Palestina i dag – kampen for fridom

Av Harald Haukaa Fjørtoft

2015-02A

Då eg kom heim frå Palestina i april, var oppsummeringa mi at Vestbreidda er tapt og at det einaste palestinsk-kontrollerte området i Palestina no er Gaza. Meir korrekt kan ein seie at Israel no har full kontroll over Vestbreidda, óg i dei såkalla palestinske områda utanom Gaza.

Harald Haukaa Fjørtoft var solidaritetsarbeidar i tre månader for Palestinakomiteen i år, er medlem av Transportarbeiderforbundet og skreiv for Transportarbeideren under opphaldet.
Denne artikkelen byggjer på inntrykk og vurderingar meir enn empirisk materiale.
Den politiske vinklinga og vurderingane står for forfattaren si rekning.

Når spørsmålet vert stilt til palestinarar om korleis situasjonen er i Palestina i dag, er svaret «katastrofe», «svært ille», «me lever så godt me kan».

Dei palestinske styresmaktene samarbeidar med Israel, og dei palestinske tryggleiks-styrkene på 80 000 personar samarbeidar med okkupantstyrkene og trekk seg tilbake ved israelske angrep. Dei er ingen tryggleik for palestinarane. Israelske angrep og overgrep skjer i stort omfang i heile det okkuperte området.

Utvikling av klassene

Situasjonen er alvorleg med ei stadig meir utarma befolkning, passivitet, politisk splitting og rivalisering, fordriving frå landsbygda og byane Israel ønskjer å overta i første omgang som al-Quds (Jerusalem) og al-Khalil (Hebron), stor arbeidsløyse og klassemessig polarisering med ei stadig fattigare veksande arbeidarklasse og ei steinrik borgarklasse. Den palestinske leiarskapen er del av den rike borgarklassa. Familien Abbas kontrollerar det meste av telekommunikasjonen i Palestina. Korrupsjon gjennomsyrar heile samfunnet. Middelklassa er snart ikkje-eksisterande utan i ein del av varehandelen, til trass for den største andelen universitetsutdanna i Midt-Austen.

Demografisk utvikling

Det er vanskeleg å finne data om folke-samansettinga i Palestina (med Israel), men veksten blant palestinarane er mykje større enn blant dei importerte israelarane. I tillegg er det ei stor utvandring frå Israel. Invitasjonen til jødane i land der jødar er utsette for angrep som Frankrike og Danmark til å busettja seg i Palestina, kan sjåast i denne samanhangen. I delar av Vestbreidda er det i dag ein majoritet av importerte kolonistar.

Dei palestinske partia

  • Al-Mustaqbal or The Future
  • Democratic Front for the Liberation of Palestine (al-jabhah al-dïmuqrütiyyah li-tahrïr filastïn)
  • Fatah or Palestinian Liberation Movement (harakat al-tahrïr al-filastïnï)
  • Hamas or Islamic Resistance Movement (harakat al-muqäwamah al-islämiyyah)
  • National Coalition for Justice and Democracy
  • Palestine Democratic Union (al-ittihäd al-dïmüqrätï al-filastïnï, FiDA)
  • Palestine Forum launched 16 November 2007 by businessman Munib al-Masri
  • Palestine Liberation Front
  • Palestinian Arab Front
  • Palestinian Justice
  • Palestinian National Initiative (al-mubädara al-wataniya al-filastïniyya)
  • Palestinian People’s Party (hizb al-sha`b al-filastïnï)
  • Palestinian Popular Struggle Front
  • Popular Front for the Liberation of Palestine (al-jabhah al-sha`biyyah li-tahrïr filastïn)
  • Third Way

(Wikipedia)

Dei politiske partia

Det er mange parti som kjempar om oppslutning og til dels kjempar mot kvarandre i staden for å byggje einskapsfront og folkefront mot zionismen og okkupasjonen som kunne ha ført til ein effektiv motstand.

Det mest synlege med flagg på gater og torg er PPP, det gamle Moskva-partiet. Partiet var eit stort parti heilt til det støtta Oslo-avtalene. I dag er det eit lite parti, men med stor aktivitet. DFLP er eit resultat av splittinga i partiet. Leiaren av PNI1, Mustafa Barghouti, kjem og frå dette partiet. Han fekk tilbod om ei ministerstilling, men avslo å samarbeida med dei palestinske «sjølvstyresmaktene».

Situasjonen i fagrørsla

Fagrørsla er kontrollert av partia eller styresmaktene. Det er ei uoversiktleg mengde av lokale, regionale og nasjonale fag- og profesjonsorganisasjonar. Av dei 7 landsomfemnande faglege samanslutningane har eg berre møtt ei, The Palestinian New Federation of Trade Unions (New Unions), ein enno ung og liten, men veksande, aktiv og ukorrupt organisasjon, som ikkje er ein del av partifloraen. New Unions arbeidar både for arbeidarane som arbeidar for okkupanten og for palestinske arbeidsgjevarar, for deira økonomiske og juridiske rettar og for nasjonal frigjering og er svært aktive med utvikling av dei tilltsvalde og organisasjonen. Den største fagorganisasjonen Palestinian General Federation of Trade Unions, PGFTU, som er samarbeidspart med norsk LO, er ein del av statsapparatet og er meir opptatt av samarbeid med den israelske «fagrørsla» Histadrut og politisk kamp mot den uavhengige palestinske fagrørsla enn arbeid for arbeidarklassen.

Naqba – dei tre katastrofane

Palestinarane snakkar om tre katastrofe-periodar: terroren, drapa og fordrivinga i 1947–48, 6-dagars-krigen i 1967 og Oslo-avtala i 1993 med konkretiseringsavtala frå 1995. Etter desse avtalene skulle palestinarane overta heile området som var omfatta av avtala, i mai 1999. Israel hadde aldri intensjonar om å følgje desse avtalene, og har brukt dei til ei omfattande kolonisering og fordriving av palestinarane. I fleire område er no kolonistar (og soldatar) i fleirtal, og i motsetnad til plikta til å trekkje seg tilbake, er det stadig ekspansjon og anneksjon av palestinsk eigedom.

Situasjonen i motstandsrørsla

Det er i dag berre demonstrativ motstand mot okkupasjonsmakta og koloniane. Eit unnatak kan vera kampen til beduinane som skal tvingast inn i nokre små og ueigna reservat der det ikkje er mogeleg å halde på kulturen og det tradisjonelle leveviset.

Mange palestinarar arbeidar for okkupanten, og apartheidmuren og koloniane vert bygde av palestinske entreprenørar med palestinske maskinar og arbeidarar. Årsakinga er at dei må ha brød på bordet.

PLO er den leiande krafta i den palestinske administrasjonen og samarbeidar tett med okkupantmakta. Partia og organisasjonane som står for ein aktiv motstand er små og med lite samarbeid og felles planlegging.

I hovudsak er det «venstre»-partia som står for motstandslina og -organiseringa, men ved det siste valet (som PFLP boikotta) fekk felleslista rundt 5 % av røystene.

PFLP

Det partiet som har henta mykje røynsler frå maoismen og den vietnamesiske frigjerings-kampen, er PFLP. Historisk er partiet kanskje mest kjend for flykapringar og terroristaksjonar i ein tidleg fase. Denne politikken er forlate, og dei arbeidar no med mobilisering av heile folket til aktiv motstand, óg væpna. På grunn av det siste er dei registrert som terrororganisasjon av Israel, USA og EU, sjølv om væpna motstand mot okkupasjon er rettvis og etter folkeretten sine reglar. Dei arbeidar for å samle dei palestinske organisasjonane om ein aktiv motstand.

I ei erklæring på 67-års-markeringa av den første naqba-en oppsummerar PFLP sine noverande polititiske målsettingar (omsett frå engelsk av meg):

Først; vi må fullt ut motsette oss konsekvensane av Nakba-en og insistera på gjennomføringa av vår fulle historiske rett til frigjering og til å returnera til heile Palestina.

For det andre; me står på krava til retten til å vende tilbake, til sjølvråderett og til å etablera vår uavhengige palestinske stat med Jerusalem som hovudstad. Me avviser og kjempar mot alle forsøk på å avgrense eller endre retten til tilbakevending, kjerna i palestinarane si sak; ein rett vedkjent fullt ut i folkeretten og vegen til frigjøring og dei historiske rettane til vårt folk i Palestina;

For det tredje; me avviser og kjemper mot politiske prosjekt som tar sikte på å undergrave vår nasjonale frigjeringsrørsle og avviser tilnærminga til og forhandlingene med okkupanten som ikkje har ført til noko anna enn å svekkje frigjeringsrørsla på regionalt og internasjonalt nivå. Me avviser alle forsøk på å vende tilbake til forhandlingane. Det er viktig å halde på kravet om internasjonal handling for dei palestinske rettane og ei bindande avtale om gjeninnføring av palestinske rettigheiter og om å følge FN sine relevante resolusjoner;

For det fjerde; nasjonal forsoning og å få ein slutt på splittinga, basert på ein omfattande nasjonal strategi for motstand og politisk og organisatorisk nasjonalt partnerskap, er viktig for å gjenopprette nasjonal einskap og å styrke motstandskrafta til vårt folk for å konfrontere det sionistiske prosjektet.

For det femte; ei aukande internasjonal boikottrørsle i solidaritet med frigjeringskampen til det palestinske folket, og innsats for å støtte dei palestinske rettane og full representasjon i FN, er avgjerande for å fremje ein internasjonal isolasjon av okkupanten og for å halde leiarane deira ansvarlege. Det er og viktig å ta denne kampen til Den Internasjonale straffedomstolen. Den politiske og juridiske kampen må kjempast mot okkupanten, utan å godta noka avgrensing eller undergraving av den fulle retten til vårt folk til å kjempe mot kolonialisme og okkupasjon med alle former for motstand, inkludert væpna kamp, som ein legitim rett som har støtte i folkeretten.

For det sjette må FNs hjelpeorganisasjon (UNRWA) påta seg sine forpliktelser til å tilby alle tjenester til palestinske flyktninger uansett hvor de er som et internasjonalt organ satt opp for dette formålet. Palestinske flyktninger må ikke få redusert tjenester under noen begrunnelse eller unnskyldning så lenge de er flyktninger og har ikke returnert til sitt hjemland.

Nyorganisering av den sivile motstanden

Ein ny paraplyorganisasjon for grasrotorganisasjonar som står for aktiv sivil motstand mot okkupasjonen og koloniane, Land Defense Coalition, LDC, er danna dette året. Ved oppstarten var bondeorganisasjonen Palestinian Farmers Union, fagorganisasjonen New Unions, kvinneorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar og lokale motstandsorganisasjonar med. Styresmaktene kjenner seg truga av dette og organisering av ei uavhengig fagrørsle, og saboterar arbeidet så godt dei kan med stadig nye formelle krav og trugsmål mot leiarane.

Den væpna motstanden

Minst fire parti/politiske grupperingar har eigne væpna grupper: Hamas2, PLO3, PFLP4 og DFLP5.

Kampen deira er mest kjent frå forsvaret av Gaza. Men og på Vestbreidda er dei organiserte. Hamas er mest kjent, medan PFLP sannsynlegvis er den politisk og militærstrategiske mest avanserte organisasjonen og førebur ei langvarig oppbygging og ein frigjeringskamp etter folkekrigens prinsipp.

Palestina er eit vanskeleg område å drive folkekrig i. Motstandaren er ei av jordas mest avanserte militærmakter med utstrakt overvaking frå satelittar, fly, dronar og ballongar, og det er få plassar for basar og gøymestader for militære grupper. Okkupantmakta sin militære kontroll er i dag total.

Internasjonal støtte til okkupanten

Israel får massiv materiell og økonomisk støtte frå USA som deira militærbase i Midt-Austen. I følge Wikipedia støtta USA Israel militært med 3,6 milliarder dollar og 8 milliarder dollar i lånegarantier i 2014.

Noreg er og ein stor bidragsytar til okkupantmakta. Sidan sist eg undersøkte for nær to år sidan, er investeringane auka i både storleik og omfang. Pensjonsfondet sine kjøp av israelske statsobligasjoner og obligasjonar i Teva Pharmaceutical Industries Ltd på meir enn 9,5 milliardar er ikkje berre direkte støtte til Israels brot på folkeretten og folkemordet på palestinarane, men fører og til at den norske staten må støtte og oppretthalde zioniststaten for ikkje å tape investeringane. I tillegg har Pensjonsfondet kjøpt aksjar for noko over 9,3 milliardar i 84 israelske verksemder. Heile det israelske samfunnet er organisert rundt militærmakta som kjerne, og alle sektorar har som oppgåve å tene militæret. I tillegg er det fleire kjemiske og oljerelaterte verksemder på lista. Israel har funne olje og gass på okkupert palestinsk område, både utanfor kysten og inne på Vestbreidda.

Den norske fagrørsla med Fagforbundet og Norsk Folkehjelp har utarbeidd svært grundige undersøkingar og analysar av den norske staten si militære og finansielle støtte til okkupanten.

Internasjonal solidaritet

Støtta til Israel er synkande på verdsbasis. Sjølv i USA er det sterke krefter, óg blant jødane, som vil ha slutt på støtta til zionistane. Dei israelske leiarane innrømmer at sanksjons- og boikottrørsla er eit trugsmål mot staten. Fleire statar og selskap er tvungne til å slutte våpensal og handel med Israel.

Den neste store internasjonale kampanja er mot norsk våpenhjelp til, finanisell støtte til og militært samarbeid med Israel. Ein slik kampanje kan vera eit eksempel for solidaritetsrørslene i fleire land og kan vera eitt skritt på vegen for å presse Israel på defensiven.

Workmates Norge-Palestina er ei prosjektgruppe under Fagleg Utval i Palestinakomiteen. Gruppa er samansett av medlemmar og tilltsvalde frå fleire fagforbund. Dei fleste har vore med på Palestinakomiteen sine faglege studieturar til Palestina. Gruppa stør no utviklinga av den uavhengige fagorganisasjonen New Unions.

Leiar av gruppa er Kjersti Nordby frå Transportarbeiderforbundet. E-postadresse til gruppa er kjer-n@online.no og økonomisk støtte til leiaropplæring i og utvikling av New Unions kan sendast til kontonummer 1503 48 67175

Norsk fagrørsle i ei nøkkelrolle

Det er grunn til å følgje den nye organiseringa av motstandsrørsla og styrkinga av den internasjonale solidariteten. Palestinakomiteen har ei prosjektgruppe av medlemmar og tillitsvalde frå fagrørsla, Workmates Norge–Palestina. For Workmates er det spesielt viktig å skape band til den norske fagrørsla der LO åleine har meir enn 910 000 medlemmar. Fleire forbund har støtta det palestinske folket. Fagrørsla kan vera ein viktig inngangsport for å vidareutvikling av solidariteten her i landet, til å gje praktisk og økonomisk støtte til den uavhengige palestinske fagrørsla og for å presse styremaktene til å slutte å støtte Israel og deire ulovlege verksemd og heller støtte den folkerettsleg rettferdige palestinske frigjeringskampen.

Notar:

  1. Palestinian National Initiative (al-mubādara al-wataniya al-filastīniyya)
  2. Hamas or Islamic Resistance Movement (harakat al-muqāwamah al-islāmiyyah)
  3. Palestine Liberation Front ( med det største partiet Fatah – or Palestinian Liberation Movement (harakat al-tahrīr al-filastīnī) )
  4. Popular Front for the Liberation of Palestine (al-jabhah al-sha`biyyah li-tahrīr filastīnī)
  5. Democratic Front for the Liberation of Palestine (al-jabhah al-dīmīqrātiyyah li-tahrīr filastīn)