Ein stat – to folk – i 1905 og 2005

Av Svein Lund

2005-03

I 2003 blei 17. mai-talen i Narvik holdt av ein samisk sjetteklassing, Inga Marie Nymo Riseth. Tradisjonen tru skal ein i slike talar seie noko om 1814, 1905 og norsk sjølvstende, og da ho kom til unionsoppløysinga, skildra ho denne slik: "Da Norge endelig fikk bestemme selv i 1905, ville de at alle skulle være like, og da ble det ikke lett for alle, bl.a. samene." Så enkelt kan det seiast. Den norske nasjonalismen gikk i stor grad ut på at alle skulle bli like, kulturelt og språklig, med det NORSKE som mal.

Svein Lund er norsk innvandrar i Sápmi, der han bl.a. har vore lærar ved Samisk videregående skole og reindriftsskole og Samisk høgskole.  Arbeider no med samisk skolehistorie, og har gitt ut boka Samisk skole eller Norsk Standard.


Frå midten av 1800-talet førte staten ein stadig hardare fornorskingspolitikk overfor samar og andre minoritetar, og denne var på det aller hardaste nettopp rundt unionsoppløysinga. I fornorskingsarbeidet blei dei område i statsapparatet mobilisert: frå forskning i historie og jus ved universitetet til landbruks- og fiskeriforvaltning, kyrkja, forsvaret og helsevesenet.

I denne artikkelen vil eg forsøke å seie litt om 100 års-jubileet for norsk sjølvstende, sett frå den samiske delen av Noreg eller den norske delen av Sápmi. Her er ikkje plass til å gå inn på alle område og mange av dei er også lite dokumentert i tilgjengelig litteratur. Det er store uløyste forskningsoppgåver, for eksempel når det gjeld korleis helsepersonell og agronomar har bidratt til å styrke det norske på kostnad av det samiske. Denne artikkelen har hovudvekta på skolen, som har vore eit hovudsatsingsområde for fornorskarane. Til sist vil eg stille spørsmålet i kva grad norske styresmakter i 2005 virkelig har tatt eit oppgjør med same- og minoritetspolitikken av 1905, eller om politikken framleis langt på veg er at alle skal bli like.

Alltid vore norsk?

Dei fleste nordmenn tenker i dag på Noreg som eit klart definert landområde som alltid har vore norsk. Alle har lest på skolen at Harald Hårfagre samla Noreg til eit rike. Men dette riket omfatta langt frå heile Kongeriket Noreg av i dag. I fleire hundreår var riket avgrensa til Sør-Noreg og kysten oppover til Vesterålen. I hundrevis av år var dei samiske områda på Nordkalotten utsett for skattelegging og kolonisering frå både norske/danske, svenske og russiske styresmakter, og det var store område som to eller til og med tre statar gjorde krav på. Kystområda frå Lyngen til Varanger blei eintydig underlagt dansk/norsk suverenitet først frå 1613. Kommunen der eg bur, Guovdageaidnu, har bare vore ein del av Noreg i 253 år, Sør-Varanger bare i 178 år.

Ved Karlstadforhandlingane om unionsoppløysinga i 1905 sa den norske statsministeren, Christian Michelsen:

"det var for Norge en livssag ikke at paatage sig forpliktelser, som kunne hindre et energisk arbeide for vor nationale politik nordpaa. Flytlappernes trafik i Tromsø og Finmarkens amter gjør det meget vanskeligt for oss at nationalisere disse amter. Alt maa sættes ind paa at skabe en norsk befolkning slige vilkaar, at den kunde faa arbeide under materielt seet bedre betingelser end nu."

Når statsministeren i 1905 så behov for å "nationalisere disse amter", viser dette at Finnmark og Troms enno ikkje var fullt integrert i riket, nesten 600 år etter at den norske kongen fikk bygd ein festning i Vardø som Noregs utpost mot aust.

Samiske rettar skulle bort

For å forstå kvifor denne "nasjonaliseringa" var så viktig rundt 1905, må vi gå nokre år tilbake. Sjølv om nordmenn koloniserte samiske område frå middelalderen, anerkjente dei likevel langt på veg samiske rettar både til bruk av naturressursane og til bruk av eige språk.

Under grensedraginga i 1751 underteikna Sverige og Danmark/Noreg ein eigen "lappekodisill" om samane sine rettar på tvers av grensene, for å sikre "den lappiske Nations Conservation". Fram til 1830 var lokalbefolkninga sin einerett til fiske i fjordane anerkjent. Jorda i Finnmark blei rekna å tilhøre dei som brukte ho. Fogden i Aust-Finnmark slo i 1825 fast at det i distriktet hans ikkje fantest statseigedom. Innafor historieforsking og jus var det fram til midten av 1800-talet alminnelig anerkjent at samane var den opprinnelige befolkninga på Nordkalotten.

Tidlig på 1700-talet fikk samiske barn ofte betre undervisning (på samisk) enn norske barn fikk. På midten av 1800-talet lærte samar i stor grad å lese og skrive samisk på skolen, og nokre samiske kommunar hadde bare samiske lærarar fram til byrjinga av 1900-talet. På den tida var samisk og/eller kvensk dominerande talespråk i store delar av Finnmark og Nord-Troms, og det var samisktalande i dei fleste kommunar i Nord-Noreg og ein god del kommunar i Trøndelag.

På midten av 1800-talet utvikla det seg ein sterk norsk nasjonalisme, innafor kultur, språk, politikk og økonomi. Ein del av denne nasjonalismen var omlegginga av politikken overfor dei ikkje-norske minoritetane: samar og kvenar. På mange område starta denne omlegginga rundt 1850, men dei mest effektive tiltaka blei først satt inn i åra rundt unionsoppløysinga.

Nasjonalisme og fornorsking

Ivar Aasen og Knud Knudsen gikk i spissen for kvar si linje for fornorsking av skriftspråket, ingen av dei nemnde at det fantest andre språk enn norsk i Noreg. I norsk litteratur var samane så godt som fråverande i den nasjonalromantiske perioden. Det er slåande at i den tida da norsk språk styrka seg i forhold til dansk, blei samtidig samisk og kvensk pressa ut av skoleverket. Ei av dei virkelig store satsingane innafor norsk skolehistorie var Finnefondet, som Stortinget oppretta i 1851. Finnefondet blei utelukkande brukt til fornorskingstiltak overfor samar og seinare kvenar, og løyvingane var på det meste oppe i over ein promille av det norske statsbudsjettet. Finnefondet eksisterte i praksis så godt som eit hundreår.

I 1879 vedtok Stortinget at dialekten, ikkje skriftspråket skulle ligge til grunn for undervisninga av norske barn. Omtrent samtidig blei instruksen for språkbruk i språkblandingsområde endra, slik at samiske barn ikkje lenger skulle lære å lese samisk, men bare norsk (dansk).

Det virkar som ingen av dei norske nasjonalistane såg nokon samanheng mellom det å fremme norsk språk og kultur og at samane hadde retten til å fremme sitt språk og sin kultur. Det var det derimot nokre samar som gjorde. Den harde fornorskinga rundt århundreskiftet førte til motstand frå samane, denne kom til uttrykk i samiske aviser, tilløp til organisasjonar og den første samiskspråklige skjønnlitteraturen. Mye av dette var inspirert av den norske nasjonale reisinga. Ein av dei fremste samiske leiarane på den tida og forfattar av den samiske nasjonalsongen, Isak Saba, var elev på Tromsø seminar. Der kom han i kontakt med målsaka, som han omtalte som "åndens frihetskamp i Norge". Deretter kasta han seg inn i kampen for at samane skulle ha samme retten til sitt språk.

Fornorskingspolitikken blei i siste halvdel av 1800-talet stadig hardare, og fortsatte med uforminska kraft etter 1905. For den nye sjølvstendige staten var det viktig å sikre ei befolkning som var norskspråklig og norskkulturell, særlig i grenseområda. Til dette hadde staten to hovudmiddel: Det eine var å tvinge den samiske og finske befolkninga til å skifte språk, det andre å fremme innflytting av heilnorske nordmenn.

Forfattaren Nils Collett Vogt var ein ivrig forkjempar for fornorskingsarbeidet, og formulerte i 1918 målsettinga slik:

"Ett sprog i Finmarken! Det er maalet. I de sidste ti aar, og særlig da efter internaternes oprettelse, har fornorskningsarbeidet heroppe for alvor tat fart. Saa langt er man nu kommet, at de fleste av den yngre generation taler norsk med lethet, og gaar utviklingen i samme spor som hittil, vil inden tyve aar kanske maalet være naadd. Under disse forhold at ville indføre lappisk og kvænsk i norske skoler er intet andet end forloren sentimentalitet, opalet i feminine hjerner sydpaa."

Nasjonalisering av historia

Ein sentral del av nasjonalismen er nasjonalisering av historia, for å gi nasjonen røter så langt bakover som mogleg og gjerne litt til. Nasjonale minoritetar blei retusjert bort av historia, gjort til "folk utan fortid".

Midt på 1800-talet skjedde det ei markant omskriving av historia. Samane var ikkje lenger det opprinnelige folket på Nordkalotten, men innvandra i seinare tid. Samar og kvenar blei omtalt som "fremmede raser". Forskarar "beviste" at sørsamane ikkje hadde vore i Trøndelag før på 1700-talet. Denne forskinga blei brukt direkte for å avvise samiske rettar: I ei rettssak om beiterett i sørsamisk område i 1897 uttrykte Høgsterett at ein "… maatte gaa ut fra, at det ikke forholder sig som tidligere ofte har været antaget, at Lapperne i disse strøg skulde være de oprindelige Beboere, som af Nordmændene efterhånden trænges tilbage".

Nordnorsk historie blei bygd opp omkring den norrøne befolkninga i Nordland og Sør-Troms. Seinare har bygdebøker og museer blitt brukt til å bygge opp ein norsk nasjonal identitet i område der større eller mindre del av befolkninga hadde samisk og/eller kvensk bakgrunn. Der det ikkje var mogleg å framstille historia som norsk, kunne det gå som i ei historie frå Sør-Troms:

"En skal ikke grave lenge i slekta før komagtuppen stikker fram, sa bygdeboknemnda – og nedla arbeidet."

I 1848 hevda storting og regjering at jorda i Finnmark hadde vært statseigedom frå gamalt av, trass i at dette faktisk aldri hadde vore påstått før.

Sidan Staten etter eigen definisjon eigde jorda, kunne han og selge ho, og i 1902 vedtok Stortinget ei jordlov som uttrykte at

«Afhændelse maa kun skje til norske Statsborgere og under særligt Hensyn til at fremme Bosettelsen af en for Districtet, dets opdyrkning og øvrige Nyttegjørelse skikket Befolkning, som kan tale, læse og skrive det norske Sprog og benytter dette til daglig bruk.»

I Landbruksdirektøren sine forarbeid til lova kjem målsettinga enno klarare fram:

«Det sikreste og mest hensiktssvarende vil her være uden videre at kreve at Ansøgeren skal være af norsk Herkomst.»

Kultur- og klassemøte

Møtet mellom samar og nordmenn har ikkje bare vore eit møte mellom forskjellige språk, men mellom kulturar; levemåtar, næringar, religions- og trusforestillingar; mellom forskjellige tradisjonar i forhold til matlaging, folkemedisin, byggeskikk, barneoppseding, osv. Dei har påverka kvarandre, men har likevel opplevd kulturmøtet frå kvart sitt perspektiv. Sjølv om mye har blitt endra i vår tid, kan vi framleis sjå større eller mindre forskjellar på alle desse områda.

Møtet mellom samar og nordmenn var dels og eit møte mellom samfunnsklassar, fordi ein stor del av dei norske som kom inn i samiske område var ein økonomisk og sosial overklasse, som direkte representantar for statsapparatet eller med nært samband med dette. I samisk-dominerte bygder blei det derfor den norske over- og middelklassekulturen, og ikkje bonde- og arbeidarkulturen, som samane i første omgang møtte som representant for det norske. Prestane var alltid norske, det samme var lensmenn, legar og anna helsepersonell, dei aller fleste lærarar, handelsmenn og tilsette i jordbruks-, skog- og fiskeriforvaltning. Det var og i regelen norske som hadde posisjonar som ordførar, skolestyreformann osv i kommunane og dei stillingane som etter kvart blei bygd ut i kommuneadministrasjon, som kontorsjef, likningssjef osv. Dette bidro til å lage eit bilete av at samisk = fattig og uopplyst, norsk = rik og utdanna. Dette biletet festa seg i tankegangen til begge sider, og bidro til at mange ønska seg fornorsking som ein veg til eit betre liv for samane.

Språk og innhald i skolen

I norsk offentligheit har det nok vore mest merksemd om samane sin rett til opplæring i og på eige språk. Alle har hørt om fornorskingstida og om at samane frå 1960-talet etter kvart har fått rett til opplæring i og på samisk, i alle fall i ein viss grad. Derimot veit nok dei fleste langt mindre om striden om innhaldet i opplæringa. Instruksen av 1898, som i praksis gjaldt heilt til 1960-talet, sa klart: "Undervisningen foregår i det norske sprog." Derimot kom det aldri nokon instruks som sa "Undervisningen skal baseres på den norske kultur". Det blei rekna som sjølvsagt. Av dei to folka i den norske staten var bare det eine anerkjent som "kulturberande".

Skolen som frå tidlig på 1700-talet blei innført i samiske område, var i innhald heilt og fullt storsamfunnet sin skole, sjølv om samisk i periodar blei nytta som undervisningsspråk. Dei bøkene som før 1900 kom ut på samisk var, ved sida av grammatikk, ordbøker og tospråklig ABC, utelukkande religiøse skrifter. Ingenting som synte samane sin eigen kultur og litteratur blei prenta. På 1850-talet laga Jens A. Friis ei lesebok med samiske fortellingar. Boka var klar til prenting, men departementet sette foten ned. Baard Tvete har kommentert dette slik:

"Friis måtte kjenne sine pappenheimere dårlig når han trodde at han kunne få utgitt og utbredt en lesebok med originale samiske fortellinger i skolen for samebarn. Det var jo så helt i strid med all offentlig tankegang at samene gjennom skolebøker skulle få adgang til å utvikle sitt eget, lese om sine egne sagn og eventyr og tradisjoner."

Ei dobbeltteksta lesebok kom ut nokre år seinare, men denne var prega av belærande og moraliserande tekstar. Her var stykke frå Noregs- og verdshistoria, men ingenting om samefolket si eiga historie.

Heilt sidan 1800-talet har utdanningsdepartementet i Oslo laga læreplanar som regulerer mål og middel i undervisninga i alle fag, både for grunnskole og for forskjellige vidaregåande og høgare skolar. Fram til 1970-talet inneheldt desse planane praktisk talt ikkje eit ord om samane.

Tidlig på 1990-talet uttalte skoleforskaren Anton Hoem at kvar gong styresmaktene har planlagt ei ny skolereform, har dei glømt at det bur samar i Noreg. Etter mi oppfatning er dette er ein ganske presis karakteristikk, som dessverre passar like godt på dei to store læreplanreformene som er satt igang etter at han uttalte desse orda. (Læreplanane har hatt forskjellige namn, som normalplan, mønsterplan og fagplan, her kallar eg alle for læreplan.)

I læreplanen av 1939, som med nokre justeringar gjaldt til 1970-talet, var det verken tatt spesielt omsyn til dei samiske elevane, eller uttrykt at det skulle bli undervist om samiske forhold. Trass i ein svært detaljert plan, er samefolket og reindrifta fullstendig ikkje-eksisterande.

Trass i at ein på 50-60-talet hadde byrja å legge om på skolepolitikken overfor samane, blei dei heilt gløymde i forslaget til ny læreplan for grunnskolen som kom i 1970. Det kom kraftige reaksjonar på dette, utan at det fikk særlig verknad for den midlertidige planen av 1971. Etter nye protestar frå samiske lærarar byrja det å skje noko. Resultatet blei i føreordet til den endelige læreplanen av 1974 uttrykt slik:

"I samsvar med ønsker som er kommet fram i Stortinget og på annet hold, er innslaget om samisk kultur og historie styrket gjennom hele planen."

Før den neste store læreplanreforma var Samisk utdanningsråd blitt oppretta som eit rådgivande organ for utdanningsdepartementet, og rådet passa på at samane fikk sin plass i den nye planen. Planen av 1987 skilde for første gong ut eigne samiske læreplanar for sju fag i grunnskolen. Dei nasjonale læreplanane, som og eit fleirtal av dei samiske elevane fikk undervisning etter, hadde derimot heller mindre innhald om samiske spørsmål etter 1987-planen enn etter 1974-planen.

1980-talet utgjør eit høgdepunkt når det gjeld velvilje hos sentrale skolestyresmakter overfor både samiske ønsker og lokale tilpassingar. Men det skulle ikkje vare lenge før dei som ville ha ein einsretta standardisert skole, igjen kom på offensiven, under leiing av utdanningsminister Gudmund Hernes. Dette kom klart til uttrykk i arbeidet med den første felles læreplanen for grunnskole og vidaregåande opplæring, der samiske forhold hadde ein svært beskjeden plass i det første utkastet. Etter mye kritikk presenterte departementet sitt neste forslag i 1993 med orda: "Samisk er løftet mer fram og språklige minoriteter er synliggjort bedre." Dette fortel mest om kor minimalt det var i det første utkastet.

Ein av kongstankane til Hernes var felles læreplanar for alle, noko som ikkje ga plass for samiske læreplanar. Da arbeidet med utarbeiding av læreplanar starta, blei det derfor ikkje sett igang noko arbeid med samiske læreplanar. Som ein slags kompensasjon skulle dei felles læreplanane ha med nokre punkt om samiske forhold. I høringsutkast til Prinsipper og retningslinjer for den 10-årige grunnskolens oppbygging, organisering og innhold av 1994 er departementet sin tankegang uttrykt slik:

"Det felles nasjonale lærestoffet sikrer elever med samisk som førstespråk en kompetanse likeverdig med elever med norsk som førstespråk etter fullført grunnskole."

Likeverd er altså oppnådd når samisktalande og norsktalande nordmenn har hatt det same nasjonale lærestoffet!

Etter krav frå Samisk utdanningsråd og Sametinget blei det likevel eit eige samisk læreplanverk. Samtidig beholdt ein dei samiske emna i dei nasjonale planane, og seinare blei begge desse prinsippa slått fast i opplæringslova.

Vidaregåande og høgare utdanning

Fram til midt på 1900-talet var det svært få samar som fikk skolegang utover dei 7 obligatoriske åra. På 1800-talet blei det utdanna ein del samiske lærarar på Tromsø seminar, men undervisninga i samisk blei stansa frå 1904 til 1953, og politikken var at ein ønska bare norske lærarar for samiske elevar.

Den samiske folkehøgskolen i Karasjok blei starta i 1936 av Samemisjonen, og var den første skolen som ga nokon plass for samisk kultur. Etter krigen kom det framhaldsskolar i fleire samiske kommunar. Nokre av desse fann plass til samiske emne, særlig i praktiske fag. Statens heimeyrkesskole for samar, som blei oppretta i 1952, hadde i starten i stor grad eit samisk innhald, med kurs i emner som koftesøm og hornsløyd. Men på 60-tallet skulle skolen moderniseras med samfunnet, og innførte nasjonale læreplanar over heile linja. Det samiske innhaldet forsvann nesten totalt, og kom gradvis tilbake først eit par tiår etterpå.

Da styresmaktene på 60-talet motvillig ga etter for krav om eige samisk gymnas, blei dette i all hovudsak ein tru kopi av det norske gymnaset. Ein kunne velge samisk som fag, og etter kvart fikk skolen forhandla seg fram til at i visse fag som historie og religion, kunne inntil ein viss prosent av pensum byttast ut med samiske emne.

For vidaregåande skole, som for grunnskolen, var slutten av 80-talet høgdepunktet i styresmaktene si velvilje overfor samisk opplæring, og rett før innføringa av Reform 94 sto samiske emne sterkare i samisk vidaregåande opplæring enn nokon gong før. Da kom tilbakeslaget, der samiske linjer blei nedlagt og samiske tilbod pressa ut av skolen.

Behovet for opplæring for samar og høgare utdanning i samisk språk og samiske emne har blitt brukt som argument for opprettinga av både Trondenes (seinare Tromsø) seminar i 1826, Alten lærerskole i 1863, Universitetet i Tromsø 1968 og Alta lærerhøgskole (Høgskolen i Finnmark) i 1973. I ettertid må ein vel kunne seie at det samiske har spela ei forholdsvis lita rolle ved alle desse institusjonane. Bare ved Sámi allaskuvla (Samisk høgskole i Kautokeino, oppretta i 1989), har samisk språk og kultur stått sentralt i praksis. Men sjølv denne skolen slit enno i 2005 med politiske og økonomiske rammer som er laga for storsamfunnet, og som gjør det svært vanskelig å oppfylle skolen si målsetting.

Historia gjentar seg anno 2005

Den norske staten sin samepolitikk har endra seg mye sidan 1905, og den opne fornorskingsideologien som dominerte dengang er ikkje lenger like gangbar mynt. Omlag 90 år etter unionsoppløysinga uttalte først høgsterettsjustitiarius og seinare kongen: "Den norske staten er bygd på territoriet til to folk – det norske og det samiske." Det manglar likevel mye på at denne erkjenninga gjennomsyrar den praktiske skoleplanlegging på alle nivå i Noreg. Det pågåande læreplanarbeidet starta med NOU 2003: 16 I første rekke 5. juni 2003, som blei følgt opp av St.meld. nr. 30 (2003-2004), Kultur for læring. Begge desse dokumenta er skreve utan at samiske elevar og det samiske samfunnet sitt opplæringsbehov synest å vere ofra ein tanke.

Da Kristin Clemet innkalte til oppstartmøte for arbeidet med nye læreplanar, sa ho at det skulle gjørast tilpassingar for samiske elevar "i nødvendig omfang". Departementet var tydelig ikkje innstilt på eigne samiske læreplanar. Men i motsetning til førre gongen departementet ville fjerne dei samiske læreplanane, kunne Sametinget no vise til opplæringslova. Vi slapp derfor å få ein ny omkamp om samiske læreplanar. Under leiing av Sametingets opplæringsavdeling blei det så sett igang arbeid med samiske læreplanar og med samiske emne i dei nasjonale læreplanane. Likevel set departementet stramme rammer og overprøvar det meste.

Ved kvar ny reform har ein framleis "glømt at det bur samar i Noreg" og planlegg ein einspråklig og einkulturell norsk skole, anten ut frå ei tru på at alle er like eller eit ønske om at dei skal bli det.

Først i løpet av det siste tiåret har nokre av dei fremste representantane for den norske staten beklaga fornorskingspolitikken, men trass i eit snart 5 1/2 år gamalt løfte frå Bondevik er det enno ikkje betalt ut eit øre i erstatning. Ved 100 års-jubileet for norsk sjølvstende bør vi trekke fram denne historia og samtidig kreve at staten gjør opp for brotsverka mot samar, kvenar og andre nasjonale minoritetar.

At fornorskingsideologien framleis er levande, ser vi av at ein i 2005 langt på veg fører same politikk overfor innvandra minoritetar, som ein førte overfor samane for 100 år sidan. Det er tid for å lære av historia.


Litteratur:

  • Dahl, Helge: Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905, Universitetsforlaget 1957
  • Lund, Svein: Samisk skole eller Norsk Standard? Davvi Girji 2003
  • Olsen, Bjørnar og Hansen, Lars Ivar: Samenes historie – fram til 1750. Cappelen 2004
  • Otnes, Per: Den samiske nasjon. Pax 1970
  • Pedersen, Steinar: "Et samisk syn: Arven fra norsk nasjonalisme i Finnmark". Aftenposten 07.05.2004
  • Tvete, Bård: Skolebøker for samebarn i Norge. Universitetet i Oslo 1955
  • Vogt, Nils Collett: Smaa breve fra Finmarken. Aschehoug 1918