Pengar, kjønn og makt

Av Magnhild Folkvord

2008-01

Kan det finnast menn som slett ikkje synest likelønn er ein god ide dersom det får konsekvensar for maktfordelinga i deira eigne nære relasjonar?

 

Magnhild Folkvord er journalist i Klassekampen


Er spørsmålet om gjennomføringa av det opplagt rettferdige kravet om likelønn berre eit spørsmål om dei overordna strukturane og kapitalismens vesen? Eg skal i denne artikkelen ikkje gå inn på korleis det tener kapitalismen at det er skilnad mellom mannslønn og kvinnelønn, eg tar for gitt at dersom det hadde vore meir lønnsamt for kapitalistane å innføra reell likelønn, så hadde dei gjort det for lenge sia.

Det eg ønskjer å sjå på, er korleis menns haldningar til likelønn, og med det ei meir lik fordeling av makt mellom kvinner og menn, kan påverka kampen for likelønna.

Som kjent er kvinners inntekt i snitt 85 prosent av menns inntekt, og det har ikkje endra seg mykje dei siste åra. Denne skeivfordelinga av inntekta finn ein også att i dei fleste parforhold. Den som måtte vera i tvil, kan gjera sine eigne uformelle undersøkingar, og vil høgst sannsynleg få stadfesta at relativt få kvinner har høgare inntekt enn den mannen dei lever i lag med. Aller tydelegast vil dette vera i familiar med barn.

SSB-statistikk frå 1998 viste at mors inntekt i familiar med barn stort sett låg på mellom 50 og 60 prosent av fars inntekt.

I den grad det er ein samanheng mellom pengar og makt, vil vi altså finna att denne skeivfordelinga både i det store samfunnsmessige perspektivet og i det private perspektivet.

Og i den grad det blir snakka om kven som tener pengane, vil dei fleste ungar framleis veksa opp med at far tener meir pengar enn mor, og frå det er ikkje spranget langt til å tru at den jobben far gjer, er viktigare enn den jobben mor gjer. (At dette forsterkar seg ved at det er meir lønnsamt at mor er heime, og at far arbeider enda meir, og dermed står for enda meir av inntekta, treng vi ikkje gå inn på her.)

Det som er interessant i denne samanhengen, er om det å vera den som tener mest pengar, gir ein posisjon som det kan vera verd å halda på. Dette er ikkje meint som ein moralistisk kritikk av den einskilde mannen, men ein freistnad på å sjå etter om det kan vera trekk ved mannsrolla eller menns oppfatning av seg sjølve som gjer at dei ikkje blir dei støttespelarane i kampen for likelønna, som vi helst såg dei som.

For ordens skuld, ein del er oppnådd, det meste av den direkte ulikelønna for nøyaktig same arbeid er i hovudsak avskaffa i løpet av dei snart 50 åra som har gått sia Noreg ratifiserte ILO sin likelønnskonvensjon. Likestillingslova har gjort det enklare å fjerna ulikelønn for likt arbeid hos same arbeidsgivar, men kan ikkje brukast til å hindra at ingeniørar får høgare lønn enn førskolelærarar.

Men når det framleis er slik at kvinner i snitt tener nesten 85 prosent av det menn tener (månadslønn i 2006), må det vera lov å spørja med Henrik Wergeland i 1837: Hvi skrider Menneskeheden saa langsomt frem?

Å seia at det må ha noko med patriarkatet å gjera at vi ikkje har komme lenger enn vi har gjort med å oppnå likelønn i Noreg, er forhåpentlegvis ikkje spesielt kontroversielt.

Korleis kan vi så snakka om patriarkat og kvinnelønn? Skal vi snakka om noko som høyrer system og strukturar til, eller skal vi også sjå på korleis levande mannfolk også blir reiskapar for dette patriarkatet som eg reknar med at dei fleste av oss er meir eller mindre kritiske til.

I ei gallupundersøking stilte Norsk sykepleierforbund (NSF) sist haust spørsmålet til menn «Kunne du tenke deg å avstå fra lønnstillegg i ett år dersom pengene brukes på å øke kvinners lønn for å bidra til likelønn?». Vi har valet mellom å jubla over at ein tredel svarte ja, eller å gråta over at om lag halvparten av mennene svarte nei på det same spørsmålet.

No er det ikkje gitt at menn skal avstå frå lønnstillegg for at vi skal oppnå likelønn, og det er mange tekniske spørsmål knytt til på kva måte likelønnsspørsmålet kan eller bør løysast. Men eg synest svara på NSF si undersøking er interessante som uttrykk for korleis menn ser på spørsmålet om likelønn.

Ingen mann kan i dag seia at han er imot likelønn. Det ville vera omtrent like akseptabelt som å seia at han er for rasisme. Men spørsmålet er altså kvifor det likevel går så sakte å fjerna skilnadene mellom kvinnelønn og mannslønn? Så lenge det har vist seg mogeleg å senda folk til månen, vil eg tru at det også ville vore mogeleg å finna tekniske løysingar på kva som må gjerast for å jamna ut urimelege lønnsskilnader mellom kjønna, om berre viljen er sterk nok. Med andre ord, til no har ikkje viljen vore sterk nok hos dei som har makt til å gjera det som trengst. Og det er ein viss samanheng mellom dei som har makta og dei som har valt dei, sjølv om det til tider kan sjå ut som om dei lever på ulike planetar.

Nokre relativt nye tal frå www.likelonn.no, likelønnskommisjonen si heimeside, illustrerer status:

  • Kvinner hadde gjennomsnittleg ei månadslønn på 27.700 kroner i 2005, medan månadslønna for menn var 32.700 kroner.
  • Kvinners månadslønn som del av menns utgjorde 84,7 prosent i 2006, det same som i 2005 og i 2004.
  • Lønnsgapet står også ved lag når ein tar omsyn til skilnader i arbeidstid mellom kvinner og menn: I privat sektor utgjer kvinners lønn 83,6 prosent av menns lønn og i offentleg sektor 87,9 prosent av menns lønn når skilnader i arbeidstid er reinska vekk.

Kravet om likelønn heng nøye saman med kravet om økonomisk sjølvstende for kvinner. Ein må ha eigen økonomi for å rå over sitt eige liv, iallfall når ein lever i eit samfunn som vårt. Dei dårlegast betalte kvinnejobbane i dag gjer det ikkje mogeleg for kvinner å vera økonomisk sjølvstendige. Så lenge det i dei fleste parforhold er slik at han tener meir enn henne, er det med på å oppretthalda ei skeivfordeling av omsorgsansvar, og forsterka tendensar til at deltid blir løysinga for kvinner, iallfall i periodar. Skilsmisse kan bety økonomisk katastrofe.

Den dagen lønnsgapet er tetta, vil vi ha komme mykje lenger i tilnærma lik makt mellom kvinner og menn. Men dersom det ikkje skjer omfattande endringar i arbeidstida, er det grunn til å tru at ulik arbeidstid framleis vil oppretthalda visse skilnader.

Min påstand er at den langsame takten i utjamninga av skilnadene mellom kvinne- og mannslønn ikkje først og fremst kjem av at ein ikkje har klart å finna gode tekniske løysingar på korleis dette skal gjerast, men at ei utjamning av lønnsnivået vil rokka ved maktfordelinga mellom kvinner og menn, både i samfunns- og i familieperspektiv.

Lønnsutvikling – kvinner og menn (1997–2005)

Lønnsutvikling – kvinner og menn (1997–2005). Kilde: Likelønnskommisjonen

Samfunns- eller familieperspektivet

Kva som er det viktigaste i denne samanhengen, samfunns- eller familieperspektivet, kan vera verd å diskutera.

Stort sett er det greitt for den som får meir makt, men slett ikkje alltid like greitt for den som opplever å få redusert si makt – anten det gjeld i familien eller i andre samanhengar.

Forestillinga om mannen som forsørgjar er framleis godt innvevd i forståinga av mannsrolla.

Sosiologen Knut Oftung snakka om dette i eit føredrag han heldt i 2000, og sa mellom anna :

"Da produksjonen av varer og tjenester ble flyttet fra familieenheten til markedet ble den viktigste identitetsskapende prosess for norske menn lønnsarbeid utenfor hjemmet. Rollen som "breadwinner" eller forsørger forklarer mange av menns typiske trekk. […] Arbeidet blir en arena der maskuliniteten står på spill."

Sosialantropologen Jorun Solheim argumenterer i boka Kjønn og modernitet (2007) for at ideen om kvinner som omsorgspersonar og menn som forsørgjarar var avgjerande for utviklinga av kapitalismen. Ho er også ei av dei som har vore med i likelønnsstafetten på www.likelonn.no, og der skriv ho mellom anna:

"Personlig tror jeg derfor at så lenge det mannlige forsørgeridealet består, så vil vi fortsette å ha et likelønnsproblem. Dette handler med andre ord ikke bare om økonomi, men også om kultur. Eller om økonomi som kultur."

Som eit eksempel på kor sjølvsagt forståing av arbeidarklassemannen som forsørgjar har vore, nemner ho at den engelske historikaren Edward B. Thompson i sitt standardverk om den engelske arbeidarklassen (The Making of the English Working Class, 1966) opererer med uttrykk som "the working classes and their wives and children" – utan at det har vore oppfatta som spesielt merkeleg.

Skikkelig mannfolk – på kvinnelønn?

Dersom dette stemmer med korleis menn flest opplever si rolle, vil det vera rimeleg å tru at mange menn vil oppleva at dei ikkje er skikkelege mannfolk den dagen det blir vanleg at kona tener like mykje som mannen.

Dette er ikkje ein moralistisk kritikk mot den einskilde mannen, men ein freistnad på å sjå på sider ved mannsrolla i eit patriarkalsk kapitalistisk samfunn.

"Borgerskapet hersker når mannen hersker litt," skreiv Kjersti Ericsson i Søstre, kamerater! for vel tjue år sia. Ho peikte på korleis kvinneundertrykkinga splittar det arbeidande folket, og gjer det til ein mindre farleg fiende for borgarskapet.

Slik eg ser det, er spørsmålet om likelønn, og fordeling av pengar og makt i den private sfæren ein bit av det Ericsson peiker på.

Utfordringa må vera å få til ei nytolking av mannsrolla som løyser opp koplinga mellom forsørgjarrolla og maskuliniteten. Dette handlar om både å forstå korleis kjønnsrollene har utvikla seg i takt med økonomien, og ikkje minst å sjå på korleis dette heng saman med klassespørsmålet, og å sjå korleis dei kan stå i vegen for ei meir likeverdig fordeling av pengar og makt.

Er det småborgarlege feministiske fordommar som gjer at eg lurer på om kombinasjonen av forsørgjar og maskulinitet står sterkare blant arbeidarklassemenn enn i andre sosiale lag?

Uansett korleis denne forståinga av maskulinitet – bevisst eller ubevisst – fordeler seg mellom klassane, trengst det endringar for at det store fleirtalet av menn skal gå heilhjarta inn for lik lønn for kvinner og menn.

Skal ein få til endringar her, må mange gode krefter med. Korkje kjønnsforskarane, likestillingsministeren eller fagrørsla kan løysa dette åleine, men kanskje kan det vera noko å samarbeida om?

I 2009 vil det vera 50 år sia Noreg ratifiserte ILO sin likelønnskonvensjon. Ved ratifiseringa var det "en uttrykkelig forutsetning at konvensjonen ikke skulle røre ved prinsippet om frie tarifforhandlinger, heller ikke når det gjelder tilhøve mellom manns- og kvinnelønninger".

Lovreglar har vore nyttige for å avskaffa direkte lønnsdiskriminering av det gammaldagse slaget, som gjorde at kvinner og menn fekk ulik lønn for same arbeid i same verksemd. Men slike lovreglar hjelper som kjent ikkje mot skilnaden mellom lønnsnivået i kvinnedominerte og mannsdominerte yrke.

Det er også fleire endringar i seinare tid som tener til å skapa nye skilje. Dei lokale forhandlingane i offentleg sektor har i stor monn komme menn til gode, og har dessutan gjort lønnsforholda på den einskilde arbeidsplassen langt mindre oversiktlege enn dei var så lenge lønnsplasseringane kunne lesast ut av statens lønnsregulativ. Utskiljing eller privatisering av tidlegare offentleg verksemd gjer sitt til at samanlikning av lønn for grupper som tidlegare hadde same arbeidsgivar, blir umogeleg.

Dersom det er politisk vilje til det, er det mogeleg å bruka statsbudsjettet til å gjera ein god del med lønningane i offentleg sektor. Kanskje kan marknaden og/eller tarifforhandlingane føra til at dei privat tilsette reinhaldarane i så fall følgjer etter dei offentleg tilsette reinhaldarane?

Dei forhandlingstekniske og budsjettmessige spørsmåla kan vera innfløkte og utfordrande nok. Berre det å rokka ved frontfaga sin posisjon i dei tradisjonelle tariffoppgjera kan sjå ut til å vera like umogeleg og meiningslaust som å prøva å flytta på Galdhøpiggen. Men det er mogeleg å finna utvegar dersom forståinga av samanhengane og viljen til løysing er der.

Det krev at det store fleirtalet av menn, både industriarbeidarar, sjukepleiarar, bussjåførar og ingeniørar, ser at dei har alt å vinna på eit samfunn med meir reell likestilling, der det ikkje er økonomien som tvingar folk til å leva i parforhold.

Rapporten Likestilling og livskvalitet 2007, som er laga på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet, presenterer ei omfattande undersøking av korleis kvinner og menn ser på ulike likestillingsspørsmål. Om lag ein firedel av dei spurde meiner likestillinga har komme langt nok. Av desse er tre av fire menn.

Eg er samd med dei som seier at dei som "har skoen på", må gå i spissen for den kampen som trengst for å få gjort noko som monnar med kvinnelønna. Men det trengst også at resten av fagrørsla er heilhjarta med, både for å vinna fram med sentrale krav, og ikkje minst for å hindra at det ein oppnår, blir undergrave i ettertid. Dei innfløkte forhandlingssystema gjer at det finst mange metodar for å "ta att" i neste runde det som kan bli gjort for å utjamna lønnsskilnadene.

LO-leiar Roar Flaathen skriv om dette i sitt innlegg i likelønnsstafetten: "I de tariffoppgjør LO deltar, får kvinner i gjennomsnitt mer enn menn. Det er imidlertid slik at lønnstillegg utenom de sentrale oppgjør ofte går i motsatt retning." Han skriv vidare at det trengst endringar av grunnleggjande strukturar som den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og manglande likestilling på heimefronten. Sia han ikkje går grundigare inn på korleis han ser samanhengen mellom den manglande likestillinga på heimefronten og manglande likelønn, er det ikkje godt å vita om det er koplinga mellom maskulinitet og forsørgjarrolle han tenkjer på.

Heilt til slutt ein liten kommentar til spørsmålet om menn må avstå frå tillegg for at kvinner skal få meir. Det vil sjølvsagt vera avhengig av kor langsiktig og kor revolusjonært perspektiv ein har på økonomi og lønnsutvikling. Aksepterer vi at det er ei viss "kake" som skal delast, er det vanskeleg å gi halvparten til dei som har minst, utan at dei som har hatt meir enn halvparten, vil merka det.

Vel vi derimot å "ta heile bakeriet", blir det eit heilt anna spørsmål om kva slag kaker som skal bakast, og korleis dei skal delast.

Mitt framlegg er at vi prøver å ha både ein taktikk som appellerer til dei som trur at kaka er ein konstant storleik, og ein strategi for korleis vi skal overta bakeriet. Kanskje vil det siste ta litt lenger tid enn å få verkeleg likelønn. Eller må vi overta bakeriet før det kan bli reell likelønn?