Samiske namn på vegskilt på Helgeland?

Av Ole-Gunnar Leirvaag

2009-03

«Skilting på samisk er ei symbolsak, men også mykje, mykje meir,» skriv Ole Gunnar Leirvaag, Rødt sin samepolitiske talsmann som døde i april.
Ole-Gunnar Leirvaag var lektor og underviste i norsk og historie. Da han døde sist april, 57 år gammel, var han Rødts samepolitiske talsmann, kommunestyrerepresentant for Rødt Rana og leder av Rana sameforening.
 

Bakgrunn for dette spørsmålet som eg skal ta opp, er eit avisoppslag sist haust om samiske parallelnamn på innfartsvegane til Rana, som vekte ei viss oppsikt og skapte eit ordskifte i lokale media i Nord Noreg. Eg vart kontakta av aviser som ville vite nærmare om kva eg meinte med dette utspelet. I utgangspunktet gjeld dette samiske namn på dei fem innfartsårane til Rana, som eg meiner må få det samiske parallelnamnet Raanen Tielltie. Her vil eg utvide perspektivet noko, og sjå på skilting på samisk i heile distriktet, på Helgeland og i Vasterbotten.

 

Eg må understreke før eg startar føredraget at eg ikkje er ekspert på emnet stadnamn. Mellom anna kan eg altfor lite om sørsamisk språk.

 

For tida er eg leiar i Rana Sameforening, og er derfor naturlegvis interessert i å fremje samiske saker i heimkommunen min. Eg er interessert i dialogar og ordskifte om dette aktuelle emnet, skilting på samisk på Helgeland og i Västerbotten. Det er mange kjensler rundt dette, både rasjonelle og svært irrasjonelle som kanskje hindrar skilting på samisk. Det har vi sett andre stader i Nord-Noreg, der skilt har blitt fjerna, skotne på og vandaliserte på anna vis.

 

Dette må likevel ikkje hindre oss i å gjere det som vi meiner er rett. Elles går ikkje verda framover. Skilting på samisk er ei symbolsak, men også mykje, mykje meir. Det er mange sider ved stadnamn og kva dei betyr språkleg og kulturelt, og eg skal ikkje ta opp alle desse sidene her. Det er eit stort emne, og eit interessant emne . Eg vil oppmode arrangørane av dette seminaret, til å ta opp stadnamn på eit eige seminar seinare. Særleg vil eg etterlyse gransking og kunnskap rundt samiske gardsnamn.

 

I Noreg, sør om Nord-Troms, finst ikkje samiske normaliserte parallellstadnamn på skilt, ikkje ein gong i samiske kjerneområde som Evenes og Tysfjord, unntatt dei namna som har eit tradisjonelt samisk einenamn, ofte fornorska eller fordanska: Sulitjelma, Tysfjord, Rana(?), Salten m.fl..

 

 

Bakgrunnen for dette ligg i historia, der det samiske har blitt sett på som mindreverdig, eller som ein uforståeleg og merkeleg kuriositet, både i dansketida før 1814, og i tida for norsk nasjonsbygging, med norsk nasjonalromantikk, fram til vår tid. I skrifter frå denne nasjonsbyggingstida, krydra med sosialdarwinisme, vart det framført nekrologar over alt som var samisk, og den samiske nasjonen skulle assimilerast, ut frå ei såkalla uunngåeleg historisk utvikling. Sosialdarwinisme er trua på eller vrangførestellinga om at enkelte grupper og samfunn ligg lengre ned på rangstigen fordi dei er komne kortare i utviklinga, altså Darwin sine idear frå naturvitskapen om «the survival of the fittest» overført på det menneskelege samfunnet. Denne ideologien vart brukt for å grunngi kolonialisme under imperialismen på 1800-talet og langt opp på 1900-talet. Diktaren Kipling snakka om «The white mans burdon», at den kvite mann hadde plikt på seg til å gi erobra folk sin eigen høgare kultur. Det vart vedtatt lover og forordningar som skulle skjule det samiske i skolen og i samfunnet. Mange skolefolk meinte at skulle samane få tilgang på sivilisasjon, kunne dei ikkje bruke samisk.

 

Sosialdarwinisme er ei lei liding og styggedom som har ridd den vestlege sivilisasjon dei siste 120 åra. I dag dominerer vel andre argument mot samisk. Det er mange grunnar til å nekte for at verda stort sett har vore og er fleirkulturell, at ein kultur slik vi opplever han i dag er resultat av ein historisk prosess, og syntese av kulturelement. Det går trass i alt framover med små skritt. Det er først dei seinare åra at det samiske blir sett på som fullverdig eller i alle fall har fått høgare status, og at t.d. det samiske språket er godtatt som eit moderne kulturspråk på line med t.d. norsk og engelsk.

 

Det er vel ingen som bevisst går inn for å utrydde samane som folk no til dags. Eg kunne ha brukt mykje tid på dette. Det skal eg ikkje. Eg vil ikkje dvele meir ved ei undertrykkande fortid her, eg vil sjå framover frå no av, og peike på kva positive element for storsamfunnet som ligg i samiske stadnamn, i samisk språk, samiske kulturytringar.

 

Ein kan jo ikkje gjere om fortida, men ein kan skape framtida. Ein må studere fortida for å hjelpe til med skape framtida.

 

Eg vil heller ikkje dømme dei som er mot å bruke pengar på skilting med samiske stadnamn. Blakke kommunar tenkjer skole og omsorg, og folk har elles stort sett rett i at alle forstår jo norsk. No er det jo også slik i dag at dei fleste forstår engelsk, så kva skal vi med norsk, eigentleg? Vi som har norsk som morsmål, vel sjølvsagt norsk, for det er ein del av oss, og for at vi ønskjer å ta vare på språkbrukarane.

 

Språket er eit kommunikasjonsmiddel, men det har også andre funksjonar som eg skal komme tilbake til seinare her.

 

Kva er stadnamn og kva fortel dei?

 

Alle folk har namn på stader som er viktige for dei. Namna er landemerke og knytt anten til naturfenomen eller kulturfenomen, altså får vi naturnamn og kulturnamn. Stadnamna fortel kven eller kva folkegruppe som bur på ein stad, eller som har budd her i tidlegare tider: Finnsetra, Lapptjønna, Reinfjelllia, Marivollen, Finnburet,Hansfinnsetra. Stadnamna er altså ei kjelde som fortel at det har budd samar på Helgeland frå gammalt av. Ved sidan av historiske funn og andre historiske kjelder er stadnamna dei beste kjeldene til kven som har folkesett eit område. Stadnamna er også identitetskapande og fortel eit menneske at det høyrer heime på ein bestemt stad, eller skapar spennande assosiasjonar til bestemte hendingar i livet eller i historia. Derfor er noko av det første ein person gjer når han eller ho slår seg ned ein stad, å døype seg eit namn på staden. Namneskikkane fortel om næringsgrunnlag: Reinhåjen (Leirfjord,ma.), om opphavsperson: Klemethellaren (Hemnes) og bestemte hendingar folk hugsar: Lappfløttarskaret (Rana). Namna kan også ha røter i opphavssegner ofte kombinerte med naturformasjonar, slik som Hestmona, Dei sju systrene, Torghatten, Suliskongen, Oksskolten(Vuaksåelkie), Kaldvatnet, Vervatnet osb. Lagnaden til samiske stadnamn oppetter i historia er tredelt: For det første finst dei i opprinneleg form, slik som namn på mange fjell og innsjøar i nord, også i vårt distrikt: Vuaksåelkie(Okstindane), Tjåelmie, Gavasjavre, Blaekhkie. Desse namna finn vi i bruk i område kor samar og stort sett berre samar har vandre heilt opp til vår tid.

 

For det andre finn vi mengder av namn med samisk bakgrunn som først vart fordanska inn til det uattkjennelege, og seinare fornorska inn til det enno meir uattkjennelege: Kaldvatnet, Vervatnet, Sulitjelma, Aldra(?), Renga, Rana (?). Det er her vi ser kven som har makt til å bestemme korleis eit namn skal vere.

 

For det tredje skjer det ofte eit namneskifte når nye folkegrupper eller nye nærings-kulturar flyttar inn ein stad, som når folk blir fastbuande bønder. Særleg i innlandet var gardane knytt til norsk eller svensk tilflytting av folk som rydda seg gardar. Men også samar som rydda seg gardar la norske namn på gardane, dels for å få dei tinglyste. Dels på grunn av status. Dette namneskiftet skjedde seint, somme stader heilt opp til vår tid. Nokre namn fortel likevel direkte om kva folkegruppe som budde på staden: Finnsetra, Sjunkfjord, Gambogen, Finnvik, Gullholm (av guolli=fisk).

 

For å gjere dette enno meir vanskeleg er det tilfelle der eit «norsk» namn blir «forsamiska » og så att blir «fornorska». Som de ser, her er grunnlag for mykje interessant gransking og samanfattande utgreiingar.

 

Ein liten parantes i samband med fornorsking: Eit negativt høgdepunkt i denne politikken var jordlova og jordsalsreglemetet for Finnmark av 1902. Der vart det sett forbod mot sal av jord i amtet til andre enn norsktalande. Formelt galdt dette heilt til 1965. Ikkje så rart at opprinnelege samiske gards- og stadnamn vart til norske namn.

 

Det samiske språket som har levd og framleis lever i dette distriktet sør for Saltfjellet, er sørsamisk, med dialektforskjellar. I dag er dette språket stort sett brukt i reindriftsmiljøet, blant eldre, blant folk som har lært språket i større eller mindre grad heime, og blant idealistar, men det blir gitt opplæring på og i sørsamisk fleire stader på Helgeland. Det er sørsamiske sendingar i NRK, og det kjem ut skjønnlitteratur på sørsamisk. Eit par blad trykkjer artiklar på dette språket. Det er stor interesse for å lære sørsamisk der det blir sett i gong kurs. Språket er kommunikasjonsmiddel, men det er også kulturberar, som t.d. å fortelje om arbeidsprosessar og overføre materielle og munnlege tradisjonar på ulike måtar. Biletleg talt blir språk ei bru over historiske epokar. Det fortel om fortida, og kan gi oss svar på mange stadnamngåter og korleis folk har levd i tidlegare tider. Riv vi denne brua, blir det lett eit «juv» i historia. I dag er sørsamisk på Unesco si liste over truga språk. Kan vi då redde språk som held på å forsvinne? Er det noko poeng i det? Eg meiner sjølvsagt svaret er ja på begge desse to retoriske spørsmåla. Eg meiner at språkdød gjer samfunnet vårt fattigare, og forståinga for notida blir mindre. Det gjeld samiske ord, og det gjeld språket som heilskap. Men for å berge språket må alle vere aktive, både folk og styresmakter.

 

Språk er identitetsskapar, og sjølv om ikkje folk kan bruke sørsamisk eller for den del norsk, knyter det folk saman og gjer folk trygge på bakgrunnen sin. Vi ser dette også ute i verda. I USA har det vore trendy ei tid å vise til indianske røter ved å kunne noko frå stammespråket sitt. Enno er det folk i USA som stolt kan sitere noko på norsk, sjølv om det er år og dag sidan slekta budde i Noreg. I dag blir det skilta på fransk og bretonsk i Bretagne. Dette var ei røynsle eg gjorde sjølv på ferietur i Frankrike i 2003. Besøk fotballklubben Celtic i Glaskow i Skottland! Ei vandring i Dublin eller i Castlebar vekkjer undring om fortid, notid og kultur hos dei som er interessert i slikt. Det er underleg med språkytringar, også stadnamn. Det viser røter, konkrete røter. Som diktaren Uppdal skriv: « Ei slekt som veks upp i etteraping etter framande, blir rotlaus i si eiga jord og knapt levefør.» Og det er så sant som det er sagt.

 

Vi har belegg for at det har budd samar på Helgeland i lang tid, kanskje var samane urfolket her. Vi har arkeologiske funn frå århundra etter vår tidsrekning starta. Vi har beretningar frå Snorre, vi har opplysningar i jordebøker frå seinmiddelalderen og frå 1500- og 1600-talet, både aust og vest for grensa, som fortel om samar. Hos Petter Dass, i Nordlands Trompet, har han eit kapittel om møtet han har med samane. Dette er detaljert. Då Thomas von Westen starta kristninga av samane først på 1700- talet, starta han her i Rana. Det gjorde han fordi det var konsentrert samisk busetnad i dette området. Han har også skrive detaljerte rapportar om emnet. Det er ikkje rart at det er utanfor Mo kyrkje at vi finn ein statue av Thomas von Westen, samane sin apostel.

 

Presten Stockfleth starta sameskole i Rana, og vi har gode dagboksnotat frå den tida han virka her tidleg på 1800-talet. I Ranens Beskrivelse, hos Heltzen, finner vi samene. I folketeljingar kjem det fram at ein stor del av folket på Helgeland var samar, og i etterlatne skrifter etter høvdingen Ole Tobias Olsen i Rana kjem det fram at han har hatt ein utstrekt kontakt med samane.

 

Hos nessekongar langs kysten og i innlandet vart det kjøpt samiske varer som vilt og reinprodukt, og i grensehandelen over ei fiktiv grense mellom Noreg og Sverige gjekk det raider med samiske produkt. Som elles i samfunnet er samane på Helgeland blitt assimilerte inn i det norske storsamfunnet på ymse vis, men framleis har vi mange restar av den gamle samekulturen. Både direkte, gjennom at samiske familiar enno driv ei livskraftig reindrift, og indirekte ved at nedarva samisk kunnskap om bruk av naturen blir brukt i utmarksnæringar, i matstell, i husflid. I dei norske dialektane på Helgeland og i dei svenske i Västerbotten er det ord og syntaktiske lån frå samisk. Her vil eg nemne ord som rev av samisk rieban, ein sarv av samisk sarvis=reinbukk, førstelekken i ordet boknafisk og syntaksen i spørjesetningar: Ka du sei? Kanskje veit folk kva ein galkasasaddj er?

 

Ein har også funne merke i tre og steinrøyser som viser til samisk busetting og levesett.

 

Kva er hensikten med samiske stadnamn på skilt?

 

Då eg tok opp denne saka, vart dette ironisert over og latterleggjort. Dette er ei forsvarsmekanisme og ein hersketeknikk som eg berre må finne meg i. Men det inspirerer også til å gå vidare. Eg meiner at både historia og samtida dokumenterer at vi har levd i eit fleirkulturelt samfunn her i distriktet. Dette har vore og er ei styrke for oss, i og med at folk har hatt fleire kulturelle bein å stå på. Dette perspektivet bør komme fram gjennom skilting og gjennom parallell satsing på samiske næringar, reindrift, husflid, kultur, turisme og samiske nisjeprodukt elles.

 

Det sørsamiske språket bør styrkast gjennom skolen og ved at folk får sjå det i bruk på kommunale skilt. No i første omgang bør kommunane merke innfartsårane med samiske parallelnamn og ved at skolar og ein del andre institusjonar blir skilta med sørsamisk språk. Ute i Europa er satsing på gammal fleirkulturell situasjon komme i skotet. Eg vil atter ein gong nemne Irland, Bretagne i Frankrike, og i tillegg Wales i Storbritannia og Gallicia og Catalonia i Spania. Her blir den gamle kulturen trekt fram i media, i skilting, i festivalar og i reklamen for området eller landet. Det er spennande for turistar å sjå og undre seg over kva ein stad eller eit distrikt har å by på av kulturell historie. Italienarar og tyskarar eg har komme i prat med, spør om kor samane er i Nord-Noreg. Eg svarar: «her», og dei spør om kvifor ikkje dette er markert.

 

Mange av dei som reiser omkring er kulturturistar, og skilting på samisk kan få desse turistane til å stoppe. Har kommunane samiske produkt å tilby, kan dette vere med på å få aktivitet i gang. I Rana har vi ein bedrift, ARV, som just tar utgangspunkt i samiske mattradisjonar. Tarna Vilt er eit anna døme. Her gjeld det å vere kreative . Vi snakkar mykje om toleranse i våre dagar. Kunnskapar om samisk historie, og om korleis samane har bidratt til å skape ein rik kultur, kan også vere med på gjere om noko av den uretten som samane har vore utsett for gjennom historia, og styrke identiteten til folk. Det finst knapt ein monokulturell stad i verda, og i vår tid flyttar folk ikring over større område og tar og gir av kulturelement. Dette har vore det normale her hos oss fra gammalt av.

 

Vi skal vise denne normaliteten ved å skilte på sørsamisk på Helgeland og i Västerbotten. På sikt vil dette skape toleranse og auke innsikt og vørnad for både eigen og andre sin kultur.