Statoil – imperialistiske ambisjonar og klimatrussel

Av Ingrid Baltzersen

Nr 1 2016

Noreg som stat er i sterk grad avhengig av Statoil sine investeringar.

Det norske statsapparatet tilpassar seg Statoil sine interesser i den type investeringar.

Helge Ryggvik er historikar tilsett ved TIK-senteret ved Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hans er økonomisk historie. Han har skrive fleire bøker om olje, blant anna Til siste dråpe – om oljens politiske historie (2009).
Ingrid Baltzersen er redaksjonsmedlem i tidsskriftet Rødt!, midtaustenvitar og jobbar med flyktningungdom.
Kva var formålet med å oppretta Statoil?

Viss du går tilbake til då Statoil blei oppretta, låg det ingen imperialistiske ambisjonar bak. Då var utgangspunktet tvert i mot, at ein sto overfor ein stor industri, dominert av dei største selskapa i verda. Den gongen var det ei allmenn forståing, ikkje berre på venstresida men også i embetsverket, at dette var selskap som var forbunde med politisk påverknad, altså element av imperialisme. Noreg skulle bruka statsapparatet for å beskytta oss så me ikkje blei utsette for det same. Målet med opprettinga av Statoil var å skaffa seg politisk kontroll i ei næring som var dominert av utanlandske selskap. Dei hadde monopol på teknologi, og dei hadde god tilgang på kapital. Begge deler ønska den norske staten å kontrollere. Det var eit viktig verkemiddel for å etablera Statoil med teknologisk kompetanse som kunne stå opp mot dei utanlandske selskapa for å komma i ein posisjon, som gjorde at Noreg fekk maksimalt ut av renta frå oljeverksemda. Så sånn sett kan ein sjå på Statoil som eit antiimperialistisk verkemiddel. Men allereie frå starten såg ein føre seg at ein ikkje berre kunne eksportera råvarer frå Noreg, men også eksportera kapital og kompetanse knytt til dette. Da Statoil gradvis utvikla seg til å bli eit selskap som erobra teknologi og kontroll på norsk sokkel, var det logisk at ein enda opp med å gå utanlands. I forhold til den opphavlege målsetninga var det ulogisk, eller i alle fall umoralsk, at me enda opp med at den same kapitalen skulle ut og etablera seg og rana til seg grunnrente, ikkje berre profitt, men oljerente frå dei statane ein investerte i.

Eg tenkjer at det er meir umoralsk enn ulogisk.

Norske selskap ut i verda

Dette vendepunktet kom i 1990. Det er interessant, fordi det skjedde parallelt med at omgrepet globalisering fekk det store gjennomslaget. Bøkene om globalisering, som etablerte ordet «globalisering», kom i 1990. For Noreg sin del var det eit politisk skifte. EØS-avtalen blei ikkje vedteke før i 1993, men allereie frå slutten av åttitalet og starten av nittitalet låg det i korta at Noreg kom til å slutta seg til EØS. Det norske statsapparatet tilpassa seg avtalen. Frå å ha ein politisk periode der ein beskytta norsk kapital gjennom preferansar for norske selskap, så opna ein opp for frie investeringar i Noreg. Ein ga samtidig sterke insentiv slik at norske selskap skulle gå ut. Dette skjedde i og for seg også, store selskap kom inn i Noreg og kjøpte seg opp mye i norsk industri, samtidig med at norske selskap ekspanderte internasjonalt, kjøpte seg stort opp i utlandet. Det er mange eksempel på dette. Eg veit ikkje om du hugsar Kværner?

Jo det gjer eg, eg kjem frå Stavanger.

Dei var jo frå Oslo, men kjøpte opp Rosenberg Verft, så sånn sett er dei kjent. Kværner bidrog til ein strukturendring av norsk verftsindustri då dei la ned alt som var på Austlandet og konsentrerte seg om å bygga opp store offshoreverft på Vestlandet. Så kjøpte dei opp ein heil haug med verft langs Nordsjøkysten og i Aust-Europa, blant anna i Polen. Men dei lukkast ikkje, fordi det stort sett var gamle uproduktive verft og marknaden auka ikkje spesielt. Korea hadde langt betre kapasitet, moderne, store verft og billig arbeidskraft. Samtidig bestemte Statoil seg for å «gå ut i verda», i allianse med BP.

Vikingar

Viss ein skal sjå på relasjonen mellom stat og kapital, så skjedde dette i samsvar med norske myndigheiter. Det var ein diskusjon på Stortinget, sjølv om den ikkje var stor. Den er ganske morosam å lesa i ettertid i eit imperialismeperspektiv; hovudreaksjonen var berre entusiasme, ein brukte metaforar som «den nye vikingtida». Eg hugsar at då eg var på ambassaden i Aserbajdsjan på nitti-talet, så viste ein gjerne til den metaforen, utan at ein tenkte noko imperialistisk med det. Refleksen var at dette var gøy og morosamt og spanande, og me skal erobra verda.

Men syntest mottakarane at dette var så gøy? Vikingane var jo ikkje så hyggelige?

Nei, både og, spørs kor du var. I Aserbajdsjan var dei opptekne av å lausriva seg frå Sovjetunionen, så dei ville finna allierte. Tor Heyerdahl var også i Aserbajdsjan og oppdaga helleristningar, som han meinte viste at æsene, dei gamle nordiske gudane, kom derfrå. Dei laga ei kopling der som blei ein slags felles opphavshistorie som blei etablert, sjølvsagt for å selja Noreg. Men det underliggande var at Noreg hadde teknologi på eit område som det var stor kamp om på det tidspunktet, og ville ha tilgang til nye oljereserver. Aserbajdsjan blei på det tidspunktet rekna som veldig viktig, for ein såg for seg at det var oljereserver der omtrent som i Midtausten. Ein hadde hatt stor oljeverksemd i Baku i mange år, men fann no olje i Kaspihavet på grunn av offshore oljeboring. Det førte til intens politisering av dette området, der alle dei imperialistiske partane var til stades. Det blei laga ein James Bond-film med det som motiv. Det var sjølvsagt uttrykk for nittitalet, der ein hadde ein aukande kamp om posisjonering i forhold til oljereserver. Det var ein viktig del av imperialismen. Midtausten var ein ustabil region, så det å skaffa seg kontroll over oljereserver i andre område blei oppfatta som strategisk viktig. Den norske staten reagerte som ein imperialist i den forstand at ein sette veldig mykje ressursar inn på den politiske sida for å hjelpa norsk industri. Så Noreg sto ikkje tilbake i forhold til dei andre store nasjonane, når det gjaldt å senda delegasjonar med stortingsfolk og departementsfolk og kongar og kronprinsar og så vidare for å fremja interessene til Noreg. Tilsvarande var i stor grad nittitalet og starten på totusentalet prega av ei omfattande satsing frå norske politiske myndigheiter for å støtta opp om dei investeringane som Statoil dreiv med i verda. Det var eit skifte i det norske utanrikspolitiske apparatet. Historisk så var det først knytt til sjøfarten. Deretter blei det sånn at der Noreg dreiv med hjelpearbeid, prega det kven som blei ambassadørar og kva ambassadørane dreiv med når dei var ute. Frå nittitalet var det i aukande grad olje som bestemte når ein oppretta ambassadar. Det fekk openberre, også politiske konsekvensar, og Noreg framsto som ein sjølvstendig aktør, ikkje berre som ein del av USA-imperialismen.

Samarbeid med BP

Når Noreg går ut og forsøker å konkurrera om kontraktar i Aserbajdsjan, Nigeria eller Brasil, så er hovudkonkurrentane amerikansk og britisk kapital. Og det er det verdt å merka seg. Då Statoil starta sitt internasjonale engasjement i Aserbajdsjan, var det gjennom BP, altså Storbritannia. Sett frå BP sin ståstad var tanken at Statoil kunne hjelpa til med å opna område der BP hadde politiske problem på grunn av imperiefortida. I Nigeria der Statoil kom inn saman med BP, var bakgrunnen at dei tidlegare var kasta ut av Nigeria. BP såg for seg moglegheita til å komma inn ved å bruka Statoil som operatør fordi Statoil kom til Afrika frå Noreg og var rekna som sniltl og ikkje imperialistisk. Det har vore ein del av spelet heile vegen.

Det som det viste seg utover nittitalet og ikkje minst på totusentalet, var to ting. Det første var at Noreg fekk veldig stor merksemd i dei landa ein reiste rundt i. Tilsynelatande var Noreg sin freds-, miljø-og sosialdemokratibakgrunn eit fortrinn. Fordi i dei fleste diktaturstatar og semidiktatur som Noreg var involvert i, så eksisterte det alltid ein middelklasse som hadde allmennkunnskap og såg på Noreg som eit positivt alternativ til dei historiske imperialistnasjonane, som mange av dei andre oljeselskapa kom frå. Det spelte også diktatorane bevisst på. Når det var besøk frå Noreg, fekk det veldig ofte stor publisitet. Eit av dei mest ekstreme eksempla er Brundtland som var i Indonesia under Suharto på nittitalet. Då var det ei enorm mottaking i hovudstaten med enorme banner med bilete av Suharto og Brundtland på kvar sin vimpel ved sidan av kvarandre. Og det var rett før Suharto måtte gå på grunn av opprør. Men bakgrunnen var diktatoren som ønskjer å selja seg i forhold til sin eigen middelklasse, ved å visa at han har relasjon til Noreg. Men når det kom til stykket, så ende det aldri opp med nokon store kontraktar for Noreg.

Det er interessant, kvifor ikkje?

BP hadde jo forhåpningar til Noreg, men dei merka at dei ikkje fekk noko særleg igjen for denne alliansen. For når det kom til stykket, så var det kven som kunne stilla opp med politisk makt som var det avgjerande. Så i Aserbajdsjan var det viktig for Aliyev kven som kunne styrka hans politiske posisjon vis á vis Russland. I det spelet var Noreg ein tapar. Statoil var veldig tidleg ute i Aserbajdsjan, og dei investerte masse energi for å sleppa til og få nye konsesjonar, men dei lukkast ikkje med anna enn eigarskapen som dei fekk gjennom BP tidleg på nittitalet. Då slutten av nittitalet kom, fekk me ein krise på grunn av låge oljeprisar, og Statoil blei kasta ut av BP-alliansen. Med den låge oljeprisen på nittitalet måtte dei kutta ut masse prosjekt, og berre skalla ned til nokon få. Så det var eigentleg Statoil ved inngangen til totusentalet. I akkurat den same perioden hadde mange av desse utanlandske, norske etableringane som hadde store ambisjonar på nittitalet, gått dårlig. Det gjekk veldig dårlig med Kverner, dei tapte masse pengar og gjekk i realiteten konkurs, før dei blei overtatt av Røkke og Aker.

Så historia her er at det starta med at Noreg gjekk frå oljealder rett inn i ein sjølvstendig imperiemålsetting. Ein bygde seg opp innafor rammene av amerikansk dominans og spelte på lag med dei, men brukte statsapparatet også til å konkurrera med amerikanarane og britane for å sikra seg konsesjonar. Det var sjølvsagt konkurranse innafor ein marknad som dei kontrollerte militært, og Noreg hadde heilt openberr interesse i å støtta dei aktuelle regima. Det innebar for eksempel at Noreg ikkje gjorde noko særleg i forhold til det diktatoriske regimet i Aserbajdsjan. Ein gjekk inn i Libya, gjorde ingenting for å protestera mot Gaddafi sitt undertrykkande regime. Ein fekk problem i forhold til Iran, for der var norsk kapital ute før og på tvers av dei amerikanske interessene. Norsk kapital gjekk også inn i Libya uavhengig av amerikanarane, på eit tidspunkt der amerikanarane boikotta begge. Då var det ikkje Statoil, heller ikkje Hydro, men Saga. En hadde eit uavhengig privat oljeselskap som opererte fritt utafor rammene av det amerikanske politiske regimet, men med ein gong dei politiske konjunkturane endra seg, blei Saga overtatt av først Hydro og delvis Statoil. Og det var då Hydro, som overtok investeringane til Saga i Libya som blei gjort før amerikanarane opna opp. På same måte var Saga først ute i Iran, også på tvers av amerikanarane sin boikottpolitikk, men i tråd med det som var politikken i mange europeiske land. Så ein kan sei at det er eksempel på at element av norsk kapital fungerer sjølvstendig og ikkje er underlagt amerikanarane i alle samanhengar. Statoil kunne ikkje gjera det fordi dei hadde også investeringar i USA, så dei risikerte å bli straffa i USA.

Frå politikk til miljø

Ut over totusentalet begynte Statoil å tena pengar igjen, mykje pengar. Viss du ser på investeringane til Statoil, så er dei fleste av investeringane i Sør basert på investeringar på nittitalet. Desse blei gjort då muren falt, og ein del land som tidlegare var avsperra for investeringar, blei opna opp – som Angola, Nigeria, Aserbajdsjan og Vietnam. På totusentalet var det ein sånn type investering, nemleg Algerie i 2003, men etter det så har ein satsa ein del i Brasil. Brasil er jo innafor den vestlege interessesfæren, dei er relativt sjølvstendige og har eit etablert statsapparat, så det kan ikkje samanliknast med dei aktuelle landa i Afrika. Hovudinvesteringane har vore i USA og Canada, respektivt i skiferolje og oljesand.

Så då er me over på miljøutfordingar?

Ja, ein beveger seg frå område som er potensielt sårbare i forhold til konfliktar, til område som er i randsona for kva miljøet kan tåla. Statoil ønsker seg jo tilgang til store oljereserver som dei kan tena mykje pengar på, og som kostar minst mogleg å utvinna. Problemet er at frå slutten av nittitalet og ut over totusentalet så merka dei at konkurransen om dei aktuelle felta blei hardare og hardare. Det blei fleire og fleire aktørar. Konkurransen for å sleppa til på dei resterande oljereservane blei hardare selskapa mellom, dermed blei det også vanskelegare å få gode avtalar for eit selskap som Statoil, som ikkje hadde dei same fortrinna som utanlandske selskap. Dei hadde ikkje tilgang til eit stort militærapparat og var ikkje gode på å driva omfattande korrupsjon, som var nødvendig for å sleppa til. Statoil gjekk likevel på to sånne skandalar, i Iran og Libya. Spesielt frå og med då Fjell gjekk av som leiar i 2003 på grunn av korrupsjonsskandalen i Iran, var det ein dreiing mot meir stabile område: Brasil, USA, Canada.

På slutten av nittitalet og starten av totusentalet fokuserte venstresida i Noreg mykje på utanlandsinvesteringane. Veldig bra eigentleg, fordi då blei det stilt kritiske spørsmål. Og det var ei slags førestilling om at Noreg skulle bli ein meir og meir aggressiv internasjonal oljeimperialist. Men det har ikkje gått så langt som det kunne sjå ut, og viktigaste grunnen var at ein tapte i konkurransen. I tillegg til dei store utanlandske selskapa så kom kinesarane. Kina og dei kinesiske statsoljeselskapa investerte stort og konkurrerte om å få konsesjonar i dei aktuelle landa. Dei var villige til å gå inn på avtalar som var mykje dårlegare sett frå eit selskap si side. Kinesarane hadde same målsetning som dei gamle oljeselskapa hadde i den gamle imperialistperioden, dei ønska seg tilgang på sikre råvarer for sin industri. Dei var villige til både å satsa langsiktig og stort og gå inn i avtalar som på papiret var dårligare økonomisk. Samtidig hadde dei ein del politiske fortrinn fordi dei ikkje tok omsyn til menneskerettar, og ofte kom dei med seg billig arbeidskraft frå Kina. Slikt kunne ikkje Statoil gjera. Dei blei jo ein konkurrent som var vanskelig å forholda seg til. Dette bidrog til at den imperialistiske driven til Statoil slik at den tredje verda blei svekka.

I dag ser du at det er langt færre norske stortingsfolk på politiske turar enn det var på nittitalet og tidleg på totusentalet. Den sterke driven mot ein norsk olje-imperialisme som me såg langt ut på totusentalet, er svekka og ikkje så viktig som den var. Derimot er det klart at viss ein ser på Noreg sitt forhold til investeringar og politikk i forhold til miljøspørsmålet, er det meir påverka. Det kom politisk til uttrykk frå andre halvpart av totusentalet, rundt 2005, med satsing på nordområda under Jonas Gahr Støre. Og det var heilt openbert ei heilt oljebasert satsing. Ein snakka om Svalbard og avklaring av områda rundt Jan Mayen og spørsmål om delelinja i forhold til Russland, og det var ei sterk målsetning i norsk oljeindustri om å få kontraktar på russisk side. Ein såg for seg ein sterk norsk ekspansjon i Arktis. Noreg har heile tida sagt at me må gjera det før Russland gjer det. Det er sjølvsagt berre tull, russarane er ikkje i nærleiken av å gjera noko i Arktis for dei har mange betre tilgjengelege oljekildar andre stader. Så når dette skjer, så er det fordi Noreg har ekspandert verksemda så intenst at ein berre må ha noko nytt for å oppretthalda aktivitetsnivået.

Staten og kapitalen

Kunne ein latt væra å prøva å pusha grensene politisk og når det gjeld miljø? Kunne ein hatt eit statleg oljeselskap som berre var i Noreg og tok opp olje her?

Det hadde vore mogleg, men då måtte me hatt politisk kontroll over selskapet. Poenget er at no er det eit selskap som er reint statskapitalistisk, som blir drive av profittmotiv, og som norske politikarar har tillate å operera på den måten. Sekstisju prosent er eigd av staten, berre trettitre prosent er eigd av private. Så sånn sett er det eit statleg selskap, men viss du samanliknar med til dømes Petrobras i Brasil, så er omtrent halvparten privateigd, så sånn sett har dei ein større privat eigardel. Men det er eit mykje meir politisk selskap, for der brukar staten si politiske makt til å kontrollera korleis selskapet opptrer. Så sjølv om Petrobras har ein større privat eigardel, så er Statoil i større grad eit sjølvstendig kapitalistisk selskap fordi politikarane i Noreg har bestemt seg for å ikkje blanda seg inn i det. Det er den politiske konsensusen. Så difor oppstår sånne rare ting som at politikarane seier at «me er mot oljesand, men Statoil driver med det, og det kan me ikkje gjera noko med.»