Politikarane, ikkje utbyggarane, må ha siste ordet

Av Ingrid Baltzersen

2021-03

Stavanger. Foto: Vlad Kiselov

I Stavanger fann Raudt ut at det var for seint å komma inn i boligpolitiske saker når dei kom til kommunestyret, fordi då var det meste avgjort. Gnist har intervjua gruppeleiar i kommunestyret for Raudt Stavanger, Sara Nustad Mauland, om korleis jobba med boligpolitikk i oljebyen.


IB: Du har vore i kommunestyret i ti år. Korleis har dokker jobba med boligpolitikk til no?

SNM: Eg blei vald til vara i kommunestyret i 2011 og har møtt fast sidan 2015. Det er berre sidan 2019 Raudt har vore representert i Utval for by- og samfunnsutvikling. Så me er ganske ferske der, men eg tenkte heile førre periode at me kom seint inn i alle saker. Det gjaldt spesielt store saker som kommuneplanar og kommunedelplanar, så eg syntest det var synd at me kom inn i saka først når dei skulle tas opp i kommunestyret. Då var det lite rom for å få gjort noko. Det var frustrerande å kunna berre legga fram symbolforslag, som å ta ned ein etasje eller sei at me ønska at området eigentleg skulle brukast som friområde, og så blei vedtaket noko heilt anna. Me skjønte at viss me ville ha sjanse til å påverka, så måtte me inn i utvalet. Så var ei viktig prioritering for Raudt Stavanger i forhandlingane etter valet for to år sidan.

IB: Eg hugsar det sjølv frå då eg sat i bystyret i Oslo i 2007 til 2011, at det var eit arbeidskrevjande utval der det var vanskeleg å få til noko synleg politisk med våre ressursar, så me prioriterte det vekk.

SNM: Ja, det var difor me prioriterte det vekk i tidlegare periodar når me berre hadde ein representant i bystyret, me tenkte då at det var lurare å prioritera et anna utval. Raudt har også hatt rykte på oss at me seier nei til alt, så andre parti tenkte nok då at Raudt ikkje ville bidra positivt inn der. Det var mykje konsensus tidlegare i boligpolitikken i Stavanger, ein stolte på utbyggarane. Det har berre vore Raudt, SV og Venstre som har vore kritiske stemmer i byutviklingssaker. Det er me som har ønska å ta vare på gamle hus, ikkje sei ja til alt utbyggarane foreslår og ikkje sei ja til det største talet etasjar.

Folk flest kan ikkje velga å «berre bu ein annan stad»

IB: Er det nokon saker som gjorde det viktig for deg å prioritera boligpolitikk?

SNM: For det første var det prinsippa, eg opplevde eit år at me vedtok ein kommuneplan i juni, der det sto noko om bydelar og område der ein ikkje skulle bygga høgare enn 5 etasjar. På første møte i august blei det lagt fram eit prosjekt som vil bygga 8 etasjar i dette området, og nesten heile kommunestyret sa ja til det. Eg har også høyrd politikarar sei at det er ikkje dei som bestemmer boligpolitikken i Stavanger, det er utbyggarane. Det var også ei sak der ein skulle bygga boligar nær Stavangers mest trafikkerte  vegstrekning, noko som ville gitt utfordringar både med støy og luftkvalitet. Der blei det difor problem både med å få lagt soverom i stille sone, og med å få eigna opphaldsareal ute. Her er det ein målestasjon i området, så det fanst handfaste bevis på at støy og svevestøv kunne skapa helseproblem for bebuarar. Likevel var det nokre politikarar som syntest dei skulle få ja til å bygga, og så kunne dei som ikkje ville ha konstant trafikkstøy «berre bu ein annan stad».

Me i Raudt er då meir realistiske på at dei som bur i boligar med dårleg kvalitet har ikkje vald det fordi dei ønsker det, men fordi dei ikkje har råd til noko anna. Så eg tenkte det var ikkje nok å sitta i kommunestyret og stemma ja eller nei til ferdige planar, me burde komma inn og påverka tidlegare.

Siger i «Paradis-saka»

IB: Får dokker til det no?

SNM: Ja, samansetninga i kommunestyret og utvalet har endra seg. Me opplever at Arbeidarpartiet er meir kritiske til utbyggarane sine planar no, og ønsker å sjølv gå inn og imøtekomma forslag og innspel frå naboar og bebuarar, og senda forslag tilbake for å få endra dei etter at dei har vore ute på høyring. Me opplever også at Høgre deler seg på midten, dei står fritt til å stemma det dei vil i dei sakene. Så er meir dynamikk no i denne typen saker, og me har sjanse til å påverka. Me fekk stort gjennomslag etter valkampen i 2019 i Paradis-saka, då me fekk stoppa Aker BP sitt prosjekt.

IB: Fortel meir om Paradis-saka?

Det var ei sak som dukka opp for eit par år sidan, om eit stort område som er eid av Bane NOR eigedom. Det er der den gamle godsterminalen låg nær sentrum, der gamle NSB fekk areal for å bygga ut infrastruktur til samfunnet. No er NSB oppstykka av fleire selskap som driver kommersielt, og når jernbanen ikkje har behov for areala lengre, så har selskapa blitt eigendomsspekulantar, i staden for å selja det billig eller gi det tilbake til kommunen. Selskapet har gått i allianse med dei verste eigedomsspekulantane for å få størst mogleg avkastning. I valkampen i 2019 hadde dei gått inn ein avtale med Aker BP om å bygga ut 5000 arbeidsplassar. Høgre lova ein «rettedølsk behandling» som me tolka som at dei hadde godkjent dette sjølv på førehand. Det var ei gåvepakke til Raudt i valkampen, at me kunne hekta dette på Aker og på Røkke som ein ufyseleg kapitalist, og at dette prosjektet kunne me stansa. Paradis-saka var vårt eine store krav i forhandlinga i valkampen. Og me har då innfridd det, me har stansa den gjennom å få vedtatt at kommunestyret må laga områdeplan for området før ein kan gå inn på detaljreguleringar. Raudt har fått mykje tilbakemeldingar på det, både skryt, men me får også skylda for alt som er gale, for eksempel at me har lagt ned 5000 arbeidsplassar. Nokon trur tydelegvis at det å ha kontorbygg betyr at ein lagar arbeidsplassar. Mens me ser at viss ein prioriterer kommersielle aktørar, så prioriterer ein ned folk sine behov for boligar.

IB: Kva er spesielt med boligpolitikk i oljebyen?

I mange år veks oljesektoren valdsamt, alle selskapa ansette heile tida og importerte ingeniørar og andre fagfolk. Så det var ein overoppheita boligmarknad. Så roa det seg med oljekrisa her i 2014. Sandnes og nabokommunane har tiltrekt seg mest barnefamiliar. Me har framleis knappheit på areal viss ein ikkje tar med dei nye delane av Stavanger kommune, Finnøy og Rennesøy. Me er ein liten kommune når det gjeld areal, og det er lite ledig areal. Dette set grenser for kven som kan bygga nytt. Me ser det på Storhaug der ein har gamle industriområde som skal transformerast, det blir berre bygd blokker. Store kommersielle aktørar utnyttar politiske vedtak og brukar dei mot oss. For eit par år sidan auka bystyret måltal for nye boligar kvart år frå omtrent 1000 til 1100, for å bidra til å dempa prisen. Men då begynte utbyggarane å sei at viss dokker seier nei til dette prosjektet, vil dokker ikkje nå måltalet. I alle storbyane har politikken dei siste åra vore at ein ønsker ein kompakt byutvikling, bygga tettare og nær kollektivtilbod. Gjennom det skal ein verna jordbruk og grøntareal. Men når dei som står for nye reguleringsplanar er kommersielle utbyggarar, så brukar dei ambisjonen om fortetting for å få gjennom spekulative prosjekt med små leilegheiter og dårlege uteareal.

Utbyggarane bruker grøntareal som utpressing

Me ser at grøntareala forsvinner frå prosjekta. Det er mange prosjekt som snyltar på eksisterande grøntareal i staden for å gi noko nytt. Til dømes viser eksisterande grøntareal på karta til prosjekt, men det har gjerne vore regulert til andre ting, så det forsvinner etterpå. Eller dei brukar eksisterande turområde i området for å selja inn prosjektet til kjøparar. Eller dei lagar grøntareal i midten, og det gir jo ikkje noko nytt til nabolaget.

Me har også sett at der ein har rekkefølgekrav om at det skal byggast park til slutt, har dette blitt brukt som brekkstong mot bebuarane. Eit eksempel er området rundt Lervig på Storhaug der det har vore ei ekstrem fortetting. Her blei det sett av areal til park/friområde for mange år sidan, men parken skulle ikkje bli realisert før alle leilegheitsprosjekt var ferdig utbygd, sidan desse skulle betala for parken. eg har sjølv vore på informasjonsmøte kor Selvaag bolig har trua bebuarar som var bekymra for at dei siste trinna i prosjekta blei planlagt bygd for høgt og for tett, med at viss dei ikkje fekk bygga x blokker med x etasjar, så ville prosjektet ikkje bli lønnsamt nok til å realiserast, og da kunne me berre gløyma å få parken vår, sidan alle deira prosjekt måtte realiserast for at parken skulle bli fullfinansiert. I bydelar som manglar grøntareal, og kor det er mange små boligar utan hage, brukar då utbyggarar dette med at dei skal lags park som ikkje berre eit lokkemiddel, men også ein trussel for å hindra at bebuarane prøver å påverka politikarar til å gå inn og endra på prosjekt. Samtidig skal det seiast at etter at me stansa Paradis-planane, så har utbyggarar på andre prosjekt vore ganske villige til å gjera justeringar på sine prosjekt når me i fleirtalet signaliserer at me vil at dei ser på volum eller byggehøgder en gong til. 

IB: Korleis jobbar Raudt Stavanger for å utvikla boligpolitikken?

SNM: Me har sett ned eit boligpolitisk utval i år. Me ønsker å sjå både overordna og på enkeltområde for å finna ut korleis me best kan påverka utviklinga i byen. I utvalet er det folk med ulike perspektiv. Nokon kan mykje om kossen det var før, med Husbanken, korleis boligbyggelaga fungerte før frisleppet. André er opptatt av kommunale boligar, kor mange ein skal ha og korleis ventelista skal fungera. Utvalet diskuterer også med byutvikling. Me vil at alle typar folk  skal bu i alle bydelane, at det ikkje skal bli gettoar, verken for dei me lite eller mykje pengar. Me ønsker heller ikkje at dei som stemmer Høgre, skal bu i nabolag berre med folk som trur at alle har råd til å køyra Tesla.