Debatt: Hva slags forsvar duger for folket?

Av Ein soldat på Andøya

1974-02

I Røde Fane 1/74 tok vi opp klassekarakteren til det norske forsvaret, grunngav kvifor partiet fremjer parolen: «Ingen løyvingar til det borgarlege militærstellet» og vende oss mot tanken om at det lar seg gjere å kjempe fram eit nasjonalt forsvar under diktaturet til det imperialistiske monopolborgarskapet.

Her prentar vi eit innlegg frå ein soldat som har innvendingar mot dette synet, med eit svar frå ein kamerat i Raud Ungdom. Soldaten har før hatt innlegg om dette i Klassekampen.

Vi oppmodar folk til å ta del i denne debatten, og å skaffe seg studieheftet «En revolusjonær militærpolitikk», som kjem ut på Oktober i næraste framtid.

Om militæret og Norge

I Klassekampen nr. 4/74 la eg fram argument mot AKP(m-l)s parole «Ingen løyvingar til militærstellet». I same nummeret og nummeret etter kom det to innlegg med innvendingar mot synspunkta mine. Usemja gjeld i sær to ting:

1) Kan staten og forsvaret i Norge blinasjonalt?

2) Kva for militærpolitikk når vi lengst med?

Her skal eg grunngje standpunktet mitt grundigare enn det er plass til i ein avisartikkel. Eg ser gjerne at det kan kome i gang debatt om desse spørsmåla frametter.

Staten og offiserskorpset

Dei to skriv at staten er monopolkapitalen sin stat, og han kan difor ikkje pressas til å tene folket. I staden vil eg ordleggje meg slik: Staten tener i hovudsaka borgarskapet (som kan delas i ei mektig, ikkje-nasjonal gruppe og ei veikare, nasjonal gruppe). Røynslene t. d. frå Syria, Egypt og Island syner at ein borgarstat i vår tid kan ha interesse av eller pressas til å fungere nasjonalt i konfliktar der landa er truga.

AKP går inn for å presse staten slik, med utmelding av NATO, utviding av fiskerigrensa og nasjonalisering av utanlandsk eige i Norge. I den mon krava vinn fram, handlar staten i strid med imperialistinteressene. Dette er viktig i ei verd som er kløyvt mellom imperialismen på eine sida og undertrykte land og folk på hi.

I offisersleiinga sit folk som er knytte til norske storfolk elles, til NATO og Pentagon. Det norske folket er ikkje deira vener. Regjeringa er deira ven så lenge ho fører ein politikk dei syns om. Viss ikkje, kan offiserane prøve å rive styringa frå Storting og regjering om dei trur dei maktar det. Offiserane kan vi aldri ha full tiltru til.

To dilemma for borgarskapet

Men offiserane er ikkje åleine i militær-apparatet. Det er og lågare befal og soldatar der, og dei er mange gonger fleire i tal. Lågare befal har stort sett tronge kår og manglar politiske rettar. Dei har eigentleg interesse av å gå saman med andre småkårsfolk i samfunnet mot dei store og i forsvaret av landet. Politisk er stordelen av dei lite medvitne. Soldatar flest er bra folk. For å forsvare seg og sitt må såleis borgarane nytte folk som soknar til andre klasser enn dei og har andre interesser. Desse må dei gje militær opplæring og våpen. For at våpna skal bli nytta slik borgarane vil, prøver dei å dressere og styre soldatar og lågare befal og leggje all styringsmakt til Forsvarets Overkommando og NATO-nord, der pålitelige folkefiendar sit. Men dei ottas alltid at våpna skal snuas rette vegen.

Dette — at dei må nytte befal og soldatar frå folket – er eit dilemma for borgarane.

Koss får dei folk til å godta militærapparatet? Dei gjer det med å gje «forsvaret» eit skin av å vera eit nasjonalt forsvar. Såleis skriv Morgenbladet varmt om å forsvara Norge, sjølv om dette majororganet har gått inn for å selja landet i over 100 år. Den patriotiske grunngjevinga og presset frå folket inneber og at «forsvaret» må ha visse element som især kan tene eit forsvar av Norge mot åtak utanfrå. Heimevernet vart innført med press nedan frå etter Milorg-røynslene frå krigen. Fordi det vil vekkje motstand og fordi klassekarakteren til militæret då vil bli klårare, kan ikkje HVfjernas. Oslo-soldat meiner eg tek i miss når eg skriv at HV vanskeleg kan nyttas mot folket. Men HV-soldatane er inne til tenest ei eller to veker i året, og svært få arbeidarar og bønder i Norge let seg hente rett frå arbeidsplassane for å slåst mot arbeidskameratane sine.

Dette – at «forsvaret» må ha eit skin, men og eit islett, av nasjonalt forsvar – er eit anna dilemma for (den ikkje-nasjonale delen av) borgarskapet.

Eit døme

I 1882 planla statsminister Selmer, Oscar II og ein del storborgarar og høgare offiserar statskupp i Norge for å hindre at parlamentarismen vart innført og for å gjera landet til eit svensk lydrike. Underoffiserar og befal elles stilte seg derimot i hovudsaka på det norske folket si side. Bl. a. brukte mange av dei kunnskapane sine som instruktørar i dei friviljuge skyttarlaga. Folkemakta voks, slik at kuppplanane laut leggjas vekk.

Kva for politikk fører fram?

Eg meiner vi veikjer kontrollen dei reaksjonære offiserane har over militærstellet best om vi krev norsk militærpolitikk endra etter desse retningslinene:

  1. Militæret må vera eit forsvar av Norge mot framande krigsmakter.
  2. Militæret må aldri brukas mot det norskefolket.
  3. Militæret må ikkje kunne brukas i åtak på andre land og folk.

Kvifor når vi lenger då enn med kravet om at løyvingane skal vekk? For det fyrste fordi vi kan krevja strukturen i militæret endra på eit vis som veikjer offiserskontrollen og styrkjer dei bra sidene ved militæret. Eit døme på det er kravet om omlegging til folkeforsvar der våpna høyrer folket til (i 1882 fjerna offiserane sluttstykka på våpna i mange militære depot). Eit anna er om vi krev at alt militært personell i Nord-Norge skal arbeide ein månad med å forlengje Nordlandsbanen i staden for det sprøytet vi må gjennom i dag. Arbeidet vil gje viktige militære røynsler til eit landforsvar, og det vil styrkje banda til folket i området.

AKPs militærpolitikk overlet derimot i hovudsaka den indre utviklinga i «forsvaret» til reaksjonen. For ein kan ikkje både seia nei til militæret og krevja ei omlegging av militæret.

For det andre vil fleire stø krava. Liberalarar og sosialdemokratar flest er og redde militærkupp. Og dei vil forsvara Norge. Likeeins vil eindel lågare befal stø krava. Militærpolitikken til AKP no støyter derimot unna alt befal og gjer med det militæret til ein meir pålitleg reiskap for borgarane mot folket. Såleis er mange redde SV fordi dei i Stortinget kravde ein løyvingsnedgang til militæret som i hovudsaka ville gjera lågare befal arbeidslause.

Eit døme på at krav om endringar av militæret i den lei eg nemner, kan ha slagkraft, er at ein svensk generalmajor, Nils Skiild, nyleg har gjeve ut ei bok om at landet må lære av Vietnam og Midt-Austen og tufte forsvaret på folkevæpning.

Men kravet om at løyvingane skal vekk er ein lekk i revolusjonær strategi, der vi må avsløre militæret, skriv Oslo-soldat. Vi må avsløre militæret, men det gjer vi også med krav om endringar grunngjevne nettopp med ei slik avsløring (sjå innlegget mitt i Klassekampen 4/74). I tillegg viser vi med det at det er vi på venstresida og ikkje «forsvarsvenene» på høgresida som er norske patriotar. Eg meiner at SKP går inn for eit nasjonalt forsvar, og svensk ekommunistar og sosialistar har siste tida avslørtmilitæret godt bl. a. gjennom IB-saka.

For at ingen skal misforstå meg: Arbeid for eit nasjonalt forsvar inneber ikkje at vi og kan få eit militærstell som står på folket si side i klassekampen og revolusjonen. Men alt vi kan oppnå som veikjer NATO- og offiserskontrollen og som styrkjer soldatinnverknaden, øving i våpenbruk og folkevæpning, vil og gjera det verre for offiserane å få styrkane med seg mot folket når dei vil prøve på det. For det vil dei.