Kriseforståing og nasjonal politikk

Av Olav Randen

2020-02A

Med krise meiner me vanlegvis ein vanskeleg situasjon som vil gå over. No er det helsekrise, pleiekrise, medisinkrise, økonomisk krise, industrikrise, arbeidsplasskrise, fattigdomskrise, flyktningkrise. Men det går ikkje over. Oppvarminga, artsutryddinga, naturraseringa, havstigninga og erosjonen vil halde fram. Nye pandemiar vil kome, kanskje i år og kanskje ikkje før om ti eller tjue år. Det me no kallar kriser, er truleg framtidas normalsituasjon.


Olav Randen, småbrukar, skribent og bokutgivar
Foto: Martin Sanchez

Nye patogen

Av mikrobar er 999 like, men mikrobe tusen ørlite ulik dei andre. Ulikskapen gjer at han kan vandre frå til dømes flaggermus til menneske, eller at han overlever i nye miljø, i industrifjøset eller på sjukehuset. Der, med mange vertar og utan konkurrentar av eigen art, kan han bli til millionar mikrobar. Då er det oftast irreversibelt. Det finst ingen veg attende til før influensaviruset og heller ikkje til tida før korona-viruset.

Svartedaude-basillen brukte 18 år frå Kina til Bergen. Kolerabakterien trong på 1800-talet 6 år frå Gangesdeltaet til England. No kan patogen via flypassasjerar eller varetransportar nå heile verda på nokre timar. Me ristar kloden saman til eit einaste økosystem.

Nye tankar

Det folk tenkjer, sjølve tankelovene, er stifta der oppe, skreiv August Strindberg. Men stundom raknar det for dei der oppe. Det skjedde i Norge rundt 1930. Det vart ikkje kommunisme av det, men det vart eit betre samfunn og eit samfunn meir nedanfrå, med kriseforlik, aktiv innsats for å få heile folket i arbeid og front mot fascismen. Det skjedde igjen, iallfall eit stykke på veg, frå sist på 1960-talet og i vel eit tiår frametter. Folk protesterte mot krig og arbeidde for miljøvern, solidaritet, nasjonalt sjølvstende, jamstilling mellom kjønn og arbeid der folk vil bu. Politikk vart endra.

Så lykkast dei der oppe i å ta att styringa over folks tenking. Dei siste 40 åra har protestar mot marknad og globalisering prella av. No er andre tankar igjen liv laga, tankar om at økologi er viktigare enn økonomi, tankar om likskap, beredskap, solidaritet og vanlege folks behov.

Spørsmålet for parti til venstre er om dei vil vere ein del av desse tankestraumane. Vil dei setje samfunn nedanfrå som mål? Vågar dei å seie at skiftet blir grønt berre om me avviser vekst som primæroppgåve? Vågar dei å vedgå at ei betre framtid krev innsats og slit? At det ikkje er sikkert arbeidsdagane blir stuttare og lettare?

Me har dei siste femti åra øydelagt så mykje og gjort oss så avhengige av andre. Meir og meir har dette landet omstilt seg til nokre få næringar, olje, fiskeoppdrett, turisme og apparatet rundt det. No dett utanlandsturismen saman, oppdrett av rovfisk som laks og aure er ikkje ei vekstnæring, korkje til havs eller i landanlegg, og me må velje olje eller klima. Mykje av vårt næringsliv er som gruvedrift. Når gruva er tom, pakkar selskapet saman og finn ny natur og nye menneske å misbruke.

Den vidopne økonomien Støre og DNA rosar, er vår vanlagnad. Og det finst ingen kvikkfiks.

Nye tiltak

Norge manglar arbeidsplassar, men ikkje arbeidsoppgåver. Me bør produsere meir av eigen mat og gjere det innanfor naturens toleevne. Me treng meir industrielle basisvarer, og me treng ein fleksibel industri, som kan produsere munnbind når det trengst og reservedelar til maskinane våre når det må til. Me må bearbeide vår eigen fisk og landbruksmat. Me må rassikre vegar, jernbaneliner, hus, straum-, vatn- og kloakkanlegg. Me har forfalne felleshus som skular, kyrkjer og museum. Me treng fleire folk i undervisning, barneomsorg og aller mest helse. Me må lære oss å reparere skor og klede og maskinar og bilar framfor å kjøpe nytt og billig frå Asia.

Me til venstre har ei oppskrift dei andre manglar. Det er å byte ut mest mogeleg av dagens marknadsøkonomi med planøkonomi, der me held oss innanfor naturens toleevne, der me bruker all arbeidskrafta me har, der me prioriterer mat, medisinar, helsetenester, undervisning, omsorg og andre basisbehov, der arbeid skal betalast på anstendig vis og med små skilnader mellom folk. Og i desse korona-tider har kritikken mot offentlege tiltak stilna. Ingen seier lenger at fordi dei er offentleg tilsette, er helsearbeidarar lite effektive.

Samtidig ryggar alle politiske parti unna spørsmålet om eit rasjonelt samfunn. Men det at somme vassar i luksus og at samfunnet held seg med så mange reklamefolk, advokatar, meklarar, finansrådgivarar, bilseljarar og kommentatorar er skadeleg. Me treng dei som helsearbeidarar når nye sjukdommar oppstår og postbod når dagleg postlevering skal gjeninnførast. Det bryt ned både natur og moral at rikfolk får byggje hus og hytter på mange hundre m2 og at me held oss med kjøpesenter og hotell og golfbanar for mange gonger norske behov. Krisepakker bør berre gå til nyttige samfunnsfunksjonar. Det er bra for samfunnet at cruisebåtar går i opplag, at folk løyser konfliktar seg imellom framfor at advokatar gjer det, og at golfbanar blir til potetåkrar så snart dei er reine for plantegifter.

Arbeidarimperialisme

No møter me eit anna svar frå folk som kallar seg venstre. Norge må utvikle ny eksportindustri etter oljen, havvindanlegg og lågutsleppsferjer til dømes. Ikkje fordi me treng meir straum og ikkje fordi me skal eksportere straum, men for at me skal sikre arbeidsplassar med å eksportere ferdigvarer.

Prøv å overføre tenkinga til husbygging. Me bør reparere framfor å byggje, men me treng også nye hus. Me kan setje opp husa dei der dei skal stå, med lokale materialar og lokale arbeidsfolk. Eller me kan kjøpe ferdige husrom frå Kina og bolte dei saman. Kina har, som Norge, dyktige fagfolk. Låge lønner, harde arbeidsforhold og veike miljøkrav er deira konkurransefordelar, liksom oljefondet er vår.

Stundom tenkjer eg som skriv dette, at norske venstreparti har skifta side. Først tappe naturressursar for all tid, så bruke av pengane det gir, til å utkonkurrere arbeidskameratar i fattige land. Det er det motsette av arbeidarsolidaritet.