Ulikhet og elefanten i rommet

Av Michael Roberts

2017-02 Bokomtaler

Bob Hughes:
The bleeding edge
New Internationalist Publications, 2016, 320 s.

Dette er ei svært god bok, ho hevar seg over mange av alle dei andre bøkene som tar for seg rolla og følgjene den nye robotteknologien og kunstig intelligens får i framtidas samfunn. Som Betsy Harmann, professor i utviklingsstudiar ved Hampshire College i USA, seier på baksida boka:

«Mens han avviser både apokalyptisk pessimisme og tekno-optimisme, stakar Hughes ut ein overbevisande veg til ei framtid der informasjonsteknologien er tatt i bruk for fellesskapet.»

Bob Hughes underviste i digitale medium på Oxford Brookes University, men han er i tillegg aktivist, særleg for migrantrettar, som medgrunnleggar av organisasjonen No one is illegal UK i 2003. Danny Dorling, professor i geografi på universitetet i Oxford, skriv eit forord der han seier at «teknologi er nøytral, korleis me brukar han er opp til oss. Det er ikkje maskina som styrer, det gjør selskapa og politikarane … det er ikkje kunstig intelligens som har gjort verda meir ulik. Det er oss.» Det er bodskapet til Hughes.

Hughes opnar med å hevde at teknologiske framsteg har gått hand i hand med utviklinga av kapitalismen. Som følgje av det har datamaskiner, elektronikk, intellektuelle idear blitt gjort om til privat eigedom for å skape profitt, og ført til «ibuande ulikskap». Ja, under kapitalismen er det gjort enorme teknologiske framsteg, som har redusert bruken av råvarer, og tida det tar å levere varer og tenester folk treng. Men kostnaden har vore veksande forskjellar, rovgrisk øydelegging og sløsande bruk av natur og menneske.

Som Dorling seier i forordet, «profittmaksimering er ein styggedom for verkeleg nyskaping.» Som eit ekko av Mariana Mazzucato i boka The Entrepreneurial State – ho viser korleis mange kjerneteknologiar ikkje er resultat av kapitalistisk nyskaping, eller «sprudlande livsglede», men av statleg finansiering og offentleg forsking som så vart ‘gjort til varer’ av kapitalistiske selskap som Apple, Microsoft eller Google.

Men Hughes gir oss au strålande eksempel på korleis kapitalismen og profittjakta forvanskar (og forsinkar) nyskaping folk har behov for. Kodachrome, første filmen laga for ein massemarknad i 1935 (s. 32), var ikkje resultatet av kapitalistisk forsking, men av det to musikarar dreiv med i oppvaskkummen på fritida. Ingen bedrifter brukte tid og pengar for å sjå om menneske kunne fly, det gjorde Wright-brørne på eiga hand. Det er same historia med xerografi (fotokopiering, seinare privatisert til Xerox), eller platelagring (seinare IBM). Desse framstega blei gjort av enkeltindivid på eiga tid, ofte med motbør frå arbeidsgivarane som ønska seg forsking for raske pengar framfor nyskaping.

Ei av dei mest berømte var Colossus, verdas første verkeleg programmerbare digitale datamaskin, utvikla av ingeniørar i statseigde British Post under andre verdskrig. Desse pionerane vart så flytta til grå rutinejobbar etter krigen, og utviklinga av datamaskina vart sett tilbake fleire tiår på grunn av likesæla frå næringslivet. Ein studie frå Brookings Institute viste at 75 % av utviklinga av datamaskiner var finansiert av staten fram til 1950 – etter det gjorde det private næringslivet lite for å utvikle den spennande nyskapinga, og utsette dermed nytteeffekten til langt ut på 1980-talet.

Hughes gir oss så eit kapittel om teknologiutviklinga i klassesamfunn tilbake til føydaltida, og hevdar at den teknologiske utviklinga vart halde tilbake av «forskjellssamfunn som tok over for egalitære samfunn». Det er herifrå og ut boka eg er mest usamd. Forskjellar eller «ei verd med forskjellar» er busemannen for Hughes. Men det er eit upresist omgrep.

Ulikskap har eksistert i mest all menneskeleg sivilisasjon, men det er ein liten elite som har hatt kontrollen og styrt fordelinga av overskotsarbeidskraft og resultat. Historia om korleis menneska har organisert seg etter den primitive kommunismen i jeger- og sankarsamfunna er historia om klassar, for å skrive om Marx. Forskjellar er eit produkt av klassesamfunnet, det er ikkje årsaka. Det er den kapitalistiske produksjonsmåten som har insentiv til å gjøre teknologien skadeleg, ikkje «forskjellar» i seg sjølv. Går du gjennom boka til Hughes og erstattar orda «ulikskap» eller «forskjellsamfunn» med ordet «kapitalisme», så vil årsakssamanhengen bli klar.

Å gjøre «ulikskap» til fiende av teknologiske framsteg smakar av same dobbelttydinga ein kan finne i bøker som The Spirit Level, ei bok som har hatt stor suksess. Ho hevdar at «ulikskap har svært skadeleg effekt på samfunnet: undergrev tillit, aukar angst og sjukdom (og) oppmuntrar til sløsing». Men den verkelege motseiinga er ikkje mellom eit forskjellssamfunn og teknologiske framsteg, men mellom teknologiske forbetringar som kan auke produktiviteten, og kapitalens profitt.

Hughes forklarer framifrå kva kapitalismen (sårri, forskjellssamfunn) betyr for livslengde, høgde, vald, miljø osv., akkurat slik The Spirit Level gjorde. Desse kapitla er svært viktige. Hughes konkluderer med at «ulikskap er elefanten i rommet» som ingen liker å nemne (s. 111). Det er faktisk mange som viser til veksande forskjellar no (som Thomas Piketty, forskjellsøkonomen i vår tid, seier det i intervjuet: «Eg trur på kapitalisme, privat eigedom, marknaden» – men «korleis kan me takle forskjellar?») Men få (inkludert Piketty) knyt årsaka til den kapitalistiske produksjonsmåten. Det er den verkelege elefanten i rommet. Ved å halde fram ulikskap, er det fare for at elefanten blir tatt for ei mus.

I ei rad med kapittel gir Hughes grafiske framstillingar: Om teknologien var eigd av det offentlege og fellesskapet (eller slik han føretrekk med Kropotkin, den tenksame anarkisten, i ‘gjensidig assosiasjon’), så kunne nyskaping ta enorme steg. Han gir ei mengd eksempel, på å løyse global oppvarming, reversere miljøøydeleggingar, minske skadeleg produksjon, vern av naturressursar, medrekna flora og fauna.

Å planlegge ut frå behov er ikkje bare nødvendig, Hughes viser at det no er mauleg med moderne datateknologi som stordata, kunstig intelligens og kvantedatamaskiner. (Sjå kapittel 12 for ei utmerka framstilling av den såkalla ‘kalkulasjonsdebatten’ frå 1980-talet, som skulle bevise at planlegging var umauleg på grunn av millionar av avgjerder, og at sosialismen derfor var ugjennomførleg.) Hughes viser at den sosialistiske regjeringa til Salvador Allende i Chile, den korte tida ho regjerte, faktisk utvikla Cybersyn, eit prosjekt som viste at digital databehandling kunne nyttast til å planlegge ut frå samfunnsmessige behov.

I sluttkapitelet Utopia eller Fallitt drøftar Hughes hovudproblemet for framtidas teknologi. «Automatisering under kapitalismen (her blir den verkelege elefanten nemnt) er mindre for å lette slitet enn for å lette eigarane for litt av lønnskostnadene og avhengigheita av fagarbeidarar» (s. 310). Automatisering under kapitalismen hemmar individuelle idear og innovasjon. Og kapitalismen sløser med ressursane når det til dømes blir bygd vegar framfor offentleg transport og kommunikasjon («når du ser på timane bilen kan spare deg for og timane du bruker for å betale for han … må ein arbeidar setje av om lag to månaders arbeid kvart år» – s. 320). Fly kan bli meir miljøvennlege og komfortable og nyttige om dei bare gjekk saktare (s. 322). Arbeidssparande utstyr for å redusere slitet heime (vaskemaskiner) har faktisk auka tida brukt på omsorg for barn (nær 30 timar i veka for ei kvinne, det same som i 1900! – s. 324). Fellesløysingar ville spare tid og slit på heimefronten – i hovudsak for kvinner. Likevel, som Hughes seier, ser «den kapitalistiske verda ut til å vere fast bestemt på å fjerne offentleg sektor» (s.326).

På slutten av boka spør Hughes «tør me krevje likskap?», og krev ‘forbod mot forskjellar’. Men er det rett stilt spørsmål? Teknologien er faktisk tenaren til det samfunnssystemet som kontrollerer han. Forskjellar er resultatet av samfunnssystemet. Det som trengst er å fjerne dette samfunnssystemet, og erstatte det med det som før vart kalla sosialisme (ikkje ‘post-kapitalisme’ eller ‘likskap’). Kravet me må våge å stille, er felles eigarskap og kontroll over teknologien, ikkje å gjøre slutt på den ulike fordelinga av fruktene av han.

Michael Roberts er en engelsk, marxistisk økonom. Har blant annet skrevet boka The great depression (Haymarket Books, 2016) Artikkelen sto på bloggen hans, https://thenextrecession.wordpress.com.    
Omsett av Gunnar Danielsen