FØRSTEGANGSTJENESTEN OG NORSK EKSEPSJONALISME

Av Vegard Holtås

2020-01

I desember 2019 blei serien Førstegangstjenesten lansert på NRK. Serien er ein «karakterdrevet humorserie», med alle dei fire hovudrollene spelt av Herman Flesvig. Eg vil setje serien inn i ein kontekst med norsk eksepsjonalisme, og behovet for å legitimere det norske forsvaret i ei tid med opprusting og spenningar mellom imperialistblokkane. Dette er ikkje meint som ein inngåande analyse, men eit utgangspunkt for diskusjon om kva rolle underhaldning og kultur har for å skape ideologisk hegemoni.

Foto: NRK
Av Vegard Holtås, sit i landsstyret og studieutvalet til Raud Ungdom. Til vanleg er han lektorstudent ved Universitetet i Bergen.
Ein tidlegare versjon av artikkelen er publisert på nettsida raudtid.no.

HANDLING OG TEMA

Per 11. januar 2020 har det kome to episodar av serien. Handlinga følgjer fire ungdommar som nettopp har byrja i førstegongstenesta

– NRK si eige serieskildring kallar dei «[e]n krigsentusiast, en bortskjemt russ, en kvinnelig mannssjåvinist og en hvit flerkulturell rapper.1

Det sentrale temaet som driv handlinga fram- over er at dei fire karakterane på ulike måtar kjem i konflikt med Forsvarets disiplin, kultur, verdiar eller oppgåver. To døme kan vere når krigsentusiasten Ahre-Ketil Lillehagen forsøker å ta med eit stort tal personlege våpen inn i tenesta og får dei konfiskert på veg inn, eller når den kvite rapparen Ola Halvorsen blir tvungen til å ete opp ei brødskive med brunost, fordi ein ikkje skal kaste mat ein har forsynt seg med. Det er i kontrasten mellom kva karakterane gjer, og kva som er forventa av dei, at serieskaparane sitt syn på Forsvaret kjem fram.

NORSK EKSEPSJONALISME

Det er naudsynt å gjere kort greie for kva som er meint med eksepsjonalisme og ideologisk hegemoni. Omgrepet eksepsjonalisme blir gjerne brukt i ein US-amerikansk kontekst, og viser då til ulike måtar USA og US-amerikansk kultur blir framstilt som betre enn andre land og kulturar. Den norske eksepsjonalismen er tilsvarande, og framhevar det som er spesielt bra med Noreg. «Det er typisk norsk å vere god», frå Brundtlands nyttårstale i 1992, fangar essensen i dette. Den norske eksepsjonalismen gir opphav til ei oppfatning om at den norske staten er «snillare» enn andre statar og at det norske militæret har gode hensikter i grunn. Ei liknande oppfatning kan kome til syne i sam- taler om politiet. Eg har opplevd at folk seier slikt som «det er frykteleg at politivald skjer i USA, men slikt skjer nok ikkje i Noreg».

Ideologi blir i vanlege samanhengar brukt om alle meir eller mindre samanhengande tankesystem, gjerne i politisk samanheng. I ein marxistisk forstand er ideologi eit tankesystem som gjenspeilar og legitimerer det beståande samfunnet – ein slags «falsk bevisstheit» som former vår måte å sjå verda på. Dette heng saman med teorien om basis og overbygning: Dei økonomiske forholda i samfunnet er basis, og oppå denne grunnmuren reiser det seg ei overbygning som vernar om han. Overbygninga består av lovar, statlege institusjonar, militæret og den dominerande ideologien i samfunnet. «I kvar epoke er tankane til herskarane dei herskande tankane»2. Louis Althusser utdjupa Marx sin ideologikritikk, og lanserte teorien om ideologiske statsapparat. Desse eksisterer for det meste uavhengig av det repressive statsapparatet (militæret, politiet, det borgarlege rettssystemet) og har til felles at dei på ulike måtar formidlar og praktiserer borgarleg ideologi3. Kyrkja har stått som det klassiske dømet på dette, men NRK (og media elles) kan nok i like stor grad sest på som eit ideologisk statsapparat. Althusser anerkjenner at det skjer (klasse)kamp i dei ideologiske statsapparata. Derfor kan progressiv kultur tidvis vinne fram i enkelte medium, men dette er unntaket heller enn regelen.

FØRSTEGANGSTJENESTEN SIN IDEOLOGISKE FUNKSJON

Korleis bidrar så Førstegangstjenesten til norsk eksepsjonalisme? Dette kjem mest tydeleg til uttrykk i ein scene i første episode. Lillehagen har forsøkt å leggje inn medbrakte våpen i depotet, og blir konfrontert av ein offiser som seier at «det forsvaret i all hovedsak dreier seg om, er fredsbevarende arbeid». Deretter: «målet vårt er å slippe å skyte». Krigsentusiast Lillehagen ender i andre episode opp med å bli kasta ut av tenesta, fordi han undergrev verdiane til Forsvaret. Denne framstillinga går hand i hand med Forsvarets eigen profil, og den dominerande oppfatninga om «Fredsnasjonen Noreg». Den implisitte bodskapen er at det norske Forsvaret er snillare enn militæret i andre land. Uansett kva som er motivasjonen til serieskaparane, speler serien ein ideologisk funksjon: å ufarleggjere det norske Forsvaret som fredsbevarande. Eg kan ikkje dokumentere noko samarbeid mellom NRK og Forsvaret i produksjonen av serien. Likevel kan ein tenkje seg at Forsvaret har lånt ut rekvisittar (våpen, uniformer) til innspelinga av serien. Det er slett ikkje uvanleg at militæret i eit land samarbeider med underhaldningsbransjen. Dette er spesielt kjent frå USA, og har gitt opphav til omgrepet  «the military-entertainment complex». Uansett kva som er tilfellet, er saka at serien samsvarer med Forsvarets behov for legitimering.

Serien inngår i ein breiare kontekst. For det første blir Forsvaret tettare og tettare integrert i NATO sitt krigsmaskineri. Den norske staten kjøper inn US-amerikanske F-35-jagerfly til milliardar av kroner – ikkje fordi desse er best eigna til å forsvare norsk luftrom, men fordi dei kan brukast i operasjonar i utlandet. Desse har Noreg allereie vore med på. Eit samla Storting opna i 2011 for at Noreg kunne delta i Libya-krigen, og sidan 2001 har Noreg vore blant landa som okkuperer Afghanistan. Samtidig er dette ei tid med aukande spenningar mellom dei ulike imperialistblokkane. Noreg er del av Atlanterhavsblokka under US-amerikansk leiing og grensar til Russland i aust. Av desse er den førstnemnte heilt klart den overlegne og mest aggressive. Den permanente

US-amerikanske basen på Værnes er ein del av NATO sitt basenettverk i Nord- og Aust-Europa, som innringar Russland. Forsvaret, NATO og det USA-vennlege norske borgarskapet har eit behov for å legitimere aktiviteten til Forsvaret og NATO sin aktivitet, og skape ei oppfatning om at «målet [til det norske Forsvaret] er å slippe å skyte». Forsvaret er og blir ein del av staten sitt valdsapparat, som i hovudsak forsvarer det norske borgarskapet sine interesser mot indre og ytre «fiendar».

Dette innlegget er ikkje ein freistnad på å ta tak i alle sider ved serien Førstegangstjenesten, eller gi ein detaljert kritikk av den norske eksepsjonalismen. Om dette kan vere ein inngangsport til å sjå kritisk på medieinnhaldet vi ser på og kulturen rundt, er målet mitt nådd. Eg krev ikkje at nokon skal slutte å sjå på Førstegangstjenesten, men eg håpar folk vil sjå på det med eit kritisk blikk. Så vidt eg veit er det ikkje mogleg å snakke om eit «militært underhaldningskompleks» i Noreg i dag, men det er nødvendig å vere varsame på framveksten av dette.

Noter

1 Det finst fleire andre kulturelle fenomen vi kan diskutere med utgangspunkt i karakterane. Spesielt synest eg den «hvit[e] flerkulturell[e] rapper[en]» Ola Halvorsen er interessant. En kommentator på Twitter (namnet har eg gløymd) meinte at dette er ein av få ærlege framstillingar av såkalla «innvandrarkultur», som klarer å unngå rasistiske fallgruver. Sjølv meiner eg at framstillinga baserer seg på rasistiske stereotypiar (til dømes at innvandrarar, spesielt somaliske, er redde for hundar), og at det faktum at karakteren er kvit i huda er eit tynt skjold mot kritikk. Dette er derimot utanfor tema for denne artikkelen.

2 Mi omsetjing frå engelsk utgåve på Marxist Internet Archive. Marx, Karl. The German Ideology. Marxist Internet Archive, henta 16.12.2019. https:// www.marxists.org/archive/marx/works/1845/ger- man-ideology/ch01b.htm

3 Althusser, Louis. «Ideology and Ideological State Apparatuses (Notes towards an Investigation). Marxist Internet Archive, henta 16.12.2019. https:// www.marxists.org/reference/archive/althusser/1970/ ideology.htm