Konflikt i Bolivia

Av Marte Reenskaug Fjørtoft

2008-03A

Det siste året har det blitt svært vanskeleg å gjennomføre sosialt og politisk arbeid for grasrotorganisasjonar i store delar av Bolivia. Konflikten eskalerar og høgresida trapper opp bruken av vald og terror for å skape frykt og ustabilitet i samfunnet.

Av Marte Reenskaug Fjørtoft

 


 

Våren 2008 vart Latin-Amerikagruppene sin solidaritetsbrigade sendt til Bolivia for å støtte grasrota sin kamp for ei betre framtid. Frå mars til juli budde eg i Santa Cruz de la Sierra, Bolivias største by som ligg i Santa Cruz fylke i låglandet. Der arbeida eg som frivillig hjå kvinneorganisasjonen Colectivo Rebeldía og innanfor urfolksrørsla hjå ein organisasjon for urfolkskvinner, Confederación Nacional de Mujeres Indígenas de Bolivia (CNAMIB). Begge organisasjonane har hovudsete i Santa Cruz de la Sierra, og jobbar med menneskerettar og å styrke kvinner sin posisjon i samfunnet.

Santa Cruz er senteret i opposisjonen sin kamp mot Evo Morales, MAS og dei endringsprosessane regjeringa og dei sosiale rørslene prøvar å gjennomføre. Opposisjonen til Morales er hovudsakleg danna av den tidlegare makteliten i landet, og leiinga karakteriseras av store jordeigarar, bedriftsmenn og politikarar frå tidlegare regjeringsparti. Med fylkesmennene og borgarkomiteane i dei fire låglandsfylka i teten jobbar opposisjonen på spreng med å styrte MAS-regjeringa.

Dette arbeidet blir gjennomført på fleire plan. Gjennom kontroll av store delar av media blir høgresida sin propaganda spreidd ut til befolkninga. Eg blei sjokkert over korleis både aviser og TV-kanalar konsekvent ekskluderar grasrota, urfolksrørsla og venstresida sine syn på hendingar som fann stad i Santa Cruz.

Eit døme på dette fann stad i april 2008. Her forsøka ein regjeringsdelegasjon å gå inn på ein jordeigedom i fylket som ein del av gjennomføringa av jordreformene som er satt i gang i landet. Målsetjinga var å kontrollere bruken av arealet i tillegg til å forsikre at det ikkje fanst tilfeller av tenesteskap på området. Delegasjonen og urfolksgrupper som tok del i arbeidet, vart møtt av innleidde vakter væpna med steinar og stokkar. Over førti personar, hovudsakleg urfolk, vart alvorleg skada. Utanlandske journalistar som var tilstade, vart banka opp, audmjuka og truga på livet.

Nokre av jordarbeidarane på området klarte å flykte og gav vitnemål om førehalda dei lev under. Arbeidarane får ikkje løn, det er dårleg tilgang til mat og bustadane er i svært dårleg stand. Aviser og TV var raskt ute for å latterliggjere dei no «såkalla» slavane, og flytta raskt fokus mot Morales som i følgje høgrevridd media hadde satt i gang dette showet for å sverte jordeigarane. Internasjonale tungvektarar vart også ignorert, og Santa Cruz si største avis El Deber nekta å trykke ein deklarasjon frå FN som gav støtte til urfolka som lev i tenesteskap.

Denne episoden viser eit av mange tilfelle på korleis opposisjonen brukar media for å skape eit samfunnbilete som gagnar deira kamp for makt i landet. Samtidig fortsett dei med å undertrykke urfolk. Hendinga viser også bruken av valdlege grupperingar i arbeidet med å kontrollere befolkninga. Sentrale personar i fylkestinget og Borgarkomiteen i Santa Cruz lånte blant anna ut køyrety for å frakte dei væpna personane til jordeigedomen. Den høgreekstremistiske ungdomsorganisasjonen Unión Juvenil Cruceñista (UJC) har sterke band til opposisjonen og fylkesleiinga i Santa Cruz, og deltok også i angrepet på regjeringsdelegasjonen i april.

På det politiske plan har opposisjonen på høgresida satsa på å kjempe for auka sjølvstyre. Kampen om autonomi på fylkesnivå er eit ledd i å gjenvinne politisk makt i landet. I mai og juni 2008 blei det gjennomført illegale folkeval over innføring av autonomistatuttar i dei fire låglandsfylka Beni, Pando, Tarija og Santa Cruz. Vala og statuttane er underkjent av regjeringa i landet og institusjonar som EU, FN og Organisasjonen av dei amerikanske statar (OAS).

Opposisjonen har likevel kome langt ved å både gjennomføre vala og å implementere statuttar som lov i dei fire fylka. Dette er eit mottrekk for å hindre nasjonalisering av naturressursar, jordreform og innføring av ny grunnlov. I mangel på nasjonal kontroll er sjølvråderett på regionalt nivå grunnleggjande for å behalde kontroll over naturressursar og maktposisjon i samfunnet. Øvste kontroll av naturressursar ligg i følgje statuttane i hendene på fylkesleiinga.
Autonomistatuttane gir også lovgivande, utøvande og dømande makt til fylka, og øvste rettsinstans er fylkesdomstolen.

Eg var i fylket på valgdagen 4. mai og til tross for at store delar av bebuarane i Santa Cruz boikotta valet, med grunnlag i at dei såg valet som illegalt, framstilte media valresultatet som ein overveldande seier for sjølvstyre og autonomistatuttane.

I realiteten møtar Santa Cruz sine autonomistatuttar altså mykje kritikk også innanfor fylkesgrensene. Organisasjonane eg jobba hos, uttrykka stor bekymring for framtida, og var svært redde for at det etter innføring av statuttane ville bli enno vanskelegare å utføre arbeidet sitt. Fire månadar seinare, i september 2008 visar det seg at deira bekymring var rettmessig. I skrivande stund kan korkje Colectivo Rebeldía eller CNAMIB nytte kontora sine då dei er
tekne av UJC. Eit titals andre menneskeretts- og urfolksinstitusjonar er også okkupert av opposisjonen. Kontor har blitt rasert og brent ned og mange års arbeid har gått opp i røyk. Sentrale aktørar på venstresida har gått under jorda i frykt for sine liv.

Nok ein gong ser ein korleis kontrollen over media og samarbeidet med UJC spelar inn i maktkampen. 10. september vart den statlege TV-kanalen Canal 7 storma, dette resulterar i at det no berre er opposisjonen sine media som er tilgjengeleg for folket i fylket. UJC, støtta av Santa Cruz sin borgarkomité,
leiar inn og væpnar personar frå kriminelle ungdomsbandar for å okkupere hovudplassen i byen, bussterminalar og flyplassar. Media framstillar desse hendingane som ein kamp mellom folket og ei diktatorisk regjeringa. I røyndomen fekk president Evo Morales 67,8 prosent støtte av folket ved sist haldne folkeval 10. august 2008.

Så då spørs det om motstanden til ei lita gruppe med økonomisk sterke personar nok ein gong kan setje draumen om sosiale reformer og eit nytt Bolivia i fare.