Det globale perspektivet

Av Olav Randen

2009-02

Dagens norske venstreside, miljøet rundt Raudt, delar av Sosialistisk Venstreparti og ei rekkje interesseorganisasjonar, har det meste av sitt tankegods frå ein periode då sosialisme eller kommunisme i eitt land eller eit knippe land framstod som ein utveg.
I den grad me har engasjert oss utanfor landegrensene, har det vore med støtte til undertrykte og særleg okkuperte land og folk, Vietnam, Kambodsja, Palestina, Nicaragua, Sør-Afrika og fleire.

Olav Randen er geitebonde og driver forlaget Boksmia.

I etterkrigstida har kapitalen vorte ikkje berre stadig meir fleirnasjonal, men global. I denne artikkelen tek eg til orde for at me bør endre hovudperspektiv frå det nasjonale og det fleirnasjonale og til det globale. Det inneber ein politikk og eit arbeid for heile kloden, og eg vil prøve å skissere ein slik politikk. Inspirert av slagordet frå den franske revolusjonen, fridom, likskap og brorskap, lanserer eg slagordet berekraft, mat og likskap.

 

Truleg har Tellus eksistert i rundt 4,5 milliardar år, og det har vore liv på kloden i noko stuttare tid enn det. Men homo sapiens er ein ung dyreart, berre nokre hundre tusen år gammal, og det meste av denne tida ein dyreart med relativt få individ. Ved Kristi fødsel var talet på eksemplar mellom 200 og 400 millionar, i 1650 rundt ein halv milliard og ved førre hundreårsskifte vel halvannan milliard. Då var ein eksplosiv vekst i gang i den nyindustrialiserte delen av verda. Etter kvart spreidde folketalsveksten seg til andre delar av kloden. No er me 6,7 milliardar, og talet veks med 70 millionar i året. Veksten har teke slutt i den rike delen av verda, og det meste tyder på at folketalet med tida vil stabilisere seg i dei fleste land. Om me legg medianprognosen frå FNs befolkningsdivisjon til grunn, vil det vere 9,2 milliardar av vår art i 2050.(1) Då vil den årlege veksten vere på rundt 30 millionar. Truleg vil folketalet stabilisere seg i siste halvdel av dette hundreåret på 10–11 milliardar, altså 50 % høgare enn no.

 

Kloden er i ferd med å bli for liten for oss. Skal me, og dei 50 % fleire individa av vår art som skal dele kloden om nokre tiår, overleve, må me forvalte og fordele ressursane betre. Det å utforme ein politikk for at menneskeheita i det talet eksemplar me bør rekne med, skal overleve og få brukande kår, er ei oppgåve som krev all den tankekraft og forvaltningsevne verda kan mobilisere. Det handlar altså først og fremst om berekraft, mat og likskap. For kvart av dei vil eg først skrive litt om situasjonen, dinest om dei langsiktige måla og til slutt om dei første tiltaka.

 

Vekst og utvikling har etter den industrielle revolusjonen vorte udiskutable målsetjingar i vår del av verda. Slik har altså så å seie einerådande oppfatning vore i ein del av verda i ein kort periode på mellom 50 og 200 år. I staden må me forme eit framtidsmål om stabilitet. Det betyr ikkje at naturen er stabil. Han er nyskapande og i ustanseleg endring. Men det betyr at grunntrekk i menneskes forhold til natur så langt råd er må vere stabile. Nytenking og endringar må finne stad innanfor og ikkje på kostnad av målet om stabilitet.

 

Berekraft – forholda no

 

Det finst ikkje lenger nokon veldig prærie eller pampas eller austeuropeisk svartjord som kan takast i bruk til matdyrking. Det finst ikkje noko unytta, fiskerikt havområde som kan gi store fangstar. I staden er det slik at erosjon og nedbygging av matjord gjer at jordarealet som kan dyrkast, heller minkar enn aukar. Grunnvatnet blir tappa dit at fossile grunnvassbasseng blir tømde for alltid. Breane som gir vatningsvatn til ris- og kveiteåkrar, særleg i Asia, er i ferd med å smelte. Stadig fleire havområde blir øydelagde. Jamvel atmosfæren blir fylt av vår aktivitet, slik at temperaturen truleg vil stige med ein stad mellom 2 og 4,5 grader, kanskje endå meir. Det vil gjere delar av kloden uråd å bu på, og matproduksjonen vil gå ned i varme strok. Ein tommelfinger regel, utvikla gjennom mange forskingsarbeid, er at for kvar grad temperaturen stig over 20 i eit område, vil produksjonen av viktige matvarer som ris og mais minke med 10 %. Oppvarminga vil også gjere at mange av dei organismane me deler kloden med, vil miste sine leveområde og forsvinne for alltid. Og det er ikkje ein enkeltfaktor eller to me står overfor, men summen av alle desse faktorane som øydelegg for framtidig liv på vår vesle klode.

 

Berekraft – politiske mål

 

Det langsiktige målet bør altså vere ein natur i stabilitet, der me ikkje slepper ut meir CO2 enn det naturen bind, der me ikkje utryddar artar i større tempo enn det naturen skaper på nytt, der me ikkje øydelegg meir matjord enn det naturen byggjer opp, der me ikkje tappar grunnvassbassenga meir enn det vatnet dei blir tilførde, og der me ikkje tek opp meir fisk enn det blir ny fisk.

 

På stutt sikt er det eit urealistisk mål. For dei utsleppa me står for og den menneskelege aktiviteten me ikkje kan stoppe, vil setje merke etter seg i lang tid framover. Temperaturstigninga let seg ikkje stoppe, berre redusere. Om me hadde stansa alle menneskeskapte CO2-utslepp i dag, ville oppvarminga av hava og smeltinga av grønlandsisen, Antarktis og isbrear i mange høgfjell likevel halde fram i mange tiår. Men ifølgje vurderingane til FNs klimapanel kan me ha von om å halde temperaturstigninga på under 2 grader, viss me lykkast i å redusere klimautsleppa med 80 % innan 2020.

 

Me må altså moderere klimamålet til å unngå ei temperaturstigning på meir enn 2 grader, og å stabilisere situasjonen på det nivået. Om me når dette, vil klimaproblema i tiåra frametter vere store, med meir uroleg vêr, større ørkenområde, is og snø som smeltar, havstigning og redusert matproduksjon i mange område. Men problema vil truleg ikkje bli større enn at generasjonane etter oss kan meistre dei med ei global mobilisering.

 

Den som vil vurdere følgjene av ei sterkare temperaturstigning, bør lese Mark Lynas bok Seks grader.(2) Den eminente fagskribenten Lynas beskriv der kva som vil skje for kvar grad ekstra verdas gjennomsnittstemperatur stig inntil 6 grader, som også er det høgaste talet klimapanelet bruker. Det er ikkje lysteleg lesnad.

 

Berekraft – tiltak no

 

Få land kan rose seg av aktive tiltak mot oppvarminga, og Norge endå mindre enn dei fleste, trass i at ordet ambisiøs er nemnt 21 gonger og pådrivar 12 gonger i siste miljømeldinga.( 3) Me har høge mål for 2020, då norske klimautslepp skal vere halverte, og endå meir for 2050, då landet skal vere klimanøytralt. Men situasjonen no kan illustrerast med nokre enkle tal, 43 millionar tonn CO2-ekvivalentar i utslepp av klimagassar i 1991, 52 millionar tonn i 2005 og 54 000 millionar i 2007.(4) Om ei stund kjem 2008-talet, og det blir endå høgare.

 

Trass alt prat gjennom år og tiår har altså så å seie ingen ting skjedd her heime. Ikkje noko for å leggje om energibruken frå fossil brensel til fornybar energi, inga omlegging av transport frå bil til bane, ikkje tiltak for å redusere transportbehov og flyreiser, ikkje pålegg om økonomisering med energi, så å seie ikkje statlege inngrep overfor forureinande industri, ikkje ein gong overgang til sparepærer ut over det marknaden sjølv ordnar med, nesten ikkje arbeid for å gjenvinne metall og tekstilar, og ikkje aktive tiltak for å binde meir karbondioksid i jord og skog. Berre litt kvotekjøp og planlagde månelandingar og uforpliktande målsetjingar for ei fjern framtid. Så norsk miljøpolitikk handlar framleis om å kome i gang, og å kome i gang på mange område samtidig.

 

For å gjere det må me ta eit oppgjer med to tenkjemåtar. Den første er tanken om at teknologien løyser problema for oss. «Eg er grunnleggjande teknologioptimist, når eit miljøproblem oppstår, vil ny teknologi kome og løyse det for oss,» skreiv statsminister Jens Stoltenberg i Samtiden 1–2006. Men ny teknologi gjer ikkje vår vesle klode større og gir oss ikkje meir ressursar. Og perpetuum mobile har vore ein draum i mange hundre år, og ikkje noko tyder på at det blir anna enn ein draum.

 

Den andre tenkjemåten er at folk flest ikkje er villige til å ofre noko som helst for å oppnå eit betre miljø for oss og våre etterkommarar. 13. januar 2007 intervjua Klassekampen finansminister Kristin Halvorsen om miljø. Hennar bodskap lydde slik:

«Politikerne skal gå foran i miljøkampen, men vi kan ikke bli så mye festbrems at vi ikke er på talefot med folk. Da gir de opp.»

 

Finansministeren ser det altså slik at den politiske eliten, regjeringa og deira støttespelarar, står på naturens side og eigentleg ønskjer strenge miljøtiltak. Men uheldigvis må dei handskast med eit tilbakeståande eller gjenstridig folk. Difor må eliten lirke og ta små steg. Eg ser det ikkje berre annleis, men stikk motsett. Politikarane er ikkje ei forstandig drivkraft i miljøkampen, men eit uforstandig hinder. Svært mange, truleg folk flest, er villige til å godta endringar og nedgang i levestandard dersom det kan sikre forholda for generasjonar etter oss. Me er villige til å leggje til grunn det einaste akseptable kriteriet for forholdet mellom menneske og natur, naturens tåleevne.

 

Matforsyning – forholda no

 

Situasjonen blir diskutert grundigare annan stad i dette bladet. Her berre stutt: Dei siste tala frå FAO, frå 2008, viser nesten ein milliard menneske under sveltegrensa, og talet stig snøgt. Dette er situasjonen i ein periode med etter måten gode avlingsår i dei store matprodusentlanda. Me har grunn til å frykte at finanskrisa vil føre til aukande svolt. Me har også grunn til å tru at klimaendringane vil gjere at problema skyt fart. Når dette blir skrive, kjem såleis rapportar om at tørken rammar mattilgangen i Kina og om veldige skogbrannar i Australia.

 

Matforsyning – politiske mål

 

Målet må vere at alle verdas framtidige innbyggjarar skal få nok mat, og at dette skal skje med eit ernæringsmessig godt og kulturelt akseptabelt kosthald. Med 6,7 milliardar menneske på kloden og ein milliard av dei under- og feilernærte, og med det omfanget av svinn, skeivfordeling og øydelegging av mat som er i dag, produserer me tilstrekkeleg mat til vel 6 milliardar menneske. Me blir som nemnt truleg vel 9 milliardar om 40 år. Med andre ord må me auke matproduksjonen med rundt 50 % viss alle skal få nok, og svinn, skeivfordeling og øydelegging skjer i same omfanget som i dag. Me må arbeide for mindre tap av mat, og me må arbeide for å nytte tilgjengeleg mat meir effektivt, særleg ved å gå lågare ned i næringskjeda og ete plantekost i staden for kjøt produsert av dyr som me fôrar på korn. Men før me ser resultat av dette, kan me ikkje renonsere på målet om 50 % meir mat.

 

Målet kan konkretiserast til ein vekst i matproduksjon på 2 % i året fram til 2020 og dinest 1 % i året. Om det internasjonale samfunnet samlar seg om desse måla, vil svolten kunne bli redusert til eit handterleg omfang innan 2020, føresett at me også greier å dempe den globale oppvarminga og at folketalet ikkje veks raskare enn mediumalternativet til FNs befolkningsdivisjon.

 

For eit land som Norge vil det innebere auke i eigen kornproduksjon, omlegging av husdyrhaldet slik at utmarkene og grovfôret blir nytta meir og meir bruk av eigenprodusert frukt og grønsaker. Det inneber også ei omlegging av kosthaldet, dit at kjøtforbruket blir redusert til eit globalt gjennomsnittsnivå, at meir av det attverande kjøtforbruket kjem frå beitedyr, og at norsk frukt, grønsaker og poteter får ein meir sentral plass i vårt kosthald.

 

«Å utforme eit nytt landbrukssystem som utryddar svolten, vil koste verdssamfunnet 30 milliardar årleg,» sa FAOs generaldirektør Jacques Diouf på organisasjonens leiarkonferanse i Roma 19. november 2008. Verdas samla militærbudsjett var i 2006 på 1265 milliardar dollar, altså 42 gonger så mykje.(5) Og visstnok har verdas rike land brukt 10 milliardar dollar til no på å døyve finanskrisa.

 

Matforsyning – tiltak no

 

I arbeidet for global framgang ropar verda på suksesshistorier. Både kampen mot klimaendringar og kampen for global utjamning er tidkrevjande, og det er vanskeleg å vise til synlege resultat på stutt sikt. Når det gjeld kamp mot svolt, kan resultata kome snart og bli synlege og målbare. Det handlar berre om vilje til innsats. Lykkast me i dette, vil det bli ein inspirasjon til å gå laus på dei andre problema. Eg vil føreslå eit første fokus rundt fire tiltak, arbeid for mat som menneskerett, svolt som asylgrunn, initiativ til ein internasjonal matkommisjon og norsk finansiering av skolelunsj til dømes i Etiopia.

 

Retten til mat og difor til å overleve er den mest grunnleggjande menneskeretten. Berre om denne retten blir innfridd, kan folk leve menneskeverdige liv. Viss ikkje dette grunnlaget er til stades, blir dei andre menneskerettane, fridom, personleg tryggleik, rettstryggleik, ytringsrett, religionsfridom osv., verdilause eller av liten verdi. Når minst ein av sju menneske ikkje får innfridd den grunnleggjande retten til å overleve, fell dei altså langt på veg utanfor menneskerettane.

 

Likevel er retten til mat ein menneskerett det er lite merksemd rundt i vår del av verda. Fokuset i dei aller fleste menneskerettsdebattar er på andre spørsmål, dit at det er grunn til å spørje om me har utelate sjudelen av verdas innbyggjarar frå menneskerettane.

 

Kan hende trengst ei revidering av erklæringa, slik at formuleringane rundt overleving og mattilgang blir skarpare og høgare prioritert. Kan hende vil det vere tilstrekkeleg med ei fokusendring.

 

Kvart år prøver mange afrikanarar, truleg rundt to millionar, å flykte frå svolten, krysse Gibraltar eller Middelhavet, ofte i opne båtar, for å byggje seg ei ny framtid i Europa. Dei har dårlege odds. Risikoen for at dei skal li skipbrot og drive i land som lik på nord- eller sørsida av havet er stor. Risikoen er også stor for at dei skal bli tekne opp og sendt attende. Over EUs fellesbudsjett går løyvingar til militærorganisasjonen Frontex, som har som oppgåve å verne fellesskapets grenser mot innvandrarar frå sør. Til det har dei hurtiggåande båtar, overvakingsfly, kamphelikopter og moderne overvakingsutstyr.

 

Heller ikkje dei som lykkast i å krysse ørkenar, høgfjell, sanddyner og til slutt Atlanterhavet eller Middelhavet og kome seg innom EU-grensene, har store sjansar til å få opphaldsløyve. For svolt blir vanlegvis ikkje oppfatta som asylgrunn. For å få asyl etter Flyktningkonvensjonen må landet ein flyktar frå, vere i krig, eller asylsøkjaren må ha velgrunna frykt for forfølging i heimlandet på grunn av politiske, eller religiøse oppfatningar, rase eller etnisitet, nasjonalitet, medlemskap i politisk gruppe eller fordi han eller ho er eller kan bli utsett for kjønnsmessig forfølging. Så lenge det å flykte frå matmangel ikkje blir akseptert som asylgrunn av det internasjonale samfunnet, blir heller ikkje retten til mat fullt ut ein menneskerett.

 

Målet om 50 % vekst i matforsyninga må bli eit globalt mål. Men ikkje alle land har produksjonsressursar for å gjennomføre ein slik vekst. Somme må difor auke matproduksjonen meir. Difor trengst, på same vis som i klimaarbeidet, eit fagleg arbeid på globalt plan for å utarbeide nasjonale mål for kvart enkelt land og få landa til å slutte seg til dette. Med ein konkret plan i ryggen for å auke matproduksjon og sjølvforsyning i eige land kan Norge ta initiativ til ein global matforsyningskommisjon.

 

Få tiltak frå den rike verda overfor låg-inntektsland gir så gode resultat som innføring av skolelunsj. Det gjer at barna får iallfall eitt fullgodt måltid om dagen, at dei blir i stand til å konsentrere seg betre i undervisninga, at fleire barn går på skolen og at skolealderen for mange blir forlenga. Ikkje minst gjeld det jenter, som vil utsetje alderen for inngåing av ekteskap og få færre barn. Skolelunsj gir omsetning i lokal matproduksjon og kontantinntekter for bønder, og det gir arbeidsplassar. Ifølgje Lester R. Brown vil innføring av skolelunsj i verdas 44 fattigaste land koste 6 milliardar dollar. (6) Norge bør finne fram til eitt land, til dømes Kenya eller Bangladesh, og finansiere skolelunsj der.

 

Global likskap – forholda no

 

Nokre år sidan var eg i Etiopia. Eit av dei inntrykka som sit att, er radmagre, berrføtte barn som banka på bilruta, stirde på oss med store auge og bad med tynne stemmer: «pens, pens» – pennar, pennar. Lærarar fortalde at svært mange familiar ikkje sende barna sine på skole. Dei trong barna til pass av mindre barn og til gjeting og anna landbruksarbeid, og dei hadde ikkje råd til dei bøkene og det utstyret som skolen kravde. Til matematikkundervisninga hadde skolen ei heimelaga skålvekt av tre. I friminutta hoppa jentene strikk med kasserte kassettband, og gutane sparka fotball med ei samanrulla tøyfille.

 

Då eg kom heim att og gjekk gjennom oppsamla post, las eg blant anna eit av Tron Øgrims mange innlegg om at alle skoleelevar må få sin eigen berbare pc. For med det blir dei smartare og betre orienterte. Og andre innlegg om kor mange elevar det er per lærar her i landet og om at fleire elevar bør ha krav på skoleskyss.

 

Nei, eg er ikkje imot elevpcar, eg er ikkje imot større lærartettleik, og eg er ikkje imot at barn får skoleskyss. Men eg er meir oppteken av at etiopiske barn får pennar å skrive med enn at norske barn får pc-ar.

 

 

Verdsbanken utarbeider statistikk over fattigdom i verda. Dei vanlege måla no er tal på personar med kjøpekraft under 1,25 dollar og under 2,5 dollar.(7) Utgangspunktet er kjøpekraftvegne dollar, altså den mengda mat og andre varer ein kan kjøpe for ei slik pengemengd. I 2005 hadde nesten 1,4 milliardar menneske, ein av fem, ei kjøpekraft på under 1,25 dollar. 3,1 milliardar, nesten halvdelen, hadde ei kjøpekraft på under 2,5 dollar. Det var ein nedgang frå tidlegare målingar og viser at tusenårsmålet om å halvere fattigdommen innan 2015 er innan rekkjevidde. Men nedgangen galdt Asia og først og fremst Kina. Held me Kina utanom, er talet på utfattige stabilt.

 

Global likskap – politiske mål og tiltak no

 

Det finst ikkje, for å skrive det sjølvsagde, fornuft i at somme skal vere fattige og andre rike, ikkje i at det skal vere slik innanfor eit lands grenser og ikkje i at det skal vere fattige og rike land. Målet må vere globalt likeverdige levekår. Det er den einaste måten å få til eit stabilt framtidssamfunn på. Det vil fjerne mykje av grunnlaget for konfliktar og krig. Det er også eit av dei viktigaste tiltaka for å oppnå eit berekraftig samfunn. Den fattige har ingen grunn til å akseptere at han aldri skal få køyre bil eller ta fly eller bruke kjøleskåp eller air condition, så lenge rikfolk vassar i luksus.

 

Men når eg skal skrive vidare om tiltaka for å få til global utjamning, blir det vanskeleg. Eg har få tankar om det, og få stader der eg kan hente inspirasjon. Sjølvsagt kan eg skrive om vaksinasjonsprogram for spedbarn og jod- og jerntilsetjing i kosten for gravide. Eller om leseopplæring, så folk kan lære å lese varedeklarasjonar på sekkene med kunstgjødsel og boksane med plantegifter og endå meir at dei kan delta i det offentlege rommet, om kva det kostar og at det er gjennomførbart. Men likevel er det slik at det politiske miljøet eg er ein del av, har tenkt lite på og arbeidd lite med dette avgjerande spørsmålet. Les me programma til Raudt og SV, finn me svært lite å byggje på.

 

Me er altså i teorien samde om eit langsiktig mål, men manglar konkrete planar og konkret arbeid for å få til prosessar i retning dette målet. Og så lenge det er slik, er det freistande å velje politikk knytt til spørsmål me har svar på, framfor arbeid med spørsmål der me famlar i halvblinde.

 

Altså er den første oppgåva å setje temaet på dagsorden, å diskutere, skrive, halde seminar om kva me kan gjere for å nå målet om global likskap. Kva me kan gjere for å realisere det nødvendige, til dømes at barn i fattige land skal få utdanning, pennar, skolebøker og høve til å ta fri frå gjeting og barnepass, slik at dei skal få same høvet til å skaffe seg kunnskapar som barn i vårt land. Med eller utan berbar pc.

 

Vår dobbeltrolle

 

Me har det godt her i landet. Sjølvsagt veit også eg som skriv at det finst folk som har vanskar med å få endane til å møtast, minstepensjonistar som kjøper kattemat til seg sjølve til dømes. Men hovudtrekket er at fattigdom er lite utbreidd og til å handskast med.

 

Kvifor har me det godt? Den eine forklaringa er den klassekampen og interessekampen folk nede i samfunnet har ført. Men også i Peru og India har folk lågt i samfunnet ført aktiv og intens klasse- og interessekamp, og likevel rår fattigdommen der. Så forklaringa er i beste fall ufullstendig.

 

Den andre forklaringa er at me har vore heldige som bur i eit ressursrikt land, med olje og fisk. Men Sverige og Danmark er langt meir ressursfattige land, men har ein levestandard omtrent som vår. Og Ecuador og Angola er ressursrike land, men likevel fattige.

 

Den tredje forklaringa er at me tærer på naturressursane. Fordi vår generasjon tømmer havet for fisk og havbotnen for olje, kan me ha ein heilt annan levestandard enn det folk før oss hadde og det folk etter oss vil få. Dette er rett nok og gjeld det meste av verda, men rike land langt meir enn fattige land.

 

Den fjerde forklaringa er at me har det godt fordi me er ein del av verdas overklasse av nasjonar, og spesielt fordi me er under supermakta USAs venger, liksom me før andre verdskrig var under den tids supermakt Storbritannias vengefang. Ein del av meirverdien i vårt land og vår del av verda, meirverdi som dels kjem frå undertrykkinga av dei fattige, blir brukt for å oppretthalde middelnivåstatusen til Norge og nærliggjande land.

 

Det inneber at kampen for pc-ar til alle skoleelevar, betre legedekning, oppretthalding av sjukehus og arbeidsplassar, lønnsauke og gode pensjonsordningar ikkje berre er kampar for ei omfordeling mellom overklassen og folket i vårt land. Det er også ein del av den globale kampen, der me profitterer på globale nivåskilnader, og der me gjennom dette arbeidet i større eller mindre grad knyter oss til urettvisa i verda. Me er altså i ei dobbeltrolle.

 

Dette er eit av våre vanskelegaste spørsmål. Og i all politisk verksemd er det freistande å konsentrere seg om dei spørsmåla der svara er enkle. I den konkrete lønnskampen, mellom oljearbeidarar med 700 000 i årsløn og Statoil/Hydro med milliardar i profitt, er det lett å sympatisere med oljearbeidarane. Men går me bak det enkle standpunktet, støtte til proletaren framfor kapitalisten, kjem dilemmaa. For ein del av desse pengane kjem av vår felles utplyndring av dei fattige. Vidare er det slik at ingen treng 700 000 kroner for å leve, og at kloden ikkje er stor nok til flyreisene og giganthusa og bilkøyringa til norske arbeidsfolk.

 

Me står overfor fleire dilemma. Seks timars arbeidsdag til dømes, som det i det miljøet eg skriv ut frå, blir agitert langt meir for enn global rettvise. Det er vanskeleg å sjå for seg at sekstimarsdagen kan bli universell, iallfall ikkje før etter fleire generasjonar med global planøkonomi. Sekstimarsdag er med andre ord eit val som berre er mogeleg i det sjiktet av land som høyrer til den globale overklassen og i den perioden denne urettvisa mellom nasjonar finst. Eller arbeidsplassar i kraftkrevjande industri. Det er tunge argument for at me bør eksportere kraftoverskotet som erstatning for energi produsert med kolkraft, heller enn at me bruker det sjølve til å produsere aluminium og andre metall, som verda kan skaffe seg ved hjelp av langt mindre energikrevjande gjenvinning. Det står i menneskes makt å skape nye arbeidsplassar for dei som vil gå tapt, det er langt vanskelegare å reparere øydelagd natur.

 

Andre i førarsetet

 

I eit kapittel i boka Den flerstemmige revolusjonen, gjengitt i Rødt! 1–2009, tek Kjersti Ericsson til orde for eit oppgjer med eurosentrismen, med tanken om at me i Vesten er eller vil kunne bli leiande i kampen for ei anna verd. Denne tanken er, skriv ho, både til hinder for frigjering av fleirtalet og for vår eigen politiske kamp. Det er framleis ei nødvendig påpeiking. Dei viktigaste kampane for berekraft og mat og mot utbytting går føre seg i andre delar av verda. Det vil bølgje att og fram, men ein gong vil desse tankane og kampane truleg endre verdas gang. Me norske og andre i industriland er ikkje dei fremste og kjem ikkje til å bli dei fremste i dette arbeidet. Ikkje i å føre kampen mot utbytting og naturøydelegging, og heller ikkje i å analysere og forstå. Lesaren kan til dømes sjekke heimesidene til Friends of the Earth Indonesia, følgje linkane i paraplyorganisasjonen for landbruk la Via Campesina eller lese bøkene til Vandana Shiva og andre indiske analytikarar, og han vil finne analysar og innsikt på eit langt høgare nivå enn det norske media tilbyr.

 

Spørsmålet for oss er altså ikkje om me kan gå i spissen, men om me hamnar på rett side og bidreg med vår støtte, med det me måtte ha av innsikt og med vår eigen innsats. Det første som då må til, er at me flytter hovudperspektivet frå det heimlege til det globale. Det andre er at me analyserer grundig og omsynslaust vår rolle som både utbytt og utbyttar og vårt kollektive medansvar for verdas elende. I denne analysen høyrer spørsmålet om vår snylting, både på andre folk og land og på naturen, heime. Det tredje er at me held fast ved, utviklar og legg til grunn for eigen politikk visjonane om ei verd basert på berekraft, leveverdige forhold for alle og globalt likeverdige kår. Også når det inneber at våre eigne privilegium må opphøyre.

 

Notar:

  1. World Population Prospects: The 2006 Revision, Population Database.
  2. Mark Lynas: Seks grader: Vår fremtid på en varmere planet. Gyldendal 2008.
  3. Stortingemelding nr. 34 (2006-2007): Norsk klimapolitikk
  4. Statistisk sentralbyrå, statistikkbanken 17.2.2009
  5. Lester R. Brown: Plan B 3.0. Hvordan redde vår jord. Boksmia 2008
  6. Lester R. Brown: Plan B 3.0. Hvordan redde vår jord. Boksmia 2008
  7. Chen, Chaohua og Martin Ravallion. Policy Research Working Paper 4703. The World Bank, Development Research Group, august 2008.