Å ta seg sjølv alvorleg

Av Mari Fjeldstad

2005-04

Det føregår ein viktig debatt om korleis den revolusjonære venstresida i Noreg bør vera organisert. Resultatet av denne debatten vil avgjera kor sterkt me står i kampen for eit betre samfunn, og mot dei angrepa som arbeidarklassen i Noreg og resten av verda opplever. Det er mange som tar til orde for ei samanslåing av RV og AKP. Eg vil gjerne ha eit stort og viktig parti på venstresida som er revolusjonært og aktivistisk, og eg trur at RV og AKP til saman kan bli det. Men eg meiner at det er viktig at partiet ikkje blir prega av store motsetningar og splittingar. Indre konfliktar tar tid og krefter bort frå dei viktige oppgåvene, og verkar negativt på organisasjonskulturen. Ein samanslåing av RV og AKP utan grundige diskusjonar som fører fram til ein form for einskap, trur eg på sikt vil føra til fleire og større konfliktar enn me har i dag.

Mari Fjeldstad, 23 år, bur i Bergen og studerer musikk. Medlem av AKP, RV og RU Mari takker Jokke Netland for diskusjonar og innspel


Bruken av ordet kommunist eller kommunistparti er omstridd. Nokre er ueinige i innhaldet, andre meiner det er for nært knytt til dei undertrykkande regima i Kina og Sovjet. Målet mitt er eit kommunistisk samfunn utan klassemotsetningar. Eg vil gjerne bruka omgrepet kommunisme fordi det på ein tydeleg og presis måte skildrar målet, og eg bruker det i teksten. Men det er mykje viktigare for meg at eit framtidig parti har ein god praksis, enn kva ord det brukar om seg sjølv. Eg håpar og trur at me kjem fram til mange gode kompromiss i løpet av denne debatten. Det beste utgangspunktet for diskusjonar er at alle er klare på kva dei ynskjer. Ved å vera tydelege og konkrete kan me få klart fram kven som har eit reelt grunnlag for å samarbeida, og kven som står for langt frå kvarandre politisk til at dei kan samlast i eit parti. Dette er mine tankar om korleis eit kommunistparti bør vera.

Ein smaksprøve på kommunismen

I følgje marxistisk teori kan det ikkje bli revolusjon før dei materielle forholda ligg til rette for det. Det er sjølvsagt riktig. Men når det oppstår ei revolusjonær situasjon er det ikkje gitt at den vil føra til eit sosialistisk samfunn. For at det skal skje, må store delar av folket ha sosialisme, og til slutt kommunisme, som mål. Når eg diskuterer med folk som ikkje tenker på seg sjølv som revolusjonære, er det sjeldan vanskeleg å bli einige om at kapitalismen som økonomisk system fungerer dårleg for fleirtalet av menneska i verda. Dei fleste kan til og med vera einige i at tankane mine om eit kommunistisk samfunn ikkje er så dumme. Men dei færraste vert organiserte kommunistar og kjempar aktivt for eit betre samfunn. Dei manglar håp om at det er mogleg, og seier at kommunismen er ein god ide, men at den vil aldri fungera i praksis. Om eit kommunistparti vil vinna stor oppslutning i Noreg i dag og i framtida, så er det desse tankane me må forandra hjå folk. Me må gjera det lettare å tenka seg at me er i stand til å skapa eit samfunn fritt for undertrykking. Måten me jobbar på, sakene me jobbar med og måten me oppfører oss på, må vera argument for at eit kommunistisk samfunn er mogleg. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å fjerna alle undertrykkingsmekanismar frå partiet når samfunnet rundt er så prega av dei. Men me kan utvikla metodar for å nøytralisera undertrykkingsmekanismane mest mogleg. Eit kommunistparti vil endra dagens kapitalistiske samfunn til eit kommunistisk samfunn, og for å ha truverde må kommunistpartiet vera ein smaksprøve på kommunismen.

Praksis

Det er praksisen vår som må gje folk denne smaksprøven. Mi erfaring er at få av dei eg har jobba saman med i RU, blir med i AKP, sjølv om ein skulle tru at det var naturleg når ein har blitt for gammal til ungdomsorganisasjonen å bli med i den vaksenorganisasjonen som har omtrent same politiske grunnlag. Når eg diskuterer med dei, er det sjeldan politiske standpunkt som er grunnen til at dei ikkje vil vera med, men dei er kritiske til den måten me oppfører oss på og den sosiale kulturen me har. Eg har vore medlem i AKP i snart to år, og mi erfaring er at sjølv om noko av denne kritikken bygger på misoppfatningar, så er altfor mykje av den riktig. Den praksisen vi har som er for dårleg, botnar mykje i at me har ein for dårleg forståing av at det personlege er politisk. Å bruka hersketeknikkar i ein diskusjon vitnar ikkje berre om dårlege vanar eller tillærte kjønnsrollar, men òg om ei dårleg forståing av demokrati og viktigheita av at alle synspunkt kjem fram. Det same gjeld lokallag som alltid har den same ordstyraren på møter. Det handlar ikkje berre om vanar, men òg om manglande politisk innsikt i spørsmål rundt maktfordeling. Å gi alkoholen skulda for sexistiske kommentarar frå kameratar på fylla, er å unnskylda dårleg feministisk skulering. Derfor er løysinga ikkje å vera "snillare med kvarandre", men å verta betre skulerte, å studera meir og få ei betre forståing av at politikken vår aldri er betre enn praksisen vår. Me må òg skapa rutinar for kritikk og sjølvkritikk. Det er viktig å trena på å både gi og få kritikk på ein slik måte at den blir konstruktiv og byggande. Alle møter bør ha eit punkt til slutt der det er rom for å lufta tankar rundt møtet. Det er viktig å oppsummera kven som har snakka, kva dei har snakka om, på kva måte dei har snakka og kor mykje tid dei har brukt. Om ein finn at ei gruppe eller eit kjønn har dominert møtet må det sjølvsagt diskuterast tiltak som kan hindra at det skjer igjen. Av og til opplever ein i diskusjonar, både munnlege og skriftlege, at folk blir for hissige og brukar ein stil som er hemmande for debatten. Det må kritiserast på ein kameratsleg måte som gjer det lettast mogleg å ta til seg kritikken. Om det er vanleg med kritikk og sjølvkritikk vil det oppfattast som mindre personleg og sårt for den som blir kritisert enn om det skjer sjeldan.

Feministisk praksis

Over halvparten av arbeidarklassen i Noreg i dag er kvinner, og derfor er kvinnekamp ei grunnleggande sak for kommunistpartiet. Eit kommunistparti som vil bli stort og viktig i framtida, må prioritera å organisera kvinner, og det må vera eit parti der kvinner trivst og kan jobba politisk med fleire saker enn kvinnekamp. I dag er den feministiske praksisen vår for dårleg. Dette kjem tydeleg fram i kjønnsfordelinga blant unge medlemmar i AKP. Det er fleire gutar enn jenter som melder seg inn, og det er fleire jenter enn gutar som melder seg ut igjen. Dette er ikkje fordi gutane er meir politisk overbeviste eller meir standhaftige, men fordi det er morsommare å vera gut enn jenta i AKP. Gutane har fleire førebilde, får fleire oppgåver, får bekrefta seg sjølv som politiske individ oftare og får meir taletid på møta. Dette er eit sjølvforsterkande problem sidan gutar lettare rekrutterer andre gutar enn jenter, og det må jobbast kontinuerleg med å styrka jenter i partiet. Eit kommunistparti må ha som mål at feminismen skal gjennomsyra alle avgjersler og handlingar. Det bør ha retningslinjer som omhandlar kven som blir gitt politiske oppgåver, og kven som legg premissane for debattane. Til dømes bør ein vedta at alle kvinnene i kvart lokallag skal få minst ei politisk oppgåve, som å halda ei innleiing eller skriva eit debattinnlegg eller lesarbrev, i halvåret. Dette vil motverka det som er vanleg praksis i dag, at menn er mest synlege, får, eller tar, flest moglegheiter til å utvikla seg politisk og dermed dominerer den politiske debatten. Ein bør òg ha eit vedtak om at alle innleiingar, frå korte innleiingar i diskusjonar på lagsmøte til hovudinnleiingar på store konferansar, må ha eit kvinneperspektiv, og sjølvsagt må innleiingane vera jamt fordelt mellom kjønna. Me må òg styrka kvinnekollektiva i partiet. Det må utarbeidast ei rekke tiltak som kan settast i verk når det trengs. Sånne tiltak kan til dømes vera å vedta at lagsmøta i ein periode startar med at kvinnene diskuterer dagens tema medan mennene tar oppvasken. Eller at det vert sett av tid på konferansar der kvinnene kan diskutera politikk saman. Det er viktig at kvinnekollektiva fungerer styrkande på kvinner på andre politiske områder enn feminisme, for det er på dei andre områda at mannsdominansen er størst. Det er lett å nedprioritera kvinnekampen i partiet. Det er tross alt betre hjå oss enn hjå dei fleste andre partia, og det er så mange andre saker som er viktige. For å motverka dei systematiske tilfeldigheitene som gjer at feministiske oppgåver vert nedprioriterte, må feminisme bevisst prioriterast før andre oppgåver. Eg trur at potensialet vårt til å verva unge jenter er stort, og at hovudårsaka til at me ikkje klarer å verva dei i dag, er vår dårlege feministiske praksis. Me som er jenter og har vore med i RU nokre år, har brukt mykje krefter på å skulera yngre medlemmar. Me har halde bøllekurs, innleiingar på lagsmøte og tatt opp kampen mot brautande gutar når det trengs. Når me vert så gamle at me vil organisera oss i eit vaksenparti, freistar det lite å byrja på nytt, berre at no er det menn i staden for gutar. Eit kommunistparti som vil verva unge jenter må ha noko betre å tilby.

Klassar

Marx påviste at arbeidarklassen er den einaste klassen som kan skapa revolusjon. Eit kommunistparti som tar på alvor at revolusjonen me kjempar for, må vera arbeidarane sitt eige verk, må vera dominert av arbeidarar. Det må ha effektive kvoteringsmekanismar for arbeidarar som nøytraliserar dei skjulte mekanismane, som gjer at akademikarar i dag dominerer venstresida. Ein måte å gjera dette på, er å vedtektsfesta at alle styre og utval må ha meir enn halvparten arbeidarar. Det bør vera like naturleg å ha minst halvparten arbeidarar i alle styre og utval som det er å ha minst halvparten kvinner i dag. Dette vil sikra at politikken som vert utvikla er i tråd med arbeidarklassen sine interesser, og på deira premissar. Partiet må bygga arbeidarar slik at dei vert leiande i partiet og i klassekampen. Kommunistpartiet må jobba for å styrka klassemedvitet i arbeidarklassen, og for at klasseomgrepet vert brukt i politiske analyser og retorikk. Alle medlemmane i partiet bør ha ei oppfatninga av kva klasse dei tilhøyrer, og kva klassebakgrunn dei har. Eg vil ikkje ha eit parti der medlemmar med arbeidarklassebakgrunn har høgare status enn andre, men eg vil ha eit parti som har eit bevist forhold til klasseetilhøyrigheit, og korleis det påverkar politikken. Det bør òg diskuterast om ei viss sjølvproletarisering bør gjeninnførast. Medlemmar bør diskutera sine yrkesval på politisk grunnlag, sjølvsagt utan at partiet overstyrer personlege avgjersler. Forholdet mellom kvinnekamp og klassekamp må studerast og diskuterast. Det må utviklast ei forståing i partiet av at kvinnekampen styrkar arbeidarklassen sin kampevne gjennom at kvinner får betre moglegheiter til å delta i kampen, og at ein meir likestilt arbeidarklasse er ein meir samla klasse med færre indre motsetningar. Denne forståinga er særleg viktig for menn, sidan dei ikkje opplever kvinneundertrykkinga på kroppen, og derfor har lett for å nedprioritera kvinnepolitiske spørsmål.

Organisering av partiet

I prosessen fram mot ein eventuell samanslåing av RV og AKP må me diskutera korleis me vil organisera eit nytt parti. Det er mange store og viktige ueinigheiter som må avklarast. For meg er dei viktigaste spørsmåla dei som har direkte påverknad på det daglege arbeidet i partiet, til dømes om det er aktivitetsplikt, korleis lokallaga skal fungere, og kor mykje partiet legg vekt på parlamentarisk arbeid.

Parlamentarisk og utanomparlamentarisk arbeid

Eit parti som har hovudvekta av arbeidet sitt utanom dei parlamentariske organa, treng ein annan organisering enn eit parti som hovudsakleg jobbar parlamentarisk. Eg vil ha eit parti som jobbar parlamentarisk, men som har hovuddelen av arbeidet sitt utafor det parlamentariske systemet. Dei måtane som er effektive å organisera eit parti på i høvet til parlamentarisk arbeid, er lite effektive om målet er eit parti der alle medlemmane, ikkje berre dei som er folkevalde, er aktivt med på å utforma politikken. Til dømes så er det bra for det parlamentariske arbeidet å ha nokre få og flinke folk med stor arbeidskapasitet som kan lesa sakspapir og skriva framlegg til vedtak på kort varsel. Men det partiet eg vil ha, bygger politikken sin på heile partiet sine erfaringar, slik dei er vedtatt i partiprogrammet, og ikkje på enkeltpersonar. I eit parlamentarisk parti er det som regel eit skilje mellom dei som har verv i partiet og dei som er vanlege medlemmar. Eit parti av denne typen prioriterer sjeldan å skulera alle medlemmane, og har ingen eller få møter for dei som ikkje sit i eit styre. I parlamentariske parti er det vanleg at hovuddelen av aktiviteten til dei vanlege medlemmane føregår i ein hektisk valkampmånad annakvart år, og at dei er passive resten av året. Eit kommunistparti som vil nå ut til folk, må nytta seg av dei moglegheitene som valkamp og representasjon i folkevalde organ gir. Men parlamentarisk arbeid må vera eit middel for å oppnå eit reelt folkestyre, og ikkje eit mål i seg sjølv. Eit kommunistparti bør ikkje måla sin suksess eller fiasko i valresultat, men i aktivitet, demonstrasjonar, konferansar og utfall av enkeltsaker.

Aktivitetsplikt

I eit levande kommunistparti må alle medlemmane ta aktivt del i utforminga av partiet. Ved å ha aktivitetsplikt i partiet opphever ein skiljet mellom dei som skapar politikk og dei som mottar politikk, og ein sikrar at alle med stemmerett på årsmøte og liknande, har gjort seg opp ei meining på grunnlag av erfaringar frå politisk aktivitet. Aktivitetsplikta må ikkje vera eit hinder for travle folk som ønskjer å bli medlemmar, men ei stadfesting av at det er aktivitet som er norma, og at alle skal bidra med det dei kan.

Lokallag

Alle medlemmane i eit kommunistparti bør tilhøyra eit partilag som har jamlege møter, og som fungerer som eit kollektiv der alle som deltar blir sett og høyrt. For at alle skal få høve til å utvikla ulike sider av seg sjølv som politiske individ, er det viktig at det ikkje etablerer seg faste roller, der nokon alltid er ordstyrar og andre aldri seier noko. Dette krev jamlege diskusjonar om korleis laget fungerer, og ei politisk forståing for at alle sine synspunkt og meiningar er viktige for å utvikla ein god politikk. Som hovudregel bør alle oppgåvene i eit lag gå på rundgang slik at alle får utvikla seg til å bli leiande personar i og utafor partiet. Til dømes bør ein skifta innleiar, ordstyrar og referent på kvart møte, og diskusjonane bør helst organiserast som rundar der alle får høve til å snakka. Men det er fleire oppgåver som bør gå på rundgang. Å passa medlemmane sine born, å koka kaffi, køyra til og frå møta og å ta oppvasken etterpå er òg oppgåver som alle har eit ansvar for at blir fordelt rettferdig. Om dette vert fordelt blant alle medlemmane vil det verta lettare å ha små born eller ein krevjande jobb, og likevel kunna delta i partiet. Det vil særleg vera positivt for kvinner, og vera god feministisk praksis. Me bør i mykje større grad enn i dag ha opne, annonserte møte, standsverksemd, løpeseddelutdeling og aktivisme. akp.no er eit godt verktøy for å nå ut til folk, som me må bli flinkare til å bruka. Me bør òg vurdera om møte kan delast inn i ein snakke-del og ein gjere-del. Kvifor ikkje ha ei kort innleiing om flyktning- og asylpolitikken i Noreg før ein besøker eit flyktningemottak for å snakka med dei som bur der resten av kvelden?

Strategi for revolusjon

Me har som mål at folket i Noreg skal laga ein revolusjon og skapa eit sosialistisk folkestyre. Dei siste åra har den revolusjonære venstresida diskutert mykje korleis dette samfunnest skal vera, og det har kome fram mange gode tankar. Men no meiner eg det er på tide å diskutera kva me kan gjera i dag, med dei ressursane me har no, for at revolusjonen skal komme nærare. Og endå viktigare; korleis kan me best førebu oss på den vanskelege perioden som vil komma like etter revolusjonen når ulike grupper vil freista å få gjennomslag for sitt syn på korleis samfunnet skal utvikla seg? Kommunistpartiet bør ha ein strategi nedfelt i prinsipprogrammet/partiprogrammet. Strategien må ta utgangspunkt i Marx sine teoriar om at det er klassekampen som driv historia framover, og ikkje det parlamentariske systemet. Strategien må òg ta utgangspunkt i den krafta som kampen for kvinnefrigjering representerer. Med eit slikt utgangspunkt kan partiet skapa heilskaplege analysar, som forklarar samanhengen mellom tankerekkene og konklusjonane. Eit parti som i for stor grad legg vekt på parolane, utan å ha grundige analyser som underbygger dei, vil få mindre gjennomslagskraft enn eit parti med gode og grundige analyser. Den viktigaste klassemotsetninga under kapitalismen er mellom arbeidarklassen og borgarskapet. Kommunistpartiet sin strategi må analysera kvar borgarskapet står i dag, kva grupper som finst inne i klassen og i kva retning dei ynskjer at samfunnet skal gå. I hovudsak vil arbeidarklassen ha interesser som går på tvers av borgarskapet sine interesser, og strategien må skissera korleis me kan møta borgarskapet sin nyliberalisme. Ein god strategi kan hjelpa oss å prioritera kreftene riktig. Den må vera samlande og motiverande, sjølv om det er viktigare at den er riktig enn at den er populær.

Å ta seg sjølv alvorleg

Det kommunistpartiet som eg har lyst til å arbeida i no og i minst 50 år til, må ta seg sjølv og sine standpunkt på alvor. Det må ta konsekvensane av sine standpunkt, og la praksisen tala høgare enn ord og partiprogram. Det kan ikkje berre ha god politikk på enkelte område, men det må ha ein heilskapleg strategi for å påverka samfunnet. Me meiner at mennesket har moglegheit til å skapa eit samfunn fritt for undertrykking. Lat det komma til uttrykk i praksisen vår.