Verdas sosiale forum er naudsynt for ei betre verd

Av Ivar Jørde, Thorleif Berthelsen

2009-02

Når NU er misnøgde med SV sin miljøpolitikk i regjeringa, er ikkje svaret å melde seg ut. Dei bør heller vera med å påverke i sjølve forumet, slik at presset på SV vert sterkare.

Ivar Jørde og Thorleif Berthelsen er medlem av Raudt Bergen.

 

 

Verdas sosiale forum 2008

Verdas sosiale forum (VSF) gjekk føre seg i Belem i det nordlege Brasil frå 26. januar til 1. februar. Ei rekordstor deltaking på 135 000 frå 142 land, dei fleste frå Sør-Amerika med mest frå Brasil, gjorde forumet spennande og innhaldsrikt, men også kaotisk. Byen Belem med omlag 1,5 millionar innbyggarar har for liten infrastruktur til så mange deltakarar på ein gong. Sjølve forumet gjekk føre seg på to universitetsområde.

Forumet var interessant i høve til viktige saker
som global økonomi-, miljø-, matvarekrise og mobilisering til djuptgripande endringar. The Economist kommenterte at VSF var meir sameint enn sin motpart i World Economic Forum. Der mangler dei visjonar og truverdige
grep for framtida.

Den geografiske plasseringa til forumet gjordre urfolkrettar og ivaretaking av regnskogen til eit sentralt tema. Ein heil dag føregjekk aktivitetar om avskoging, agrodrivstoff (Brasil er verdas største produsent av sukkerrøyr) og olje- og gruveindustrien sine interesser som går på tvers av urfolka sitt levesett. Viktige ting på VSF var også markering av 50 år sidan revolusjonen på Cuba, den marokanske okkupasjonen av Vest- Sahara og solidaritet med palestinarane sin kamp mot det israelske sionistregimet.

Verdas sosiale forum stod i krisa sitt teikn. Verda opplever no truleg berre byrjinga av ei alvorleg krise i kapitalismen sitt globale nyliberale grep. Stadig fleire ser at dette systemet ikkje er berekraftig og søker alternativ.

 

På forumet viste Tax justice network (TJN) korleis skatteparadis er ei grunnleggande årsak til økonomiproblema. Milliardar av kroner vert unndrege skatt ved at bedrifter etablerer seg på øyar som Jersey eller i land som Luxemburg. Pengar som burde vorte betalt til offentlege styresmakter, vert i staden brukt til svært spekulativ finanshandel. I følge TJN si Afrika-avdeling rammar matvarespekulasjon den fattige verda hardt. Utviklingsland tapte opp mot 6 700 milliardar kroner på ulovlege kapitaloverføringar, blant dei skatteunndragingar berre i 2006. TJN meinar hedgefond er motoren bak kaoset, og har gjort marknaden meir ustabil enn vanleg.

 

Rekninga frå spekulantane sin «kasinoøkonomi » vert no sendt i ekspressfart til arbeidarklassen i Vesten og land i sør, symptomatisk nok. Der fleire dei siste åra har kome ut av ekstrem fattigdom, vert dei no sendt rett attende i uverdige kår.

 

Industrialiseringa i enkelte deler av verda har gjort at fleire har fenge betre levestandard, men det er framleis kapitalisme og fri marknad. Til dømes i Kina der millionar har reist inn til byane for betre løna arbeid trass i for utbyting og dårlege arbeidstilhøve. Dette er likevel ikkje noko som vil redde verdas fattige på lang sikt, seier den tyskfødde marxisten Eric Hobsbawm.

 

Eric Hobsbawm seier vidare at endringar i systemet vil kome innan ikkje altfor fjern framtid, kanskje innan 30–40 år. Han trur at ting vil presse seg på i kjølvatnet av finans- og no økonomikrisa for endring til eit anna system. I sosialismen vil også to ulike økonomiar vera naudsynt, i form av den statlege og interstatlege kontrollen av økonomien, men også gjennom ulike former for «private løysingar». Tida er tilstades for endringar, om enn sakte, men ufråvikeleg framover mot sosialistisk økonomi, meiner Hobsbawm.

 

Fleire av dei norske deltakarane ser på opprettinga av breie nettverk som «Vår verden er ikke til salgs», som naudsynte for å verte einige om korleis kome ut av krisa. Det krev mykje debatt og nytekning kring samanhengane mellom finans-, klima- og matkrisa.

 

Desse sentrale tema dominerte forumet, og vil vera med på å mobilisera folk over heile verda i tida framover, med aksjonar, politiske forum, o.l.

 

Viktige datoar 2009

 

I sluttdokumentet frå Belem var det sett ljos på ei global aksjonsveke og andre viktige datoar i 2009. Aksjonsveka gjekk føre seg 28. mars til 4. april som markerte G20-toppmøtet i London (28. mars), solidaritetsdag for palestinarane (30. mars) og aksjonsdag mot Nato sin 60-årsdag. Det vart og markert internasjonal dag for matsuverenitet (17. april). Protester mot G8 i Italia (juli), markering for «forsvar av Moder jord» (12. oktober) og mobilisering for klimaet i samband med FN-toppmøtet i København (desember).

 

At over 5800 organisasjonar deltok viser stort mangfald og mobilisering blant fleire og fleire. Forumrørsla viser med dette ei evne til å ta opp i seg den endringsvilje som no hender globalt.

 

Brasil som arrangørland såg opplagt på dette forumet som ein arena for sine rørsler med eit utal representert. Mellom rørsler som markerte seg tydeleg, var fagforbund og parti til venstre for regjeringspartiet PT til president Lula, som mange meiner har svikta i fleire reformer. Blant dei rørsla til dei jordlause (MST) og PSOL, eit parti som braut ut av PT som har fenge aukande oppslutnad i det siste. PSOL arrangerte saman med 4. Internasjonale eit fellesmøte for den radikale venstresida. Organisasjonar frå 20 land, blant dei Enhetslisten (Danmark) og Raudt var til stades. Fleire representantar tok opp kvifor me må kome over tidlegare splittingar. I sentrum sto dei unike moglegheitene den politiske situasjonen gjev revolusjonære for å bygge alliansar til venstre for sosialdemokratiet. Oppstarten av det franske «new anticapitalist party» fekk stor merksemd på møtet, og er vorte veldig populært i heimlandet. Dette partiet med sin leiar Olivier Besancenot vert sett på som viktig i tida framover. Fagrørsla, som paraplyorganisasjonen CUT, var og ein tydeleg aktør under forumet.

 

Christophe Aguiton, var med å grunnlegge Attac i Frankrike. Han meiner forumet må lukkast i «å utarbeide seriøse alternativ i dagens krisetider». Han dreg parallellar til antikrigskoalisjonen mot krigen i Irak, der VSF var eit naudsynt strategisk reiskap. Ein annan sentral forum-aktivist, Walden Bello frå Filippinane konkluderer med at forumrørsla må handle om «sosial frigjering». Og det er vel frigjering frå det økonomiske systemet sitt åk ei heil verd lengtar etter no?

 

Natur og ungdom og VSF

 

Her i landet har det dukka opp ein debatt om retninga til forumet etter at Natur og Ungdom tidlegare i år melde seg ut av det norske forumet. NU argumenterer med at dei ikkje ønskjer å ha ei særleg tilknyting til venstresida, og kritiserar forumet for å plassera seg på den tradisjonelle venstre-høgre aksa. I følge NU kjem dette til uttrykk ved at ein lagar politikk på saker som privatisering, arbeidarrettar og demokratisering av økonomien. Dette er spørsmål som NU ikkje direkte tek stilling til. Er det slik at forumrørsla må satse meir på enkeltsaker enn på samanhengar og systemanalysar?

 

Leiinga i Norges sosiale forum har aldri meint at forumet skal vera politisk nøytralt, og at løysinga på klimaproblema er knytt til spørsmålet om berre marknadsstyring. Når NU er misnøgde med SV sin miljøpolitikk i regjeringa, er ikkje svaret å melde seg ut, men heller vera med å påverke i sjølve forumet, slik at presset på SV vert sterkare. Heldigvis er det mange miljørørsler som deltek i den internasjonale forumrørsla og NU har ein viktig plass der. Det er nettopp foreiniga av enkeltsaker og enkeltorganisasjonar som er styrken til Verdas sosiale forum. Det rørsla treng minst av i vanskelege og utfordrande tider er ei oppspliting av kampen.