Arkiv for Øyvind Bremer Karlsen

Provokatøren

Nr 4 2016

To lange kassakøar. Det var gunstig. Så valde han rett kø, mannen var rimeleg sikker på at det var rett kø. Kassadama hadde lyst, halvlangt hår, var i trettiåra og passa til beskrivelsen. Ho i den andre kassa var middelaldrande. Da køen langsamt bevega seg framover, fekk han eit glimt av namneskiltet som kassadama hadde […]

Les resten av artikkelen

Geir

Nr 2 2015

Ein morgon stod han berre der, ikkje langt frå utgangen av Oslo S. Framfor ein blomebutikk. Ein kvardagsmorgon. Eit mylder av folk, travle pendlarar som hasta av garde på jobb. Tiggaren stod og såg ned, såg på føtene sine, men løfta hovudet nå og da. Ho gav han ein mynt i det tomme kaffikruset av […]

Les resten av artikkelen

Forsvar

Nr 3 2013

Den militante staten Israel forsvarer seg mot sivile, palestinske ungar ved å drepa dei, det er ikkje drap, det er forsvars- krigføring. Den som vil, kan skjønne dette, den som kan, vil skjønne dette. Kven vil, kven kan? Øyvind Bremer Karlsen

Les resten av artikkelen

Bikkjer

Nr 1 2014

Dei var svoltne, svoltne som ulvar. Men rovdyr var dei ikkje, åtte ikkje villskap. Dei var samfunnsdyr, temma og tamme, og dei var i eit pent strøk. Eit mett og for det meste kvitt strøk i The Garden District, New Orleans, med saftige, grøne plenar og godt gjødsla prydbusker. Så oppfør deg, gut! Vis kunstane […]

Les resten av artikkelen

Jæ fôra katta (dikt)

Nr 3 2013

Jæ fôra katta med feite fraser ho dauda Øyvind Bremer Karlsen

Les resten av artikkelen

Det dei seier (dikt)

Nr 2 2013

Det skal lønne seg å jobbe – det er det dei seier. Det skal koste å vera sjuk! Det er ikkje det dei seier, men det er det dei seier. Øyvind Bremer Karlsen og Berit Krogh

Les resten av artikkelen

Liggande ved kai i Long Beach (dikt)

Nr 1 2013

Vi låg under krana på einarluka, pikka rust, Letten og eg, pikka rust. Klinte på mønje. Måla med gulfarge, måla. Sveitta. Varmt nok i solsteiken i januar i Long Beach. Kraup fram. Vi stod ved rekka, Letten og eg, tok oss ein blås, Jungen stod nede på kaia og måla pontongar og tok seg ein […]

Les resten av artikkelen

Ein handfull galningar (novelle)

Nr 1 2013

Eit halvmørkt, sparsamt innreidd barlokale med grågule murvegger. Skarpt, kvitt lys strøymande inn gjennom opne dører ut mot travel gate. Ei rufsete, svart og kvit bikkje låg og sov i skyggen bak den eine døra. Eit flimmer av urolege skyggar flaut forbi dørene, utydelege mot det blendande tropelyset, enkelte gråsvarte skyggar kom inn gjennom dørene […]

Les resten av artikkelen

Vår Fatima (dikt)

Nr 4 2012

Ta av henne hijaben, ho heiter likevel Fatima. Ta av henne niqaben. Likevel heiter ho Fatima. Altfor ofte er det slik: Plassen bakarst i køen er hennar plass. Vår Fatima. Øyvind Bremer Karlsen  

Les resten av artikkelen

NOTAT OM SVARTE STØVLAR (Dikt)

Nr 3 2012

marsjerer på ny Svarte støvlar. Hellas i krise. Kvelartak takast. Økonomisk ruin. Arbeidsløysa. Nye høgder. økonomisk politisk økonomisk Hatpolitikken. Kan fascistane gi folk eit liv. Trakasseringane, dei svarte t-skjortene uniformer uniformitet Propagandaen. Ytringsfridommen. Kven er det som trampar marsjerer Demokratisk stemmegiing på udemokratisk parti. Framgang for fascistane. Demokratisk ruin. Aggresjonen. Fascistane. Vald. Hatobjekt. Minoritetane. Dei […]

Les resten av artikkelen

– Walk! Don run! (Novelle)

Nr 2a 2012

Livredd var han da han vakna, Johannes Berulfsen, og lyset frå den kommande morgonen strøymde inn gjennom ventilen, grelt, hardt, og laga skuggar i lugaren, og punkt av lys, laga groteske vinklar og altfor mange rette liner; dekksguten liggande bleik i køya si i eit forvirrande, absurd landskap der det svarte blei gråare, grått, men […]

Les resten av artikkelen

Innhold

Nr 2a 2012

Jan Erik Vold: Enkel språklære side 3 Torgeir Skorgen: Menneskegrupper og raser side 4 Seher Aydar: Rasisme i Norge – idag? side 12 Den vedvarende kampen mot statlig rasisme side 18 Shoaib Sultan: Organisert islamhat idag side 22 Jokke Fjeldstad: Nynazistene i Hellas inn i parlamentet side 28 Brita Bastogi: Israel – en apartheidstat? side […]

Les resten av artikkelen

Da-n Gud skapa verda … (novelle)

Nr 2 2012

Han stempla inn på eftasskiftet akkurat tidssnok, småsprang ned trappa, ned i kjellaren og inn i garderoben, skifta raskt til arbeidsklede: Ei nær på utsliten olabukse med hol på det eine kneet, ei raudrutete bomullsskjorte samt tresko med svart overlêr. Men ikkje før hadde ungguten komme opp i maskinsalen og skulle til, før formannen flagra […]

Les resten av artikkelen

Problem?

Nr 4 2011

– Morn, sa fyren som hadde stoppa. Eg trur problem? Frostrøyken låg tett og klam over det vesle søkket mellom holane der bilen til Anders hadde slege seg til ro etter å ha blitt skubba og dytta med skuldra til den grinete eigaren mot A-stolpen over hundre meter for så å skulle starte i fart […]

Les resten av artikkelen

Sjølvforsvar (novelle)

Nr 4 2009

Sikre seg. Tenkte mannen. Han kikka ut gjennom vindaugsruta i forretninga si. Han hadde gått til og frå. Kikka ut i mørket. Halve kvelden. Såg stadig ikkje noko. Det var ikkje mykje trafikk i denne sidegata.

Les resten av artikkelen