Ei anna følgje av dei humanitære krigane på Balkan var den stimulansen dei gav til islamsk fundamentalisme og til al-Quaida-nettverket. Slikt såg ein fullstendig bort frå før 11.9. Mellom Sovjet si tilbaketrekking frå Afghanistan tidleg i 1989 og USA-invasjonen i Irak i mars 2003 var det ingen annan konfliktarena som inspirerte større engasjement frå Mujahedin og Jihad enn krigsperioden i Bosnia. [103] Som vi har sett, hadde Izetbegovic lenge talt for ein islamsk stat på Balkan, og både den bosnisk-muslimske hæren og seinare KLA brukte frivillige Mujahedin saman med ein organisatorisk infrastruktur med røter bakover til nokre av USA sine større kampanjar på 1980-talet, arrangement som Richard Aldrich kallar ein «Iran-Contras-type operasjon» og «ein av dei mest skitne krigane innafor den nye verdsuordenen.» [104] Men Clinton-administrasjonen såg over med den bakstreverske ideologien til desse «hjelparane», og støtta og deltok i importen av store mengder våpen og opp mot 4.000 Mujahedin for å kjempe i Bosnia, [105] lik det Carter- og Reagan-administrasjonane gjorde i Afghanistan frå 1979 av. Dette gav al-Quaida fotfeste på Balkan. Men endå viktigare er det at dette skaffa fram eit samlande kall og ein rekrutteringsreiskap som ikkje vart overgått før under USA sine krigar i Afghanistan og Irak. [106]
Dette aspektet ved å velje sida til dei bosniske muslimane har alltid vore vrien for propagandistane for humanitær krig, og endå verre vart det etter 11.9. USA-regjeringa sin offisielle11.9.-Kommisjonsrapport hevdar at minst to av dei 19 sjølvmordskaprarane, Nawaf al Hazmi og Khalid al Mihdhar, begge saudiar som omkom då dei styrte American Airlines Flight 77 inn i Pentagon, «var på førehand erfarne mujahedin» som «hadde reist saman for å kjempe i Bosnia i ei gruppe som drog til Balkan i 1995.» [107] Endå meir avslørande var reiseruta til Khalid Sheik Mohammed, ein pakistanar som 11.9.-kommisjonen kalla «sjefshjernen» og «sjefsadministrator av ’flyoperasjonen.’» Khalid Sheik Mohammed gjennomførte minst to tenesteperiodar i Bosnia. «I 1992 brukte KSM (Khalid Sheik Mohammed) ein periode til å kjempe saman med mujahedin i Bosnia, og han støtta dette strevet med finansielle donasjonar,» og på ny i 1995 «slutta han seg til den bosniske jihad.» [108] Kommisjonen rapporterte også at Osama bin Laden sitt «nettverk» omfatta «ei ’tenestegrein’ i Zagreb» og «eit kontor ved den Internasjonale Vennestiftinga i Sarajevo, som støtta dei bosniske muslimane i konflikten deira mot Serbia og Kroatia ….» [109]
Trass i det veldige fokuset på 11.9 og al-Quaida har desse banda sjeldan vorte gitt nokon synleg plass i dei store media. Sjølvsagt klaga serbarane på brutaliteten til dei «utanlandske kjemparane» (eller «tyrkarane») så tidleg som i 1992, inkludert halshoggingar praktisert mot innbyggarar i serbiske landsbyar i det austlege Bosnia, innafor ein slåande avstand til Srebrenica-enklaven. Eit offisielt forsøk frå regjeringa i Beograd på å dokumentere desse aktivitetane i kommunane Bratunac, Skelani og Srebrenica under dei første tolv månadane av krigen i Bosnia vart ignorert då dokumentasjonen vart levert til Tryggingsrådet i mai 1993. [110]
Verken media eller DIFJ var interessert i denne dokumentasjonen. I staden retta dei fokus for uro mot dei bosniske muslimane som eineståande offerkategori, og Clinton og Vesten si sjenerøse, men for seine teneste til desse mest nedtråkka.
Viss det hadde vore muleg å spore slike band til Milosevic og til andre medlemmer av det «sameinte kriminelle verket», hadde utan tvil Clinton, Blair, Del Ponte, Simons, Vulliamy og andre gitt stor plass for dei og dradd passande konklusjonar om dei vondsinna styrkane som hjelpte til med «å skape ein ny generasjon av terror-istleiarar og utøvarar» og «gje drivstoff til spreiinga av jihadist-rørsla.» [111] Men då det viste seg at banda var til «the good guys», vart det tyst.
Notar:
103. Vi bruker «Mujahedin» og «jihad» med stor forsiktighet, og legger for eksempel merke til hvordan vestlige medier hyppig bruker slike begreper fordomsfullt for å bakvaske «deres» religiøst motiverte utenlandske krigere og leiesoldater i motsetning til «våre» forretningsaktige profesjonelle.
104. Richard J. Aldrich, «America used Islamists to arm the Bosnian Muslims,» The Guardian, 22. april 2002.
105. Wiebes, Intelligence and the War in Bosnia, 1992–1995, s. 207–08.
106. Se f. eks. Jason Burke, Al-Qaeda (New York: lB. Tauris & Co. Ltd., 2003, Robert A. Pape, Dying to Win (New York: Random House, 2005) og Peter Bergen og Paul Cruickshank, «The Iraq Effect», Mother Jones, mars/april 2007.
107. Thomas H. Kean og Lee H. Hamilton, The 9/11 Commission Report (Final Report of the National Commission on Terrorist Attacks upon the United States) (New York: W.W. Norton & Co., 2004), 155.
108. The 9/11 Commission Report, s. 147; note 5, s. 488.
109. The 9/11 Commission Report, s. 58.
110. Se Memorandum on War Crimes and Crimes and Genocide in Eastern Bosnia (Communes of Bratunac, Skelani and Srebrenica) Committed Against the Serb Population from April 1992 to April 1993 (A/48/177-S/25835), 24. mai 1993.