Fred Magdoff om verdas matvarekrise

Av Terje Valen

2008-03

Trusselen mot menneska sine mest grunnleggande behov får stadig større merksemd i desse dagar. Her kjem ei melding av ein artikkel av Fred Magdoff i Monthly Review for mai 2008 med tittelen «World Food Crisis – sources and solutions». Magdoff er professor emeritus i plante- og jordvitskap ved Universitetet i Vermont i Burlington, USA.

Den akutte matvarekrisen som har treft verda i 2008, kjem på toppen av ein krise av lengre utstrekning som har ført til at milliardar går svoltne og underernærte. Han ser nærare på korleis desse krisene verkar saman og slår fast at dei begge først og fremst kjem av at det produserast mat, fiber og no biodrivstoff for profitt.

Han nemner at FN reknar at 1 milliard av 6 milliardar menneske på jorda lir av kronisk svolt. Viss vi reknar med alle underernærte og dei som manglar kritisk viktige næringsstoff, så kjem talet opp i 3 milliardar, eller halvparten av folka i verda.

Det er ikkje mangel på produksjon som fører til dette. Sjølv i eit rikt land som USA er svolt eit stort problem. 35 millionar amerikanarar lever i hushald der dei ikkje er sikra nok og god nok mat. I fattige land kan mange svelte samstundes som det fins mykje mat som går til spille.

Han går så inn på seks hovudgrunnar til den akutte svoltkrisen som kjem av aukande matvareprisar. Eg seier ikkje meir om det fordi Jokke Fjeldstad har tatt det opp i ein egen artikkel.

Svoltkrisen har ført til mange reaksjonar som opprør frå folk og tiltak frå regjeringar for å bøte på krisen eller mangel på tiltak for å la marknaden løyse problema sjølv.

Den langsiktige jordbruks- og matvarekrisa, særlig i dei fattige landa, er endå viktigare og er grunnen til at den kortvarige krisen blir så alvorlig. Dette kjem for det første av at så mange bønder flytter til byane fordi dei blir drivne for jorda eller fordi dei ikkje kan leve av det. Mange blir då slumbuarar og 1 milliard av dei 3 som lever i byar, bur i slum.

Ein viktig årsak til denne folkevandringa frå jorda er dei nyliberale tiltaka som IMF, Verdsbanken og ein del NGOar har arbeidd for å sette ut i livet. For at den frie marknaden skal løyse alle problem, trekk regjeringane vekk stønader og støttetiltak til jordbrukarane. Det gjør at det blir mykje hardare å vere bønder.

Malawi har gått mot denne «visdommen» og tatt opp at subsidiar til gjødning og utsæd. Det har ført til at bøndene har kunne produsere meir mat. Det er ingen matvarekrise, og dei kan til og med eksportere ein del.

Dessutan driv ofte storbønder og agroforetak dei mindre bøndene frå jorda. Dei utvidar produksjonen sin og mekaniserar osb. Slik treng dei og mykje færre folk til å drive verksemda.

Dei tileignar seg enorme landområde, og tar monopol på sal av frø, gjødning, midlar mot skadedyr og foredlar jordbruksvarer for eksport eller sel dei frå nye, store supermarknader. Det tar og den lokale marknaden frå småbøndene.

Denne langvarige krisen blir stadig verre fordi bøndene er forgjelda, fordi dei store fortenestene blir tatt ut på omsetnadsleddet og etter foredling, fordi prisen på land blir drive opp av storselskap som kjøper store, flate område egna for industriell stordrift og fordi mykje jord blir tatt til anna bruk, til dømes konstruksjon av byar og fabrikkar, vegar osb.

Til slutt i artikkelen har Magdoff noen råd for korleis vi kan komme ut av desse krisene.

Artikkelen finn du på www.monthlyreview.org 

Terje Valen