Leder: NAV stenger ute dei som trenger hjelp

Av Ingrid Baltzersen

2019-01

Dei siste åra har NAV prøvd meir og meir å halda «brukarane», altså dei som trenger og har rett på tenester, på ein armlengdes avstand. Ein skal helst ikkje ha eit direktenummer eller e-post til ein saksbehandlar, alt skal gå gjennom det felles nummeret. Og kontora skal ikkje ha ope for anna enn avtalar som er gjort på førehand, ein må då ringa dette fellesnummeret eller henvenda seg via nettløysinga.

Av Ingrid Baltzersen,
redaktør av Gnist

 

Dette stenger folk ute frå å få det dei har rett på. Behovet for å komma til NAV er ofte akutt, ikkje noko ein kan tinga time for på førehand. Det kan vera at ein har blitt kasta ut av leiligheten sin, trenger pengar til mat eller har fått eit brev frå NAV som ein ikkje forstår og som har kort klage- eller svarfrist.

Samfunnet vårt blir meir og meir digitalisert, men dei som trenger NAV mest er ikkje det. Eit døme er flyktningar og innvandrarar med låg utdanning og litan erfaring med databruk, i tillegg til dårlege norskkunnskapar. Mange eldre manglar også datakompetanse. Rusavhengige utan stabil livssituasjon har kanskje ikkje moglegheit til å bruka kontantkortet på sitta i telefonkø eller hugsa kodane og finna ein pc med nett for å logga seg inn med MinId.

Det å skulla orientera seg på nettløysinga, eller trykka seg gjennom menyen for å stå i telefonkø for å snakka med nokon dei ikkje kjenner, og som ikkje kjenner saka deira, blir for dei heilt uoverkommeleg.

Kirkens Bymisjon i Stavanger­­ kursar no frivillige tillits­personar som kan vera med i møtet med hjelpeapparatet. Det er også andre enkeltpersonar som har sett dette behovet, og prøver å hjelpa personar som ikkje får den hjelpa dei skulle hatt.

Når det er så vanskeleg å få kontakt med NAV fører det også til underforbruk av tenester. Folk som har rett på stønadar søker ikkje om dei, for det er for krevjande og komplisert.

Omlegginga blir seld inn med at ein då skal få betre tid til å hjelpa dei som trenger det mest. Men viss dei som trenger det mest ikkje klarer å komma i kontakt med NAV, så blir det vanskeleg å hjelpa dei. Ein kan spør seg om dette er ønska, og det er difor NAV har stengt dørene.