Leiar: Innfør sekstimarsdagen i kommunane!

Av Ingrid Baltzersen

2020-01

Etter valet i haust har det kome inn raude representantar i mange nye kommunestyre, og det politiske fleirtalet har endra seg fleire stadar. Då kan me bruka kommunestyret til å innføra reformar som kan visa kva retning me vil at samfunnet skal gå. Eit godt forslag er å innføra pilotprosjekt med sekstimarsdag i kommunen. Det nye fleirtalet i Stavanger har forsøk med sekstimars dag som eit av punkta i den politiske plattformen sin. Det same har Vågan.

 

Foto: Gudmund Dalsbø
Av Ingrid Baltzersen, redaktør av Gnist


 

Sekstimars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon (det er tungt å sei, men viktig å ha med alle orda) er eit krav som viser veg for at arbeidarane skal få meir av verdiskapinga og produktivitetsauka i samfunnet, gjennom at dei må jobba færre timar for å få same lønn. Det viser veg til eit samfunn der fleire kan stå i full jobb og færre blir uføretrygda fordi jobben sliter dei ut. Sekstimarsdagen vil spesielt vera eit gode for kvinner.

Det har vore fleire forsøk på sekstimarsdag, men dei er tidsavgrensa og når dei er ferdige blir dei som regel ikkje vidareført, fordi dei blir sett på som for dyre. Difor bør ein heller enn å starta eit tidsavgrensa forsøk, starta eit pilotprosjekt som skal evaluerast fortløpande og vidareførast. Det er viktig med kontakt med fagorganiserte/tilsette som er interesserte i å prøva sekstimarsdagen før ein reiser konkrete forslag om pilotprosjekt. Pilotprosjekt med sekstimarsdag er ei «gavepakke» til politikarar som vil redusera deltidsbruken og krympa lønnsgapet mellom kvinner og menn.

Å jobba for sekstimarsdag er å motverka den kapitalistiske ideologien som seier at me må jobba meir og meir. Dette er jo i grell motsetnad til at ein del ikkje får komma inn i arbeidslivet, fordi dei ikkje kan yta så hypereffektivt som arbeidslivet no krevjer.

Erna Solberg sa i 2018 at me må sjå for oss å jobba 43-timersveke. Me må heller krevja sekstimars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon, for betre helse, meir fritid og eit samfunn som har andre verdiar enn profitt. Det har me råd til i oljerike Norge.