Gnistsamtalen med Bjørn Olav Utvik: Den lange arabiske våren – ingen veg tilbake til stabile autoritære regime

Av Ingrid Baltzersen

2021-01

I desember 2010 starta det som har blitt kalla den arabiske våren med at fruktseljaren Mohamed Bouazizi sette fyr på seg sjølv. Dette utløyste den tunisiske revolusjonen som fekk fjerna president Zine El Abidine Ben Ali, og inspirerte til demonstrasjonar over heile Midtausten frå vinteren 2011. For å markera at det har gått 10 år sidan starten av denne bølgja med opprør i den arabiske verda, har Gnist intervjua midtaustenforskar Bjørn Olav Utvik.
Bjørn Olav Utvik er professor i Midtøstenstudier ved Universitetet i Oslo. Han har blant anna gitt ut boka Islamismen som kom i revidert og oppdatert utgåve i 2020.
Av Ingrid Baltzersen, redaktør av Gnist, er Midtaustenvitar og jobbar med integrering av flyktningar i Stavanger. 
Foto: Adrian Dascal

Eg vil starta med eit litt sportsjournalistisk spørsmål: Kva følte du då du såg dei store demonstrasjonane i Egypt for 10 år sidan?

Det var enormt oppløftande. Eg var i Egypt første gongen i 1984, og kjenner mange folk der. For meg var det eitt slagord som sto fram under dei første demonstrasjonane: Inta masri – irfa’ ra’sak, som betyr «du er egyptar, hev hovudet ditt». Etter å ha vore trykt ned så lenge av regimet, så hadde dei endeleg stoltheit. 

Då president Zine el-Abidine Ben Ali flykta frå Tunisia tenkte eg at alt kan skje i den arabiske verda. Frå ein lang periode med motløyse over korrupte og undertrykkande regime som det ikkje gjekk an å gjera med, så gjekk det plutseleg an. Så eg var optimistisk for Egypt også, men såg at det var mange skjær i sjøen på vegen framover. Militæret sat med makta fortsett, det same gjorde heile statsapparatet, domstolar, politiet og sikkerheitsstyrkar. Koalisjonen av krefter som fann saman i dagane der ein demonstrerte mot Mubarak begynte etter kvart å falla frå kvarandre. Så seint som hausten 2011 fann dei saman i demonstrasjonar for å krevja at det skulle haldast val, men allereie våren 2011 låg det kima til ei splitting. Den gjekk dels på det politiske planet: Skulle ein først forhandla fram ein grunnlov på ein konferanse der alle deltok, eller skulle ein raskt gå til val som skulle danna ei grunnlovsforsamling. I dette spørsmålet sto dei sekulære på den eine sida og islamistane på den andre. Det var gode argument på begge sider. Dei som først ville ha grunnlov sa at demokrati forutset at det er etablert ein gjensidig tillit og felles plattform for demokratiet. Dei som argumenterte for det andre synet, Det muslimske brorskapet, sa at no har Mubarak falt, men det er framleis militæret som styrer, så me må få etablert reelle folkevalde institusjonar så fort me kan for å få ein legitim representant for folkemakta.

Men hadde parlamentet og presidenten eigentleg så stor makt? Sjølv om Brorskapet vann fram i parlamentet og fekk presidenten, så klarte dei jo ikkje bli sittande med denne makta?

Presidenten har stor makt konstitusjonelt. Og linja var at ved å få eit folkevald parlament som skulle laga ein ny grunnlov som sørga for at parlamentet hadde reell makt. Eigentleg hadde parlamentet ganske stor makt frå før også, men det styrande partiet NDP sørga for at dei hadde 2/3 fleirtal, så det var ikkje reelt val til det. Så hovudargumentet var å laga reelle val til institusjonane. Problemet var at dei institusjonane som blei sittande frå Mubaraks tid og ikkje blei endra, bevarte nok makt til at dei forpurra heile greia. 

Det parlamentet som blei vald vinteren 2011/ 2012 klarte å halda seg til juni 2012, og så blei dei fjerna av ein domstol. Så då brorskapsmedlemmen Mohammad Mursi blei vald til president i 2012 hadde han ikkje eit folkevald parlament med seg. Dette isolerte han og sette han i ei svak stilling. 

Ein kortversjon som har blitt ståande, utan at eg kan sjå at det er særleg dokumentert, er at Brorskapet vann valet, men dei var udugelege. Men parlamentet sat i 4 månadar før det blei stengt ned, og Mursi blei også kasta raskt.

Men kva gjorde at dei blei kasta, og militæret tok makta tilbake?

Det kan henda at uansett kven som vann fram så var det ikkje mogleg å unngå det som skjedde. Men eg trur det var ein naivitet frå Brorskapet som gjorde at dei satsa på å la militæret vera litt i fred. Den største feilen med grunnloven som blei vedtatt under Mursi er at den let i stor grad militæret få styra seg sjølv. Dei tenkte nok at ein ikkje kunne ta alle kampar på ein gong, ville setta i gang økonomiske og demokratiske reformar først. Men skulle ein klara å halda fast på dei folkevalde forsamlingane og halda folkeleg kontroll over statsapparatet, måtte ein halda på trykket som skapte endringa. 

Hovuddelen av Brorskapet er ikkje særleg revolusjonære, ikkje berre at dei ikkje er for økonomiske sosiale reformar, men dei er skeptiske til rask endring. Så det kom fort til motseiingar mellom dei og dei som hadde demonstrert i gatene, spesielt dei meir venstreorienterte, som ville ha demonstrasjonar for å driva fram reformar. Men Brorskapet ville halda det roleg og ikkje provosera det militære og få gjennomført valet. Så det skapte ein kile mellom dei revolusjonære ungdommane og islamistane. 

Kreftene i opprøret frå vinteren 2011 var Brorskapet og islamistane, revolusjonær ungdom som bestod av både venstreside og frå Brorskapet, og dei sekulære partia. Då dei sekulære partia gjorde det dårleg i parlamentsvalet gjorde dei eit strategisk val om å ikkje akseptera at det gjekk som det gjekk, jobba for å få ein ny grunnlov, bygga organisasjon og komma sterkare tilbake. Dei valde heller å underminera og nekta og godta legitimiteten til dei som var vald. Dei gjekk to rundar på at dei meinte det var for mange islamistar i grunnlovsforsamlinga. Valet hadde gitt 70 prosent islamistar i parlamentet, og 30 prosent av dei var salafiar, ein heilt ny politisk faktor. Det forrykka balansen med at Brorskapet i midten med salafiar på den eine sida og liberal opposisjon på den andre. Det går ei linje frå det som starta våren 2012 og gjennom heile Mursi-perioden som endar med at den liberale opposisjonen backar militærkuppet til slutt.

Men kan ein stola på islamistane? Eller vil dei berre legga ned demokratiet når dei får makta?

Eit grunnproblem her er manglande gjensidig tillit. Men den valdsamme antibrorskapshaldninga som var utbreidd ville eg forstått viss det hadde vore blodspor i historia mellom dei, men det har jo ikkje vore sånn. Frå 80-talet av har islamistar og andre sete saman i parlamentet og i fagforeiningar. Dei har konkurrert om kontrollen og det har vore tilspissa situasjonar, men det har ikkje vore valdeleg. 

Brorskapet sat med den formelle leiinga, men ikkje eigentleg med reell makt fordi parlamentet hadde blitt avsett og Mursi blei vald utan eit parlament i ryggen. Og det var aldri sånn at når Mursi sa ein ting, så sette byråkratiet i gong med å utføra det best mogleg. I den grad islamistane sat med posisjonar, så var det basert på stemmer. Men den andre makta var basert på våpenmakt. 

Fram til juli 2013 blei det sagt at Brorskapet hadde svikta revolusjonen og gått i allianse med militæret. Viss ein tenkte det, ville ein jo frykta at dei ville dra opp stigen etter seg og ta makta. Det var jo ein komplisert situasjon, og i ein sånn situasjon så finst det kontaktar og forhandlingar i kulissane. Men det var ikkje nokon allianse med eit felles mål mellom Brorskapet og militæret. Eg trur brorskapet var for farlege for det, dei hadde ein svær organisasjon over heile landet og hadde eksistert i fleire tiår, dei representerte ein uavhengig kraft. Hadde eit parti utan sterkt organisasjonsapparat utan store eigne ressursar surfa på ei popularitetsbølgje og blitt vald ville det vore lettare for militæret og sagt ok, me kan leva med desse folka. Men eg trur ikkje på noko tidspunkt dei var innstilt på å leva med Brorskapet, dei var for sterke og trugande for dei, og måtte difor slås ned når tida var mogen. 

Kva kunne Brorskapet og dei sekulære partia gjort for å hindra dette?

Det er vanskeleg å skapa ein demokratisk prosess i eit sånt land når det ikkje er gjensidig tillit mellom dei viktigaste kreftene i det folkelege opprøret på den eine sida, og når ein på den andre sida har eit meir eller mindre intakt statsapparat som står klart til å handla når splittinga breier seg i dei folkelege kreftene. Oddsa var dårlege heile tida. Kva kunne ein sagt til kreftene i det folkelege opprøret når dei sto i valsituasjonar? Eg ville sagt til Brorskapet: Gjer alt dokker kan for å skapa alliansar, gjer taktiske retrettar. Brorskapet sa først at dei ikkje ville stilla presidentkandidat. Det var eit uttrykk for at dei ikkje ville pusha for hardt for å bli for dominerande i alliansen. Men så skjedde forskjellig dynamikk som gjorde at det ikkje skjedde likevel, og det er lett å sjå at det ikkje var ideelt. Dei kunne vald å støtta ein nasjonalt respektert person i presidentvalet, som Mohamed el-Baradei. I parlamentet hadde dei ein ide i starten om at vallista Den demokratiske alliansen skulle omfatta mange parti også på liberal side. Men lista sprakk, sikkert på grunn av forhandlingar om posisjonar, og då stilte Brorskapet kandidatar i fleire kretsar enn planlagt. Eg ville sagt til dei andre: Støtt folkevalde institusjonar, og jobb med å bygga organisasjon. 

I juli 2013 då kuppet kom såg eg visuelt for meg i hovudet ei gammaldags vektstong i ein butikk, med noko i den eine skåla og noko i den andre. Viss ein tar vekk det største loddet i den eine skåla, då vippar vekta med ein gong. Då blir det militæret som vinner, tenkte eg. Og det skjedde. Det blei først laga ei regjering med ein sosialdemokrat som statsminister, men det gjekk ikkje mange månadane før det skritt for skritt var vekke. Og det måtte vera mogleg å sjå. Det er tungt ansvar også på den sida.

I Tunisia har demokratiet overlevd så langt, i 9 år. Det har spissa seg til der også, og vippa mot egyptiske tilstandar då dei hadde meklingane som førte til Nobels fredspris. I Tunisia var det kanskje ein fordel at al-nahda var svakare enn Brorskapet i Egypt. I val var dei like store som Brorskapet, men dei hadde mindre organisasjon. Og salafiar stilte ikkje til val. Så ikkje-islamistar har vore i fleirtal, og dei fekk ei koalisjonsregjering. Nahda har balansert og gått med på kompromiss, til dømes ga dei frå seg regjeringa i 2013. Dei fekk vedtatt ein grunnlov som alle stilte seg bak. Dei opptredde kanskje klokare, men det var også eit anna maktforhold mellom partane. Eg har også forstått at sjølv om Tunisia var ein eittpartistat og eit diktatur, så var det ikkje militæret som styrte, så hæren har ikkje ein tradisjon for å gripa inn. Tunisia er også relativt mindre viktig for regionale og internasjonale stormakter.

Fem motseiingar i arabiske verda

Korleis vil du analysera situasjonen i den arabiske verda i dag?

Eg har som gammal maoist sett opp fem motseiingar i den arabiske verda. Den første er folkelege opprør mot autoritære regime – det har me jo allereie snakka litt om. Den andre er konfliktar mellom etniske og religiøse grupper. Den tredje er konfliktar mellom regionale stormakter, den fjerde er innblanding frå ytre stormakter og den femte er krigen mot terror. 

Konfliktar mellom etniske og religiøse grupper 

Det har vore lagt lok på reelle motseiingar som finst i befolkninga i landa i Midtausten, som språk, folkegrupper og religion. Når eit autoritært regime vaklar, så kjem dei til syne. Motseiingane mellom grupper som oppfattar seg som distinkte samfunn har aldri blitt forhandla om eller utkjempa i eit fritt demokrati. Det er konfliktar om ressursar og territoriale grenser, jobbar osv. Dette er motseiingar som finst i alle samfunn, men har her vore haldt nede av autoritære regime, og kjem opp når trykket lettar. 

Kurdarane sin kamp for rettar i Syria eller koptarane sin kamp for rettar i Egypt kan sjåast som ein del av det antiautoritære opprøret. Men samtidig så vil det støyta mot interessene til andre grupper i folket. I Syria er det ikkje gitt at den arabiske befolkninga godtar dei maksimale krava til kurdarane. Det finst arabisk og syrisk nasjonalisme som vil halda på landegrensene. I Egypt ser ein historikk om korleis britane har brukt motseiingar. Ein del muslimske grupper vil oppfatta koptarane sine krav som eit trugsmål mot islam. Fordi regimet har vore autoritært er det nytt at koptarane går ut i gata og demonstrerer for krava sine.1

Konfliktar mellom regionale stormakter 

Over lang tid har det vore sånn at stormaktshegemoniet i regionen har blitt svekka. USA overtok hegemoniet etter Storbritannia og Frankrike. Sovjet var også inne ei stund, og etter kvart USA aleine. Sjølv om ein har sett enkelte hendingar som krigen i Kuwait og invasjonen i Irak som kan gjera at ein tenkjer motsett, så ser eg at USA sin evne til å styra regionen er svekka. Russland kome på banen igjen, ikkje minst militært. Det er mykje mindre stormaktshegemoni no enn for 10, 20, 30 og 40 år sidan. Så dei lokale maktene i regionen har ikkje prøvd ut styrkeforholdet mellom seg før i ein open konkurranse, dei har vore låste inne i alliansar med kvar sin stormakt. Men no er det eit slags vakuum, og då fremmer dei sine interesser og føler seg truga av kvarandre, dei har ikkje nokon framforhandla balanse mellom seg. Eg tenkjer spesielt på Tyrkia, Iran og Saudi Arabia. Egypt kunne potensielt vore ei sånn makt, men dei er så skaka av den arabiske våren.

Eg opplever at konfliktane i Midtausten dei siste åra i større grad har blitt grunngitt religiøst og meir kopla på aksen mellom shia- og sunniislam?

Konflikt mellom sunni og shia jo eit eksempel på nivå to, motsetnadar mellom grupper i folket. I Bahrain før den arabiske våren var det ikkje så store motsetnadar mellom shia-partiet al-Wifak og Det muslimske brorskapet om dominans over parlamentet, men då opprøret kom, så gjekk det raskt sånn at sunnigruppene valde å stilla seg bak regimet, i frykt for at shiamuslimane i eit demokrati ville få fleirtal. Så dei følte seg trua viss regimet skulle falla.

Iran har forsøkt å alliera seg med diverse opprørsgrupper i Midtausten, bortsett frå i Syria. Dei har på ein strategisk måteprøvd å bygga alliansar med shiagrupper, Hizbollah er det tydelegaste eksempelet. Dels har det vore ein iransk strategi, og dels har det vore at shiagrupper har sett til Iran når dei har gjort opprør.

Saudi Arabia har vore sentrale i å instrumentalisera motsetnaden mellom shiaislam og sunniislam. Det finst jo oppfatningar i wahabitradisjonen om at shiamuslimar ikkje er muslimar, men myndigheitene har også brukt dette. Dette har skjedd tidlegare også. Saudiske forlag pøste ut anti-shia-skrifter etter revolusjonen i Iran. I tiåret før det hadde det vakse fram islamistiske grupper på alle universiteta i området, ikkje minst i Egypt. Dei var spontant ganske positive til revolusjonen i Iran. Då starta Saudi Arabia ein veldig ideologisk offensiv. Så har det fluktuert, men i denne fasen kor dei er opptatt av å stoppa shia-halvmånen, så har dei igjen henta fram anti-shia-propagandaen. Og spesielt slår dette inn i salafi-gruppene, som har tette band med Saudi Arabia. Dei har blitt brukt veldig aktivt for anti-shia-haldningar.

Det som skjedde i Bahrain er eit lite eksempel på korleis den regionale rivaliseringa og mobiliseringa av sunni–shia-dimensjonen i den har bidratt til å svekka den arabiske våren, sidan ein tidleg fekk dratt opp skiljet mellom shia- og sunnigrupper. Det andre eksempelet på det er Syria, der den iranske støtta til Assad forsterka fiendebildet om at dette var ein shiaallianse. 

Ja, den religiøse retninga Assad-familien høyrer til, alawiane, har jo meir blitt sett på som ganske sekulære folk, ikkje som veldig tydeleg knytt til shiaislam og Iran.

Eg ser på alliansen mellom Syria og Iran som ein strategisk allianse for gjensidig nytte. Det blei etablert under Iran-Irak-krigen, der Syria ikkje støtta Irak. Det same gjeld forholdet mellom Syria og Hizbollah. Det er ikkje noko ideologisk fellesskap mellom Syria og Iran. Baath har ei anna historie, sjølv om partiet kom til å bli alawidominert etter kvart. Så det har passa inn å snakka om at denne religiøse gruppa opphaveleg springer ut av shiaislam.

Houthiene i Jemen er jo ei klart islamistisk gruppe, men den religiøse retninga deira, zaidi-islam, har vore ganske forskjellig frå tolvershia, som er den retninga dei fleste shiamuslimar høyrer til. Så zaidiane har ikkje veldig tydeleg vore ei shiagruppe tidlegare. Men ut frå at dei trengte støtte og Iran ønsker alliansar, så kan ein bruka det at det høyrer til shiaislam for å styrka den alliansen.

Innblanding frå ytre stormakter

Du sa at dei internasjonale stormaktene ikkje er så dominerande i regionen lengre? Men både USA og Russland har jo deltatt aktivt i fleire av konfliktane, og bidratt til at opprøra ikkje har lukkast?

USA fortsett er tungt militært til stades. Men etter den arabiske våren har USA ei meir passiv og reaktiv rolle, utan å setta agendaen. Sjølv om dei var med på bombinga av Libya, så klarte dei jo ikkje å utnytta det. Konfliktane i den arabiske våren har opna opp for Russland. Dei var primært i Syria, men der bidrog dei til å venda krigen. Dei har også vore aktive i Libya med styrker. Men ytre stormakters hegemoni kan ein ikkje snakka om lengre, sjølv om dei er der som ei viktig kraft.

Korfor gjekk det som det gjekk? 

Viss det ikkje var dei internasjonale stormaktene, kva gjorde då at opprøra mange stadar ikkje vann fram?

Ein må sjå på indre styrkeforholda i kvart land der det var opprør, både på styrker og svakheiter på opprørssida, og regimet. Men dei regionale stormaktene hadde mykje å sei. Dei kontrarevolusjonære kreftene fekk massiv støtte frå Saudi Arabia og Dei sameinte arabiske emirata, som hadde svære økonomiske og til dels militære ressursar. Dei var med å planlegga kuppet i Egypt, general al-Sisi visste at det ville komma massiv økonomisk støtte. Og når dei vann Egypt så hadde dei eit viktig strategisk land, det endra den mentale balansen for folka i regionen. Med pengane frå Golfen og sigaren i Egypt fekk dei ein ny posisjon. Og i forlenginga av dette kom stemplinga av Brorskapet som terrororganisasjon.

I Syria var det den russiske innblandinga som gjorde at Assad-regimet berga seg. Men det var sterk iransk og etter kvart tyrkisk intervensjon. Qatar, Saudi Arabia og Kuwait var inne i Syria og vestlege makter som stilte sine krav. Eit interessant poeng er at noko av den oppflisinga av den væpna motstanden blei driven fram av at dei lokale opprørsgruppene tilpassa seg krava frå alliansepartnarane, litt som ein ser i organisasjonar som mottar bistand. Så innblanding utanfrå førte til meir splitting.

Korleis ser du for deg framtida?

Det eg er ganske sikker på er at 2011 berre var starten. Det er ikkje eit status quo som har gjenoppretta. Ein skal ikkje undervurdera kor kraftig skaking dette var av statssystemet i den arabiske verda, det skaka dei heilt i ned i grunnvollane. Ein har jo eksempel som Tunisia, der ein har fått eit anna regime, ein har store økonomiske problem, men demokratiet består. Det er fleire land som er i borgarkrig, som Libya, Syria og Jemen. Ein kan sjå på Egypt, der den arabiske våren blei slått ned til prisen av beinhard politistat som er verre enn dei verste åra under Nasser. 

Ein kan snakka om den lange arabiske våren, det er starten på ein langvarig periode der dei autoritære regima blir utfordra av krefter som vil ha slutt på undertrykking og korrupsjon. Det kan ta fleire tiår, har gått ti år allereie. Men det er ingen veg tilbake til stabile autoritære regime. Drivkreftene som skapte den arabiske våren oppfattar eg at ikkje har blitt borte, og ein viktig faktor var ein ungdomsgenerasjon som ikkje fann seg i å bøya seg for autoritære krefter. Dag Tuastad såg i 2010 ei langvarig svekking i patriarkalsk autoritet, både kvinner og ungdom var meir sjølvstendige. Både i familien, men også overfor andre autoritetar i samfunnet. Dette har samanheng med mange ting. Det er sterke motseiingar knytt til vanstyret til regima. Men også auka ressursar i befolkninga over tid. Fram til i alle fall 2011 har det vore vekst i både utdanning og BNP per innbyggar og inntekt i viktige grupper. Ein har ein stor utdanna middelklasse som har følelse av at dei har krav på å vera med og bestemma, og er mot det låste systemet basert på patron-klient-forhold. Endringskreftene er der. Erfaringa blir ikkje gløymd, det ligger der som utgangspunkt for nye ting. 

I 2019 var det ein slags mini-vår der regimet i Sudan blei styrta, og kor presidenten i Algerie blei pressa til å gå av. Korona begrensar demonstrasjonar no, men det er framleis eit trykk i Algerie. I Libanon og Irak er det store protestrørsler på kvar sin måte. Dette kan bety mykje dritt og forferdelege ting også, som borgarkrigar og kollapsar, men det er ingen veg tilbake til stabilitet.

I Egypt var det ein demokratisk revolusjon i dei åra frå Mubarak fall til kuppet. Det var ein fridom til å ytra seg og organisera seg som ein ikkje har sett sidan mellomkrigstida, kanskje aldri før. Det var boblande aktivitet på alle plan. Ein lukkast ikkje å festa det i eit nytt meir demokratisk system. Men det eksisterte reelt, og det er ikkje til å kimsa av.  

Note

1 Utvik, B. O. (2018). A system to the Chaos?   e Arab Spring Six Years After. I Eggen, N.S. & Issa, R. (red.),  Philologists in the World: A Festschrift in Hounur of Gunvor Mejdell.