Ukategorisert

Islamismen (omtale)

Av

Magne Hagesæter

Bjørn Olav Utvik:
Islamismen
Unipub forlag, 2011

Bjørn Olav Utvik er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og har forska på dette temaet i 20 år. Han har sjølv møtt mange av dei mest leiande islamistane, samt mange av deira motstandarar, personleg. Resultatet er ei svært grundig oversikt over politisk islam i Midtausten. Boka presenterer eit mangfoldig og komplekst politisk landskap, prega av ideologisk utvikling og nytenking, usemjer og splittingar.

Forfattaren presenterer ei politisk rørsle som i hovudsak speler ei demokratiserande, moderniserande og frigjerande rolle for folk i Midtausten. Konklusjonane i boka er stundom den rake motsetninga til den dominerande framstillinga vi har fått gjennom både tabloidmedia og mange sentrale akademikarar dei siste åra, særleg etter 11. september.

Byrja som studentrørsle

Utvik meiner den dominerande posisjonen islamistane har i Midtausten i dag er eit resultat av ei utvikling som byrja på 70-talet. Han knyttar denne revitaliseringa av religionen hovudsakleg til den nye studentrørsla som vaks fram som følgje av at utdanning brått vart opna opp for større lag av befolkninga på 70-talet.

Egypt, Iran og Tyrkia, tre land der islamistar speler viktige, og heilt forskjellige, roller, har fått eigne kapittel. Særleg aktuell er presentasjonen av det muslimske brorskapet i Egypt og deira forhold demokrati og modernisering i landet. Islamistane sitt forhold til modernisering, demokrati og likestilling blir óg drøfta særskilt seinare i boka.

Radikalisering?

Utvik sler hol på myta om at islamismens utvikling sidan 1970-talet handlar om radikalisering. Han syner derimot at studentrørsla i Egypt på 70-talet i hovudsak valde fredeleg reformarbeid i staden for væpna jihad.

Det vi vanlegvis høyrer mest om i høve politisk islam, Jihaditendensen og Al-Qaida, har alltid utgjort eit lite mindretal. Ifølgje boka er denne tendensen på retur i heile Midtausten, hovudsakleg fordi deira kamp ikkje er retta inn mot å løyse dei problema som befolkningen står ovanfor.

Utvik syner kvifor det er meiningslaust å skjære organisajsonar som Brorskapet og Al-Qaida over same kam, og dreg følgjande parallell: «I sin forenkling tilsvarer det om man i 1970-åra ville sidestille Vest- Tysklands mangeårige statsminister Willy Brandt med den tids erketerrorist Andreas Baader av den grunn at de begge var sosialister og som sådanne kunne anses å `ha samme mål´». Utvik trekk parallellen lengre: «For hvis den som ønsker å forstå hva som rører seg i den islamske verden, fokuserer blikket på Bin Laden og Zawahiri, tilsvarer det en som ville forstå Tysklands politiske utvikling i syttiåra gjennom å sette seg inn i Andreas Baaders tanker heller enn å vie oppmerksomheten til sosialdemokratene og Willy Brandt».

Islamismen rettar seg i hovudsak mot studentar og Midtausteninteresserte. Samstundes er boka ein viktig reiskap for å motvirke den desinformasjonen som stadig vert presentert om politisk islam.

Magne Hagesæther