«Annleislandet» – og det nasjonale spørsmålet

Av Hans Olav Brendberg

1994-02


Det «nasjonale spørsmålet» er ikkje «Iøyst» ein gong for alle. Like lite som velferdsstaten «løyste» det «sosiale spørsmålet».

Etter at nyliberalismen vann fram i Storbritannia på slutten av 1970-talet, vart han seld til folk med Falklandskrig, kronprinsbryllup og slagord om å «make Britain great again». Det verka. For sjølv om Storbritannia som stormakt er ein vits, er historia der – som alle stader – ein del av det politiske landskapet. Truleg går det enno an å gjera politisk mynt på gamle imperiedraumar i Storbritannia – sjølv om landet utspelte si rolle som verdsmakt under siste storkrigen. Det er verre å slå politisk mynt på norsk historie når den same nyliberalismen skal seljast her ti år etter. Jan Henry-effekten, DNA sin ynskereprise på Knut Hoem-marerittet frå 1972, var eit slag i lufta. Og når syttandemai-komitear nektar folk å ta med seg paragraf 1 i Grunnlova i toget på grunnlovsdagen, vert det heile synleg parodisk. Det er rett og slett verre å passa dei nyliberalistiske ideala inn i den norske samanhengen. Og når DNA gjer det, får dei det nasjonale spørsmålet i fanget.

«Annleislandet»

Visst finst det nasjonale særdrag. Nokre av desse – som at britane drikk te, medan nordmenn drikk kaffi – har knapt serleg politisk tyding. Men andre har politisk tyding – enkeltvis – og i den større samanhengen den politiske nasjonen utgjer.

«Annleislandet» har vorte eit omgrep i det politiske ordskiftet her i landet i denne EU-runden. Nokre rynker på nasen av det – men omgrepet vert brukt – av di det på den eine sida gjev namn til noko folk oppfattar som reelt. På den andre sida er det så vagt at folk legg ulike ting i det. Det nasjonale spørsmålet her til lands dreier seg ikkje lenger om grunnleggjande demokratiske rettar, som i Kurdistan, eller om å samla alle nordmenn i ein stat, som i Irland. Det vil likevel ikkje seia at «det nasjonale spørsmålet» er «løyst» ein gong for alle. Like lite som at velferdsstaten «løyste» det «sosiale spørsmålet» på sekstitalet. Dei fleste menneskelege skipnader har det sams at dei gjev mellombels – og utilnærma – løysingar. Det gjeld for den del sosialismen, om ein så talar om sosialisme i russisk eller kinesisk tapping.

Marxistisk latin

Nasjonane er eit produkt av dei borgarlege revolusjonane, som i sin tur var eit resultat av at borgarskapen som klasse hadde vakse seg so sterk at han trong til å sprenga dei råmene føydalismen sette for produksjon, handel og politikk. Dette skulle vera eit nokso greitt samandrag av gjengs marxistisk latin når det gjeld det nasjonale spørsmålet. Mykje sant er det i det óg. Det er berre det at det stemmer berre av og til.

Ein nasjon som Saudi-Arabia er eit produkt av ei religiøs rørsle som vaks fram som ein reaksjon på forfallet i den ottomanske staten på slutten av 1700-tallet. Nokon borgarskap i tradisjonell tyding er det vanskeleg å øygna som drivkraft i den tidlege wahabismen – byrjinga på den nasjonale revolusjonen som endte med etableringa av kongedømet til Saud-familien. Gjer ein kapitteloverskriftene i verdssoga til fasitmodell for all nasjonal framvokster, må det bli gale. For det som er typisk for nasjonal framvokster, er nett ei mengd variasjonar – alt etter kor på kloden dei er – og om det dreier seg om store eller små nasjonar.

Føydalisme i Noreg?

Det same er det viktig å ha klart for seg når det gjeld Noreg.

Kva føydalisme var det som rådde i Noreg før 1814? Ei kan for so vidt seia mykje om den sosiale organisasjonen i Noreg på 1700-tallet. Føydalisme var det likevel ikkje. Å tru at nokon tradisjonell borgarskap var drivkraft i 1814-revolusjonen, vert like gale. Kven skulle det vera – sagbrukeigarane som gjekk konkurs nokre år etter? Stutt sagt: Ein kan bruka marxismen anten til å gå med hovudet eller ræva fyrst. Å gjera som mange – berre å glåpe mot dei store utsyna marxismen gjev – vert like gale som berre å grave seg ned i detaljane.

For å setja opp eit grovt skjema: Grunnleggjande for norsk politisk historie er det at Noreg aldri vart føydalisert i mellomalderen. Her i landet leigde anten småbøndene jorda på etter måten sikre vilkår, eller dei åtte henne. Flukten frå landsbygda – anten ein snakkar om Storbritannia eller Peru – dreier seg om at fattigfolk systematisk vert fråtekne høvet til å livnæra seg på bygdene, og difor søkjer inn til storbyslum der dei lever frå hand til munn – som rein «arbeidskraft». Denne prosessen har aldri vorte gjennomførd i fullt mål, og ein gong for alle, i Noreg. Kvotepolitikken i fisket er nett eit uttrykk for det.

Den norske arbeidarrørsla skjøna delvis at ein slikt «flukt fra landsbygda» ville vera til skade for arbeidarklassen – av di det ville gjeva arbeidskjøparane meir makt over arbeidsmarknaden. Difor er Noreg «annleis» – med ein viss grad levande bygdesamfunn, ei fagrørsle som trass alt er sterkare enn i dei fleste andre europeiske land – og nokso stor sosial likskap.

Den norske nasjonalstaten har vore ein føresetnad for dette: Konsesjonslover, råfisklov, kollektive tariffavtalar, landbrukssamvirke. Alt dette er institusjonar som er bygt opp innanfor det politiske spelerommet den norske nasjonalstaten har gjeve. Det nasjonale spørsmålet i Noreg er i grunnen så einfelt: Det gjeld å sikra at nasjonalstaten også i framtida skal gje folk effektive maktmiddel andsynes den «frie» marknaden og kapitalen.

Fisk og politisk makt

Men så er det ikkje så einfelt, likevel. Nasjonen dreier seg om meir enn politiske institusjonar og økonomisk styring. Det var knapt råfisklova folk risikerte liv og lemer for under siste krig. Det nasjonen har gjeve i vår del av verda, er eit legitimt fundament for politisk makt – og politiske strategiar. Nasjonen utgjer ein fellesskap på tvers av slike skil i samfunnet. Nasjonar – det dreier seg om språk, tradisjonar, historiske minne – ein vev av ting der sams kulturdrag og etablerte verdiar er renningen, politiske konflikter innslaget. Det som skjer når renningen ryk, er ikkje at eit sigerrikt proletariat taktfast kan marsjera fram og trø ned dei gamle borgarlege dygdene på vegen mot sosialisme. Tvert om er det då ein verkeleg får «kreftenes frie spel» – i verste fall situasjonar som krigsherranes Kina i mellomkrigstida eller dagens Jugoslavia.

I slike urotider har faktisk småfolk anna å tenkja på enn å byggja «makt nedanfrå» – slike ting som å berga mat, klede, liv og lemer for seg og sine. Difor har og den sosialismen som har vakse ut av slike situasjonar, vore «fødd med rynkar». Men samstundes: Det som gav legitimitet til ein Tito, ein Mao – eller for den del Stalin, så lenge han levde – var at dei greidde etablera ein ny renning i slike kaossituasjonar.

Nasjonen gjev i vår situasjon sjølve forutsetningane for fornuftig politisk tenkjing og handling, nett av di han gjev eit slikt råmeverk. Og føremunen nasjonen har, er at han gjev spelerom for meir enn elitane. Det er faktisk berre eit mindretal – rett nok stort – som veit serleg om den franske revolusjonen, som er grunnleggjande for å skjøna politiske ideologiar og handlemønster i vår del av verda. Men du skal vera flink om du har unngått å høyra noko om 1814 – som i og for seg er samme historiske ovringa, om så i norsk utgave – med alt det inneber. For å byggja eit samfunn med makt nedanfrå – for ikkje å snakke om sosialisme – trur eg ikkje ein kjem utanom ein politisk dialog innanfor eit råmeverk av kjente føresetnader. Her er nasjonen på den eine sida stor nok som eining til å gje handlekraft andsynes internasjonale marknadskrefter og stormaktsspel, på den andre sida liten nok til å vera nett så inkluderande at gud og kvar mann i prinsippet kan ta del i politiske ordskifte og avgjerdsprosessar. Det politiske ordskiftet på til dømes «europeisk» nivå krev nett så mykje kjennskap til «Cassis de Dijon», «subsidaritetsprinsippet» og anna at den store mengda er ekskludert på førehand. Det veit dei óg.

Kampområde

Kva skal så til for å halda i hevd desse gode sidene av den nasjonale fellesskapen frametter? Framvoksteren av norsk storkapital – Hydro og Statoil til dømes – har endra styrketilhøva innanfor den norske nasjonalstaten. Når det styringsviljuge, klassiske sosialdemokratiet så i løpet av berre ti år har bytt dress og vil la marknaden eta seg inn i alt frå helsestell til vasskraftproduksjon, seier det seg sjølv at nokon kvar kan verta pressa attover i sofaen. Likevel: Her kjem ein freistnad på å blenkja ut dei viktigaste felta frametter:

1. Kamp om arbeidsmarknaden: Kollektive tariffavtaler i staden for lovfesta minstestandard, streikerett, fagorganisering av den store «nye» gruppa uorganiserte, og ikkje minst forsvar for normalarbeidsdagen. Her står i dag hovudslaga når det gjeld føresetnadene for røynleg norsk sjølvstyre. Dette kan andre seie meir om enn meg, så eg stoggar her.

2. Forsvar av bygde-Noreg: Ein skal ikkje ha reist mykje rundt i distrikta før ein ser at det skjer ting for tida. Og det er mykje som røyner på når det gjeld føresetnadene for livskraftige bygdesamfunn. Om ein ikkje greier gjera noko her, kan ein berre gløyma å snu defensivar under punkt 1 om til ein offensiv. Forsvar av bygde-Noreg gjeld fiske og jordbruk – men vel så viktig er kulturelle mønster og identitetsskaping, der kanskje rota til mange av vanskane i bygde-Noreg ligg.

3. Kultur: Utan ein særprega kultur vil det i lengda bli tungt å halda i hevd den norske nasjonalstaten. Når niandeklassingar i Trondheim synest det er pinleg når det vert snakka norsk på film, er det eit teikn på at noko er på gang, likeeins når norske forelesarar foreles på engelsk for norske studentar på NTH. Her er vel lite tenkt og gjort sidan 1970-talet. Diverre – og difor syng ein ikkje lenger på politiske tilskipingar, i alle fall ikkje nye songar.