av ikkje å gjera vald på naturen i området der han fiskar, ettersom han ikkje har så stor rekkevidde at han berre kan gå ein annan stad. Aktiv reiskap på større farty gjer det mogleg å fylgja fisken dit han går, også i det som har vore friområde for artane utanom sesongane i tidlegare tiders fiske. Havfiskeflåten kjenner inkje lokalt ansvar, og det mest effektive for dei er dessutan å tøma fangsten på store sentraliserte mottak, ettersom dei kan gå særs langt i open sjø for levering. Nettverka som levde i pakt med svingningane i naturen i dei bufaste kystsamfunna vil då bryta saman og mista funksjonen sin.

5. Fiskeriallmenningen har gjeve vanlege folk makt over sin eigen situasjon. Allmenningen er ein interessant forvaltingsmåte som inneber at naturgodane er felleseige, eller snarare at ingen eig dei, slik at alle skal oppføra seg som ansvarlege gjester. Han fungerer ålment slik at ingen har rett til å stengja ute nokon som høyrer til ei gruppe som tradisjonelt har hatt nytta av å bruka ressursen i området, slik vi kjenner til det frå ferdselsretten i utmark, uskuldig nyttesrett ved sanking av bær, sopp og bålved, beitesameige og skogsallmenning. Brukt med vet er allmenningen eit pusterom for dei som i utgangspunktet har lite å ta av, og i periodar kan visse allmenningar tyda mykje, til dømes for austlandsdølane som rudde i landbruksalllmenningen i Troms då tilhøva vart tronge heime.

Lofotfisket er kanskje den økonomisk viktigaste allmenningen vår. Etter fordelingsnøklar får alle som vil delta ein kvote i fisket, slik at dei tilgjengelege ressursane blir fordelte etter bestemte kriteria. Ein god lofotsesong tyder sutlaust år, og kanskje investering i båtbyte eller eige småbruk. Mang ein har funne ein veg opp til eit meir sjølvstendig liv og mindre pengesut etter å ha starta med berre ein båt , tollekniv og arbeidsvilje.

6. Tryggleik mot utbytting. Tilgangen til fisket gjer at kystmannen kan seia nei takk til arbeidstilhøve som underklassen i meir føydalt innretta samfunn kanskje hadde måtta ta til takke med. Sjølv ikkje den mest sjølvgode storkar kunne finna ein levande sjel til å gjera dritarbeid for seg når det hadde gått ut rop om sild i fjorden. Vi er kjente med at industrien i Nord-Noreg aldri har klart å halda på arbeidskraft til låg betaling, ettersom nokre gode fiskevær alltids kunne gje same inntekta utan at nokon åtte tida di. Såleis er opne fiskeriar ein sosial tryggjingsventil. Difor meiner eg det er viktig at allmenningen alltid er open for sesongfiskarar, småbåteigarar, ungdom og andre som kan tenkjast å gå inn og ut av yrket.

Det vi risikerer å få i staden, er ein proletarisert fiskarstand som må arbeida motstandslaust for store reiarar med ressurskontroll. Det trur eg er noko av det verste som kan skje, sjølv om argumenta for å føra oss dit kan høyrast tillokkande ut kvar for seg.

I slagordform må krava våre vera:

1. Fiskeriallmenningen skal vera open! Forskriftsvesen, eigartilhøve og deltakarlov må ikkje stengja nokon ute som vil ta del i fisket.

2. Fordelingsnøklane skal til ein viss grad favorisera dei minste båtane!

3. Mottaks- og transportstruktur skal vera desentralisert, slik at stadbunden kystflåte får levert fangsten sin også i framtida!

4. Nei til proletarisering av fiskaren!

5. Lytt til sakkunnskapen i kystsamfunna!

6. Ikkje sats på overinvesteringsprosjekt! Store krav til kapitalavkastning og betaling av enorme gjeldssummar legg for stort press på naturressursane og arbeidskrafta.

7. Ressursane i havet må ikkje hamna i hendene på nokre fåe! Ressurskontrollen er grunnleggjande for framtidig forvalting. Unngå tendensen til vertikal integrering i fiskerinæringa.

8. Vekk den politiske interessen for fordelingssystemet i fisket og forvaltinga av den viktigste varige ressursen vi har!