Saltstraumen for alle – om å vinne ein miljøkamp

Av Brigt Kristensen

2009-02

Sjøl om dei omstridde områda enno ikkje er permanent sikra ved statlig oppkjøp, kan vedtaket i Miljøverndepartementet om Saltstraumen bli eit straumvende for den tiltakande privatiseringa av strandsona på landsbasis.

 

Ka er vilkåra for å vinne – også der alt ser ut til å vere for seint?

 

 

Brigt Kristensen er medlem av Rødt og representerte i mange år RV i bystyret i Bodø. I 2007 med på å danne gruppa «Saltstraumen som verdensarv», som i 2008 blei til Folkeaksjonen Saltstraumen for alle.

 


 

 

Hadde ikkje varslaren Ole-Peer Gullhav slått alarm i april 2006, ville det i dag stått rundt 200 fritidshus, såkalla «sjøhus», fordelt på tre hyttebyar i fjæresteinane i den meir enn landskjente natur- og kulturperla Saltstraumen. For to av felta låg det føre godkjente reguleringsplanar. Fleire var på veg inn. No er alle desse planane på ulike måtar stoppa. Da miljøvernministeren 1. desember i fjor opphevde Bodø kommunes godkjenning av 80 ni meter høge «sjøhus», ein 400 meter lang molo, kai og lystbåthamn i Knaplundsbukta ved innseglinga til Saltstraumen, var det toppunktet i ein framgangsrik kamp for å reversere frisleppet i strandsona i området.

 

Den første, kritiske fasen starta med at Gullhav varsla ein tidligare arbeidskollega, som var medlem av bystyret for RV, rett før spaden gikk i jorda for 34 «sjøhus» i Jektvika, Ripnes.

 

Lærdommar frå kampen for Saltstraumen

 

Kampen om Saltstraumen gikk føre seg i trekanten mellom (den økonomiske, politiske og administrative) Makta, Folket og Media. I dette farvatnet agerte aksjonistane og den faktiske politiske opposisjonen i Bodø (og Nordland), i eit tett samspell som var ein viktig grunn til sigeren.

 

1. Grunnvilkåret er den politiske sprengkrafta.

 

I dette tilfellet er Saltstraumen vidgjeten for sine kvalitetar – og regjeringa hadde gjort sikring av strandsona for alle til ei viktig symbolsak. Folk mintes oppkjøpet på Bygdøy i 2005. Kontrasten mellom den politiske retorikken og utbyggingsplanane nettopp i Saltstraumen gjorde politiske inngrep ovafrå mulig, gjennom mobilisering nedafrå.

 

2. Så lenge spaden ikkje er gått i jorda, er ei utbyggingsak ikkje endelig tapt.

 

Det såg vi i Jektvika, der det kanskje stod om timar.

 

3. Eit godt samspell mellom arbeid i og utafor folkevalte forsamlingar er dynamitt.

 

I den første perioden av kampen om Saltstraumen var eit tett samarbeid mellom varslaren Gullhav og RV det viktigaste uttrykket for dette forholdet. For RV og no Rødt er dette «varemerket» for ein riktig arbeidsstil som ein gjerne vil leve opp til. Ei maktkritisk innstilling var heilt nødvendig da RV avslørte desinformasjonen frå administrativt hald i utbyggingssaka i Jektvika. Like viktig var vilje og evne til å grave fram ka som hadde skjedd da alle høringsinstansene, inkludert Fylkesmannen og Nordland Fylkeskommune, blei lurt til å tru at fordobling av prosjektet var ei «mindre reguleringsendring ». Uten at RV gjennom dette arbeidet hadde fått utbygginga i Jektvika til ny behandling i bystyret, hadde Gullhav vore sjanselaus. Folk frå Senterpartiet og SV hadde posisjonar i Planutvalet i kommunen og i Lokalutvalet for Saltstraumen, som blei viktige da desse kom med i aksjonsgruppa.

 

4. Eit revolusjonært parti må lære av folket.

 

Slike innspell utafrå som da Gullhav slo alarm, må tas alvorlig. Han kunne blitt avvist med at det var for seint. Eller det kunne gått prestisje i at RV, som alle parti, hadde vore med og godkjent dei første planane for utbygging. Responsen frå «folk flest» var avgjørande for å heve blikket frå ei utbyggingssak, reise parolen «Saltstraumen for alle» – og snu om på alle utbyggingsplanar i strandsona. Støtten frå folk var basert på varme kjensler for Saltstraumen, men nokså mange identifiserte seg med kampen fordi dei stod oppe i liknande forhold på sin heimplass. Og den tredje gruppa var alle dei som vil å ha slutt på at kapitalinteressene får ta seg til rette mot allmenne interesser på mange felt. Allemannsretten står sterkt i folket!

 

5. Ei allsidig samansett aksjonsgruppe er gull verdt.

 

I dette tilfellet var gruppa alt anna enn variert i kjønn og alder, sjøl om det skilte 25 år mellom eldste og yngste. Men samla sat aksjonsgruppa på store kunnskapar om natur, historie og næringsliv i Saltstraumen og hadde betydelige erfaringar i lokalpolitisk og aksjonsretta politisk arbeid.

 

Intiativtakaren og leiaren, Ole-Peer Gullhav, oppvaksen i Jektvika, er ein yrkesskadd og uføretrygda mekanikar, uten erfaring om møteleiing og formell dagsorden. Men han visste å sette dagsorden! Det hefta ikkje at to i gruppa er professorar. Han reiste viktige diskusjonar, tok initiativ for å drive arbeidet framover og kontakta folk i nord og sør. Så fikk andre ta seg av det som elles var nødvendig.

 

6. Mobilisering av mange er nøkkelen.

 

Underskriftskampanjen blei kontinuerlig drive vidare på nettet, med initiativ for å nå nye miljø. Underskrivarane blei bedt om å hjelpe til med å nå 6000 underskrifter til ordføraren før den viktigaste avgjerda i bystyret, og med å skaffe 7000 i ryggen ved overbringing av klagen på bystyrevedtaket til statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet. Appellantar frå Rød Ungdom på talarstolen 1.mai i Bodø og Rana instruerte møtelyden steg for steg i å skrive under oppropet på nett via SMS!

 

Med støtte frå 7300 pluss markante enkeltpersonar frå kulturliv, friluftsliv, natur og miljøvern, reiselivet og det politiske liv frå alle parti, velforening, lokalutval og 25 lag og foreningar blei det umulig for det politiske fleirtalet i Bodø å nå fram med at inngrep frå departementet ville overkjøre lokaldemokratiet. Varaordføraren frå SV, som hadde vore mot «overstyring av kommunen », gikk no i front i å klage saka inn til Departementet.

 

7. Alliansebygging må til.

 

Hovudmetoden var å smi alliansar rundt jobbinga med underskriftskampanjen og med ein appell til bystyret i heilsides annonsar. Naturvernforbundet i Nordland og paraplyorganisasjonen Forum for natur og friluftsliv i Nordland var viktig. Bodø og Omegns Turistforening, Jeger og Fisk, Salten Naturlag, Salten veteranbåtlag, dukkarklubben og sjølsagt Bodø ornitologiske forening uttrykker breidda i engasjementet for Saltstraumen. Valnesfjord nærmiljøutvalg bidrog økonomisk – dei strir mot forureining frå torskeoppdrett og for ein rein Skjerstadfjord rett innafor Saltstraumen. Og Latin-Amerikagruppene såg parallellen mellom kampen for alllemannsretten og kampen for folkelig kontroll med ressursane i Latin-Amerika!

 

Dei store miljøvernorgansiasjonane og landskjente enkeltpersonar frå naturvern, friluftsliv og kulturliv på laget gjorde at Departementet ikkje kunne avfeie dette som ei «lokal» sak.

 

Gullhav dreiv iherdig diplomati overfor nordlandsbenken på Stortinget. Det bidrog kanskje til at Erik Solheim kjente seg trygg på at hans overprøving av Bodø kommune i denne saka ikkje ville møte kritikk frå opposisjonen på Stortinget!

 

Tett kontakt hadde gruppa med turistverksemda Tuvsjyen AS. Det gav nødvendige innspell om framtidsretta reiseliv og næring basert på oppleving av natur og kultur – og var viktig da fleirtalet av næringsdrivande ved Saltstraumen kom ut med støtte for utbyggingsplanane.

 

8. Snakk rett ut, vent det verste, men ver alltid open for det beste.

 

Slik kan ein oppfatte Gulllhavs oppskrift i sin aktive kontakt med folk innafor byråkrati og politikk. Klar tale bidrog til at den avtroppande leiaren i Planutvalet (Odland, Sp) skifta posisjon, lanserte det viktige forslaget om å få Saltstraumen inn på Unescos verdsarvliste, og blei med i aksjonsgruppa. Eva Joly har advart kommunane mot korrupsjon i strandsona. Men noen i forvaltninga har også ei ekte interesse av å ta vare på allmenne behov. Dei er det viktig å samarbeide med.

 

9. Media er ikkje monolittisk – det går an å få innpass.

 

Media er sjølsagt verre enn sitt rykte, men må tas i bruk av politiske aktivistar og aksjonistar. I noen tilfelle er det faktisk slik at journalistar er interessert i grundig informasjon. Da må dei få det!

 

Kjendisfaktoren er vanskelig å komme rundt. Ei pressemelding om ein appell frå sentrale personar frå ulike delar av samfunnslivet for Saltstraumen vedlagt namneliste gav ingen reaksjon. Nytt forsøk med «Friluftsmannen Lars Monsen, maleren Vebjørn Sand, biskop Tor B. Jørgensen og Bodøs egen Halvdan Sivertsen er blant osv» gav oppslag og telefonar på rappen.

 

Den store bøygen er å få riksmedia opptatt av riksnyheiter – som dessverre ofte skjer i lokalsamfunn. Dagbladet hadde ei viktig rolle i 2006 da oppslaget «Voldtekt av Saltstraumen» over to sider låg på bordet i bystyret og det lyktes å få delar av utbygginga i Jektvika til ny vurdering. Det var det første avgjørande slaget for å komme vidare, men Dagbladet var etterpå stengt.

 

TV2 avviste WWF. Aftenposten og VG var umulig å få interessert. Lengst kom vi med NRK og NTB.

 

Lørdagsrevyen i etterkant av det avgjørande bystyremøtet brakte ein seks minutts reportasje om kampen om Saltstraumen med Ole-Peer Gullhav som sentralfigur. No var det ikkje lenger mulig å sjå vekk frå at dette var rikspolitikk. Hadde saka nådd Dagsrevyen før bystyremøtet, er det lite trulig at Ap, Frp og Høgre hadde stått mot trykket, slik dei no greidde. Så avgjørande kan media vere!

 

Pussig nok brakte Smaalenenes Avis og Jarlsbergposten (og små blad landet over) nyheita om Solheims avgjerd om Saltstraumen, mens fleire av «riksavisene» i Oslo, av dei Klassekampen, ikkje fann grunn til det.

 

10. Tenk eit trekk fram i tid.

 

Hadde ikkje det geografiske området for aksjonen vore så klart definert i underskriftskampanjen, ville det kanskje ikkje vore mulig å reise kampen mot bygging i Knaplundsbukta da dette spørsmålet blei det viktigaste. Ap-koryfe Eirik Sivertsen (på Stortinget frå kommande haust) sitt opplegg før det avgjørande møtet i bystyret inneheldt mange store ord om vern og eit til dels rigorøst bygge – og deleforbod i (delar av) strandsona. Men da var gruppa budd på at nettopp dette ville vere knepet for å sluse det store prosjektet i Knaplundsbukta gjennom – med mantraet at dette er «utafor straumløpet».

 

Spørsmålet om verdsarvstatus for Saltstraumen løfta kampen, men kunne blitt ein bumerang. Derfor hadde Verdsarvgruppa lenge valt å legge vekt på at Saltstraumen er ein del av verdsarven uansett formell status. Og kunne derfor offensivt framheve utsagnet frå Direktoratet for Naturforvaltning om «Et naturfenomen i verdensklasse» da konklusjonen i rapporten derifrå blei at plass på Unescos liste p.t. ikkje er realistisk.

 

I god tid før utbyggingsvedtaket i bystyret var Folkeaksjonen og samarbeidande organsisasjonar og parti klare på at eit slikt vedtak måtte ankes inn for Departementet. Saltstraumen er ein prøvestein for regjeringa i strandsona var den heilt riktige meldinga å henge over Miljøverndepartementet i denne fasen.

 

11. Kommunestyret som rottefelle for disiplinering.

 

Mange av dei 30 bystyremedlemmene frå Ap, Frp og Høgre som sikra fleirtal for utbygging i Knaplundsbukta, ville neppe ha vore for «sjøhusa» i Saltstraumen om dei ikkje hadde blitt folkevalt noen månadar før. Og blant dei som nyss var gått ut av bystyret frå desse partia, var det fleire markante motstandarar. Ka er det ved politiske systemet som gjør at vettet går ut når folk kjem inn, og kjem tilbake når dei går ut?

 

12. Betongkameratane Ap, Frp og Høgre er miljøverstingar.

 

Den såkalla politiske posisjonen i Bodø består av Ap, Sp, SV og Kr.F. Men i alle viktige miljøsaker er det trekløveret over som er posisjonen. Desse partia står på pinne for utbyggingsinteressene. I Saltstraum-saka var det patetisk å sjå korleis dei låg under også for den mest småskårne kremmarånd, frå dei som til og med frykta at verdsarvstatus ville svi på på pungen!

 

Ville Miljøverndepartementet med SVleiing uansett ha ordna opp, kan ein spørre

 

Neppe noen i Bodø SV trur departementet ville ha stoppa «sjøhus»-prosjekta uten folkekravet som Folkeaksjonen bygde opp. Og i første omgang var det intitativet frå ein person utafor dei politiske sirklane og hans samarbeid med RV som sikra at kampen mot privatisering av strandsona ved Saltstraumen i det heile blei mulig å føre.