Valdelege økonomiske «reformer» og den auka valden mot kvinner i India

Av

2013-01


Vandana Shiva er fysikar, økofeminist, filosof, aktivist frå India. Ho har skrive meir enn 200 bøker og 500 artiklar. Starta Research Foundation for Science, Technology and Ecology i 1982, og har kjempa for biologisk mangfald, naturvern, og rettar for bøndene. Fekk Den alternative Nobelprisen (Right Livelihood Award) i 1993. Omsett frå engelsk av Gunnar Danielsen.

Det tapre og modige offeret for gjengvaldtekta i Delhi trekte sitt siste sukk 30. desember 2012. Denne artikkelen er ein hyllest til ho og andre offer for vald mot kvinner. Vald mot kvinner er like gammalt som patriarkatet, men har auka i styrke og blitt meir omfattande den siste tida. Han har fått meir brutale former, som dødsfallet til offeret for gjengvaldtekta i Delhi, og sjølvmordet til det 17 år gamle valdtektsofferet i Chandigarh. Talet på valdtekter og vald mot kvinner har auka med åra. National Crime Records Bureau (NCRB – nasjonalt kontor for kriminalstatistikk) meldte om 10 068 valdtekter i 1990, og auke til 16 496 i 2000. Med 24 206 tilfelle i 2011 har valdtektstilfelle gjort eit byks med ufattelege 873 prosent frå 1971 då byrået starta å registrere valdtekter. Og New Delhi har stått fram som valdtektshovudstaden i India, og står for 25 prosent av tilfella.

Kampen for å stoppe denne valden må halde fram til kvar einaste ei av våre krenka døtrer og søstrer har fått rettferd.

Samtidig som me intensiverer kampen for rettferd for kvinner, må me også spørje korfor valdtekter har auka med 240 prosent sidan 1990-åra, då den nye økonomiske politikken vart lansert. Me må undersøke røttene til den auka valden mot kvinner. Kan det vere eit samband mellom ein meir valdeleg, urettvis og urettferdig økonomisk politikk innført på udemokratisk vis, og veksten i brotsverk mot kvinner? Eg trur det er det.

Kvinners bidrag

For det første: Den økonomiske modellen som bare fokuserer på «vekst», er vald mot kvinner fordi han ser bort frå deira bidrag til økonomien.

Dess meir regjeringa opp att og opp att snakkar om «inkluderande vekst» og «inkluderande økonomi», dess meir ekskluderer dei det kvinner bidrar med til økonomi og samfunn. I dei patriarkalske økonomiske modellane blir produksjon til eige forbruk rekna som «ikkje-produksjon». Omdanninga av verdi til ikkje-verdi, arbeid til ikkjearbeid, kunnskap til ikkje-kunnskap, skjer ved hjelp av dei mektigaste talla som styrer liva våre, den patriarkalske konstruksjonen BNP, brutto nasjonalprodukt. Enkelte kommentatorar har byrja å kalle det Brutto Nasjonalproblem. Rekneskapssystema som reknar vekst som BNP, er bygd på føresetnaden at om produsentane konsumerer det dei produserer, då produserer dei ikkje i det heile tatt, fordi dei fell utanfor rammene for produksjon.

Produksjonsomgrepet er politisk skapt, og utelukkar reproduktive og fornybare kretsløp frå produksjonsområdet. Dermed blir alle kvinner som produserer for familien, barna, fellesskapet og samfunnet behandla som «ikkje-produktive» og «økonomisk» inaktive. Når økonomien blir avgrensa til marknaden, blir økonomisk sjølvberging oppfatta som mangelfull økonomi. Nedvurderinga av kvinners arbeid, og av arbeid i sjølvbergingsøkonomiar i Sør, er det naturlege resultatet av eit produksjonsomgrep konstruert av eit kapitalistisk patriarkat.

Ved å avgrense seg til verdioppfatninga til marknadsøkonomien slik ho er definert av det kapitalistiske patriarkatet, ser ein bort frå økonomiske verdiar i dei to økonomiane som er livsviktige for at miljøet og menneska skal overleve. Det er økonomien til naturen og sjølvbergingsøkonomien. I økologien og sjølvbergingsøkonomien er økonomisk verdi ein målestokk på korleis livet til Jorda og menneska blir verna. Valutaen er livgivande prosessar, ikkje kontantar eller marknadspris.

For det andre: Ein kapitalistisk patriarkalsk modell som ekskluderer kvinners arbeid og verdiskaping frå tenkinga, skjerpar valden ved å ta frå dei levebrødet og fremmendgjøre dei frå naturressursane dei er avhengige av – jorda, skogane, vatnet, frøet og det biologiske mangfaldet. Økonomiske reformer basert på tanken om grenselaus vekst i ei avgrensa verd, kan bare haldast ved like ved brutalt å rane til seg ressursar frå dei sårbare. Ressursranet som er nødvendig for «vekst» skaper ein valdtektskultur – valdtekt av Jorda, av sjølvforsyningsøkonomiar, valdtekt av kvinner. Einaste måten denne «veksten» er «inkluderande» på, er at han inkluderer stadig fleire i valdsspiralen sin.

Eg har ofte lagt vekt på at valdtekt av Jorda og valdtekt av kvinner er nært knytt saman, både i overført forstand ved å forme synet på verda, og materielt ved å forme kvinners kvardagsliv. Meir økonomisk sårbare kvinner gjør dei meir sårbare for alle former for vald, medrekna seksuelle overgrep. Det kom fram i ei rekke offentlege høyringar om økonomiske reformer og konsekvensane for kvinner, arrangert av National Commission on Women og Research Foundation for Science, Technology and Ecology.

Undergraving av demokrati

Vandana Shiva
Vandana Shiva, Foto: Flickr/Ajay Tallam

For det tredje: Økonomiske reformer fører til undergraving av demokrati og privatisering av styringsverket. Økonomiske system påverkar politiske system. Regjeringa snakkar om økonomiske reformer som om dei ikkje har noko med politikk og makt å gjøre. Dei snakkar om å halde politikken borte frå økonomien, jamvel når dei innfører ein kjønns- og klassespesifikk økonomisk modell. Nyliberale reformer motarbeider demokrati. Me har sett det nyleg då regjeringa pressa gjennom «reformer» for å få inn Wal-Mart i varehandelen gjennom FDI (Foreign Direct Investment – direkte utanlandske investeringar. G.D. anm). Reformer til fordel for storselskapa fører til at økonomisk og politisk makt konvergerer, skjerpar ulikeverd og veksande kløfter mellom politikarane og folkeviljen dei skulle representere. Det ligg til grunn for den manglande kontakten mellom politikarane og folket som me ser i protestane som har auka i styrke etter gjengvaldtekta i Delhi.

Og det som er verre, ein fremmendgjort politikarklasse er redd for sine eigne borgarar. Det forklarer den aukande bruken av politi for å slå ned ikkje-valdelege protestar slik me har sett i New Delhi. Eller i torturen av Soni Sori i Bastar. Eller i arrestasjonen av Dayamani Barla i Jharkhand. Eller dei tusenvis av tilfella der lokalsamfunn slåst mot kjernekraftverk i Kudankulam. Ein privatisert næringslivsstat vil raskt bli ein politistat.

Det er grunnen til at politikareliten må omgi seg med stadig fleire tryggingstiltak, og dermed tar politiet bort frå den viktige oppgava å verne kvinner og vanlege borgarar.

For det fjerde: Den økonomiske modellen til det kapitalistiske patriarkatet er basert på å gjøre alt til varer, medrekna kvinnene. Då me stoppa WTOs møte i Seattle, var slagordet vårt: «Verda vår er ikkje til sals.»

Den økonomiske liberaliseringa har sleppt laus ein økonomi med deregulert handel; frø, mat, land og vatn, kvinner og barn blir gjort til varer og privatisert. Det bryt ned samfunnets verdiar, styrkar patriarkatet og intensiverer vald mot kvinner.

Økonomiske system påverkar kultur og sosiale verdiar. Ein vareøkonomi skaper ein varekultur der alt har ein pris, og ingenting har verdi.

Den veksande valdtektskulturen er eit sosialt utslag av økonomiske reformer. Den nyliberale politikken er eit sentralt verktøy for patriarkatet i vår tid. Me må få formaliserte, kontinuerlege og offentlege granskingar av politikken, der folket er involvert før og undervegs. Hadde det vore slik gransking av privatiseringa av frøsektoren, ville ikkje 270 000 bønder vore pressa til sjølvmord sidan den nye økonomiske politikken vart introdusert. Om det hadde vore slik gransking av storselskapas inntog i matvaresektor og landbruk, ville ikkje kvar fjerde indar gått svolten, kvar tredje kvinne vore feilernært, og kvart andre barn vore øydelagt og forkrøpla på grunn av alvorleg feilernæring. India i dag ville ikkje vore Svoltrepublikken som dr Utsa Patnaik har skrive om.

Offeret for gjengvaldtekta i Delhi har utløyst ein sosial revolusjon. Me må halde han ved like, gjøre han djupare og breiare. Me må krevje, og få rask og effektiv rettferd for kvinner. Me må krevje hastedomstolar for å dømme dei som er ansvarlege for brotsverk mot kvinner. Me må sørge for at lovverket blir endra slik at offera for seksuell vald får rettferd. Me må framleis krevje svartelisting av politikarar med kriminelt rulleblad.

Og samtidig som me gjør alt dette, må me endre den herskande tenkemåten som blir pressa på oss i «veksten» sitt namn, og som fyrer opp under brotsverk mot kvinner. Å gjøre slutt på vald mot kvinner inneber å gå frå den valdelege økonomien skapt av det kapitalistiske patriarkatet, til ein ikkje-valdeleg fredeleg økonomi som respekterer kvinnene og Jorda.