RØST – Radikalt økonominettverk (omtale)

Av Sigbjørn Hjelmbrekke

Nr 3 2008

RØST er ein skriftserie som med ujamne mellomrom vert gjeve ut av Radikalt økonominettverk. Kvart nummer kjem som eit temanummer. Frå starten til i dag har dei gjeve ut med desse tema: pensjon, skatt, økonomisk teori og politisk praksis, velferd, likestilling, utvikling og no sist klima.

 

Siste nummeret inneheld ni artiklar som på ulike måtar tek føre seg korleis me bør løysa klimaspørsmålet. Bladet er godt samansett. Nokre artiklar tek føre seg relevant bakgrunnsstoff som korleis folk påverkar kvarandre si miljøåtferd og ei drøfting av rettferd mellom generasjonar. Fleire fokuserer på effektivitet, manglar ved og verknad av ulike tiltak som avgifter og kvotar. Andre igjen fokuserer på det politiske: fordelingseffektar og politisk realisme. Artiklane er ikkje tekniske, og heftet er godt eigna til å setja seg inn i pågåande ordskifte om klimatiltak.

 

Føremålet med nettverket og tidsskriftet er «å gjøre fagpersoner tilgjengelige for et bredt publikum, slik at vi kan levere kunnskap av høy kvalitet og utgjøre en motvekt til høyresidens økonomer». Kven som utgjer høgresida, er ikkje nærare definert. Heller ikkje kor breitt publikum ein rettar seg mot. Eg vil gissa at dei fleste som les tidsskriftet er (samfunns)økonomar eller er meir enn gjennomsnittleg interesserte i økonomisk teori.

Ettersom tidsskriftet sjølv ikkje definerer høgresida, må ein sjå kva innretning tekstane har. Dette varierer sterkt frå bidragsytar til bidragsytar og nummer til nummer. Nokre ligg nok om lag ved statsministeren, medan andre vil ta eit oppgjer med det meste av rådande tenkjing. Mange bidrag er det elles ikkje lett å plassera i partilandskapet. Dei er meir folkeopplysning enn politiske innlegg.

Ein må spørja seg kva føremål tidsskriftet skal tena. Gode artiklar om ulike spørsmål kan ein alltid finna andre stader. For min del synst eg skriftserien er viktigast for å hindra at eg som økonom vert fanga i eigne modellar og dominerande analysemåtar. Å lesa dette mangfaldet av meir eller mindre kritiske innfallsvinklar, hjelper meg å sjå medviten eller umedviten ideologi som ligg bak dominerande synsmåtar. Når respekterte fagøkonomar skriv artiklar som er kritiske til rådande politikk og tenkjing, gjer det det enklare å kombinera faget med politikken. Samstundes lukkast bladet i nokon grad med å integrera andre fagfelt, noko som er mangelvare i annan økonomlektyre.

 

Når temaet Klima er valt, er dette i og for seg eit tidsriktig og kanskje nesten sjølvsagt val. For tidsskriftet RØST synst eg likevel resultatet vert litt på sida av det eg oppfattar som kjerneoppgåva. Dei offentlege diskusjonane om klimatiltak går på kryss og tvers, og det er ikkje alltid lett å identifisera høgre- og venstresidestandpunkt. Minst av alt finst det ein nyliberal konsensus som tidsskriftet kan problematisera. Ulikt ein del tidlegare nummer av tidsskriftet, kanskje serleg velferd og økonomisk teori og politisk praksis, har det ikkje ein klår brodd eller front. Største delane av innhaldet kunne vore skrive av folk som held seg til kva som helst parti (unnateke Framstegspartiet, sjølvsagt).

 

RØST er etter mi meining på sitt beste når det tek opp spørsmål som stort sett berre økonomar på venstresida er opptekne av, slikt som kvinneleg gratisarbeid eller å synleggjera makt, og dessutan når skriftet tek føre seg alternative modellar og analysar som venstresida kan bruka politisk. Døme på slikt er å forklara lønsnivået for toppleiarar på ein mindre smigrande måte eller å løfta på standardføresetnadene for analyse av handel.

RØST er eit godt tidsskrift med ein funksjon. Interesserte bør absolutt lesa det. Men det er ikkje for alle, og det bør heller ikkje vera målsetnaden. Skriftet kostar hundre kroner nummeret og er å få i abonnement. Det meste av innhaldet vert dessutan lagt ut på http://www.okonominettverket.no/R_ST/index.html.

Sigbjørn Hjelmbrekke