Den permanente revolusjonen

Av Terje Valen

1996-01


Trotsky har prega mykje av den forståinga den radikale rørsla har hatt av utviklinga av kapitalismen i «u-landa», «den tredje verda», «den perifere kapitalismen» eller kva vi no kallar det. Fordi vi ikkje har studert Trotsky sin teori, har vi heller ikkje hatt noe medvite forhold til han.

Eg skal sjå på det som kanskje blei Trotsky sin viktigaste teori, nemlig teorien om «den permanente» eller «uavbrotne revolusjonen». Denne teorien blei først utvikla på grunnlag av det som Trotsky oppfatta som ei «særeigen» utvikling i Russland.

«Den russiske revolusjonen har ein svært særeigen karakter som spring ut av den særeigne tendensen i heile vår sosiale og historiske utvikling, og dette i sin tur opnar heilt nye framtidsutsikter for oss.» (Den permanente revolusjonen, Pax 1971, side 138.)

Seinare gjorde han teorien universell, som ein teori for alle «de land som har en forsinket borgerlig utvikling, spesielt de koloniale og halvkoloniale land». (Pax 1971, side 138.)

Teorien spring ut av Trotsky sin oppfatning av den økonomiske og sosiale utviklinga i Russland, og av den politiske utviklinga som han meinte måtte følge av det. Han laga denne teorien i tida frå 1904 til 1909 i bøker som Resultat og perspektiv (utgjeve 1906 og 1919), Our Revolution (utgjeve i Russland i 1907) og 1905. Han skreiv også ei bok nærare 25 år seinare som han kalte Den permanente revolusjonen (utgjeve i 1930). Til saman legg han her fram ein teori om korleis kapitalismen utviklar seg i fattige land og korleis revolusjonane der må bli ut frå det.

Eg skal no prøve å samanfatte Trotsky sin teori og vise korleis han står i forhold til Marx og Lenin sine teoriar om det samme.

Eit av poenga mine er at Trotsky sin teori har prega mykje av den forståinga den radikale rørsla har hatt av utviklinga av kapitalismen i «u-landa», «den tredje verda», «den perifere kapitalismen» eller kva vi no kallar det. Fordi vi ikkje har studert Trotsky sin teori, har vi heller ikkje hatt noe medvite forhold til han. Å vere umedviten om grunnlaget for eigne teoriar er ikkje alltid like lurt.

Gamle Russland

I følge Trotsky var det gamle russiske samfunnet halvføydalt, svært tilbakeliggande og stilleståande. Det var ikkje så langt utvikla økonomisk og sosialt at kapitalisme kunne oppstå før etter ganske lang tid. Dei kapitalistiske spirene var mest ikkje til stades. Byane var utan borgarskap og mest utan småborgarskap. Bøndene gjorde handverket sitt osv. på gardane, dei var svært sjølvforsynte. Mot bøndene sto ein svært rik og mektig jordeigaradel. Istadenfor småborgarskap var det ein intelligentsia som hadde svært høgtflygande sosiale mål og som sto fjernt frå folket. Bøndene var oppsplitta og målet deira var å eige jorda si sjølv.

Den herskande klassen i dette samfunnet var jordeigaradelen. Tsarveldet var adelen sitt statsapparat. Borgarskapet eksisterte mest ikkje. Småborgarskapet var lite og svakt. Bøndene kunne ikkje bli noen samla politisk kraft på grunn av oppsplittinga si og drivet etter å gjøre jorda til privateigedom.

Inn i dette gamle samfunnet blei det plassert eit framandelement som samfunnet klarte å ta imot til ein viss grad. Det var den moderne industrialiseringa i byane. Tsarveldet trengte å produsere materiell til militærmakta si. Dei lånte pengar av storfinansen i utlandet for å opprette svære, relativt moderne fabrikkar. Dermed kom det inn eit element av moderne industri i det russiske samfunnet som skipla likevekta og forstyrra den «normale» utviklinga der.

Bøndene utarma

Avdraga og avbetalinga på dei store låna som tsarstaten tok opp, vegde tungt på budsjetta. Det førte til at staten la svært store skattar på bøndene. Dermed blei dei utarma. Bøndene blei drivne frå jorda. Landsbygda blei stadig meir tilbakeliggande og fattig. Den marknaden på landsbygda som var nødvendig for at kapitalismen skulle kunne utvikle seg på heimlig grunn, skrumpa stadig meir inn. Det måtte for det første føre til at kapitalismen ikkje kunne utvikle seg i Russland, og for det andre matte det uunngåelig føre til opprør. Revolusjonen ville altså komme på grunn av at landet som heilskap ble meir tilbakeliggande gjennom industrialiseringa. Dvs at han ville springe ut av ei utvikling som nødvendigvis måtte føre til abort og ikkje til føding av eit nytt samfunn.

I ei stor studie av Trotsky si sosiale og politiske tenking samanfattar Knei-Paz dette slik: «Det originale ved Trotsky finn vi i det faktum at han var i stand til både å bryte ut av Marx sitt historiske rammeverk og ut av Marx sin europeiske sjølvsentrering. Sjølvsagt hadde Trotsky den fordelen at han høyrde til ein forskjellig, og seinare, historisk epoke. Men dette var grunnen til at han nekta, sjølv om det ikkje var på ein heilt uttalt måte, å forbli låst innan Marx sine føresetnader. Det vil seie at han meinte at tidselementet var det avgjørande og han såg historia som noe som heile tida endra muligheitene i framtida. Slik forlet han fundamentalt sett bandet mellom det moderne samfunnet og kapitalismen, og meinte at det førstnemnde kunne bli nådd utan det sistnemde. Dette er også grunnen til at han, meir enn noen annan russisk marxist, var i stand, ikkje bare til å skilje mellom det industrielle samfunnet og kapitalismen, men også til å stille spørsmål ved om det var mulig at det sistnemnde i det heile kunne utvikle seg i Russland. I røynda hevda han at kapitalisme i seg sjølv ikkje utvikla seg og ikkje kunne utvikle seg, og at bare eit ikkje-kapitalistisk, delvis industrialisert samfunn var skapt.» (Knei-Paz, 1978, side 104.)

Det var ein form for «utvikling av underutvikling» Trotsky skildra her, sjølv om han ikkje brukte desse orda. Det var økonomane Celsa Furtado, Theotonio Dos Santos, Fernando Henrique Cardoso, Enzo Faletto, Andre Gunder Frank, Francois Perroux, Raúl Prebisch, Arghiri Emmanuel og Samir Amin som seinare utvikla desse omgrepa. Men desse trakk motsette konklusjonar av Trotsky når det galdt kva løysning dei fattige landa måtte søke. Dei meinte nemlig at dei fattige landa sin økonomiske «avsondring» frå dei rike, var den einaste vegen til framgang.

Men la oss fortsette med å følge Trotsky sitt resonnement. Fordi staten hadde kommandoen over den nye industrien, vaks det heller ikkje i den moderne sektoren opp noe borgarskap å snakke om på grunnlag av industrialiseringa. Derfor fanst det ikkje noe borgarskap som kunne gå i spissen for ein klassisk borgarlig revolusjon etter fransk mønster.

Men industrialiseringa førte til framveksten av eit svært konsentrert proletariat i byane. Her var den krafta som kunne gå i spissen for ein revolusjon.

Samanhengande revolusjon

Denne revolusjonen ville bli ei blanding av ein gamal bonderevolt, ein borgarlig revolusjon og ein moderne proletarisk, sosialistisk revolusjon. Desse revolusjonane ville bli «teleskopert» saman til ein samanhengande revolusjon under proletariatet si leiing. Det er første tydinga av permanent revolusjon.

I starten på denne revolusjonen ville bøndene støtte arbeidarane så lenge dei fekk ta jorda frå dei rike jordeigande adelsfolka og tileigne seg ho som si eiga. Men straks proletariatet var kommen til makta, måtte det – for at ikkje revolusjonen skulle stagnere på det borgarlige stadiet – gå vidare og bryte med dei borgarlige rammene. Proletariatet måtte altså gå til angrep på dei borgarlige rammene for revolusjonen. Dei kunne ikkje, etter sigeren i den politiske revolusjonen, halde oppe skilnaden mellom minimumsprogram (fridom, fred, brød og jord) og maksimumsprogram (sosialisme). Dei måtte til dømes kollektivisere jordbruket mot bøndene sin vilje. Det ville føre til opprør og borgarkrig. Dette er den andre tydinga av permanent revolusjon.

Fordi bøndene var i slikt enorm fleirtal, kunne ikkje det russiske proletariatet klare å gjennomføre kollektivisering av jordbruket med eigne krefter aleine. Derfor kunne ikkje revolusjonen vere innkapsla i eit land. Revolusjonen måtte gå ut over grensene sine og vekke arbeidarane i andre land også til dyst. Det russiske proletariatet ved statsmakta (proletariatets diktatur) måtte hjelpe proletariatet i andre land til å ta statsmakta der slik at dei kunne opprette proletariatets diktatur i eige land og så hjelpe det russiske proletariatet i kampen mot dei russiske bøndene som motsette seg kollektiviseringa. Slik ville det fortsette til revolusjonen hadde sigra i heile verda.

Det var ikkje mulig å bygge sosialismen i eitt land. Det kunne bare skje som ein verdsomspennande prosess der dei proletariske statane hjelpte proletariatet i dei andre til å ta statsmakta der. Først når dette hadde skjedd i alle land, var det mulig å bygge sosialismen. Derfor var sosialisme i eit land umulig. Dette er den tredje tydinga av permanent revolusjon.

Utviklinga i Russland

Trotsky bygde ikkje ideane sine på eigne studiar av utviklinga i Russland. Han las ein del kjende studiar av til dømes Miljukov og Tugan-Baranovskij som han behandla på kritisk vis, men noe virkelig stort empirisk materiale brukte han ikkje.

Lenin derimot, laga frå 1896 til 1899 ei stor studie av den økonomiske utviklinga i Russland (Lenin: The Development of capitalism in Russia.) Her gjekk han mot den framherskande teorien til narodnikarane. Narodnikarane meinte at utviklinga av den samfunnsmessige arbeidsdelinga, som kjenneteikna kapitalismen i Russland, ikkje hadde sprunge ut frå djupet av folket sitt eige liv, men at denne arbeidsdelinga blei pressa inn i folket sitt liv utanfrå, dvs frå utlandet og frå staten.

Narodnikarane hevda at den framveksande kapitalismen, på grunn av at han vaks fram avsondra frå jordbruket, ikkje kunne få realisert meirverdien på heimemarknaden. Vegen ut av vanskane var då å ta utanlandske marknader fordi kapitalistane ikkje kunne få realisert (seld) varene sine innanlands der marknaden rett og slett skrumpa inn på grunn av at bøndene vart ruinert. Men Russland var ein nykommar i kampen om utanlandske marknader og kunne ikkje klare å skaffe seg dei. Derfor var Russland dømd til å ikkje kunne klare å utvikle ein moderne kapitalisme.

Det var altså slike syn Lenin polemiserte mot i Utviklinga av kapitalismen i Russland. I denne boka finn vi den grunnleggande økonomiske analysen som Lenin bygde på, da han og bolsjevikpartiet utforma alle teoriane og politikkane sine. Dette er også den første store detaljanalysen av utviklinga av kapitalismen i eit «utviklingsland» basert på utanlandsk kapital og utbytting i imperialismen si epoke.

Studerte Kapitalen

Det var to viktige grunnlag for Lenin si bok. Det eine var Kapitalen av Karl Marx. Lenin diskuterte mange grunnleggande omgrep frå alle tre binda og særlig det tredje bindet som Engels hadde fått gitt ut i 1894. Ein stor del av dette bindet handlar jo om utviklinga av kapitalismen i jordbruket. Lenin var den første som både studerte denne boka og brukte ho som inspirasjon og rettleiing for å gå djupt ned i utviklinga av kapitalismen i eit «u-land». Det første kapitlet i Lenin si bok var da også ei samanfatning av heile Kapitalen sine konklusjonar med omsyn på korleis utviklinga av kapitalismen skapar sin eigen heimemarknad og omdannar alle delar av samfunnet.

Det andre grunnlaget var all den statistikk og alle dei opplysningane om den økonomiske utviklinga i Russland som Lenin kunne finne I løpet av denne tida studerte han og analyserte kritisk alt som var skrive om russisk økonomi. I boka blir over 500 forskjellige bøker, samanfatningar, vitskaplige avhandlingar, meldingar og artiklar nemnt. Før boka kom ut blei alle delar diskutert av kameratar, slektningar og venner.

Fordi svært få kommunistar i Norge har lese Lenin si bok (ho er ikkje omsett til norsk), skal eg referere dei viktigaste konklusjonane i ho. Det gjør det lettare å sjå forskjellen mellom Lenin si meining og Trotsky si.

Lenins analyse

Lenin konkluderer førstekapitlet om den marxistiske teorien utvikla i Kapitalen slik:

Den grunnleggande prosessen når det gjeld danninga av ein heimemarknad (dvs. utviklinga av vareproduksjon og kapitalisme), er den sosiale delinga av arbeidet. Denne består av ymse former for råvarebearbeiding (og ymse operasjonar i denne bearbeidinga), som skil seg ut frå jordbruket ei etter ei og blir sjølvstendige greinar av industrien som byttar produkta sine (som no er varer) mot produkt frå jordbruket. Slik blir jordbruket sjølv industri (dvs at det produserer varer) og den samme spesialiseringsprosessen finn stad her.

Ein direkte konklusjon av dette er at folkesetnaden veks fortare enn jordbruksbefolkninga og det leier ein stadig større del av folkesetnaden frå jordbruk til produksjonsindustri.

Dette skil den direkte produsenten (bonden) frå jorda og fører til overgang frå enkel vareproduksjon til kapitalistisk produksjon, det skaper heimemarknaden. Denne skapingsprosessen av heimemarknaden går i to retningar: På den eine sida er det slik at produksjonsmidla, som småprodusenten er fridd frå, blir omdanna til kapital i hendene på den nye eigaren og tener til å produsere varer. Dermed blir desse produksjonsmidla sjølv omdanna til varer. Dei dannar da ein marknad for produksjonsmiddel. På den andre sida må småprodusenten, når han er driven frå jorda, kjøpe dei forbruksmidla som han tidligare produserte til seg sjølv. Slik blir også desse forbruksmidla omdanna til varer. Dei skaper ein marknad for forbruksartiklar.

Vi kan ikkje forstå realiseringa (altså salet) av produktet i det kapitalistiske samfunnet (og følgelig realiseringa av meirverdien) utan av vi klarer opp to poeng. For det første at verdien av samfunnsproduktet, likesom det individuelle produktet, løyser seg opp i tre delar (konstant kapital + variabel kapital + meirverdi) og ikkje i bare i to (variabel kapital + meirverdi), slik som Adam Smith lærte oss og heile den skolen i politisk økonomi som kom etter han og før Marx). For det andre at dette sosiale produktet i naturforma si må delast inn i to store avdelingar: produksjonsmiddel (forbrukt på produktiv måte) og forbruksartiklar (forbrukt personlig). Ved å fastsette desse viktige konklusjonane blir Marx i stand til å forklare fullt ut den prosessen som realiseringa av produktet generelt og realiseringa av meirverdien særskilt innan kapitalistisk produksjon, går gjennom. Han avdekka det faktum at det er heilt gale å dra den utanlandske marknaden inn i problemet med å realisere (selje) det kapitalistiske produktet.

Marx sin teori om realiseringa kasta også lys på det nasjonale forbruket og nasjonalinntekta. Ut frå det som er sagt ovanfor, følgjer automatisk at problemet med heimemarknaden som eit åtskild, sjølvtilstrekkelig problem som ikkje avheng av graden av kapitalistisk utvikling, ikkje eksisterer. Derfor kjem ikkje dette problemet opp som eit sjølvstendig problem noen stad i den marxistiske teorien. Heimemarknaden dukkar opp når vareproduksjonen dukkar opp. Han blir skapt av utviklinga av denne vareøkonomien. Graden av utgreininga av den samfunnsmessige arbeidsdelinga bestemmer graden av utviklinga av heimemarknaden. Heimemarknaden sprer seg med utvidinga av vareproduksjonen frå produkt til arbeidskrafta. Jo meir av den samla arbeidskrafta som blir omdanna til vare, desto meir sprer kapitalismen seg til heile produksjonen i landet. Heimemarknaden utviklar seg i hovedsak på grunn av utviklinga av produksjonsmidla som opptar ein stadig større plass i det kapitalistiske samfunnet. Graden av utviklinga av heimemarknaden er graden av utviklinga av kapitalismen i landet. Å reise spørsmålet om grensene for heimemarknaden åtskild frå graden av utviklinga av kapitalismen (som narodnikarane gjør), er gale.

Derfor er spørsmålet om korleis heimemarknaden blir danna for den russiske kapitalismen redusert til følgande: «Korleis og i kva retning utviklar dei forskjellige delane av den russiske nasjonaløkonomien seg? Kva utgjør forbindelsen og samanhengen mellom desse delane?» (side 67-69).

Russisk storborgarskap

Og resten av boka bruker Lenin til å svare på desse spørsmåla.

Etter ein grundig gjennomgang og analyse av dei statistiske data han har, konkluderer han med at den virkelige utviklinga i Russland også følgjer dei allmenne byene for utviklinga av kapitalismen som Marx hadde oppdaga gjennom analysen av andre land. Og samstundes avdekkar han dei særeigne trekka som også virkar inn på utviklinga av kapitalismen i landet, dvs i eit spesielt utviklingsland i imperialismens epoke.

Han viser korleis dette fører både til polarisering i samfunnet som følge av proletariseringa og utviklinga av vareøkonomien i det heile. Men han viser også at kapitalismen utviklar seg heile tida på eit heimlig grunnlag som stadig blir utvida.

Han viser også at til tross for at det var mykje utanlandsinvestering i Russland, så vaks det fram eit eige russisk borgarskap som gjekk alle gradar frå småprodusentar til eigarar og/eller leiarar av store industri- og handelskompleks. Undersøkinga er så detaljert at han også namngir mange av dei. Ja, han viser beint fram at utanlandsinvesteringane i hovedsak fremma veksten av vareøkonomien og marknaden, trekte til seg delar av den overflødige folkesetnaden på landsbygda og var med på å skape kapitalistiske tilhøve, og dermed borgarskap, i heile Russland.

Han går i stor detalj inn på den grunnleggande omdanninga til kapitalistisk jordbruk som foregår over heile Russland, sjølv i område der narodnikarane ikkje såg noe teikn til slikt. Særlig går han inn på alle dei mellomformene mellom bonden og industriarbeidaren som vi finn i slike land (husmennene i Norge er eit heimlig eksempel). Og han viser korleis noen av bøndene blir omforma til kapitalistar.

Ut frå dette konkluderte Lenin at kapitalismen utvikla seg over alt i Russland. Det faktum at bøndene blei driven frå jorda, gjorde det nett mulig å bygge opp ein heimemarknad for kapitalismen. Desse folka trong nemlig jobbar, som dei til dels fekk i dei nye fabrikkane, eller dei trong pengar for å skaffe seg det dei skulle leve av. Slik blei ein heimemarknad skapt.

Trotsky mot Lenin

Eg meiner at Trotsky overtok sentrale delar av narodnikarane sin økonomiske analyse av Russland. (Akkurat som han hadde mykje til felles med dei i synet på partiet.)

Om studien til Lenin gir eit i hovedsak rett bilete av den økonomiske utviklinga i Russland på denne tida, så viser det at Trotsky overvurderte noen trekk av utviklinga og oversåg andre. Lenin meinte både at det vaks fram eit borgarskap i Russland som var sterkare enn det Trotsky trudde, og at det vaks fram ein virkelig kapitalisme med samme grunnleggande trekk som i dei eldre kapitalistiske landa. Lenin såg også det tilbakeliggande i Russland, og påviste at den kapitalistiske utviklinga derfor gjekk svært seint etter europeisk målestokk, men at ho akselererte og ikkje var til å oversjå.

Derfor hadde Lenin også eit meir edruelig syn på proletariatet, som han meinte hadde både styrker og veikskapar. Mens Trotsky, ut frå personlig erfaringar i dei seks vekene i 1905 då han leia sovjetet i St.Petersburg, trakk den konklusjonen at proletariatet i ein revolusjonær situasjon sjølv skapte si eiga leiing på staden og på kort tid, så meinte Lenin at det var eit langvarig og møysommelig arbeid å bygge opp ei slik leiing, det kommunistisk partiet.

Det er grunnen til at Lenin, som vi veit, også held mange fleire muligheiter opne når det galdt den politiske utviklinga i Russland, enn Trotsky gjør.

Til slutt kan det verd på sin plass å nemne at Trotsky las Lenin si bok da han sat i fengsel første gong, like etter at boka kom ut. Trotsky sine arbeid var derfor eit slags motsvar mot Lenin si bok, sjølv om han aldri sa det.

Samir Amin

Narodnikarane og Trotsky sitt syn på utviklinga av kapitalismen i «fattige» land har danna utgangspunkt for eit einsidig og dermed feilaktig syn på utviklinga av kapitalismen i verda, eit syn som Samir Amin har vore ein viktig representant for.

Dette synet har også vore utgangspunktet for to einsidige og dermed feilaktige idear om korleis dei «fattige» landa kan bryte med kapitalismen og utvikle produksjon og velstand. For det første ideen om «den permanente revolusjon», og for det andre ein ide om at dei fattige landa sin «avsondring» frå verdsmarknaden skulle vere nødvendig. Den første ideen er feil i alle tilfelle. Den andre kan vere rett i noen tilfelle, i noen periodar, men blir feil dersom han blir sett opp som ein universell regel. Dessutan gir det illusjonar om at land kan «avsondre» seg frå verdsmarknaden også utan sosialistiske revolusjonar. Avsondringa blir derfor eit kjernepunkt i din reformisme som hindrar utviklinga av revolusjonære rørsler.

Trotsky meiner også at den føydale staten kan tre istadenfor borgarskapet når det gjeld utviklinga av industrialisering. Med det opnar han for at ein ikkje-borgarlig stat kan gå i spissen for utvikling av ein slags ikkje-kapitalistisk kapitalisme. Dermed har vi utgangspunktet for det som seinare er blitt kalt «statisme» som Samir Amin har brukt om Sovjet og liknande statar. Dette omgrepet, som inneheld ei viktig del sanning, tillet, dersom det blir tatt for heile sanninga, ei samanblanding av føydalisme, kapitalisme og sosialisme ut frå ideen om at dei alle har statsapparat som handlar svært uavhengig av klassane i samfunnet.

Her, som mange andre stader, blandar Trotsky saman ulike prosessar og motsetningar. Skildringa hans av den økonomiske utviklinga i Russland tyder av og til på at han meiner at kapitalismen utviklar seg der, andre gonger tyder ho på at det er ei ikkje-kapitalistisk industrialisering som utviklar seg. Han blandar saman utviklinga av kapitalismen i Russland med ikkje-utviklinga, ja, jamvel med avviklinga av han.

To slag revolusjonar

Dette fører og til at han også blandar saman den borgarlige og den proletariske revolusjonen. Det gjør han ved å trylle vekk borgarskapet og gi proletariatet borgarskapet sin plass i revolusjonen. Dermed blandar han saman borgarskapet og proletariatet si rolle også.

Ved at han blandar saman desse revolusjonane, oppløyser han også forskjellen mellom det såkalla minimumsprogrammet (det som ein kan oppnå innan ein bestemt strategisk fase i kampen) og maksimumsprogrammet (det endelige målet for heile kampen). Dette er bakgrunnen for den seinare utviklinga hans av det såkalla «overgangsprogrammet» som skal innehalde punkt både frå maksimumsprogrammet og minimumsprogrammet. Når ein gjør det, kan ein sleppe å snakke om det langsiktige målet, for det vil arbeidarklassen komme fram til forståing av sjølv, når dei sloss for mål som dei ikkje kan oppnå under den framherskande tilstanden.

Dette er eit uttrykk for både undervurdering og overvurdering av arbeidarklassen, på samme tid. For det første så lurar ein jo folk med på noe som ein reknar med skal ende ein heilt annan plass enn det ein seier til dei. Det tyder at ein lyg for ikkje å støte folk frå seg. For det andre trur ein at kampen for desse krava, vil føre til at arbeidarklassen av seg sjølv utviklar eit kommunistisk medvit. Dette fører også til, eller heng saman med, samanblandinga mellom front og parti. Noe som splittar alle forsøk både på å skape det dine og det andre. I følge Lenin er det også ei overvurdering av arbeidarklassen. Og derfor endar trotskismen opp i ein blanding av aksjonisme og reformisme, ofte krydra med sterkt revolusjonær retorikk.

Strategi og taktikk

Eit anna resultat av denne ideen er at eit revolusjonært kaderparti som må byggast opp litt etter litt over lang tid, ikkje er nødvendig. Arbeidarane vil jo skape si eiga leiing når det er naudsynt.

Med denne haldninga blandar Trotsky også saman strategi og taktikk, akkurat som dei fleste i den progressive rørsla i Norge i dag. Når leiinga i Nei til EU sa at dei snakka om strategi, så snakka dei som regel mest om taktikk, og litt om ei uspesifisert blanding av begge delar. I AKP er det også vanlig å snakke om strategi i dag når vi planlegg ein 3-5 år fram i tida. Men det er nesten bare taktikk som blir diskutert.

Skal vi snakke strategi, må heile kampen fram til og med målet, kommunismen, vere utgangspunktet, så må vi gå inn på dei store strategiske fasane i heile denne kampen, og så diskutere nærare den fasen vi er inne i no. Dette siste er ein taktikkdiskusjon sjølv om mange faktisk trur at vi diskuterer strategi. I dag driv vi for det meste på med det. Det er ein viktig grunn til at vi ikkje kjem vidare i den heilt nødvendige marxistiske renessansen og den kommunistiske offensiven.

Før vi har klarheit om målet og strategien, drar taktikkdiskusjonane i reformistisk retning – og i retning trotskismen. Det var derfor Trotsky også blei kalt den store fredsmeklaren. Han erkjente ikkje dei viktigaste skilnadene. Dermed kunne han ikkje trekke klare skiljelinjer i store teoretiske, politiske og taktiske spørsmål. Følgen blei at den teoretiske og ideologiske striden kom til å dreie seg om småsaker. Derfor drukna han oftast i det organisatoriske og daglige strevet og kunne ikkje fungere som einskapelig og samlande kraft. Dette er ein type fred som skapar splitting. Derfor er også trotskismen kjent for alle splittingane og all kranglinga si.

Ulike slag parolar

I tillegg får vi ei samanblanding av propaganda-, agitasjons- og handlingsparolar. Desse omgrepa har den revolusjonære rørsla i Norge studert så lite at vi knapt er medviten om forskjellen, og kor skjebnesvangert det er å gå feil her.

Dessutan blandar Trotsky saman kommunismen sin første og politiske fase (dvs sosialismen), med kommunismen sin andre og sosiale fase. Det er derfor han kjem fram til at sosialismen ikkje kan sigre i eit enkelt land. Hadde han sagt at den sosiale kommunismen ikkje kan sigre i eit enkelt land, ville eg ha vore samd med han. Men når det gjeld sosialismen (kommunismen sin politiske fase) er det annleis. Her er muligheitene mange dersom det leiande partiet i kvar strategiske og taktiske fase veit å halde seg innan minimumsprogrammet med handlingsparolane, direktiva og ordrane sine og utviklar ein skikkelig propaganda og agitasjon som går utover desse, både når det gjeld alliansar med store delar av bøndene og andre saker.

I tillegg til dette skapar Trotsky grunnleggande forskjellar som ikkje finst. Til dømes mellom utviklinga av kapitalismen i dei «koloniale og halvkoloniale» landa og i dei «rike landa». Istadenfor eit mangfald av vegar frå det gamle samfunnet til det kapitalistiske, så skal det bare vere to, ut frå om landet høyrer til den eine eller den andre av desse kategoriane.

Alt dette kan han sjølvsagt bare gjøre ved ikkje å ta skikkelig omsyn til empiriske fakta. Derfor var det Lenin og ikkje Trotsky som tok det enorme arbeidet med å samle og analysere alle dei opplysningane som fanst om økonomien i Russland. Derfor var det Lenin og ikkje Trotsky som tok den enorme jobben med å analysere utviklinga av imperialismen i verda. Det samme galdt studia av den moderne filosofien på den tida, empirio-kritisismen og fleire andre område.

Ein annan grunn til at Trotsky kunne gjøre dette, var at han ikkje tok så tungt på å studere og diskutere Marx sine tekstar, fordi dei likevel bare var ei «vegleiing til handling». Derfor var det mykje meir nødvendig å vere sjølvstendig og ta utgangspunkt i eigne erfaringar. Denne sanninga vil, dersom ho blir gjort til den einaste sanninga, føre til studiefiendligheit og hindre alt seriøst arbeid.

Alle desse veikskapane ved Trotsky sine tankar fører sjølvsagt til mangel på einskap om eit felles mål og til sprenging av alle taktiske alliansar som må til for å vinne kvart enkelt slag i den langvarige kampen for kommunisme.

La meg heilt til slutt sjå på sjølve omgrepet «permanent revolusjon» eller «uavbroten revolusjon». Det er sant at Marx brukte dette omgrepet noen gonger. Men han meinte noe anna enn Trotsky med det. Marx meinte at menneskesamfunnet var inne i ei omformingsperiode som ikkje kunne stanse før den sosiale kommunismen var eit faktum.

Men for Trotsky var dette eit omgrep som blei brukt til å sause saman dei særeigne revolusjonane som kjenneteiknar kvar etappe i utviklinga, og til å lage ein lang krig der dei statane der proletariatet hadde tatt makta skulle slåss mot dei statane der borgarskapet hadde makta, slik at proletariatet der kunne ta makta.

Han skjønte ikkje at det ville føre til at borgarskapet i desse statane til dømes kunne mobilisere store delar av proletariatet til kamp mot angriparane, til støtte for den eigne nasjonen og at det raskt ville føre til at dei sosialistiske statane ville bli lagt under veldet til dei rike statane igjen. Han skjønte heller ikkje at det ville føre vidare den militærpolitikken som tsaren førte, og som utarma landet økonomisk og skapte ein offensiv hær for oppdrag i utlandet framfor ein hær som var skreddarsydd til å forsvare den sosialistiske staten.

På bakgrunn av dette vil eg hevde at trotskismen ikkje har stort anna enn frasar til felles med den typen marxisme som Marx utvikla. Og at oppslutning om Trotsky sin trotskisme vil virke øydeleggande på kampen for kommunismen. Dessutan vil eg hevde at vi er under djup påverknad av mange trotskistiske idear. Det er ikkje lurt.

Litteratur:
  • Leo Trotskij: Resultat og framtidutsikter, Bokförlaget Röda rummet, 1983
  • Leo Trotsky: 1905, Penguin Books, 1973
  • Leo Trotskij: Den permanente revolusjon, Pax forlag, 1970
  • Baruch Knei-Paz: The Social and Political Thought of Leon Trotsky, Clarendon Press, 1978
  • W I Lenin: The Development of Capitalism in Russia, Collected Works, bind 3, Progress Publishers 1964