Bokmelding av Ingrid Baltzersen
Denne boka er laga av ein amerikansk professor i antropologi,og handlar om ei undersøking ho gjorde av homofile og lesbiskei området rundt San Francisco, the Bay Area, intervju hostarta midt på 80-talet. Dette burde gjera boka ganske smal,ho handlar om homofile og lesbiske i eit anna land, for nokreår sidan. Det som gjorde meg interessert i boka, var undertittelen:»Lesbians, Gays, Kinship». Undersøkingane hogjorde handla om korleis lesbiske og homofile såg påslektskap, og kven dei kalla familie. Dei undersøkinganesynest eg er ganske aktuelle, både for homorørsla,men òg for alle som vil oppløysa familien, og laganoko nytt. For kva vil det nye bli?
Boka var mykje meir lettlest enn det eg hadde trudd. Ho erikkje skriven som ei rein antropologioppgåve, men som eifagbok med mange personlege innspel. Kath Weston har drive medantropologi i sitt eige samfunn, så det er ikkje såmerkeleg at ho har ein del personleg å sei om det. Forfattarenhar lagt vekt på klasse-, kjønns-, etnisk- og aldersperspektivi framstillinga av samfunnet, noko som gjer undersøkinganemeir fullstendige.
Boka handlar om korleis lesbiske og homofile familiar er organiserti the Bay Area i USA, ideologien rundt det og historia til dessesamfunna. Etter 2. verdskrig flytta fleir og fleir homofile oglesbiske til the Bay Area, myke fordi dei var «flyktningar»frå dei landsbyane og byane dei kom frå, dei villevera homofile og lesbiske i fred. På 50- og 60- talet utviklahomofile menn terminologi på slektskap, dei var alle brør,systre og vener. På den same tida fanst «mentor»,eit ikkjeseksuelt forhold mellom to menn, der «mentoren»introduserte ein yngre mann til «livet». Etter kvartvart brør og systre ord heile det homofile og lesbiskesamfunnet bruka, og det å sei at ein var lesbisk eller homofilvar det same som å sei at ein var i familie med alle homofileog lesbiske. På 80-talet mista dette litt meining, ein fannut at ein ikkje hadde noko til felles med alle homofile og lesbiske,og ideologien rundt «valgte familiar» vaks sterkare.
«Valgte familiar» er familiar av vener, vener somhar eit forpliktande forhold til kvarandre laga av tid og detein har gjennomgått saman, omtrent som biologiske familiebåndvert laga. Dei homofile og lesbiske som flytta til the Bay Areaetter 2. verdskrig flykta ofte frå dei familiebåndadei hadde, eller hadde dårlege familieband på grunnav avstand og manglande nærleik og forståing. I detsamfunnet dei laga i the Bay Area fann dei etterkvart nokon deivalgte å kalla familie. Det spanande med dette er ikkjeat det hendte, men ideologien som dei bygde rundt det, det atdei tok i bruk ordet familie for venene sine. Det som òger spanande er at desse familiane ikkje er bygd rundt eit tosomtpar, slik som dei heterofile familiebanda ofte er, dei seksuellebanda vert ofte i desse familiane sett på som mindre stabileenn venskapsbanda. Desse familiane passar ikkje i det heile tattmed det amerikanske samfunnet, og krasjer ofte med det heterofilesamfunnet i kriser. Til dømes har det vore mange sakeri USA der kjærasten eller «den valgte familien»vert utestengd frå sjukeleiet til sine nermaste eller fellesborn når dei biologiske slektingane trør til. Eitproblem med arbeidet for «borgarlege rettar» for homofileog lesbiske i «valgte familier» er at jusen og samfunnetgenerelt ikkje kan bruka systema sine på dei. Det er enklareå gje homofile og lesbiske rett til å gifta seg ennå gje juridiske rettar til vener foran biologiske slektningar.Dette vil påvirka korleis homofile og lesbiske organisererfamilielivet sitt i framtida. Forfattaren skriv at viss ein skalta vare på potensialet ein har i dei lesbiske og homofilefamiliane, må ein vera merksam på kulturell kontekstnår ein utformer lovverket og praktiseringa av det.
Forfattaren ser på korleis aids, baby-boom osv. påvirkardet homofile samfunnet, og «dei valgte familiane». Hodrøftar ulike utsegn om korleis desse samfunna utviklarseg, til dømes om det at homofile og lesbiske fårungar vil endra desse familiane, om ulik lovgjeving vil påvirkafamiliane i ein bestemt retning osv.
Desse samfunna oppstod fordi homofile og lesbiske flykta fråder dei budde til San Francisco-området, og laga seg eitsamfunn der. Det kan godt vera at dei vil meir eller mindre assimilerastinn i det heterofile familiemønsteret viss det åvera homofil og lesbisk vert godteken med visse avgrensingar.Men det er eit spanande samfunn der dei har praktisert nye familieformeri stor stil, og laga ein ideologi rundt det. Og det burte veramogleg å læra av dei negative og positive erfaringanedei har fått.