Individualisme, framandgjering og sjølforståing

Av Eldrid Lunden

2006-03

"Om ein forstår framandgjering som broten kommunikasjon mellom enkeltledd og heilskap, eller som avmakt overfor krefter ein ikkje forstår, så har kvinnene vore framandgjorde lenge, og i ein helt annan grad enn menn," skriv Eldrid Lunden i hovedfagsavhandlinga si frå 1972: Kvar gjekk Nora? Individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. Vi gjengir her metodekapitelet i avhandlinga.

Eldrid Lunden er lyriker.
I 1996 ble hun Norges første professor i skrivekunst. Hun var med på å starte og har vært studieleder ved Forfatterstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark siden 1982. Lunden var redaksjonsmedlem i tidsskriftet Profil i 1967-68.

Teksten trykkes med tillatelse fra forfatteren, og står i Kvifor måtte Nora gå? Nye essays og andre tekstar, Aschehoug 2004


 

Metodisk bakgrunn. Ei skisse

1. Tingleggjering

Omgrepa framandgjering og tingleggjering grip inn i kvarandre. Framandgjering er eit omgrep som vert nytta til å karakterisere medvitsutvikling under kapitalismen generelt, og i historisk samanheng blir det gjerne først knytt til Rousseau sitt namn. Tingleggjering, derimot, er eit omgrep Lukács nyttar om framandgjeringsprosessar under seinkapitalismen, når han analyserer tingverdas innverknad på mennesket og på medmenneskelege relasjonar.

Årsakene til framandgjering / tingleggjering meinte Lukács var å finne i marknadssystemet og den utforming dette har fått i den vestlege verda, særleg under framveksten av industrikapitalismen. Menneskja har etter kvart blitt i stand til å skape ei komplisert verd; samstundes opplever dei ofte denne verda som noe upersonleg, som noe som eksisterer ubunde av menneskeleg aktivitet. Det enkelte individ har kome i den situasjonen at det forstår lite eller ingenting av dei marknadsprosessane som arbeidet deira er ledd i. Sjølve arbeidsprosessen har også blitt uoversiktleg sidan arbeidet gjerne består av gjentaking av deloperasjonar. Dette kan medføre kommunikasjonsvanskar, ikkje berre mellom individ og samfunn, men òg menneskja imellom. Om folk kjenner seg isolerte, vert dei òg likegyldige til andre menneske. Sosial samhandling kan bli avløyst av forhandlingsrelasjonar der deltakarane opplever både seg sjølv og andre som brikker i eit spel, eller som varer i bytehandel. Livsverda til enkeltindividet blir dermed merkt av to tilsynelatande motsette tendensar i samfunnsutviklinga. På den eine sida ei "blind" binding til samfunnsmekanismane, på den andre sida til fragmentert forståing og isolering.

Om ein ser framandgjering som eit teikn på at mennesket kjenner seg avmektig overfor ein totalitet, er likevel dette ikkje noko særleg kjenneteikn for tilhøve under kapitalismen. Som t.d. Joachim Israel (1) har understreka, kan framandgjering generelt hevdast å vere ein nødvendig føresetnad for overskriding og utvikling. Det som Marx peika på, var at framandgjeringa under kapitalismen var av eit spesielt slag, dvs. at den var vanskeleg å gjennomskue på grunn av arbeidsdelinga i industrisamfunnet.

2. Tingleggjort medvit

Ein kan snakke om fleire typar reifikasjonsprosessar*. Ein kan snakke om sosiale prosessar og ein kan tale om kognitive prosessar. I ein sosiologisk samanheng kan ein analysere økonomiske og sosiale forhold som påverkar individet, og vidare tilhøvet mellom individ og samfunn. I ein psykologisk samanheng kan ein freiste å analysere individets relasjonar til ting og menneske, og endeleg kan ein analysere individets sjølforståing i eit samfunn som er merka av framandgjeringsprosessar. Det er dei to siste områda som det knyter seg sterkast interesse til i dette arbeidet.

Rousseau er rekna for å vere den første framandgjeringsfilosofen i nyare tid. Han kritiserte det framveksande industrisamfunnet, og han rådde mennesket til å bryte med den moderne sivilisasjonen og vende attende til eit ekte og sedeleg liv i naturen. Dette at mennesket er eigentleg godt, er ein gamal tanke. Det nye hos Rousseau er at han ser ut til å ønskje og tru at mennesket kan velje uskuld, dermed har han blitt eit slag katalysator for det ein kan kalle det "moderne" problematiske sjølmedvitet. Rousseau meinte at sanninga helst var å finne i det umiddelbare, i kjenslene, og at ein ved å setje si lit til kjenslene kunne oppnå kontakt med ei tapt uskuld, med det reine. Men som Hans Skjervheim har peika på:

"Ikkje den tapte naiviteten kjem attende, i staden vert han grunnleggjaren av noko heilt nytt i europeisk kultur: den moderne sentimentaliteten.

Dette er ikkje tilfeldig. Det umiddelbare forstår seg ikkje sjølv som umiddelbart, nettopp difor er det umiddelbart. Rousseau si dyrking av det umiddelbare er ikkje sjølv umiddelbar, kan ikkje vera det, fordi det umiddelbare ikkje kan dyrka seg sjølv utan å oppheva seg sjølv (…)" (2)

Dualismen hos Rousseau ser ut til å eksistere både på eit ytre og eit indre plan. Han oppfattar det eigentleg menneskelege som frittståande i forhold til samfunnet, og han viser også menneskets tilskodarhaldning til seg sjølv (og det Skjervheim kallar for middelbar umiddelbarheit). Trua på det subjektive og spontane som sete for sanning, samtidig som ein har objektiv tilskodarstatus i høve til seg sjølv, er to sider av same sak. Det er dualisme av dette slaget som seinare kom til å særmerkje positivismen og naturalismen. Ei slik splitta individ-samfunn forståing, og overføring av objektive naturvitskaplege metodar til studiet av mennesket, vil marxismen hevde er tingleggjort forståing. Det er nær samanheng mellom det å oppfatte samfunnet som noko eigenmektig og ugjennomtrengeleg, dvs. som naturprosess, og det å freiste å kartlegge dei objektive lovene samfunnet utviklar seg etter. Og det å måtte tilby sin eigen person som objekt på ein marknad, og det å måtte splitte livet sitt opp i ein privat og ein offentleg sektor, kan føre til at ein ser seg sjølv som både eit kalkulerande "eigentleg" menneske, og eit "for andre-menneske". (3)

Den marxistiske kritikken av samfunnsvitskapane inneber først og fremst ei påminning om det normative elementet i vitskapen. Om ein ynskjer å forstå samfunnet eller mennesket på "sine eigne" premissar, kan ein komme til å gi objektiv status til forhold som er maktbestemt og som ikkje let seg halde fast i objektive kategoriar. Vitskapen kjem dermed til å fungere tilslørande og konserverande. Dette gjeld ikkje minst psykologien. På same måte som ein kan sjå samfunnsprosessar som autonome og sjølforklåra, kan ein sjå avvikande og patologisk framferd, ikkje i sosialiseringssamanheng, men som individuelt og isolert. Det Yngvar Løchen har kalla "det diagnostiske samfunn", "låser" eigenskapar fast i individet, og dermed individet til den situasjonen det er i. Noe som for eksempel hindrar meiningsfull terapi og dekker over samfunnets ansvar for taparar.

3. Psykologismen

Den borgarlege samfunnsvitskapen, eller "sosiologismen", er iflg. Joachim Israel døme på ein tingleggjort tenkemåte. (4) Men han meiner også at den psykologiske motpolen ikkje nødvendigvis treng vere det. Psykologisme kan like godt vere døme på anti-reifiserande tenkemåtar, meinar han. For eksempel om ein hevdar at alle menneskelege handlingar er resultat av indre årsaker, eller om ein seier at all sosial aktivitet til sjuande og sist kan førast tilbake til mekanismar i den menneskelege psyke, eller natur. Då vil ein i tilfelle determinere mennesket til sin indre natur, sjølv om desse også er merkt av sosiale variablar.

Eg er ikkje sikker på om eg forstår kvifor Israel ser det som eksempel på anti-reifiserande tenkemåtar, eller kvifor han ser denne typen psykologisme som mindre tingleggjort enn til dømes behaviorismen. Det viktige må jo vere at ein i begge tilfelle ser individuell utvikling som uavhengig av samfunnet? Meir meiningsfullt er det når han deler opp psykologismen i to retningar, nærmare bestemt i det han kallar individualpsykologisme og sosialpsykologisme. Dette er tenkemåtar som vil vere rikeleg representert også i litteraturgranskinga. Medan individualpsykologisme vil særkjenne konservative forskarar, vil sosialpsykologismen gjere seg sterkast gjeldande hos dei radikale. Sosialpsykologismen er til dømes ein naturleg del av den historisk-biografiske metoden, og den kan kort karakteriserast som ei blanding av sosial avtrykksteori og abstrakt idealisme. I praksis kan dette gjerne innebere at ein tolkar, for eksempel ein romanperson, som "produkt" av miljøet så langt som ein maktar. Når dette naturleg nok ikkje strekk riktig til, løyser ein det gjenståande problemet ved å plassere det "djupt" i individet. Og så har ein truleg granska seg fram til det allmennmenneskelege. Her må eg straks legge til at det ikkje er meint som kritikk av metoden at den "granskar seg fram til det allmennmenneskelege". Eller at ein ikkje har funne ut kva dette eventuelt er. Ein dialektisk kritikk vil heller gå ut på at ein her har med ein metode å gjere som skil empiri (skinn) og djup sanning (vesen) frå kvarandre, og at ein såleis overser det prosessuelle ved den menneskelege røynda.

All menneskeleg "fremtredelse" inneber ein vesentlig anonym faktor. Men det tyder ikkje at det individuelle er "hinsides" empiri eller skinn. Tvert imot. Det anonyme verkeleggjer seg sjølv i det ytre som stadig er i forandring. Det sant menneskelege er korkje berre anonymt eller "reint" empirisk. Det er i det ytre, i "skinnet" og syner seg for oss som samanheng, som prosess.

4. Individets splitta sjølforståing. Eit identitetsproblem

Eg skal nå kort freiste å samanfatte ein identitetsproblematikk som Marx-inspirerte psykologar i dag meiner har nær samanheng med utviklinga i våre dagar (samfunnet i den monopolkapitalistiske fasen). Dessverre finst det ingen samanhengande framstillingar å referere til, men dei fragmenta som er å få tak i synest å ha relevans, ikkje berre for ein analyse av dei aktuelle teaterstykka i dette arbeidet, men også for litterær kritikk generelt. (5) Spørsmålet eg vil ta opp omfattar det ein kan kalle fragmentert røyndomsoppleving og vidare utvikling av ein personlegdomstype som til dømes Witold Gombrowicz ville kalle for "spelaren". (6) For enkeltindividet fører ei subjektiv og objektivert sjølforståing til det Skjervheim har kalla eit problematisk sjølmedvit. Vidare finn vi her ei årsak til det som populært vert kalla sosialt rollespel, eller presentasjon av falsk identitet. Sagt på ein enklare måte. Ei splitta sjølforståing vil kunne gjenkjennast i diagnoser av typen: "eg oppfører meg dumt, men er klokare enn som så", eller i moralsk opprusting av typen: "det er det indre som tel" (eventuelt: "det gjeld å halde fasaden") og til suksessformlar av typen: "Det er deg sjølv det kjem an på."

Nå vil det vere dei som hevdar at inn til eit visst punkt i utviklinga av liberalismen og kapitalismen, så kunne self made-formlane fungere positivt. Individualismen er på ein måte veleigna som oppkomling- og outsiderfilosofi, og under kapitalismens glansperiode (ca dei første hundre åra etter den franske revolusjonen) kunne tenkemåten medføre både auka sjølmedvit og betre levestandard for nær sagt alle i samfunnet. Men etter kvart som marknadskreftene akselerte og samfunnets ressursar kom på stadig færre hender, vart fleire og fleire avskorne frå å føle seg vellukka self made. Individualismen kom dermed ikkje berre til å fungere ideologisk, den kunne også få eit destruktivt innhald. Denne destruktiviteten vil kunne gjere seg gjeldande på fleire plan. Generelt fungerer den som ein splitt- og herskteknikk medan enkeltmennesket kan oppleve den som eit "indre" krav om sjølrealisering som automatisk må føre til tap. Menneskja i eit slikt samfunn kan komme til å oppleve livet som ein einaste lang degraderingsprosess fordi det dei opplever som ikkje berre ideelle, men også som rettmessige forventningar, må bli skuffa.

I ei "knapp" verd inneber individualistens kamp for sjølrealisering ein einaste stor kamp mot alle. Ein vellykka individualist kan svært ofte vere det same som ein vellykka imperialist, eller parasitt. I denne individualistiske skrua kjem det enkelte mennesket under dobbel eld. Det opplever eit indre moralsk krav om sjølrealisering – men dette kravet kan ikkje realiserast utan at det går ut over nokon. Og det er uheroisk å ikkje vere self made, eller sjøltilstrekkeleg, og det er umoralsk å bruke andre menneske som middel for seg sjølv. Dermed er grunnen lagd for det som Skjervheim kallar Machiavellismen, men som også kan kallast psykopatstrukturen i eit samfunn. (7)

I ein kamp som er trellens kamp mot trellen, og der det er like umoralsk å vise korleis ein vinn som å tape, må det nødvendigvis utviklast eit tosidig forhold: Løyning og manipulering. Om individualisten oppnår "opphøgde" posisjonar, må han løyne korleis han står, fordi han trakkar på andre. Eit anna og kanskje viktigare moment er at same kor mykje individualisten er one up til omgjevnadene, så får han problem med å feste lit til posisjonen sin. Noe som kan føre til at han trekker seg tilbake frå sosial samhandling eller at han privatiserer deler av sin person for å verne seg. Paradoksalt nok vil dette føre til at nettopp individualiseringsprosessen blir stansa. Isolert blir ingen nokon ting. Isolasjon kan medføre at medmenneskelege relasjonar vert avstumpa.

Kjensla av tap heng altså nøye saman med den splitta sjølforståinga. Individualismen er for den enkelte ein prosess, ikkje ein tilstand. Og sidan individualisten ser seg sjølv som noe genuint eksisterande i tydinga fråskild frå omverda, vil han komme i ein paradoksal situasjon. Han meiner det står han fritt å identifisere seg med handlingane sine om han ønskjer det. Han trur også at det eit menneske skjuler ikkje viser. Han kan privatisere seg. Han kan ha maske. Men individet er ikkje autonomt. Eller relasjonslaust. Då ville det i tilfelle vere tomt. Individet er avhengig av ei omverd for å bestemme seg sjølv som forskjelleg frå omverda. (8) Samtidig som individualisten må avskjere seg frå omverda for å kjenne seg sjøltilstrekkeleg, må han fylle seg med den same verda for å oppleve seg som verkeleg. Og dette dreiar seg då om ein "evig" tømme- og fylleprosess som gjer at individualisten aldri kan kjenne seg heilt mett, eller vellykka, eller stor nok. Livet kan bli ei vedvarande identitetskrise. Livskjensla til individualisten er ikkje først og fremst basert på å oppnå det eller det objektet, den eller den standard. Den er basert på ei kjensle av å vere tømt, samtidig som ein er undervegs for å få påfyll av det eigentlege livet. Livet som alltid er i morgon. Og dette er ein prosess som vert forstått som evolusjon sjølv om den berre fører til innkjøp av plenklippar nr. tre, eller til god bok nr. ti tusen.

Den "løynde" livsmåten inneber altså ein strategisk kampposisjon. I trellens kamp mot trellen kjennest det overmåte viktig å frålure andre deira innerste sanningar og dermed finne ut korleis dei vil handle. Dvs finne ut kor dyktige imperialistar dei er. Og denne kampmåten meistrar sjølsagt noen betre enn andre. Dei som er heilt lure kan til og med oppdage at det løner seg å vere open – for det er det ingen som trur på likevel. Men sjølv om ein er aldri så gåverik i dette spelet, er korta i vårt samfunn utdelt på ein slik måte at kampen blir totalt perspektivlaus. Den kan for dei aller fleste berre føre til kortsiktige fordelar. Dette er slik fordi indre motivering aldri let seg avsløre og halde fast. Motivasjonen er i rørsle, og særleg hos menneske som opplever seg jaga eller som sjølv jagar. Dessutan er spelereglane "frie", dvs anarkistiske og vilkårlege. Ein vellukka spelar må ikkje berre ha ei anarkistisk innstiling, han må vere impulsiv og subjektiv. Han er bunden til å meistre situasjonen her og nå for ikkje å bli vippa ut av spelet.

Spelaren kan derfor heller aldri bli noen god planleggjar i kritisk, overskridande forstand. Fordi subjektiv manipulering er både grunnlaget for, og fylgjene av, ein monopolitær maktstruktur i vårt samfunn, finn vi her ein viktig grunn til eit veksande abstrakt byråkrati, og til personleg demoralisering hos makthavarane. (9) Vidare finn ein truleg òg ei forklaring på den fragmenterte opplevingsverda til den "dårlege" spelaren, eller taparen, i dagens samfunn. (10)

5. Kvinneknekten og tingleggjeringa

Om ein forstår framandgjering som broten kommunikasjon mellom enkeltledd og heilskap, eller som avmakt overfor krefter ein ikkje forstår, så har kvinnene vore framandgjorde lenge, og i ein helt annan grad enn menn. Kvinna har vore mannens slave. Vidare har den verdien som knyter seg til henne, vore marknadsført på to ulike måtar, og som to ulike varer. Kvinna har vore billeg arbeidskraft samstundes som ho har hatt ein abstrakt verdi som ein godt kan kalle byteverdi.

Den abstrakte byteverdien er skapt av mannssamfunnets avsky for sin eigen træl, og er så godt som alltid den umodne mannens umodne ideal. Geir Brevik i Dag Solstads roman Irr Grønt! skildrar ei moderne utgåve av idealet slik:

"Frivillig underkastet hun seg mannen og hans bilde av kvinnen i skjønnhet og plikt. Hun utførte sin plikt, hun oppførte seg nøyaktig som andre sekretærer i sekretærverdenen, viste de same interesser, viste de same fremtidsplaner, gikk på den same måten, kledde seg etter det sammen mønster, vinket farvel på den samme måten, hilste, lo og snakket (…) Dette var hennes verden og hennes verden pekte mot bildet av Kvinnen." (11)

"Bildet av Kvinnen", det abstrakte kvinneidealet har alltid vore, og blir framleis, ført til torgs i smidige kategoriar av moralsk eller estetisk art. Forestillingane om das ewig Weibliche har alltid skift med marknadstilhøva ellers. I industrisamfunnet, og særleg i nyare tid, har det abstrakte idealet tilsynelatande blitt meir konkret, det er henta ned på jorda og blir presentert i utgåver som gjer at kvinner flest, ikkje berre overklassens kvinner, skal kunne strekke seg etter det. Men dette inneber knapt noe anna enn at idealet er blitt tingleggjort.

I dag eksisterer kategorien "kvinneverdi" på marknaden som to konkurrerande varer. Dette inneber eit urimeleg press på kvinner flest fordi dei abstrakte ideala blir framstilt som oppnåeleg viss ein berre er dyktig nok. Kvinneknekten, ute av stand til å gjennomskue samfunnets fridomsdrepande fridomsproduksjon, vil ofte kjempe ein desperat kamp for å fylle det merkantiliserte idealet. Sidan den abstrakte verdien "kvinne" tilsynelatande eksisterer på to plan samtidig, er store vanskar skapt for den enkelte til å sjå og gjere noe med sin knektestatus. Kvinnene blir tvinga til å resignere. I staden for å analysere heilskapen, forklarar ein sine eventuelle nederlag med faktorar som: feil mann, feil hus, feil arbeid osv. Sist, men ikkje minst: den doble marknadsføringa inneheld ein uhyre effektiv kontroll mot opprør. Eksempel: Om ein arbeidar streikar ulovleg, risikerer han jobben. Streikar ei kvinne, kan ein lett ta frå henne det som ho opplever som sitt menneskeverd. Hennar identitet som kvinne.

Denne kampen for identitet, for å bli verdifull, har ei mindre vulgær, verdikonservativ parallell i kvinner som vel å trekke seg tilbake for å verkeleggjere sitt innerste sanne eg. Dyrke og foredle subjektive tildriv i retning ekte morsrolle, eller ein eller annan verdifull kulturell aktivitet. Slik unngår ein å støyte saman med ei degraderande røynd, og dette er sjølsagt løysingar som er reservert dei øvre samfunnslaga. Det skal posisjon, pengar og "forståing" til viss eit verdifullt sjølbilde skal overvintre i ei kvinne i dag.

Å vilje kartlegge kvinners ufridom i eit generelt ufritt samfunn, kan fortone seg som komplisert. Kvinners veg til større fridom er, om ikkje lenger, så i alle langt meir flokete enn mennenes. Dette skuldast mange ting, men også det faktum at føydale undertrykkingsmekanismar har overlevd under kapitalismen. Ein viktig grunn til at kvinner finn seg i lågare løn enn menn er utvilsomt at dei oppfattar seg sjølv som eigentleg verdifulle. Framandgjeringa i slike oppfatningar er openberr, men det er mogelegvis for enkelt å slutte frå haldningar som dette at kvinna er meir framandgjort enn mannen i alle samanhengar. Kvinna er for eksempel i ein viss forstand verna for mye av den korrupsjon ein finn i deler av mannsverda.

I det føregåande har eg freista skissere noen grunndrag ved individualismen, og eg har peika på samfunnsmessige konsekvensar som særleg dei moderne samfunnsvitskapane meiner hefter ved ein individualistisk tenkemåte. Dei tre forfattarane som dette arbeidet vidare skal dreie seg om (Henrik Ibsen, Gunnar Heiberg og Helge Krogh, red.), er alle individualistar, og det har sjølsagt aldri vore nødvendig å vere marxist for å sjå det. Frå min synsstad er det temmeleg likegyldig å peike på at dramatikken til Ibsen, Heiberg og Krog er prega av ein individualistisk tenkemåte. Den kan truleg ikkje unngå å vere det. Men det konkrete innhaldet i denne individualismen er ikkje like sjølsagt. Dei enkelte verkanalysene tek derfor sikte på klårlegge nærmare korleis desse forfattarane ser og tolkar menneskeverd ut frå si særeigne tilknyting til individualismen.


Notar

1) Joachim Israel: Fremmedgørelse fra Marx til moderne sociologi, København 1969, side 31 [Attende]

2) Hans Skjervheim: Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjon, Oslo 1964, side 23 [Attende]

3) Erving Goffmann: The Presentation of Self in Everyday Life, Anchor, N.Y. 1959, kap. VI [Attende]

4) Israel, op.cit, side 309 [Attende]

5) Svein Haugsgjerd: Nytt perspektiv på psykiatrien, Pax, 1970 [Attende]

6) Witold Gombrowicz: "Intervju med meg selv", Vinduet nr 3, 1968 [Attende]

7) Skjervheim, op.cit, side 77 [Attende]

8) Karl Marx: Samfunn og frihet. Essays. Red. Jon Elster, Pax 1965, side 97 [Attende]

9) Georg Lukács: Kunst og kapitalisme. Essays. Red. Bente Hansen, Gyldendal, København 1971, side 73-92 [Attende]

10) James M. Glass: "Schizophrenia and Perception. A Critique of the Liberal Theory of Externality". Inquiry 1-2 [Attende]

11) Dag Solstad: Irr Grønt!, Aschehoug 1969, side 80-81 [Attende]

* Reifikasjon betyr tingleggjering. [Attende]