Etikk og politikk i Oljefondet

Av Mass Soldal Lund

2010-04

Ein gjennomgang av eit utval saker Etikkrådet for Oljefondet har handsama, viser at etikken i Oljefondet i stor grad er politisk avgjort. Dette fører til eit paradoks der politikarane visar til Etikkrådet, medan Etikkrådet visar til den politiske handsaminga. Resultatet er at både politikarar og etikkråd fråskriv seg ansvar for etikken i Oljefondet.
Sett frå ein deinvesteringskampanje retta mot Oljefondet får dette konsekvensar for strategien.
Mass Soldal Lund er nestleiar i Palestinakomiteen i Noreg.

I 2005 kom det frå det palestinske sivile samfunnet ei oppmoding til det internasjonale samfunnet om boikott, deinvesteringar og sanksjonar av Israel inntil Israel følgjer internasjonal lov og universelle menneskerettingheitsprinsipp:

We, representatives of Palestinian civil society, call upon international civil society organizations and people of conscience all over the world to impose broad boycotts and implement divestment initiatives against Israel similar to those applied to South Africa in the apartheid era. We appeal to you to pressure your respective states to impose embargoes and sanctions against Israel.1

 

Dette vert no omtalt som BDS-rørsla etter forbokstavane i Boycott, Divestment and Sanctions. Omtrent to år seinare, i 2007, byrja Statens pensjonsfond – Utland, betre kjent som Oljefondet, å investere kraftig i israelske selskap, mellom anna som eit resultat av at Israel i 2008 vart teki inn i referanseporteføljen til Oljefondet.2 Palestinarørsla i Noreg har nok tidlegare hatt større fokus på B-en og S-en enn D-en i BDS, men kombinasjonen av etableringa av BDS-rørsla og Oljefondets auka investeringar i Israel har ført til auka fokus på deinvesteringar, og kravet om at Oljefondet skal trekkje seg ut av Israel har vaksi fram.3

 

Det er naturleg i ei norsk oppfølging av ein deinvesteringskampanje å rette krav om deinvestring fyrst og fremst mot Oljefondet av di Oljefondet er eit statleg investeringsfond og eit stort investeringsfond. I tillegg har Oljefondet etiske retningsliner og eit etikkråd, som båe har fått ein del merksemd etterkvart som det dei siste åra har komi avsløringar gjennom media4 om at Oljefondet gjer investeringar mange vil sjå på som uetiske. Det at Oljefondet har etiske retningsliner og eit etikkråd, er sjølvsagt noko ein deinvesteringskampanje burde kunne utnytte til sin fordel sidan det gjev ein stad å vende seg til når ein meiner at eit selskap Oljefondet investerer i, driv uetisk verksemd til dømes i okkuperte palestinske område.

 

Samtidig har Etikkrådet vist seg å vere eit nyttig instrument for dei ansvarlege politikarane når dei vert konfronterte med tvilsame investeringar. I kjølvatnet av Israels krig mot Gaza i januar 2009 kunne dåverande finansminister Kristin Halvorsen til dømes uttale:

Jeg merker meg at Etikkrådet har høy oppmerksomhet rundt selskaper som opererer i disse områdene [område okkupert av Israel]. Vi legger til grunn at Etikkrådet vil komme tilbake til oss med eventuelle tilrådninger om uttrekk dersom de anser at vilkårene i de etiske retningslinjene er oppfylt.5

 

På den måten treng ikkje finansministeren og andre politikarar å forholde seg til dei sakene som måtte kome opp. For ein kampanje for deinvestering frå Israel er det difor interessant å sjå på korleis Etikkrådet opererer, sidan det er dei det vert vist til kvar gang spørsmål om investeringar i Israel er oppe.

 

I denne artikkelen vil eg gjere ein gjennomgang av eit utval saker som Etikkrådet har handsama frå opprettinga i 2004, for å sjå kva vi kan lære av det. Etter ein kort introduksjon til Etikkrådet og dei etiske retningslinene dei jobbar etter vil eg sjå på saker som gjeld våpen, Burma og Israel.6 Til slutt vil eg freiste sjå på kva dette kan ha å seie for ei deinvesteringskampanje mot Israel.

 

Etikkrådet og dei etiske retningslinene

 

Etikkrådet7 er ei gruppe på fem personar nedsett av regjeringa for å vurdere investeringar i einskildselskap basert på eit sett med etiske retningsliner. Dei etiske retningslinene vart fastsett av Finansdepartementet i 2004, og har samrøystes tilslutning i Stortinget med nokre atterhald frå Framstegspartiet.8 Seinare har retnings-linene vorte endra i 2008 og 2009,9 og vart i 2010 erstatta av nye retningsliner med namnet «Retningslinjer for observasjon og utelukkelse fra Statens pensjonsfond utlands investeringsunivers».10 Sidan alle sakene som er omtalt i denne artikkelen er handsame etter retningslinene frå 2004, vil eg i hovudsak forhalde meg til desse.

 

Føremålet med retningslinene er å utelukke selskap frå investeringar frå Oljefondet dersom dei har ein produksjon eller verksemd som gjev ein uakseptable høg risiko for at Oljefondet bidreg til «grovt uetisk aktivitet».11 I retningslinene er dette formulert som at:

Fondet skal ikke foreta investeringer som utgjør en uakseptabel risiko for at fondet medvirker til uetiske handlinger eller unnlatelser som for eksempel krenkelser av grunnleggende humanitære prinsipper, grove krenkelser av menneskerettighetene, grov korrupsjon eller alvorlige miljøødeleggelser.

 

Vidare kan Oljefondet i følgje retningslinene gjere

Uttrekk av selskaper fra investeringsuniverset der det anses å være en uakseptabel risiko for å medvirke til:

Grove eller systematiske krenkelser av menneskerettighetene som for eksempel drap, tortur, frihetsberøvelse, tvangsarbeid, de verste former for barnearbeid og annen utbytting av barn

Alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner

Alvorlig miljøskade

Grov korrupsjon

Andre særlig grove brudd på grunnleggende etiske normer12

Etikkrådet kjem med tilrådingar basert på retningslinene, men det er Finansdepartementet som etter ei sjølvstendig vurdering, avgjer om Oljefondet skal trekkje seg ut av eit selskap.13 (Det har skjedd to gonger at Finansdepartementet ikkje har fulgt tilrådinga til Etikkrådet, i ei sak om korrupsjon og ei sak om bornearbeid. 14) I tillegg kan Oljefondet gjere såkalla negativ filtrering av selskap på grunnlag av produkta deira.15 Det vil seie at alle produsentar av visse typar produkt er utestengte. Som vi skal sjå nedanfor, gjeld det til dømes visse typar våpen. Frå 2009 har det òg gjeldt tobakk.16

 

Våpen

 

Det er i dei etiske retingslinene ikkje noka generell utstenging av våpenprodusentar og heller ikkje produsentar som sel våpen til konfliktområde. Derimot er eit av virkemidla som retningslinene opnar for

Negativ filtrering fra investeringsuniverset av selskaper som selv eller gjennom enheter de kontrollerer produserer våpen som ved normal anvendelse bryter med grunnleggende humanitære prinsipper17

 

«Normal anvendelse» er eit stikkord her. Ein måte å sjå det på, er at Oljefondet ikkje skal investere i selskap som produserer «inhumane våpentyper».18 Desse våpentypane er definerte til å vere klasevåpen, atomvåpen og antipersonellminer, og til no har i overkant av tjue selskap vorte utestengt av di dei produserer slike våpen eller delar til dei.19

 

Det er få som ikkje vil vere samde i at klasevåpen, atomvåpen og antipersonellminer er «inhumane» våpen, og at det er uetisk å bidra til at slike våpen vert produserte. Det er likevel interessant å sjå grunngjevnadene Etikkrådet gjev i tilrådingane om å trekkje Oljefondet ut av desse selskapa. Grunngjevinga for å utestengje klasevåpen og atomvåpen er at dette har legi til grunn i den politiske handsaminga av dei etiske retningslinene. 20 Utestengjing av produsentar av antipersonellminer er grunngjevi med det internasjonale forbodet mot slike våpen i Antipersonellminekonvensjonen som Noreg har slutta seg til (og vore pådrivar for).21 Det er altså ikkje sjølvstendige etiske vurderingar frå Etikkrådet, men politiske føringar, som ligg til grunn for utestengingane.22

 

Caterpillar

 

Eit eksempel på korleis Etikkrådet ser på andre typar våpen, får vi frå handsaminga av investeringane i det amerikanske selskapet Caterpillar. Caterpillar sel pansra bulldosarar til den israelske hæren som dei nyttar til å rive palestinske hus, øydelegge jordbruksland og rydde veg for den folkerettsstridige muren på Vestbreidda. Desse bulldosarane er eit våpen Israel nyttar mot palestinarane og spesielt i anneksjonen av palestinsk land.23 Mellomkirkelig råd for Den norske kirke bad i 2006 Etikkrådet vurdere utestenging av Caterpillar på bakgrunn av bidrag til menneskerettsbrot i Palestina. Sjølv om Etikkrådet ikkje trekk i tvil faktaa, eller at bulldosarane leverte av Caterpillar vert brukt til menneskerettsbrot, vil dei ikkje tilrå utstenging. Grunngjevinga er at dette ikkje er «inhumane» våpen og at dei også har «legitime anvendelser».24 Måten og kva våpna vert brukt til, er altså ikkje relevant, så lenge det finst måtar å nytte dei på som ikkje vert rekna som ulovlege eller er menneskerettsbrot.25

 

(I parentes kan det vere interessant å nemne ei sak som ikkje har noko med Etikkrådet å gjere. Ei gruppe aktivistar som eig aksjar i Caterpilllar, har fleire gonger fremja forslag på generalforsamlinga om at det skal verte utarbeidd ein rapport om våpensala Caterpillar gjer.26 Dette har vorte stemt ned kvar gong, og i 2008 og 2009 var Oljefondet med på å stemme ned forslaget.27)

 

Elbit Systems

 

Ei anna interessant sak i høve til våpen er utestenginga av Elbit Systems frå Oljefondet. Elbit Systems er produsent av ein type dronar (førarlause fly) som vert nytta av det israelske militæret (Hermes 450).28 Slike dronar var sentrale i dei to krigane Israel førte i Gaza og Libanon i 2006, og i krigen mot Gaza i 2009. Dei er ein viktig del av overvåkingsystemet til den israelske hæren og dei israelske luftstyrkane, og kan òg verte nytta til å fyre av Rafal Spikerakettar. 29 Det er dokumentert, mellom anna i NRK Brennpunkt-dokumentaren «What killed my brother?», at sivile vart drepne av rakettar avfyrte frå dronar i krigen mot Gaza i 2009.30

 

Ein skulle difor tru at når Etikkrådet handsama Elbit Systems, ville det inkludere ei drøfting av om rakettfyrande dronar er eit «inhumant våpen», om det er tilstrekkeleg bevist at dronar produsert av Elbit Systems har vorte nytta mot sivile, og i tilfelle om sal av våpen som vert nytta mot sivile er grunn for utestenging. Til dømes uttalte dåverande finansminister Kristin Halvorsen før saka var handsama av Etikkrådet, at:

Vi har et spesielt regelverk når det gjelder våpenindustri og selskaper som produserer våpen. Vi har utelukka selskaper som produserer våpen som er inhumane i sitt bruk. Det betyr at vi har utelukka selskaper som produserer landminer eller klasevåpen eller komponenter til atomvåpen. Disse droneflyene er en problemstilling som man ikke så langt har hatt oppe i forhold til den definisjonen.31

 

Elbit Systems vart utestengt frå Oljefondet, men for bidraget sitt til bygging av apartheidmuren på Vestbreidda. Dronane er ikkje nemnt med eit ord i korkje tilrådinga frå Etikkrådet32 eller grunngjevinga frå Finansdepartementet.33 Vi kan berre spekulere i kvifor dronane ikkje er drøfta, men det er likevel eit signal om at dei ikkje vert rekna for å vere «inhumane våpen» og kandidatar for negativ filtrering.

 

Burma

 

Det vart i april 2007 innført ein regel for forvaltninga av Oljefondet om at det ikkje skal eige burmesiske statsobligasjonar.34 Teknisk sett er det ei liste over statar der Oljefondet ikkje skal eige statsobligasjonar, laga av Finansdepartementet, som heile tida hatt eitt land: Burma.35 Finansdepartementet bad i september same året Etikkrådet vurdere selskap med verksemd i Burma for uttrekk.36 I svaret deira presiserar Etikkrådet at dei etiske retningslinene krev at det «må være en sammenheng mellom et selskaps virksomhet og normbrudd som blir begått», og difor at:

«et selskaps tilstedeværelse i undertykkende regimer ikke i seg selv vil være tilstrekkelig til at selskapet skal tilrådes utlukket fra fondet.»37

 

Vidare skriv Etikkrådet, som eg òg har drøfta over, at det berre er spesielle våpen som er omfatta av retningslinene og at:

«[s]alg av våpen generelt, også til undertrykkende regimer, omfattes i utgangspunktet ikke av fondets etiske retningslinjer.»38

 

Som svar på dette innførte regjeringa i april 2008 ein ny regel om at Oljefondet ikkje skal investere i selskap som sel våpen til svartelista statar, for på den måten å utelukke selskap som sel våpen til Burma39, og utvida dei etiske retningslinene med den noko kryptiske formuleringa:

Negativ filtrering fra investeringsuniverset av selskaper som selv eller gjennom enheter de kontrollerer … selger våpen eller militært materiell til stater nevnt i punkt 3.2 i de utfyllende retningslinjene for forvaltningen av fondet.40

 

Dette resulterte i at Etikkrådet i november same året laga ei tilråding om utrekk frå eit selskap som sel militære køyretøy til Burma. Grunngjevinga til Etikkrådet er rett og slett at dette er dei nye reglane.41 Det er med andre ord ikkje ei etisk vurdering men eit politisk fastsett pålegg, sjølv om Etikkrådet gjer ei vurdering av kva ein kan rekne som våpen og militært materiell.42

 

Israel

 

Etikkrådet har handsama fire saker relatert til Israel: Caterpillar, Israel Electric Corporation, Elbit Systems og Africa Israel Investments inkludert datterselskapet Danya Cebus. I tillegg informerte Etikkrådet i 2006 om at dei såg det som lite sannsynleg at dei tre israelske selskapa Oljefondet var investert i på det tidspunktet, Bank Hapoalim, Emblaze og Teva Pharmaceutical Industries, var involvert i normbrudd, og difor ikkje gjorde noka nærare vurdering av desse selskapa.43 Caterpillar og Elbit Systems har eg allereie vore inn på. Eg skal sjå litt nærare på ElbitSystems, men fyrst vil eg sjå på vurderinga av Israel Electric Corporation.

 

Israel Electric Corporation

 

Israel Electric Corporation (IEC) er leverandør av elektrisitet i heile Israel og dei okkuperte palestinske områda, og er eigd 99,9% av den israelske staten.44 Dette er eit selskap der Oljefondet ikkje eig aksjar, men derimot eig obligasjonar for 292 millionar kroner.45 Obligasjonar er ein type lån, noko som altså vil seie at Oljefondet har gjevi lån til IEC (i tillegg til den israelske staten og Teva Pharmaceutical Finance som var dei to andre israelske obligasjonspostane i 2009).

 

FNs Office for the Coordination of Human Affairs (OCHA) skriv i ein rapport frå februar 2008 at IEC reduserte straumforsyninga til Gaza på instruksjon frå det israelske forsvarsdepartementet, som eit svar på rakettangrep.46 Dette kan ein sjå på som ei form for kollektiv avstraffing, og Etikkrådet vurderte same året om det gav grunn til uttrekk. Dei utelukka då ikkje at reduksjon i straumforsyninga kan vere grunn for uttrekk, men tilrådde det likevel ikkje. Grunngjevinga var at reduksjonen var avslutta på tidspunktet vurderinga vart gjort, og at det var uklart om det var ein «uakseptable risiko» for gjentaking, medan hendingar som ligg i fortida ikkje skal vere grunnlag for uttrekk. Det er likevel vert å merke seg at Etikkrådet såg det som underordna at IEC opererte på instruks frå israelske myndigheiter.47 Etikkrådet gjorde ei ny vurdering av IEC etter at det i januar 2009 kom meldingar om reduksjon i straumforsyninga i samband med åtaket på Gaza. Dei vurderte då at reduksjonen ikkje var utført av IEC som ein sanksjon, men var eit resultat av øydeleggingar frå krigføringa, og at det difor ikkje var grunn til uttrekk.48

 

Elbit Systems

Oljefondet trakk seg ut av Elbit Systems sumaren 2009 etter tilråding frå

Etikkrådet.49 Som nemnt tidlegare var det

 

ikkje på grunn av droneflya Elbit Systems produserer,

men bidraga deira til bygging av Apartheid-muren på Vestbreidda. Muren byggjer inne Vestbreidda, men vert samtidig bygd innanfor den grøne lina, som markerer grensa til Vestbreidda, og omsluttar fleire av dei israelske busetnadane. Som eit resultat

av det vert delar av Vestbreidda de facto

annektert og tusenvis av palestinarar vert buande mellom muren og den grøne lina

eller i enklavar med mur på alle kantar.50

I tilrådinga si legg Etikkrådet vekt på at Folkrettsdomstolen i Haag har slått fast at

bygginga av muren er ulovleg51, og at ein

må sjå på bygginga av muren som folkerettsstridig. Det er viktig å få med seg at Etikkrådet legg eit vesentlegheitsprinsipp til grunn: eit kvart bidrag til bygging av muren vil ikkje vere grunnlag for uttrekk. Men Elbit Systems har utvikla eit eiga overvåkingssystem

(kalla Torch) spesifikt for muren

– som er ein integrert del av muren, og som ikkje har andre bruksområde – og er difor

«en vesentlig bidragsyter» til bygginga.52

 

Africa Israel Investments og Danya Cebus

 

Sumaren 2010 vart Africa Israel Investments og Danya Cebus utestengt frå Oljefondet og aksjane i Africa Israel Investments selde.53 (Oljefondet hadde ikkje aksjar i Danya Cebus.54) Danya Cebus er eit entreprenørfirma som er involvert i bygging av israelske busetnadar på Vestbreidda, og Africa Israel Investments er hovudaksjonæren i Danya Cebus. I tilrådinga si om uttrekk legg Etikkrådet vekt på at både Folkerettsdomstolen i Haag og FNs tryggingsråd har slått fast at bygginga av busetnadar på Vestbreidda er i strid med med den fjerde Genève-konvensjonen55 og dimed ulovleg. Etikkrådet meiner difor at investeringa i Africa Israel Investments utgjorde ein «uakseptabel risiko» for medverknad til «alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner».56

 

Det er fleire ting å merke seg i denne saka. Det fyrste er at Africa Israel Investments som majoritetseigar i Danya Cebus er utestengd frå Oljefondet, medan det er Danya Cebus som står for den faktiske entreprenørverksemda i busetnadane. Det andre ein skal merke seg er at Etikkrådet, som i saka med Elbit Systems, nyttar eit vesentlegheitsprinsipp. All aktivitet knytt til busetnadane er ikkje grunnlag for uttrekk, men «den fysiske oppføringen av boligeiendommer i bosetningene» utført av Danya Cebus er «det mest vesentlige bidrag» til bygging av busetnadane.57

 

Det tredje vi skal merke oss er relasjonen til den fjerde Genève-konvensjonen. Konvensjonen er reglar som gjeld statar, medan Etikkrådet har som mandat å vurdere handlingane til selskap. På spørsmål frå Finansdepartementet58 presiserar Etikkrådet at ein må sjå på bygging av busetnadar på Vestbreidda som direkte medverknad til den israelske statens brot på konvensjonen, og at slik medverknad kan vere grunnlag for uttrekk.59

 

Strategiar for ein deinvesteringskamanje

 

Det er vorte slått fast at Oljefondet «ikke skal være et utenrikspolitisk virkemiddel»60, og generelt utrekk frå selskap som held til i eller har verksemd i ein bestemt stat, ligg utanfor dei etiske retningslinene.61 Kvar lemnar det ei rørsle som jobbar for deinvestering frå Israel? Det som umiddelbart erklart, er at Etikkrådet ikkje er ein snarveg til deinvestering. Snarare er det ei avledning sidan ansvarlege politikarar kan fråskrive seg ansvaret for investeringane til Oljefondet ved å vise til Etikkrådet, sånn som dåverande finansminister Kristin Halvorsen gjorde etter krigen mot Gaza i 2009.

 

Lista over uønskte statar kan i teorien verte utvida med fleire statar enn Burma, men det er fleire gonger slått fast at det forutset brei politisk semje både i Noreg og internasjonalt om at sanksjonar skal verte innførte.62 Det er eit riktig krav at Burma skal få følgje av Israel på denne lista, og det ville vere ein stor siger om det skjedde. Men vegen dit går gjennom arbeidet for ein brei boikott av Israel. Som eg har vist, er det politiske og ikkje etiske vurderingar som bestemmer dette. Fyrst når det politiske presset, nasjonalt og internasjonalt, er stort nok, vil Israel kunne hamne på lista over uønskte statar, og det vil truleg ikkje vere før boikott, deinvesting og sanksjonar mot Israel vert eit ålment krav. Ei likande vurdering må gjelde kravet om generelt uttrekk frå israelske selskap. Tilfellet Burma viser at dei etiske retningslinene frå politisk hald kan verte endra til ein får det resultatet ein ønskjer. Det er ikkje sannsynleg at dette vil skje før ein reell boikott av Israel er etablert eller er under etablering.

 

Likevel er det viktig å hugse at dei uttrekka Oljefondet har gjort frå israelske selskap er viktige sigrar. Ei viktig side ved dette er at uttrekka får merksemd, og fungerar som inspirasjon både i Palestina og i den internasjonale Palestina-rørsla.63 Utestenginga av Elbit Systems førte òg til at den norske ambassadøren i Israel vart kalla inn på teppet,64 noko som er eit teikn på at òg israelske myndigheiter oppfatta den implisitte kritikken. Ei anna side er at uttrekka set ein presedens. Vi må ikkje gløyme at Oljefondet er eit stort statleg fond. Når Oljefondet (gjennom tilråding i Etikkrådet og vedtak i Finansdepartementet) seier at vesentlege bidrag til bygging av muren og busetnadar på Vestbreidda er «grovt uetisk» verksemd, er det med på å setje ein standard som kan påverke andre investeringsfond65 og som er med på å legitimere krav om deinvesteringar frå Israel. Politisk tvingar det norske myndigheiter til å uttale og forsvare posisjonen at bygginga av muren og busetnadane er ulovleg. Sjølv om denne posisjonen ikkje bryt med norsk politikk, viser det at Etikkrådet ikkje berre er politisk styrt men har eit avgrensa rom for sjølvstendige vurderingar. Det tvang fram utspel som det er lite truleg norske myndigheiter ville komi med utan tilrådingane frå Etikkrådet.

 

Ein deinvesteringskampanje må difor arbeide for uttrekk frå einskildselskap, sjølv om det i seg sjølv ikkje vil føre fram til generelt uttrekk frå israelske selskap. I motsetnad til den politiske kampanjen for generelt uttrekk må ein i dette arbeidet spele etter Etikkrådets reglar. Det vil seie at kampanjen bør konsentrere seg om å dokumentere vesentlege og pågåande brot på menneskerettane utført av selskap som Oljefondet har investert i. Som nemnt finst det no ein presedens for at vesentenlege bidrag til bygginga av muren og busetnadar på Vestbreidda kan vere grunn for uttrekk. Denne delen av kampanjen bør ikkje avgrense seg til israelske selskap sidan òg selskap med hovudkontor i andre land kan vere involvert i menneskerettsbrot i Palestina.66

 

Eg starta denne artikkelen med å skildre eit paradoks der politikarar viser til Etikkrådet, og Etikkrådet viser den politiske handsaminga. For ein deinvesteringskampanje retta mot Oljefondet vil det vere viktig å ikkje rote seg inn i dette paradokset, men å bryte ut at det. Svaret på paradokset må vere å jobbe parallelt etter to ulike strategiar – ein politisk kampanje retta mot dei politiske myndigheitene for generelt utrekk frå Israel i samband med ei brei boikottkampanje parallelt med konkret arbeid for å framskaffe dokumentasjon til Etikkrådet om menneskerettsbrot utført av einskildselskap.

 

Noter:

  1. Global BDS movement, «Palestinian Civil Society Calls for Boycott, Divestment and Sanctions against Israel Until it Complies with International Law and Universal Principles of Human Rights», 9. juli 2005: http://www.bdsmovement.net/?q=node/52.
  2. Sjå t.d. Palestina-solidaritet, 4, 2010 og Dokument nr. 15:498 (2008-2009), «Skriftlig spørsmål fra Hans Olav Syversen (KrF) til finansministeren»: http://www.stortinget.no/no/Sakerog- publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-ogsvar/ Skriftlig-sporsmal/?qid=42188.
  3. Sjå t.d. http://boikottstafett.lo-bergen.no/ category/de-investeringer-fra-okkupasjonen.
  4. Sjå t.d. samlesider hjå Aftensposten: http:// www.aftenposten.no/spesial/article3551100.ece og Norwatch: http://www.norwatch.no/oljefondet/.
  5. Finansdepartementet, «Etikkrådet undersøker selskaper i Israel», nyhende, 24. mars 2009: http:// www.regjeringen.no/nb/dep/fin/aktuelt/nyheter/2009/ etikkradet-undersoker-selskaper-i-israel. html?id=550758.
  6. Alle tilrådingane vert gjengjevne i årsmeldingane til Etikkrådet. Årsmeldingane finst her: http://www. regjeringen.no/nb/sub/styrer-rad-utvalg/etikkradet/ arsmeldinger-fra-etikkradet.html?id=458699.
  7. Sjå Etikkrådets internettside: http://www. regjeringen.no/nb/sub/Styrer-rad-utvalg/etikkradet. html?id=434879.
  8. Sjå t.d. Finansdepartmentet, «Statens pensjonsfond – Utland og Burma», nyhende, 28. september 2007: http://www.regjeringen.no/nb/ dep/fin/aktuelt/nyheter/2007/etikkradets-vurderingav- selskaper-i-bur.html?id=485756 og Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen, nr. 277 (2008-2009), s. 16–17: http://www.stortinget.no/Global/pdf/ Innstillinger/Stortinget/2008-2009/inns-200809-277. pdf.
  9. Retningslinene frå 2004 med endringane frå 2008 og 2009 er gjengjevne i Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, Årsmelding 2009, s. 64–66.
  10. Dei nye retningslinen finst på Etikkrådets internettsider: http://www.regjeringen.no/nb/sub/ Styrer-rad-utvalg/etikkradet/etiske-retningslinjer. html?id=425277
  11. Stortingsmelding nr. 20 (2008-2009), Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2008, s. 76: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dok/ regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-20-2008-2009-. html?id=553201.
  12. Båe sitata er frå retningslinene frå 2004. I retningslinene frå 2010 er dei erstatta av følgjande formulering: «Finansdepartementet kan etter råd fra Etikkrådet utelukke selskaper fra fondets investeringsunivers der det er en uakseptabel risiko for at selskapet medvirker til eller selv er ansvarlig for: a) grove eller systematiske krenkelser av menneskerettighetene som for eksempel drap, tortur, frihetsberøvelse, tvangsarbeid, de verste former for barnearbeid b) alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner c) alvorlig miljøskade d) grov korrupsjon e) andre særlig grove brudd på grunnleggende etiske normer»
  13. Sjå Stortingsmelding nr. 24 (2006-2007), Om forvaltningen av statens pensjonsfond i 2006, s. 74: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dok/ regpubl/stmeld/20062007/stmeld-nr-24-2006-2007-. html?id=462723 og St.meld nr. 20 (2008-2009), s. 85.
  14. St.meld nr. 20 (2008-2009), s. 86–88.
  15. Sjå t.d. ibid., s. 90.
  16. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Tilråding om uttrekk fra selskaper som produserer tobakk», Årsmelding 2009, s. 20–25.
  17. Frå retningslinene frå 2004. I retningslinene frå 2010 er formuleringa: «Fondets midler skal ikke være investert i selskaper som selv eller gjennom enheter de kontrollerer: … produserer våpen som ved normal anvendelse bryter med grunnleggende humanitære prinsipper…»
  18. Innst. S. nr. 277 (2008-2009), s. 13.
  19. St.meld. nr. 20 (2008-2009), s. 83.
  20. «I NO U 22: 2003, og gjennom den senere behandlingen av retningslinjene i Stortinget, er det forutsatt at klasevåpen skal være blant de våpen som hører med til denne kategorien våpen/ ammunisjon [som ved normal anvendelse bryter med grunnleggende humanitære prinsipper]. Rådet har lagt dette til grunn.» «I NO U 22: 2003,1 og gjennom den senere behandlingen av retningslinjene i Stortinget, er det forutsatt at det ikke skal investeres i selskaper som «utvikler og produserer de sentrale komponenter til kjernevåpen».» Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, Årsmelding 2005, s. 19 og 24.
  21. Ibid., s. 33¬¬–34.
  22. «Fondets etiske retningslinjer omfatter produksjon av våpen som ved normal anvendelse strider mot grunnleggende humanitære prinsipper. Det er i retningslinjenes forarbeider gitt en uttømmende liste over hvilke typer våpen dette gjelder», Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, brev til Finansdepartementet 11. oktober 2007, Årsmelding 2007, s. 81.
  23. War on Want, Caterpillar, the alternative report, 2005: http://electronicintifada.net/downloads/pdf/ WoWCaterpillarReport.pdf . Sjå òg «Caterpillar» hjå The Electronic Intifada: http://electronicintifada.net/ bytopic/175.shtml.
  24. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, Årsmelding 2006, s. 69.
  25. «Etikkrådet legger til grunn at på samme måte som med alminnelig militært materiell, herunder ulike lovlige våpentyper, vil anvendelsen kunne være både legitim og lovlig, men også kunne benyttes til handlinger som må anses som uetiske eller til og med ulovlige…hovedregelen [vil] måtte være at slike produkter ikke faller innenfor fondets etiske retningslinjer.», ibid.
  26. Forslaget er som følgjer: «Shareholders request that, within six months of the annual meeting, the Board of Directors provide a comprehensive report, at reasonable cost and omitting proprietary and classified information, on Caterpillar’s foreign sales of weapons-related products, and other equipment and services related to those products for the past 10 years, including the country of destination for the products.», «Foreign Military Sales Resolution at Caterpillar’s 2008 Shareholder Meeting»: http://www.jewishvoiceforpeace.org/ publish/article_1101.shtml. Sjå òg Kristin Szremski , «Activists disrupt Caterpillar shareholder meeting», The Electronic Intifada, 11. juni 2010: http:// electronicintifada.net/v2/article11336.shtml?utm_source=feedburner&utm_medium=feed&utm_campaign=Feed%3A+electronicIntifada+%28Electronic+I ntifada%29.
  27. Government Pension Fund – Global, Annual report 2008, Disclosure of voting record 2008, o-z, s. 146: http://www.nbim.no/Global/Documents/ Ownership/2009/2009%20voting_o_z.pdf og Government Pension Fund – Global, Annual report 2009, Disclosure of voting record 2009, s. 584: http://www.nbim.no/Global/Documents/ Ownership/2009/Voting09%20re.pdf
  28. Elbit Systems, «Hermes® 450 – Tactical Long Endurance UAS»: http://www. elbitsystems.com/elbitmain/area-in2. asp?parent=3&num=32&num2=32.
  29. Sjå t.d. Jimmy Johnson, «Unmanned aerial vehicles and the warfare of inequality management», The Electronic Intifada, 17. februar 2009: http://electronicintifada.net/v2/article10312. shtml, Human Rights Watch, «II . What are Drones?», Precisely Wrong: http://www.hrw.org/en/node/84077/section/4, «Israel sets combat drones against missile launchers in Gaza», World Tribune. com, 8. mai 2007: http://www.worldtribune.com/ worldtribune/07/front2454229.238888889.html, Roy Braybrook, «Strike drones: Persistent, precise and plausible», armada international, 4:12–14, 2009: http://www.armada.ch/Flip/E112274/katalog.html og Mads Gilbert og Erik Fosse, Øyne i Gaza, s. 119–121.
  30. Sjå «Brennpunkt: What killed my brother?», NR K: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/464816, Marc Garlasco, «Remote Control Death»: http://www.hrw.org/en/ news/2009/03/20/remote-control-death og Human Rights Watch, «III . Drone-launched Attacks on Civilians in Gaza», Precisely Wrong: http://www.hrw. org/en/node/84077/section/5.
  31. Kristin Halvorsen i intervju med NR K Brennpunkt, 5. mai 2009: http://www1.nrk.no/nett-tv/ indeks/169928. Sjå òg «Oljefondet gransker droneselskap », NR K: http://www.nrk.no/programmer/tv/ brennpunkt/1.6598766.
  32. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Tilråding om uttrekk fra Elbit Systems Ltd.», Årsmelding 2009, s. 26–33.
  33. Finansdepartementet, «Leverandør av overvåkningsutstyr til barrieren mot Vestbredden utelukket fra Statens pensjonsfond – Utland», pressemelding nr. 66/2009, 3. september 2009: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/ pressesenter/pressemeldinger/2009/leverandor-avovervakningsutstyr- til-bar.html?id=575444
  34. Sjå St.meld. nr. 20 (2008-2009) og Finansdepartementet, «Etiske hensyn i forvaltningen av Statens pensjonsfond», pressemelding nr. 27a/2007, 13. april 2007: http://www.regjeringen. no/nb/dep/fin/pressesenter/pressemeldinger/2007/ etiske-hensyn-i-forvaltningen-av-statens. html?id=462877
  35. Finansdepartementet, «Investeringer i selskaper med virksomhet i Burma», brev til Etikkrådet, 28. september 2007: http://www.regjeringen.no/upload/ FIN /etikk/Brev%20til%20Etikkraadet.pdf.
  36. Finansdepartementet, «Statens pensjonsfond – Utland og Burma», nyhende, 28. september 2007 og ibid.
  37. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Vedrørende Etikkrådets vurdering av selskaper med virksomhet i Burma», brev til Finansdepartementet 11. oktober 2007, Årsmelding 2007, s. 81.
  38. Ibid.
  39. «Regjeringen legger nå opp til at fondet ikke skal investeres i selskaper som selger våpen og våpenteknologi til regimer som står oppført på listen over de lands statsobligasjoner Statens pensjonsfond – Utland er avskåret fra å investere i. Dette betyr at fondet ikke skal investere i selskaper som selger våpen til det burmesiske regimet.», Finansdepartementet, «Etiske hensyn i forvaltningen av Statens pensjonsfond», pressemelding nr. 14/2008, 4. april 2008: http://www.regjeringen.no/ nb/dep/fin/pressesenter/pressemeldinger/2008/ etiske-hensyn-i-forvaltningen-av-statens. html?id=506673.
  40. Frå retningslinene frå 2004 endra i 2008 og 2009. I dei nye retningslinene frå 2010 er formuleringa: «Fondets midler skal ikke være investert i selskaper som selv eller gjennom enheter de kontrollerer: … selger våpen eller militært materiell til stater nevnt i punkt 3.2 i retningslinjene for forvaltningen av SPU.»
  41. «Etikkrådet har mottatt brev fra Finansdepartementet datert 3. oktober 2008 hvor det meddeles endring i de etiske retningslinjene til Statens pensjonsfond – Utland. Endringen i de etiske retningslinjene innebærer at investeringer i selskaper som selger våpen og militært materiell til stater som står oppført på listen over de lands statsobligasjoner fondet er avskåret fra å investere i, skal unngås. Dette innebærer at fondet ikke skal investere i selskaper som selger våpen og militært materiell til Burma.», Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Tilrådning om uttrekk fra Dongfeng Motor Group Co. Ltd», Årsmelding 2008, s. 107.
  42. «Finansdepartementet har bestemt at Etikkrådet skal gi råd om utelukkelse av selskaper som selger «våpen og militært materiell» til Burma. Etikkrådet må ta stilling til hvilke produkter som naturlig faller inn under dette begrepet.», ibid.
  43. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Vedrørende investeringer med tilknytning til Midtøsten», brev til Finansdepartementet 15. mai 2006, Årsmelding 2006, s. 67–70.
  44. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Vedrørende Etikkrådets vurdering av investeringer i Israel Electric Corporation», brev til Finansdepartementet 18. april 2008, Årsmelding 2008, s. 110–113.
  45. Government Pension Fund Global, Holdings of bonds at 31 December 2009: http://www.nbim. no/Global/Documents/Holdings/FI _holdings_SPU_ Sorted_09.pdf.
  46. United Nations Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA ), Electricity Shortages in the Gaza Strip: Situation Report, 8. februar 2008: http://www.ochaopt.org/documents/Gaza%20 Feb_08_2008.pdf .
  47. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Vedrørende Etikkrådets vurdering av investeringer i Israel Electric Corporation», brev til Finansdepartementet 18. april 2008, Årsmelding 2008, s. 110–113.
  48. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, «Vedrørende Etikkrådets arbeid med saker med tilknytning til investeringer i selskaper med viksomhet i Israel», brev til Finansdepartementet, 19. mars 2009: http://www.regjeringen.no/ pages/2181162/Brev%20til%20FIN %20vedr%20 Israel%20mars%202009.pdf.
  49. Finansdepartementet, «Leverandør av overvåkingsutstyr til barrieren mot Vestbredden utelukket fra Statens pensjonsfond – Utland», pressemelding nr. 66/2009, 3. september 2009.
  50. Sjå t.d. United Nations Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA ), West Bank Barrier Route Projections, juli 2010: http:// www.ochaopt.org/documents/ocha_opt_route_ projection_july_2010.pdf og Palestinian Grassroots Anti-Apartheid Wall Campaign, Apartheid Wall. Land Theft and Forced Expulsion: http://www. stopthewall.org/downloads/pdf/Wall-fc-En.pdf.
  51. International Court of Justice, Legal consequences of the construction of a wall in the occupied Palestinian territory. Advisory opinion of 9 July 2004: http://www.icj-cij.org/docket/ files/131/1671.pdf.
  52. Etikkrådet for Statens Pensjonsfond – Utland, «Tilråding om uttrekk fra Elbit Systems Ltd.», Årsmelding 2009, s. 26–33.
  53. Finansdepartementet, «Tre selskaper utelukket fra Statens pensjonsfond utland», pressemelding nr. 48/2010, 23. august 2010: http://www.regjeringen. no/nb/dep/fin/pressesenter/pressemeldinger/2010/ tre-selskaper-utelukket-fra-statens-pens. html?id=612790.
  54. Government Pension Fund Global, Holdings of equities at 31 December 2009: http://www.nbim. no/Global/Documents/Holdings/EQ_holdings_SPU_ Sorted_09.pdf.
  55. Teksten til konvensjonen finst her: http://www. lovdata.no/traktater/text/tra-19490812-004.html.
  56. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, tilråding til Finansdepartementet, 16. november 2009: http://www.regjeringen.no/pages/13897627/ Tilradning_Africa_Israel.pdf.
  57. Ibid.
  58. Finansdepartementet, «Behandling av tilråding om uttrekk», brev til Etikkrådet, 18. februar 2010: http://www.regjeringen.no/upload/FIN /etikk/Brev_til_ feb2010_israel.pdf.
  59. Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland, brev til Finansdepartementet, 9. mars 2010: http:// www.regjeringen.no/pages/13897627/Brev_til_FIN _ vedr_tilradning.pdf.
  60. Innst. S. nr. 277 (2008-2009), s. 16. Sjå òg Dokument nr. 15:498 (2008-2009) og Statssekretær i Finansdepartementet Hilde Singsaas, «Bør Statens pensjonsfond utland boikotte Israel?», innlegg, 4. juni 2010: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/ aktuelt/taler_artikler/taler_og_artikler_av_ovrig_ politisk_lede/taler-og-artikler-av-hilde-singsaas/2010/ Bor-Statens-Pensjonsfond-Utland-boikotte-Israel-. html?id=607294.
  61. Til dømes: «Når det gjelder Palestinakomiteens oppfordring om å vurdere uttrekk fra fondet av alle Israelske selskaper ligger imidlertid dette utenfor de etiske retningslinjene som danner grunnlaget for Etikkrådets mandat», Etikkrådet Statens pensjonsfond – Utland, brev til Palesinakomiteen, 8. mai 2009. Sjå òg Etikkrådet for Statens pensjonsfond – Utland , «Vedrørende Etikkrådets vurdering av selskaper med virksomhet i Burma», brev til Finansdepartementet , Årsmelding 2007, s. 81.
  62. Sjå t.d. St.meld. nr. 20 (2008-2009), s. 23 og 92, Innst. S. nr. 277 (2008-2009), s. 15–16 og Dokument nr. 15:498 (2008-2009).
  63. Sjå t.d. Ilan Pappe, «A big thank you», The Electronic Intifada, 4. september 2009: http:// electronicintifada.net/v2/article10752.shtml, BADIL Resource Center for Palestinian Residency and Refugee Rights, «Palestinian BDS National Committee marks five years of Boycotts, Divestment and Sanctions»: http://www.badil. org/en/press-releases/135-2010/2457-presseng- 23, Palestinian BDS National Committee (BNC), «Norwegian government pension fund excludes more Israeli companies», 23. august 2010: http://www.bdsmovement.net/?q=node/765 og The Palestinian Grassroots Anti-Apartheid Wall Campaign, Companies building the Apartheid wall: http://www.stopthewall.org/downloads/pdf/ companiesbuildingwall.pdf.
  64. Sjå t.d. «Israel summons Norway envoy to protest divestment from arms firm», haaretz. com, 3. september 2009: http://www.haaretz.com/ news/israel-summons-norway-envoy-to-protestdivestment- from-arms-firm-1.8535.
  65. Sjå t.d. Adri Nieuwhof , «Scandinavian financial institutions drop Elbit due to BDS pressure», The Electronic Intifada, 19. februar 2010: http:// electronicintifada.net/v2/article11084.shtml og Palestinian Grassroots Anti-Apartheid Wall Campaign, «Two Danish funds exclude Wall building companies», 27. januar 2010: http:// stopthewall.org/worldwideactivism/2166.shtml.
  66. Sjå t.d. Coalition of Women for Peace, «International Investment in the Occupation. A Case Study: The Norwegian Government’s Pension Fund», Newsletter, mai 2009: http://www.whoprofits. org/Newsletter.php?nlid=41.