Kvinnelønna (omtale)

Av Gudrun Kløve Juuhl

2008-02

 

Siri Jensen: Kvinnelønna
Tidsskriftet Rødt!, 2008

 

Heftet om kvinneløna er gjeve ut på nytt, revidert og oppdatert – klart til ordskiftet om framlegget frå Likelønskommisjonen.

Heftet syner at kvinner systematisk tener dårlegare enn menn, og at dette skjer av di kvinner vert løna «som kvinner». Serleg interessant var det å sjå at kvinner ikkje vert løna likare med menn om dei tek utdanning. Gruppa der kjønns-lønsskilnadene er størst er i gruppa med fire år og mindre utdanning – der ein finn ingeniørar og sjukepleiarar. Det slo hol på myten om at lønsskilnadene vert mindre berre kvinner tek utdanning – slik er det tydeleg ikkje. Heftet
har ei god blanding av å syna til aktuell statistikk om lønsskilnadene og å analysera årsakene til at det er slik.

Heftet inneheld òg ein bolk med glimt frå historia til kvinnelønskampen og ein bolk med diskusjon om strategi og krav, og argumentasjon knytt til det. Kvinnelønna gjev nyttig kunnskap til alle som hamnar i diskusjonar om kvinner og løn, anten det er i forhandlingar på arbeidsplassen eller i uformelle ordskifte om urettvise lønsskilnader. Dessutan er det eit spark i rompa til partiet Raudt for å ha meir fokus på kamp for betra kvinneløn.

Dette heftet vender seg til fleire enn dei som er aktive i partiet Raudt, sjøl om det i føreordet står det «Vi håper at heftet vil danne utgangspunkt for diskusjoner som kan bidra til å videreutvikle Rødt sin politikk». Men dette heftet vil jo mykje meir enn å dra i gang «diskusjoner som kan bidra til å» – dette er eit fakta- og strategihefte for å vinna kampen om kvinneløna! Det gjer det òg interessant for fleire enn partimedlemer.

Gudrun Kløve Juuhl