Konturar av Putin-æraen (Økonomi)

Av Tony Wood

2007-04

Eit svar til Vladimir Popov

Popov vel det mindre ondet, sentralisering og potensielt autoritære regimet, framfor å velja det uunngåelege kaoset og oppløysinga som han meiner vil fylgja einkvar annan kurs. Stabilitet er hovudbekymringa, demokrati kan venta til meir føretrekne omstende utviklar seg. Spørsmålet er: Stabilitet for kven?

Tony Wood er assisterande redaktør i New Left Review.

Denne artikkelen, «Contours of the Putin era, a response to Vladimir Popov», stod første gong i New Left Review 44.
Han er omsett til norsk av Jan-Erik Skretteberg.
Popov sin artikkel finn du her.


Vladimir Popov har sytt for ei klar framstilling av dei forferdelege økonomiske, politiske og menneskelege kostnadene av sjokkterapi-perioden i artikkelen «Russland, tilbake til gammal stordom?» Dersom Russland er betre stilt no enn for sju år sidan, er det likevel merkbart verre enn for tjue år sidan. Som den eine treffande statistiske oversikta etter den andre syner, er BNP, investeringsrate og forventa levealder framleis ikkje kome opp på 1989-nivå. Det som Popov kallar «lågkonjunktur», har knapt sin like i den økonomiske verdshistoria. I alle høve er det oppmuntrande at han kan presentera data som viser til tydelege forbetringar på mange område. Etter den uavlatelige turbulensen og moralske bankerotten i Jeltsin-perioden har Putins to periodar som president i stor grad vorte karakterisert som innføringa av ein ny periode med stabilitet i Russland. Statleg kontroll er gjeninnført, og – takka vera høge oljeprisar – har også BNP vakse merkbart, og mykje av statsgjelda er betald ned. Det har også kome fram gode nyhende om sosiale forhold: Fødselsrata har vakse, samstundes som sjølvmordsstatistikken og dødsratene har sokke.

Men, som Popov åtvarar mot, finst det også mange fåremoment framover. Rubelen har for høg kurs, og økonomien er i stor grad avhengig av den varebaserte bonanza-økonomien. I tillegg har styresmaktene i liten grad brukt innkomene frå naturressursane til å finansiera sosiale gode, og dei har føreslått å senka skattenivået ytterlegare [merknad 1]. Ikkje desto mindre konkluderer Popov med at «Russland er i bedre stand idag enn for syv år siden», og hevdar at det viktigaste er å attreisa statens institusjonelle styrke. Bortfallet av demokratiske rettar som har fylgd Putins resentralisering av makt, er prisen fortsatt stabilitet kostar. Alternativet er kaos.

Popovs empiriske innstilling er eit sårt tiltrengd korrektiv til dei liberal-kapitalistiske luftspeglingane om «transisjon» og til Kremls marionettespel med russisk media. Framfor alt syt ho for eit solid grunnlag som ein kan føra diskusjonen vidare på. Det som fylgjer her, er ein framstøyt for å trenga seg enno djupare inn i dei problema som Popov har lista opp. Dette er ein del av ein meir detaljert tallfesting – å differensiera elementa i det heilskaplege biletet for å sjå klarare ubalansen mellom dei. Men ei nærare undersøking av Russland i dag har også vidtgåande kvalitative implikasjonar. Dei vil i sin tur avgjera korleis fårene Popov peikar ut vert handterte – om dei i det heile vert det.

Ulikevekter

Rata av veksten til det russiske BNP sidan kollapsen av rubelen i august 1998 er beskrivande. Rata nådde sitt høgdepunkt med 10 % i 2000 og har eit gjennomsnitt på mellom fire og sju prosent i perioden 2001–06. Den økonomiske veksten har heva innkomene for mange, det nasjonale snittet nådde 10 287 RUR (350 dollar) per månad i november 2006, jamført med 2 281 RUR (kring 80 dollar) i 2000, medan fattigdomsindeksen fell frå 29 % i 2000 til 17,6 % i 2004. Gini-koeffisienten [merknad 2] i landet, standard-oppsamlingsmålet for fordeling av inntektene, veks frå 0,3 i 1992 til nesten 0,5 i 1998, men i 2000 hadde det falle til 0,4, noko som tyder på at i alle høve somme av skilnadene frå 1990-åra var viska ut. Men Gini-tala har sidan den gongen starta å krypa oppover att: frå 0,397 i 2000 til 0,409 i 2004. (1)

Biletet av den nye velstanden i Russland blir ytterlegarae dempa om me ser på korleis rikdomen er geografisk og sosialt fordelt. Rikdomen forblir svært konsentrert: I 2002 stod dei tjue prosent rikaste for 46,6 % av den totale inntekta i Russland, den nedste femdelen berre for 6,1 %. Den siste gruppa var enno verre ute i 2004, då dei stod for berre 5,6 % av dei samla innkomene. (2) Det russiske samfunnet i dag er til ein stor grad sortert kronologisk: Mellom dei som vart hardast råka av sjokkterapiorkanen i 1990-åra, var det flest eldre og pensjonistar. Allereie magre pensjonar vart i stor grad ikkje utbetald i Jeltsin-perioden. Men også her har den auka økonomiske veksten i landet hjelpt, og summane som bli betalde ut, har til og med vakse. Likevel er dei framleis låge – 2395 RUR (85 dollar) per månad i 2005. At pensjonistar vart fråteke fleire privilegiar i 2004, har gjort at midla pensjonistane rår over, reelt sett ikkje har vorte større. Levestandarden er redusert gjennom at dei må betala for bruk av offentleg transport og tenester, som dei tidlegare fekk gratis. Inflasjonen spelar også ei rolle – tidlegare var han tosifra, no er han på 9,7 % – den bidreg framleis til å utlikna alle former for heving av den offentlege pensjonen.

Geografi er ein avgjerande variabel for å vurdera den noverande tilstanden til Russland. Både folkesetnad og ressursar har alltid vore fordelt ekstremt ulikt over det veldige territoriet. Industrien er konsentrert i den europeiske delen, Ural og rundt polarsirkelen. Som eit resultat av dette er brutto-produkt i regionen per innbyggjar (GRP) i Det sentralføderale distriktet til dømes to og ein halv gong høgare enn i steppelanda i sør og i Nord-Kaukasus. Trekkfaktoren inn til hovudstaden er ekstraordinær i einkvar målestokk: Moskva står åleine for 20 % av BNP. Dersom me legg til stor-Moskva, St. Petersburg og Tjumen, står desse fire regionane for nesten helvta av Russlands produksjon. (3) Dagens avhengigheit av olje-, gass- og metalleksport har støtta opp under den eksisterande ubalansen ved dramatisk å auka rikdomen i ressursrike regionar: Det årlege GRP i Tjumen-fylket var til dømes på 575.411 RUR (19 800 dollar) i 2004, samanlikna med 12.583 RUR (430 dollar) i Ingusjetia, den fattigaste undereininga innanfor Den russiske føderasjonen. (4) Denne straumen av pengar har hovudsakleg flomma inn som profitt til eigarane av verksemdene som står for utvinninga av ressursane, ikke gått til arbeidarane som auka løner.

Regionale aggregerte tal syner oss endå større ulikskapar. Det er tydelege skilnader ikkje berre mellom regionane, men også regionane imellom. I Den sentralføderale regionen var til dømes den årlege GRP per person på 4350 dollar i 2004 og den gjennomsnittlege årsløna på slutten av 2006 på 6120 dollar. Men gapet mellom maksimum og minimum i regionen er enorm: Medan gjennomsnittleg årsinntekt i Moskva er på 13.440 dollar, er han i Ivanovo-regionen berre 1860 dollar – ein skilnad på meir enn sju til ein. Mindre men likevel tydelege skilnader, finn me også elles: I Ural er gjennomsnittleg årsinntekt i Jamalo-Nenets-krinsen nesten fem gonger høgare enn i Kurgan-fylket. Innbyggjarar i Samara-fylket i Volga-regionen tener to og ein halv gong så mykje i snitt som dei i Mordovija. (5) Gjeve konsentrasjonen av industri som er nemnd over og tilsvarande fokus på investeringar og moglegheiter for jobb, ser skilnaden mellom rike regionar og tilbakeståande sonar ut til å auka også i åra som kjem. I denne samanhengen vil den tilrådde auka i drivstoffprisar som Popov legg fram i konklusjonen sin, ha sterkt ulike verknader i ulike delar av landet og i ulike sosiale sektorar – noko som vil tvinga gjennom dynamikken med veksande territoriell og sosial ulikskap på nytt.

Kart over Russland

Stabilisering og deselerasjon

Høge globale oljeprisar kombinert med den dominerande rolla utvinning av naturressursar spelar i russisk økonomi har sytt for ein slavisk versjon av «den hollandske sjuka». (Sjå forklaring til Popov-artikkelen.) Popov peiker på den konsekvent for høge reelle vekslingskursen, og at det er hovedårsaka til effektive bremsing i veksten av BNP sidan 2000. Men ei rekke andre tilknytta faktorar kan bli lagt til – faktorar som gjev alvorlege langtidsverknader.

Fyrst er det et spørsmål om investeringane både når det gjeld innretting og storleik. Investeringane er ralativt låge, mindre enn 20 % av BNP. Knusinga av planøkonomien i nittiåra førte til avindustrialisering i stor skala i Russland, og den profitten som fanst i verksemdene som overlevde, vart i stor grad ført ut av landet til utanlandske bankkonti. Rubelkollapsen i 1998, noko som skulle gjera eksportnæringa meir konkurransedyktig, var ei oppmoding til kapitalistar om å senda delar av rikdomen sin attende til fedrelandet. Men som Simon Clarke påpeikar, jamvel om investeringane har auka sidan nittiåra:

«… mesteparten av dette … (har vært) sporadisk fornying av bygninger, maskiner og anlegg for å opprettholde og utvide eksisterende produksjonskapasitet, snarere enn etablering av nye anlegg som kan produsera til konkurransedyktige prisar og kvalitet og aktivt utvida marknaden.» (6)

Retninga av investeringar mot eksisterande kapasitet – heller enn mot å forandra økonomien – kan kanskje delvis forklåra kvifor importvolumet veks med nesten 20 % i perioden 2003–05: Jamvel i gunstige økonomiske konjunkturar har varer produsert for den heimlege marknaden ikkje vore i stand til å konkurrera med utanlandsbaserte varer innanfor mange sektorar. (7) Denne tilsynelatande uvilja til å gje middel til å utvida grunnlaget for russisk økonomi – og slik også grunnlaget for framtidig profitt – antyder at den russiske forretningseliten fortsatt konsentrerer seg om råvareutvinning. Inntil det skjer ei endring i denne orienteringa, vil vekst i BNP framleis vera avhengig av svingingane i den globale oljeprisen.

Motvilja mot å investera er ikkje avgrensa til privat sektor. I 2004 lagde den russiske regjeringa eit stabiliseringsfond (russisk: «Stabfond») slik at dei svimlande summane petroleumsrublar skulle akkumulera. Alt overskot over 27 dollar per fat olje som er seld frå oljefelta i Ural, blir no betald rett inn i fondet. Den totale verdien av dette fondet låg på tett oppunder 80 milliarder dollar. (8) Men, som Popov påpeiker, Putin-administrasjonen har «mislukkast i å nytta overskotet frå olje- og gasseksport … til å reparera sterkt forfalne statlege institusjonar og å gjenoppbyggja viktige offentlege tenester». (9) Noko av «Stabfond»-midla er nytta til å betala ned utanlandsgjeld og dekkja pensjonar, men sidan sommaren 2006 er det nesten utelukkande vorte nytta på utanlandsk valuta – 45 prosent på dollar, like mykje på euro og ti prosent på pund sterling. Mellom juli 2006 og slutten av januar 2007 har oppkjøp av utanlandsk valuta frå «Stabfond» nådd 2 400 milliardar RUR, eller 91 milliardar dollar. Dette kjem på toppen av dei 250 milliardar dollarane i statsreservar som staten allereie hadde i juni 2006. (10)

I eit land kor «så mange som eit av fem sjukehus framleis manglar varmtvatn og kloakksystem», kor «staten finaniserer løner for mindre enn ein tredel av bruksutgiftene til statlege universitet», har ein stat som flommar over av pengar likevel gått inn for å ikkje bruka mykje av pengane på offentleg velferd. (11) I staden har staten pøst ressursane ut på den globale kapitalmarknaden.Dei har nytta pengar på å «finansiera oljeimportørar» sine store kapitalunderskot, i røynda å sende rekninga på auka i prisen på drivstoff attende til forbrukarane og dimed stø opp om kapitalen i staden for å retta opp i eigne problem. (12) Det må også understrekast at dette kjem i tillegg til budsjettoverskotet på 7,7 % i 2005 og at det er innarbeida ei rad tilbakeverkande endringar i skattesystemet sidan 2001 – inkludert flat skatt på inntekt på 13 % og eit kutt i kapitalskatt frå 35 til 24 % – noko som systematisk har favorisert korporativ rikdom på kostnad av vanlege innbyggjarar. (13)

Kven styrer Russland?

Putin-regjeringa si prioritering – å sy puter under armane på euroen og den fallande dollaren i staden for å syta for sine eigne – og uvilja frå russiske entreprenørar til å investera i den ekspanderande heimlege marknaden, reiser fundamentale spørsmål om den heilskaplege strategien til Russlands noverande økonomiske og politiske elite. Men før me tar opp dette, må me først sjå på ei sak av meir grunnleggjande karakter: Kven er Russlands nye herskarar?

Mykje er skrive om voksteren til representantane i «maktstrukturane» under Putin, sjølv ein gong oberstløytnant i KGB og direktør i FSB, KGBs etterfylgjarar. Tatt frå rekkene i militæret og tryggleikstenesta, er siloviki [merknad 3] absolutt framtredande i det noverande russiske leiarskiktet. Ifølge Olga Kryshtanovskaya og Stephen White, utgjorde siloviki 58,3 % av Tryggleiksrådet i 2003, jamført med 33,3 % i 1993 og berre 4,8 % i Politbyrået i 1988. Dei har også auka relativt innanfor den regionale eliten: Av 88 sjefar i føderale undereiningar, vart 2,2 % drege inn frå militære eller tryggleiksmessige sirklar i 1993. Dette auka til 4,5 % i 1999 og 10,2 % i 2003. (14) Det at mange av desse tilsette blir verande innanfor den «aktive reserven», vekkjer nok stor uro hjå dei som fryktar gjenoppbygginga av eit totalitært regime. Departementet støttar dei effektivt, og forventar at dei leverar ein månadleg rapport om sine aktivitetar.

Samansmeltinga av tryggleikstenestene og den politiske makta er eit framståande trekk ved Putins Russland, noko eg vil koma attende til. Kan henda enno meir slåande er likevel den veksande representasjonen av forretningar i statsapparatet. Rubelkollapsen i 1998 endra karakteren og samansetjinga av den russiske forretningseliten grunnleggande. Den moskvabaserte bank- og finansnæringa vart feid ut, medan den plutselege oppbløminga av heimleg produksjon (eit resultat av stagnasjon og devaluering) førte til ei auke av eiendomssektoren – og ein tilsvarande ny framvekst av industriregionar. Medan finansmarknaden på nittitalet var dominert av ein handfull «oligarkar», var politisk og økonomisk innverknad ved tusenårskiftet spreidd over ein større og geografisk meir ulik del enkeltpersonar, med tettare band til statsapparatet enn sine magnatliknande føregjengarar. Ei undersøking av bakgrunnen til den nye forretningseliten avslørte i 2001 at 29 % hadde bakgrunn frå nomenklaturaen. Dette var opp frå 24 % i 1993. Kryshtanovskaya og White observerte vidare at «hovudkjelda for rekruttering til forretningseliten er dei statlege departementa». (15)

Omvendt har forretningar også vore ein framtredande kjelde til statlege kadrar. Dette finn ein på alle nivå: Ein heil seksjon av Putins presidentadministrasjon er teke frå rekkene til AlfaBank, medan Tabell 1 syner oss at kring 20 % av regjeringa i 2003 vart drege inn frå forretningsverda, noko som tilsvarte fordelinga mellom duma-representantar. Representasjonen frå forretningsverda i Overhuset var likevel høgare: I 2002 kom nesten ein tredel av medlemene i Det føderative rådet frå det private næringslivet. (16) Meir enn eit dusin russiske regionar, dei ressursrike er framtrendande mellom dei, blir no leia av forretningsmenn frå store lokale selskap.

Tabell 1: Næringslivet sin representasjon i elitegrupper (i prosent)

  Toppleiarar Duma-representantar Regjering Regional elite Totalt
Jeltsin-«klanen» 2,3 12,8 0 2,6 4,4
Putin-«klanen» (2002) 15,7 17,3 4,2 8,1 9,3
Putin-«klanen» (2003) 9,1 17,3 20 12,5 14,7

Kjelde: Kryshtanovskaya og White: Rise of the Russian elite, tabell 4, side 303

Resultatet av at rubelen kollapsa i 1998 var ei «reforhandling, men ikkje ei oppløysing, av samanblandinga av forretningar og regjering som kjenneteiknar eit oligarki». (17) Ja, med Putins suksessive tilsetjingar av nøkkelpersonell i statsadministrasjonen og allierte som formenn i statlege selskap, har tilhøva mellom forretningar og det offentlege vorte berre tettare og tettare. Dei er no, som Finanical Times skriv, «i armane på kvarandre». Visestatsministar Dimitrij Medvedev er også formann i Gazprom, Putins viseadministrasjonssjef Igor Setsjin, er også formann i Rosneft. Tek me heile presidentadministrasjonen under eitt, ser me at 11 medlemer deler på seks statlege selskap og har 12 andre direktørpostar innanfor statsapparatet. Femten seniorsjefar i regjeringsapparatet har seks formannsplassar og 24 andre styreverv. Mange medlemer av regeringa har også rykte på seg for å ha merkbart opne forretningsinteresser – slik som kommunikasjonsminister Leonid Rejman, som visstnok framleis skal ha interesser i teleselskapet han var med på å grunnleggja, Telekominvest. (18)

Financial Times har beskrive Putins maktapparat som «kvasistyret til det som kan kallast Russland AS». Det store området som statsapparatet og forretningsverda rår over i tillegg til den amfibiøse karakteren til funksjonærane i dette apparatet, tyder på at dette er ei passande beskriving for landet som heilskap. Spørsmålet vert likevel kva for eitt av den russsiske elitens to ansikt – business eller stat – som dominerer. Hvilke fraksjonar styrer dei langsiktige målene og prioriteringane?

Eliteorienteringar

Gjeninnføringa av statleg kontroll over strategiske firma og sektorar er sett på som eit teikn på smugnasjonalisering. Staten nyttar si administrative makt til å knusa Khodorkovskijs Yukos og meir nyleg også til å setja til side multinasjonale selskap som Shell. Vestlege analytikarar har diagnostisert denne utviklinga som eit tilfelle av «ressursnasjonalisme», og samalikna Putins handlingar med tilsvarande handlingar hjå Chávez og Morales. Det siste innspelet i russisk politisk diskurs har vore ideen om «sjøvstendig demokrati» og viser til Russlands evne og vilje til en sjølvstendig kurs, uavhengig av lån og bifall frå Vesten.

Ingen av desse ombegrepa er dekkjande for å skildra tenkjemåtane til den dominerande russiske eliten. Som det er bemerka over, har Putin-administrasjonen ikkje aktivt brukt oljerikdomen til å gi til dei som tapte under «reformane» på nittitalet. Heller er det slik at skatteordninga søkjer å tena dei rike i enno større grad, medan å innføra betaling for eller auka prisane på offentlege tenester, straffar dei fattige. Jamvel om fattigdomsprosenten fell og lønene stig, vil eitkvart merkbart fall i oljeprisane mest sannsynleg reversera denne prosessen. Dette vil nok ein gong ha størst ringverknader for dei med lågast inntekt. Avgjerda om å bruka oljeoverskotet på euro og dollar er tilsynelatande motivert av eit ynskje om å halda inflasjonen under kontroll, men i ein kontekst kor infrastrukturen i landet berre blir meir og meir dysfunksjonell, er slik varsemd eit utsett sjølvmord. Denne varsemda med offentlege gode svelteforar landet, mens det kunne ha sikra overlevnaden på lang sikt.

Popov kritiserer avgjerda om ikkje å nytta oljefortenesta på offentleg velferd og infrastruktur, men stiller ikkje spørsmålet om kvifor det vart slik. Det er likevel klart at det ikkje er uroa over den kollektive tilstanden til det russiske folket, som skin gjennom den nasjonalistiske retorikken som kjem frå Kreml. Det er heller framhaldet av straumen av olje ut og pengar inn som dei freistar tryggja. Det stille narod (folk, red.) blir gjeve overdådige gåver i valgtider, men elles fokuserer eliten på dei to måla profitt og makt.

Tilhøvet mellom desse to faktorane er kan henda det strukturelle trekket ved Russland i dag. Administrativ makt er naudsynte reiskapar for å få suksess i forretningsverda, medan kommersielle vurderingar ofte dikterer tildelinga av statsobligasjonar og kontorpostar. Samansmeltinga av stat og forretningar er på det viset mykje meir enn ein koalisjon av sjølvinteresser. Det er ein symbiose med røter i den nye forma for arveleg overført eigendom som preger kapitalismen i Russland idag. Dette har vore nøkkelstrukturen i staten, og gjennom denne har kapitalistane i landet fylgt sine økonomiske interesser ved å nytta postane sine til å tryggja utbyttet ved privatisering, til å letta vanskelege overtakingar av firma, kvitvasking av pengar, skattejuks og til og med ved å operera som væpna livvaktar mot organisert kriminalitet. På eit møte med dei mest framståande finansfyrstane i juli 2000, peikte Putin avslørande på det at «de på merkbart vis har forma denne staten gjennom politiske og kvasipolitiske strukturar som ligg under dykkar kontroll». Han la til: «Kan henda er det som ein absolutt ikkje skal gjera, å skulda på speglen». (19)

I det einogtjuande hundreåret har staten vorte den uunværlege garantisten for den eigedomen ein tileigna seg på nittitalet. Mange har sett på Putins selektive forfylgjing av «oligarkar» sidan 2000 som ei tvangsmessig styrking av statlege privilegiar og autoritet over forretningsverda. OECD-økonomen William Tompson observerer at «for Russlands nyrike var føremålet med statsbyggjing og strukturreformar å konsolidera dei sigrane dei vann i nittiåra. (20) Når stat og forretninger overlappar i så stor grad, er det ofte eit uttrykk for ei kraftig utviding av statens makta, ei eksponensiell auke av strategiar for grupper av forretningsfolk. (21) Medan den sentrale retorikken til den nasjonale leiarskapen har auka i styrke, har forretningseliten skifta fokus frå å tryggja tenestene i statsapparatet på regionalt og lokalt nivå, kor «statlege ressursar (…) blir lånte ut til mektige og ekspanderande grupper av forretningsfolk». (22) Fenomenet statleg «konfiskering» som var karakteristisk for nittiåra, er vorte modifisert heller enn redusert.

Den noverande formen på organisasjon kan beskrives som ein form kor staten har lite eller ingen autonomi frå dei økonomiske interessene til den russiske eliten. Fraksjonane av denne legeringa av stat og forretningsliv blir utgjorte av både statlege aktørar og grupper forretningsfolk som kombinerer rollene sine på grunnlag av felles økonomiske interesser. Skiljeliner i politikken framover – som den vidare liberaliseringa og senkinga av tollsatser, som ein treng for å oppnå medlemskap i WTO – skjer sektorvis. Eksportorienterte produsentar og dei framleis sårbare bankane justert med talemåtar kring «suverenitet» står mot liberale tilhengjarar av auka integrasjon i den globale økonomien. Innflytverknaden til desse to hovudtendensane svinger, med Putin svevande over strida, medan han medvite arbeider for å halda oppe fragmenteringa av område og interesser som til no har hindra framvoksteren av ein sameint kapitalistklasse.

Putin nyter stor støtte frå breie lag av folket, men dette har ein grunn, plebeiisk karakter, og må ikkje bli mistolkas som å vera ein brei sosial konsensus som eliten heilt og halde er avhengig av. Herskarane i Russland har mest ikkje vore i stand til å tvinga gjennom ein ideologi med nokon særleg appell. Den siste dyrkinga av nasjonalistiske kjensler har mest teke form av å vera post-imperialistiske spasmar heller enn eit samansett syn på kva som ville legitimera retten deira til å vera den moralske leiarskapen. I staden har dei makta over eit nedstøva folk gjennom ein kombinasjon av valmessig legitimitet for Putin sjølv og ulike formar ikkje-formelle tvangsmekanismar. Desse spelar ei større rolle enn kva Popov analyserer seg fram til – i hans analyse ser kriminalitet, korrupsjon og den uformelle sektoren ut til å vera biprodukt av ein ustabil konjunktur. Faktisk er desse faktorane integrerte i korleis Putins Russland fungerer.

Symptom på det uformelle

Hovudkjerna i dei administrative endringane som er gjennomførte av Putin, har vore ei formidabel resentralisering, eller for å seia som Putin sjølv, «den vertikale makta», er vorte planta i russisk jord. Dette inneber at på den eine sida har ein fått auka effektiviteten i dei grunnleggjande funksjonane til staten – fyrst og fremst i skatteinnkrevjinga. Ein har fått fleire militære og folk med bakgrunn i tryggleikstenesta i sivile postar i statsadministrasjonen, til og med i større grad enn i sovjettida. På den andre sida har den auka sentraliseringa også sytt for to andre vidtomfemnande, men mindre merkbare, konsekvensar. For det fyrste har det føderale sentrumet ikkje utsletta dei regionale strukturane, men heller skapt nye lag av statstilsette som har tilrana seg oppgåvene til motstykka sine utan å spela dei over sidelina. Difor har ein opplevd ei vanvittig byråkratisering av Russland: Det finst no 1,3 millionar funksjonærar, mer enn dobbelt så mange som fanst i Sovjetunionen då landet vart oppløyst. (23) For det andre er det ikkje berre makta som er sentralisert: Skuggeverda som blir utgjort av korrupsjon, har likeeins vorte reorganisert. Ifølge forsking som er utført av den russiske tenkjetanken Indem, jamvel om talet bestikkingar har gått ned med 20 % i perioden 2001–05, har summen på gjennomsnittsbestikkinga auka til det trettendobbelte. (24) Den same studien anslo verdien av korrupsjon i forretningsverda til 316 milliardar dollar, medan den russiske visegeneralprokuratoren gjekk ut frå eit tal på 241 millardar dollar. I alle høve bemerker Leonid Kosals: «Båe tala overgår figurane for inntekter på det føderale russiske statsbudsjettet». Legg til at veksten i korrupsjon «er kring det tidobbelte, noko som er mange gonger større enn veksten i økonomien under eitt.» (25)

Nivået på korrupsjon i Russland skuldast i all hovudsak framhaldet av utbreiinga av uformell praksis i alle sfærar av samfunnet – i sin tur eit produkt av det Georgij Derlugujan har kalla den «vedvarande under-institusjonaliseringa av det russiske dagleglivet». (26) Politisk sett vil dette seia at mangelen på institusjonar gjev ein vekst i utbreidd personfokus, noko som i sin tur leier til at ein held oppe eit gjærande lag av klikkar og fraksjonar – sjå berre på talet St. Petersburg-borgarar i Putins næraste krins. Det fører ofte også til nepotisme. To av utallige døme kan trekkjast fram: Mellom 1996 og 2000 vart Kursk-fylket sitt oljekonsern, apotek, offentleg tryggleik og kultursyslar plassert under slektningar av den dåverande guvernøren Aleksandr Rutskjo. Samstundes ligg store delar av det økonomiske livet i Basjkortostan i dag i hendene på familien til president Murtaza Rakhimov.

Det finst sjølvsagt mengder av liknande saker andre stader i verda. Men personfokuset som gjer slik korrupsjon lettare, er ein del av eit heilt kompleks av uformell praksis som den postsovjetiske ordenen kvilar på. Som Aljona Lebedeva har argumentert for:

«Den uformelle komponenten er ein integrert del av politisk makt i Russland. Denne gjer ho både rasjonell og avhengig av uskrivne reglar, ugjennomsiktigheita og det selektive bak handhevinga av lover». (27)

Difor var ikkje målet med å tvangsoppløysa Yukos berre å overføra aktiva til firma som var knytte tett opp til regjeringa, men også medvite å skapa utryggleik mellom investorar og kring spelereglane. Ein heldt også med hensikt i hevd det privilegiet statstilsette har til å oppretthalda eller fjerna eigedomsrettar når deira eigen fraksjon sjølv måtte ha interesse av det.

Den russiske økonomien har lenge hatt ein omfemnande skuggesektor. I sovjet-perioden var han fyrst og fremst ein mekanisme for å ta seg av manglar. På same vis utgjorde bytehandel i nittiåra 50 % av det totale talet transaksjonar og skuggeøkonomien mellom 40 og 50 % av BNP. Dette var medan, slik Popov observerer, «lønssystemet (var) på randen av kollaps». (28) Vareboomen har sikra ei solid monetarisering av økonomien, men Popov åtvarar mot at bytehandel og ikkjebetalingsøkonomi kan koma attende, «dersom styresmaktene vender attende til ein strikt økonomisk politikk». Dette undergrev til ein viss grad kva grad uformelle økonomiske mekanismar er ein permanent del av Russlands sosioøkonomiske landskap. Det gunstige makroøkonomiske klimaet skjuler eksistensen av uoffisielle kanalar, dei sistnemnde «vart nytta i sovjetøkonomien til å gje vern til firma mot den tvingande naudsynte marknaden». (29)

Kriminalitet og kolonikrig

Ifølge Popov «forblir omfanget av kriminalitet i det russiske samfunnet stort». Mordrata står no på 20 per 1000 – tre gonger så høg som i Storbritannia, og ti gonger så høg som i Vest- og Aust-Europa, Canada, Kina og Japan. Likevel er ho lågare enn før. Det har kor som er vore ein vekst på 60 % i den heilskaplege kriminalitetsrata i Russland i åra 2002–06. Popov argumenterer for at «dette er mest sannsynleg eit teikn på at rapporteringa om kriminalitet er betre». (30) Mange vil nok ikkje dela denne oppfattinga. Ein høgare grad (ekte eller innbilt) av offentleg kompetanse oppmodar utan tvil folk til å rapportera lovbrot, men nok til å syta for ei auke på 50 % på ei allereie høg rate? Den vedvarande uformelle praksisen som er nemnd over, framhaldet og veksten i korrupsjonen og den vidare sementeringa av ulikskapen i inntekter leier alle til å styrka faktorane som fører til kriminalitet. At lovene i tillegg er manifestert som eit instrument for å tena spesielle interesser til utvalde grupper, har utan tvil gjort mykje til å undergrava respekten for lovmakta.

Men det er Putins framhald av maktbruk som har bidrege mest til legitimeringa av vald i landet som heilskap. Krigen i Tsjetsjenia, ført enno meir grusomt enn krigen i 1994–96, førte han til presidentposten i 2000 og spela ei viktig rolle i konsolideringa av eit autoritært system. Å knusa tsjetsjensk von om sjølvstende var den militære komponenten i Putins køyr for resentralisering – hans kompromisslause haldning støtta opp om oppslutninga han har i folket. Popov sklir forbi dei grusomme handlingane og den pågåande okkupasjonen, medan han berre noterer at «i dag er separatistrørsla stort sett nedkjempa». Russiske militære og statlege talspersonar har erklært siger mange gonger – det starta med Putin sjølv i 2000 – men det er inga løysing i sikte no når krigen er inne i sitt åttande år. Den russiske hæren held fram med å tapa styrkar med eit snitt på kring tre i veka som blir drepne av ei lita, men mobil motstandsrørsle. Marionetteregimet til Moskva har sett igang kidnapping, tortur og drep sine landsmenn, og har mist all legitimitet. Det finst ikkje ein einaste synsvinkel det er mogleg å sjå Putins krig i Tsjetsjenia som frå ein suksess. Popov stadfestar sjølv indirekte denne fiaskoen når han refererer til dei 43 prosenta av folkesetnaden som tidleg i 2004 ynskte at presidenten stogga krigen. Seint i 2006 hadde den delen av dei som stør forhandlingar med separatistane, auka til 64 %. (31)

Krigen er ei katastrofe som har konsekvensar langt utanfor Nord-Kaukasus. I det russiske samfunnet som heilskap har Putins antiopprør i Tsjetsjenia leia til eit oppsving i framandfrykt og utilgjevelig imperialisme ved at drapa på titusenvis av tsjetsjenarar er framstilt som naudsynt for at staten Russland skal overleva. Det har hatt enno meir vidtfemnande øydeleggjande effekt på meir enn ein million russarar, alt frå vernepliktige til leigesoldatar til personell som handhever lov og orden som har vore i Tsjetsjenia sidan 1994. Kvar og ein av dei har anten begått eller vore vitne til grove ugjerningar, og for alle saman er uinnskrenka bruk av makt det offisielle mantraet for korleis ein kan oppføra seg. Det psykologiske traumaet som krigen har påtvunge dei, blir kalla «det tsjetsjenske syndromet». Men dei lumske symptoma på aggressivitet er ikkje berre forbeholdt veteranane, dei er rotfest i den offentlege sfæra og det politiske livet i Russland.

Det minste vondet?

Popov konkluderer med å leggja vekt på det mindre sentralisering og potensielt autoritære regimet framfor å velja det uunngåelege kaoset og oppløysinga som vil fylgja einkvar annan kurs. Stabilitet er hovudsaka, demokrati kan venta til betre omstende utviklar seg. Spørsmålet som umiddelbart kjem opp, er: Stabilitet for kven? Det må vera klårt at herskarane i Russland har liten interesse av velstand for vanlege folk. Den noverande prioriteringa er heller å nytta naturressursane i landet for å spela ei større rolle i global samanheng og såleis utvikla vidare høve for å internasjonalisera russisk kapital. Medlemskap i WTO vil støtta opp under det siste målet, jamvel om det også vil bera i seg ei oppløysing av dei vilkåra som russisk industri har tent på. Det vil også undergrava nylege framstøytar på å attoppliva bil- og flyindustrien. Til fårene som Popov listar opp, lyt me også leggja til at ein utset seg for presset frå utanlandsk kapital, og at ein aukar den eksisterande ulikskapen som WTO-medlemskap uungåeleg fører med seg. Desse formane for destabilisering vil sjølvsagt gå utanom dei delane av forretningslivet og staten som aktivt søkjer etter dei.

Til slutt dreier det seg om det minste av to onde. Popov framfører alternativa sine i skarpt avteikna termar: status quo eller fullstendig katastrofe. Slik logikk har lenge hjelpe til med å samla kritikarar rundt elles usmakeleg medisin. Men det er nett immuniteten mot utfordringar eller debatt som syt for at kriminalitet, kameraderi og korrupsjon blømar. Det er slik at det er tilgjenget til alternative løysingar for utviklinga vidare, som seier noko om den politiske helsa til eit land. Popovs analyse presenterer mange poeng som kan vera utgangspunktet for ein slik diskusjon.

Noter

1. Federalnaja sluzjba gosudarstvennoj statistiki (RosStat, www.gks.ru) og UN Human Development Reports, 2002 og 2006. Den offisielle fattigdomsgrensa i 2004 var 2376 RUR per månad (då kring 85 dollar). [Attende]

2. FNs Human Devolopment Report 2006, Economist Intelligence Unit, Russia Country Profile 2006 (heretter eiu), s. 45. Den sistnemnde bemerker tørt: 'since it is generally assumed that in Russia income and the ability to evade taxes are positively correlated, actual income distribution is probably more unequal still'. [Attende]

3. eiu, s. 45. Det må likevel merkast at mange russiske selskap har hovudkvartera sine i Moskva, noko som aukar tala for byen merkberrt. Likevel syner dette statistiske gapet sjølv den dominerande rolla hovudstaden spelar i den nasjonale økonomien. [Attende]

4. Tal frå RosStat sin nettstad. [Attende]

5. Tal frå RosStat sin nettstad. [Attende]

6. Simon Clarke: «A Very Soviet Form of Capitalism? The Management of Holding Companies in Russia», Post-Communist Economies, vol. 16, nr. 4 (2004), s. 420. [Attende]

7. eiu, s. 43. [Attende]

8. Elena Lebedinskaia: «Stabfond: segodnja, zavtra … navsegda?», Neprikosnovennyj zapas nr. 50 (2006); tal frå Ministerstvo Finansov, www.minfin.ru. [Attende]

9. Popov: «Russia Redux?», NLR 44, March–April 2007, s. 43. Norsk utgåve her. [Attende]

10. Financial Times 9. juni 2006; tal frå Ministerstvo Finansov og eiu, Russia Country Report, september 2006, s. 39. [Attende]

11. eiu, s. 24. [Attende]

12. Economist 10. november 2005. [Attende]

13. eiu, s. 66, 39. [Attende]

14. Olga Kryshtanovskaya og Stephen White: «Putin's Militocracy», Post-Soviet Affairs, vol. 19, nr. 4 (2003), s. 289–306. Eg har sitert tala for dei tettast definerte gruppene heller enn dei mykje høgare samla tala som er kalkulerte av Kryshtanovskaya og White. For viktige metodologiske kvalifikasjonar for data deira, sjå Sharon Werning Rivera and David Rivera: «The Russian Elite under Putin: Militocratic or Bourgeois?», Post-Soviet Affairs, vol. 22, nr. 2 (2006), s. 125–44. [Attende]

15. Kryshtanovskaya and White: «The rise of the Russian business elite», Communist and Post-Communist Studies, 38 (2005), s. 300. [Attende]

16. Andrew Barnes: «Russia's New Business Groups and State Power», Post-Soviet Affairs, vol. 19, nr. 2 (2003), s. 180. [Attende]

17. Kryshtanovskaya og White: «Rise of the Russian business elite», s. 295. [Attende]

18. Financial Times, 19. juni 2006; og William Tompson: «Putin and the 'Oligarchs': A Two-Sided Commitment Problem», i Alex Pravda (red.): Leading Russia: Putin in Perspective, Oxford 2005, s. 193. [Attende]

19. Tompson: «Putin and the 'Oligarchs'», s. 182. [Attende]

20. Tompson: «Putin and the 'Oligarchs'», s. 188. [Attende]

21. Vadim Volkov har konkludert med at i perioden etter 2000 «the major instruments of aggressive enterprise takeovers are corrupt state organizations that have judicial and coercive power». Volkov: «The Selective Use of State Capacity in Russia’s Economy: Property Disputes and Enterprise Takeovers After 2000», Ponars Policy Memo nr. 273, oktober 2002. [Attende]

22. Volkov: «Selective Use of State Capacity». [Attende]

23. eiu, s. 9. [Attende]

24. Sitert i Leonid Kosals: «Klanovyj kapitalizm v Rossii», Neprikosnovennyj zapas, 50 (2006), s. 196. [Attende]

25. Kosals: «Klanovyj kapitalizm», s. 191. [Attende]

26. Georgi Derluguian: «Under Fond Western Eyes», nr. 24, november–desember 2003, s. 138. [Attende]

27. Alena Ledeneva: How Russia Really Works: The Informal Practices that Shaped Post-Soviet Politics and Business, Ithaca, NY 2006, s. 188. [Attende]

28. Popov: «Russia Redux?», s. 44; Kosals: «Klanovyj kapitalizm», s. 184. [Attende]

29. Ledeneva: How Russia Really Works, s. 118. [Attende]

30. Popov: «Russia Redux?», s. 46, 49. [Attende]

31. Popov: «Russia Redux?», s. 50; statistiske data frå Levada Centre, www.levada.ru. [Attende]


[1] Det russiske skattesystemet inneber ein flat skatt på 13 % på all inntekt. [Attende]

[2] Gini-koeffisienten, mål på (økonomisk) ulikskap, utvikla av den italienske statistikaren Corrado Gini i artikkelen «Variabilità e mutabilità». Det er interessant å legge merke til at utvikla europeiske land har en ginikoeffisient på 0,24 til 0,36, medan USA ligg over 0,4, noko som syner ein større ulikskap der. [Attende]

[3] Siloviki er russiske politikarar som kjem frå det gamle tryggingssystemet eller militæret. ofte frå KGB slik som Putin. [Attende]