Ny skulepolitikk!

Av Gudrun Kløve Juuhl

2007-03

Norske elevar trivst betre og betre, faktisk best i Europa, det vert lagt stor vekt på det sosiale og elevane vert oppmoda til å uttrykkja seg sjølve og vera kreative. Likevel syner ulike undersøkingar at klasseskilja vert reproduserte i nærast ekstrem grad i skulen vår. Dette utfordrar skulepolitikken til venstresida, og burde inspirera til nytenkjing.        

Partiet Raudt er uroa for at me skal få «en streberskole med vekt på kunnskap som kan måles på standardiserte tester». Jan O. Jacobsen syner i artikkelen «Hva må gjøres med den norske skolen?», i dette nummeret av Rødt! at resultata i norske og internasjonale lese- og skrivetestar viser at den norske skulen i alle fall enno er langt frå å vera ein strebarskule. Skulen vår gjev faktisk i relativt liten grad elevane kunnskap som kan målast: Norske ungdomar har lite kunnskap i matematikk, og er ikkje serleg gode i lesing og skriving.

Det største problemet for oss på venstresida er likevel ikkje at norske elevar ikkje er so gode på internasjonale testar. Det største problemet er at det er arbeidarklassen sine ungar som tapar i denne skulen, i større grad enn i nabolanda våre Sverige og Finland. I Noreg er det ikkje skulen, læraren eller lærebøkene som avgjer kor godt du lærer å lesa, det er utdanninga til foreldra dine og kor mange hyllemeter bøker det er i heimen du kjem frå.

Det er eit problem dersom løysinga venstresida har, berre er nei til kunnskap som kan målast, og ja til endå meir trivnad. Då svik me dei som har bruk for å læra målbar kunnskap på skulen.

Gudrun Kløve Juuhl