Ukategorisert

Dikt. Mot sal av kropp

Av

Jørgen A. Strickert


 

På veggen heng det ei dame,
ho stortrivast, kan du sjå.
Ho er ein bikinireklame.
Ho er så frigjort, så!

På Narvesen hyler det mot oss:
-Kom og ta meg no!
Ein ideologi som fortel oss
at jenter er kjønn nummer to.

«Jamstelling», lyg barnelæra,
men damer i Noregs land
vil sloss til kvart kvinnfolk i verda
er frigjort frå stat og mann.

Kroppen din er kun ein vare
på storkapitalen sin disk.
Og sånn vil det rekke og vare
så lenge det er lurt å vere grisk.