Ukategorisert

3. FN i NATOs teneste

Det er eit slåande trekk ved USA sin politikk etter at redsla for Sovjet kom bort, kor hyppig USA stoler på Tryggingsrådet og Sekretariatet som utøvarar – før handling når det er muleg (Irak 1990–91), men etter handling når det trengst (som etter krigen i Kosovo og etter invasjonen i Afghanistan og Irak). Til og med trass i at Tryggingsrådet aldri autoriserte desse siste tre større aggresjonshandlingane frå USA, sikra USA gradar av rådssamtykke og legitimering i ettertid.

Ingen resolusjon i Tryggingsrådet har nokon gong fordømt desse krigane til USA til å vere i konflikt med FN-pakta eller erkjent rettane til serbarane, afghanarane og irakarane til å kjempe mot framand underkasting. I staden, etter kvart av desse «største internasjonale brotsverka», har Tryggingsrådet enkelt og greitt gjort om mandata slik at dei passa den største internasjonale kriminelle, og instruert Sekretariatet til å mildne dei inhumane følgjene av brotsverka.

Men denne prosessen starta ikkje med operasjonane Sameint Styrke (Allied Force), Varig Fridom (Enduring Freedom) eller Fridom for Irak (Iraqi Freedom). I utforminga er røtene å finne bakover til Tryggingsrådet sine første svar på Irak sin invasjon i Kuwait i august 1990. Den ustoppelege øydelegginga av Irak, inkludert det drepande sanksjonsregimet, har bore FN-stemplet heile tida. [40] Det andre har spor bakover til den massive FN-innblandinga i Jugoslavia gjennom første halvdelen av 1990-talet, då Rådet sette inn den største kontingenten av blåhjelma troppar nokosinne (nær på 40 000 på topp i 1995) og det mest kostnadstunge tiltaket fram til no (5 milliardar US $). [41]

Verken FN-generalsekretær Boutros Boutros-Ghali sitt Program for fred (juni 1992) eller Tillegget (januar 1995) rådde til nokon «humanitær» krig, og gav langt mindre retten til å velje side i borgarkrigar. Men før slutten på tiåret hadde «humanitær» krig og «ansvaret for å verje» vorte plassert nær toppen på dagsordenen til etterfølgjaren Kofi Annan. «Logikken til fredsbevaring skriv seg frå politiske og militære føresetnader som skil seg skarpt frå påtvinging», forsikra Tillegget. «Å viske ut skiljet mellom dei to kan underminere berekrafta til den fredssikrande operasjonen …» [42]

FN kjempa for å respektere dette skiljet gjennom krigane i Kroatia og Bosnia. Men då USA vart den dominerande aktøren på desse arenaene, puffa USA FN sitt «fredstryggande» mandat over mot «påtvinging» – i retning å bli ein «part i konflikten» som eintydig tok parti mot serbarane i Kroatia, Bosnia og i sjølve Serbia.

Til og med under krisa i slutten av mai 1995, då to hundre FN-personell hadde vorte tatt som gislar av bosnisk-serbiske styrkar mens desse var utsette for NATO-flyangrep, insisterte Boutros-Ghali på at «UNPROFOR ikkje er ein freds-tvingande operasjon,» og klandra krava om å handle i forhold til «det tvetydige» og «forvirringa» som følgde dei hyppige visingane til Kapittel VII i traktaten i Tryggingsrådet sine resolusjonar. [43]

Men tre månadar seinare, då NATO gjennomførte ein massiv bombekampanje mot dei bosniske serbarane, var skiljet utsletta. I Å slutten ein krig, memoarane hans frå den tida då han var USA sin sjefsforhandlar i Bosnia, gjenfortel Richard Holbrooke ein episode då Kofi Annan som på den tid var leiar for FN si fredssikring, «vann jobben» å etterfølgje Boutros-Ghali rundt femten månader før skiftet. Med Boutros-Ghali «unåeleg på eit passasjerfly» «instruerte» Annan «FNs sivile tenestemenn og militære kommandantar til å gje frå seg retten sin til å nekte luftangrep i Bosnia i eit avgrensa tidsrom. For første gong i krigen hadde NATO åleine avgjerda om luftangrep.» Resultatet var Operasjon Sindig Styrke (Operation Deliberate Force), og «den største militære operasjonen i NATOs historie.» [44]

USA og NATO fann ei dør på gløtt og kasta seg gjennom sprekken. På svært kort tid – kanskje knappe tre månader – gjekk FN over frå fredssikrande til krigsskapande rolle i Bosnia, med NATO som iverksettar. Slik ein tenestemann i USA sitt nasjonale tryggingsråd seinare omtalte Annan: Han (forstod) at USA si militærmakt ikkje er fienden.» [45]

I motsetning til Boutros-Ghali, som Washington nekta ein andre femårsperiode, [46] kan Annan si lange tenestetid berre bli forstått som motyting for viljen hans til å tene USA og NATO. I det som Michael Mandel kallar «eit kjenslebunde forsvar av einsidig intervenering, i det han bruker Kosovo som eksemplet på den neste invasjonen», åtvarar Annan i juni 1998 om at «alle utsegnene våre om aldri på ny å tillate eit nytt Bosnia … vil brutalt bli flira av viss vi tillet Kosovo å bil ein ny drapsarena.» [47]

Sju månader seinare, før NATO sitt rådsmøte i Brussel, ytra Annan «håpet om at vi», men «framfor alt dei med kapasitet til å handle», i hans ord «ville begynne dra dei riktige lærdommane frå erfaringane i Bosnia-krigen – når det gjaldt slike kritiske faktorar som tillit, legitimitet og moralen i intervensjon og ikkje-intervensjon.» Men «det er berre ein måte å bevise at vi har gjort dette: ved å bruke desse lærdommane praktisk og empatisk der redsel og gru trugar.» [48]

Dei «riktige lærdommane» vart straks sett ut i livet av NATO. Innan førtiåtte timar vart den andre ordren som «autoriserte luftangrep mot mål på landområdet til (Den føderale republikken Jugoslavia) sendt ut» [49] , og det vart handla deretter frå 24. mars til 10. juni. Deretter, då Serbia og Montenegro prøvde få opna rettsleg prøving ved Den Internasjonale Domstolen mot ti av statane som gjekk til angrep på dei, slo domstolen fast at han «mangla klart lovgrunnlag» for å kunne ta opp klagen. Domstolen «kan ikkje avgjere strid mellom statar utan at desse statane er einige om at domstolen har slik domsrett.» Sidan «USA viser til at landet ’ikkje har gitt samtykke til domsrett … og heller ikkje vil gjere det,’» hadde ikkje domstolen noko alternativ til å måtte slå fast at han var makteslaus. [50] Slik vart den reelle kulturen av å vere ustraffbar verande uendra.

Både Kofi Annans «Vi – folket» (mars 2000) og I større fridom (mars 2005) støttar denne omlegginga av FN til krigførande på «humanitært» grunnlag. «Det faktum at vi ikkje kan verje folk over alt er ingen grunn til ikkje å gjere noko når vi kan,» slår «Vi – folket» fast med NATOs krig friskt i minne. «(Vi) må gripe ansvaret for å verje,» understrekar den sistnemnte,«og når det er nødvendig, må vi handle.» [51]

Sjølvsagt, når det viste seg at «dei med kapasitet til å handle» også var dei som stod for drepinga, tilpassa Annan seg godt, ved å halde munn og til og med ved å akseptere dei nye realitetane som var skapt av dreparane, hans de facto herrar. Vi kjenner heller ikkje til noko tilfelle der Vestens talsmenn for «ansvaret for å verje» nokosinne har snudd dette påståtte prinsippet mot eigne statar – heller ikkje når desse statane invaderer andre land, drep, terroriserer og torturerer innbyggarane deira. Som alltid er utveljing og dobbelmoral regelen.

Notar:

40. Sjå for eksempel Hans C. Von Sponeck, A Different Kind of War (New York: Berghahn Books, 2006.)

41. På dei femtiein månadane mellom 24. september 1991, den datoen då resolusjon 713 vart fatta (starta våpenembargo mot Jugoslavia), og 21 desember 1995, datoen for resolusjon 1035 (for å hjelpe til med å styrke Dayton-avtalane) gjaldt 27 prosent av Tryggingsrådet sine resolusjonar det tidlegare Jugoslavia – meir til dette eine konfliktområdet enn til noko anna innafor eit slikt tidsrom i FN si historie, inkludert Irak.

42. Boutros Boutros-Ghali, Supplement to An Agenda for Peace (S/1995/1) 1995, §§ 35–36.

43. Boutros Boutros-Ghali, Report of the Secretary-General Pursuant to Security Council Resolution 982 (1995) and 987 (1995) (S/1995/444), 30. mai 1995, §16. Dette viktige dokumentet uttrykte redsla innafor FN for at UNPROFOR hadde brote sitt fredsbevarande mandat (dvs. streng nøytralitet) og vorte ein part i konflikten (dvs. mot dei bosniske serbarane).

44. Richard Holbrooke, To End A War, rev. ed. (New York: Modern Library, 1999), 99–103. Sjå også Tim Ripley,Operation Deliberate Force: The UN and NATO Campaign in Bosnia 1995 (Lancaster: Centre for Defence and international Security Studies, 1999).

45. Perry Anderson, «Made in USA», The Nation, 2. april 2007.

46. I memoarane sine om dei fem åra han brukte som Generalsekretær gjengir Boutros-Ghali ein samtale med USA sin utanriksminister Madeleine Albright etter at USA hadde avvist han: «Du symboliserer FN og den amerikanske Kongressen er fiendtleg til FN. Du blir også gitt skulda for å prøve kontrollere amerikansk militærmakt. Du brukte den «doble nøkkelen» for å hindre NATO sine luftangrep mot serbarane. Holdninga di var oppfatta som svært dårleg i militære sirklar i Washington.» Uovervunnen (New York: Random House, 1999), 332–33.

47. Michael Mandel, How America Gets Away With Murder (Ann Arbor: Pluto Press. 2004), 106–07; Kofi Annan, «Secretary-General Reflects on ‘intervention’ in Thirty-Fifth Annual Ditchley Foundation Lecture» (SG/SM/6613), 26. juni 1998.

48. Kofi Annan, «Secretary-General calls for unconditional respect for human rights of Kosovo citizens» (SG/SM/6878) 28. januar 1999, framheving lagt til.

49. «Statement by the North Atlantic Council on Kosovo», NATO Press Release (99)12, 30. januar 1999.

50. Federal Republic of Yugoslavia v. United States of America, international Court of Justice, Ordre gitt 2. juni 1999, §§ 19–31. Kvart av Jugoslavia sine andre ni klager vart til slutt avvist i følgje det same resonnementet: Det eine som namngav Spania den 2. juni 1999 og dei andre åtte den 15. desember 2004.

51. Kofi Annan, «We the Peoples» (A/54/2000), Mars 2000, særleg 42–53, 48 her; og In Larger Freedom (A59/2005), mars 2005, § 135.