David Harvey om Thomas Pikettys bok

Av David Harvey

2014-03 Bokomtaler

Thomas Piketty:
Capital in the 21. century
The Belknap Press, 2013, 685 s.

Thomas Piketty har skrive ei bok som er kalla Kapitalen i det 21. århundre (Den norske tittelen på boka. Omsettaren sin merknad.) Boka har skapt debatt. Piketty argumenterer for progressiv skattlegging og ein global formuesskatt som einaste måten å motverke utviklinga mot etableringa av ei «patrimonial» form for kapitalisme, prega av det han kallar «skremmande» ulikskapar i formue og inntekt. Han dokumenterer og i detalj, som er vanskelig å tilbakevise, korleis sosial ulikskap i både formue og inntekt har utvikla seg dei siste to hundre åra, med særleg vekt på rolla til formue. Han knuser den utbreidde oppfatninga av at fri marknadskapitalisme spreier rikdom og at marknadskapitalismen er det store bolverket i forsvaret av individuelle fridomar og av fridom i det heile. Piketty viser at fri marknadskapitalisme utan store statlege fordelingsinngrep produserer anti-demokratiske oligarki. Denne påvisinga har gitt næring til liberalt raseri og fått Wall Street Journal til å gå i spinn.

Boka har ofte vorte presentert som det tjueførste hundreåret si erstatning for Karl Marx sitt verk Kapitalen i det nittande hundreåret. Men Piketty nektar for at det var intensjonen hans, noko som er like greitt sidan boka hans ikkje er ei bok om kapital i det heile tatt. Ho fortel oss ikkje korfor krakket i 2008 skjedde og korfor det tar så lang tid for så mange menneske å kome seg ut av den doble byrda av langvarig arbeidsløyse og millionar bustader tapt som pant til bankane. Ho hjelper oss ikkje til å forstå korfor veksten i dag er så svak i USA i motsetning til Kina, og korfor Europa er låst inne i ein politikk for nøysemd og ein økonomi i stagnasjon. Det Piketty viser statistisk (og vi er i gjeld til han og kollegaene hans for det), er at kapitalen i heile si historie har hatt ein tendens til å produsere stadig større grad av ulikskap. Dette er for mange av oss knapt noko nytt. Det var nettopp Marx sin teoretiske konklusjon i første bindet av Kapitalen. Piketty lar vere å informere om det, noko som ikkje er overraskande sidan han seinare – mot skuldingar i høgrepresse for å vere ein forkledd marxist – har hevda at han ikkje har lese Kapitalen til Marx.

Piketty samlar ei mengd data for å underbygge argumenta sine. Oversikta hans over skilnadane mellom inntekt og formue er overtydande og nyttige. Og han gir eit gjennomtenkt forsvar for arveavgift, progressiv skattlegging og ein global formuesskatt som mulege (men nesten heilt sikkert ikkje politisk levedyktig) mottiltak mot vidare konsentrasjon av rikdom og makt.

Men korfor får ein denne trenden mot større ulikskap? Frå dataene hans (krydra med nokre litterære referansar til Jane Austen og Balzac) utleier han ei matematisk lov som skal forklare kva som skjer. Den stadig aukande opphopinga av rikdom hos den berømte éine prosenten (eit omgrep popularisert av «Occupy»-rørsla) skriv seg frå det enkle faktumet at avkastingsraten på kapital (r) alltid overstig veksten i inntekt (g). Dette, seier Piketty, er og har alltid vore «den sentrale motseiinga» i kapitalen.

Men ein statistisk regularitet av denne typen er neppe ei fullgod forklaring, og langt mindre ei lov. Så kva krefter produserer og opprettheld ei slik motseiing? Piketty fortel ikkje det. Lova er lova, og det er det. Marx ville sjølvsagt ha forklart eksistensen av ei slik lov med ubalansen i makt mellom kapital og arbeidskraft. Og den forklaringa held framleis. Det stadige fallet i arbeidarane sin del av nasjonalinntekta frå 1970-talet av skriv seg frå den fallande politiske og økonomiske arbeidarmakta. Kapitalen mobiliserte på same tid teknologiar, arbeidsløyse, utskilling og anti-arbeidarpolitikk (som Margaret Thatcher og Ronald Reagan stod for) for å knuse all opposisjon. Som Alan Budd, ein økonomisk rådgjevar for Margaret Thatcher, vedgjekk i ein uovervaka augneblink: 80-talet sin anti-inflasjonspolitikk viste seg å vere ein svært god måte å auke arbeidsløysa på, og å heve arbeidsløysa var ein svært tenleg måte å redusere styrken til arbeidarklassen på … Det som vart utvikla der, i marxistiske termar, var ei krise som gjenskapte ein reservearmé av arbeidskraft og har gitt kapitalistar høg profitt heile den etterfølgjande perioden.

Ulikskapen i godtgjersle til gjennomsnittsarbeidaren og administrerande direktørar var på rundt 30 til 1 i 1970. No er han på godt over 300 til 1, og i tilfellet MacDonald omtrent 1200 til ein.

Men i bind to av Kapitalen (som Piketty heller ikkje har lese, sjølv som han muntert avviser det) viste Marx at kapitalen sitt driv i retning av å presse lønningane ned på eit tidspunkt ville avgrense marknaden sin kapasitet til å absorbere produkta til kapitalen. Henry Ford vedgjekk dette dilemmaet for lenge sidan då han godtok åttetimars dag til 5 US $ for arbeidarane sine, som han sa, for å auke etterspørselen til konsumentane. Mange tenkte at mangel på effektiv etterspørsel forverra den store depresjonen på 1930-talet. Dette inspirerte keynesiansk ekspansiv politikk etter andre verdskrig og reduserte ein del av ulikskapane når det gjaldt inntekter (men ikkje så mykje når det gjaldt formue) under ein sterkt etterspørselsdriven vekst. Denne løysinga kvilte på den relative styrkinga av makta til arbeidarklassen og utviklinga av den «sosiale staten» (Piketty sitt omgrep) finansiert ved progressiv skattlegging. «I det heile,» skriv han, «gjennom perioden 1932–1980, nesten eit halvt århundre, låg den føderale toppskatten på inntekter i USA på i gjennomsnitt 81 prosent.» Og dette dempa ikkje på nokon måte veksten (ein annan bit av Piketty sitt bevis som avviser høgresida sine trusartiklar).

Ved slutten av 1960-talet vart det klart for mange kapitalistar at dei måtte gjere noko med den urimelege makta til arbeidarane. Derfor kasta dei Keynes ut av templa til respektable økonomar, løfta fram tilbudsideprofeten Milton Friedman, opna eit korstog for å stabilisere, om ikkje redusere skattlegginga, alt saman for å bygge om den sosiale staten og for å disiplinere arbeidskrafta. Etter 1980 vart toppskatten redusert og kapitalinntekter – ei viktig inntektskjelde for dei ultrarike – vart skattlagt med langt lågare satsar i USA, noko som enormt auka flyten av rikdom til den høgste éin-prosenten. Men verknad på vekst var det knapt muleg å registrere, viser Piketty. Så «nedsildringa» av ytingar frå dei rike til resten (ei anna favoritt-tru på høgre fløy) fungerer ikkje. Ikkje noko av dette vart diktert av noka matematiske lov. Alt handla om politikk.

Men då var sirkelen slutta, og det meir presserande spørsmålet vart: Kor er etterspørselen? Piketty ignorerer systematisk dette spørsmålet. 1990-tallet løynde svaret ved hjelp av ei enorm utviding av kreditt, inkludert utvidinga av bustadlån finansierte i «sub-prime»-marknader. Men aktivabobla som dette skapte, måtte sprekke slik ho gjorde, og førte til Lehman Brothers sitt fall og kredittsystemet med det i 2007–8. Men profittratane og vidare konsentrasjon av privat rikdom tar seg raskt opp igjen etter 2009, mens alt og alle andre gjorde det dårleg. Profittratane til bedrifter er no så høge som dei har vore nokon sinne i USA. Bedrifter sit på ei mengd kontantar som dei nektar bruke, fordi marknadsforholda ikkje er robuste.

Piketty si formulering av den matematiske lova kamuflerer meir enn ho avslører om klassepolitikken som er involvert. Som Warren Buffett har sagt: «Sjølvsagt er det klassekrig, og det er min klasse, dei rike, som står for han, og vi vinn.» Eit sentralt mål for sigeren deira er dei aukande skilnadane i formue og inntekt mellom den øvste prosenten og alle andre.

Men det er eit vanskeleg sentralt punkt i argumentet til Piketty. Det kviler på ein misforstått definisjon av kapital. Kapital er ein prosess, ikkje ein ting. Kapital er ein sirkulasjonsprosess der pengar blir brukt til å skape meir pengar, ofte, men ikkje berre, ved å utbytte arbeidskraft. Piketty definerer kapitalen som ei samling aktiva på hendene til privatpersonar, selskap og offentleg organ, aktiva som det kan bli handla med i marknaden, ubunde av om disse eigedelane blir brukte eller ikkje. Desse aktiva kan vere landareal, fast eigedom og intellektuell eigedom (patentar m.v.), men også kunst og juvelar eg måtte samle på. Å fastslå verdien av alle desse tinga er eit vanskelig teknisk problem som det ikkje finst noko avtalt løysing på. For å kalkulere avkasting, r, må vi ha ein måte å verdsette startkapitalen på. Dessverre er det ingen måte å verdsette han på uavhengig av verdien av dei varene og tenestene som er brukte til å produsere han eller kor mykje han kan bli seld for i marknaden. Heile den ny-klassiske økonomisk tenkinga (som er fundamentet for Piketty si tenking) er grunnlagt på ein tautologi. Avkastinga på kapitalen er avhengig av veksttakten fordi kapitalen er verdsett ved hjelp av det han produserer, og ikkje på bakgrunn av det som vart sett inn i produksjonen. Verdien til kapitalen er sterkt påverka av spekulative forhold, og kan bli alvorleg forvrengd av den berømte «irrasjonelle begeistringa» som Greenspan peika på som karakteristisk for aksje- og bustadmarknadane. Viss vi ser bort frå bustader og fast eigedom – og verdien av kunstsamlingane til «hedge fond»-folka – når vi definerer kapital (og grunnlaget for å ta dette med er heller svak), havarerer Piketty si forklaring av årsak bak aukande skilnader i formue og inntekt. Men påvisinga hans av tilstanden i fortid og notid når det gjeld ulikskap, vil bli ståande.

Pengar, land, eigedom, anlegg og utstyr som ikkje blir brukt produktivt, er ikkje kapital. Viss avkastinga på kapitalen som blir brukt er høg, er dette fordi ein del av kapitalen er trekt ut av omløp og i praksis streikar. Å avgrense tilgangen på kapital til nye investeringar (eit fenomen vi er vitne til no) sikrar ei høg avkasting på den kapitalen som er i omløp. Å skape ei slik kunstig underdekning er det ikkje berre oljeselskapa som gjer for å sikre høg avkasting. Det er noko all kapital gjer når det er høve til det. Det er dette som underbygger tendensen for avkastinga på kapitalen (uansett korleis denne er definert og målt) til alltid å overstige veksten i inntekter. Det er slik kapital sikrar sin eigen reproduksjon, ubunde av kor trasig følgjene er for resten av oss. Og slik lever kapitalistklassen. Det er mykje verdifullt i Piketty sine dataoppsett. Men forklaringa hans på korfor ulikskapar og oligarkiske tendensar oppstår, er heilt feil. Forslaga hans til bøtemiddel mot ulikskapane er naive, om ikkje utopiske. Og han har sikkert og visst ikkje utvikla ein fungerande modell for kapital i det tjueførste århundret. Til det formålet treng vi framleis Marx eller hans likeverdige av i dag.

(Omtalen er oversatt til norsk av Einar Jetne)