Sekstimarsdagen: Forsøk – det er fali, det!

Av Eli Aaby, Magnhild Folkvord, Siri Jensen, Turid Kjernlie og Maren Rismyhr

Nr 2 2006

Er sekstimarsdagsforsøk ei avsporing eller ein viktig del av strategien for innføring av sekstimars normalarbeidsdag? Kanskje er ikkje svaret berre anten – eller?

Forfattarane er medlemer av AKP


For 6-timarsdagen er eit nettverk av personar og organisasjonar som er for seks timars normalarbeidsdag. Gruppa oppsto på 80-tallet under navnet Samordningsgruppa for 6-timersdagen og dei som var med, var fagforeininger, kvinneorganisasjonar og politiske parti som hadde sekstimersdagen på programmet.

Aktive deltakarar i nettverket i dag er: Fagforbundet – Akershus, Fellesorganisasjonen for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere, Kvinnefronten, Oslo Sporveiers Arbeiderforening, Sammenslutningen av Fagorganiserte i Energisektoren, Utdanningsforbundet.

For 6-timersdagen gav nyleg ut Benjamin Hunnicutt Klines bok 6-timersdagen på Kellogg's på norsk. Boka kostar 120 kroner + porto og kan tingast frå boka@6-timersdag.no. For 6-timersdagen si nettadresse er www.6-timersdag.net.

 

Kva kan det komma av at det så lett blir strid om resultata av forsøk med sekstimarsdag?

Forsøk med sekstimarsdag i ein bydel i Oslo i 1995-1997 vart offisielt oppsummert som "mislykka". Men slik oppsummerte ei av deltakarane sine erfaringar:

"Aldri hadde jeg trodd en time fra eller til skulle bety så mye for humør og arbeidsglede. Jeg har alltid drømt om lang ferie, og har inntil i fjor tenkt at det måtte være bedre å få lengre ferie enn forkortet daglig arbeidstid. Men der tok jeg feil.

Etter at vi fikk innført 6-timersdagen har jeg fått mer overskudd både til beboerne, familien og meg selv. Sønnen min Adrian er ikke lenger nødt til å være i barnehagen til klokka fire, han kan selv velge om han vil være med hjem klokka halv tre når jeg slutter, eller om jeg skal hente ham senere på ettermiddagen.

Jeg har mer tid til meg selv og familien, derfor har jeg begynt å trene aerobic."

(Fra en kortrapport fra fagforeningens representanter i den rådgivende gruppa for forsøket.)

Direktør for arbeidslivspolitikk i NHO, Steinar Holden, ser annleis på arbeidstidsforkortinga:

"Vi har ikke sett dokumentert verken at pensjonsalderen øker eller at sykefraværet går ned. Det er heller ikke belagt at flere vil få jobb som følge av generelt kortere arbeidstid."

(Fra Aftenbladet.no 28.1.2006: "Her virker sekstimersdagen".)

Om lag 80 år etter at kravet om seks timars arbeidsdag først vart reist av gruvearbeidarane i Sulitjelma er det, trass i skepsisen frå NHO, teikn som tyder på at vi kan vera komne iallfall nokre steg nærare ei gjennomføring av sekstimarsdagen.

Berre forsøk?

Ein vesentleg skilnad i forhold til tidlegare er at vi no for aller første gong har ei regjering som har sagt på forpliktande vis at dei vil gjennomføra forsøk med sekstimarsdag. Rett nok har både SV og dei andre regjeringspartia det travelt med å forsikra at dei ikkje skal innføra sekstimarsdagen på alvor. Men det viktige er at forsøk skal gjennomførast. I Soria Moria-erklæringa står det at det skal gjennomførast forsøk med sekstimarsdag. Statssekretær Wenche Lyngholm seier til Klassekampen 3. mars at det også er rom for andre typar arbeidstidsforkortingar innafor ei ramme på 30 timar i veka. I år er det sett av 10 millionar kroner på statsbudsjettet som skal brukast til å førebu forsøka. Kunnskap skal kjøpast frå fleire forskingsinstitusjonar, mellom andre Frisch-senteret, Fafo og Statistisk sentralbyrå. Men dei som hadde trudd at "alle" kan delta i forsøka, kan bli alvorleg skuffa. Regjeringa sine forsøk skal berre gjelda statleg sektor.

Relativt nytt – frå LO-kongressen i 2005 – er det også at LO går inn for forsøk med sekstimarsdag. Det styrkjer ikkje akkurat kvinneperspektivet når LO-leiar Gerd-Liv Valla har det travelt med å forvissa alle om at ho for sin del heller vil ha fri måndag, men LO-leiaren har offensivt forsvart sekstimarsdagen mot latterleggjering i offentleg debatt. Ho lover heller ikkje å gå inn for ein rask reduksjon av arbeidstida, det skal iallfall ikkje skje i denne stortingsperioden. "Men vi må ha et åpent sinn, og prøve ut sekstimersdagen i enkelte bedrifter for å se hvordan det fungerer," sa Valla ifølgje Stavanger Aftenblad 31.8.2005. LO hjelper til med å få laga avtalar og vil med hjelp av Fafo stå for evaluering av forsøk i både privat og offentleg sektor. Men sia LO ikkje rår over pengar til sjølve gjennomføringa av forsøka, er alt avhengig av at dei som ønskjer å vera med på forsøk, både er einige med arbeidsgivaren, og har finansieringa i orden.

Dei forsøka som blir sett i gang i LO-regi, startar etterkvart som dei er klare, og skal avsluttast innan hausten 2008. Evalueringa skal vera klar til LO-kongressen i 2009. Innafor LO har Fellesforbundet markert uro for den konkurranseutsette industrien, her må det ikkje gjerast endringar som aukar prisen på arbeidskrafta.

"Derfor må enhver forkortelse av arbeidstiden skje ved økt produktivitet og ny teknologi, noe som ikke kommer ved et trylleslag," uttalte nestleiar Arve Bakke i Fellesforbundet i samband med at LO-sekretariatet i januar hadde besøk frå Toyota i Göteborg, der dei i fleire år har gjort gode erfaringar med sekstimarsdag og toskift.

Krig mot sekstimarsdagen?

Vi er ikkje bortskjemde med støtte frå store og mektige parti og organisasjonar i sekstimarsdagskampen. Dermed er det kanskje nokre varselklokker som ringjer med ein gong, når både regjeringa og LO har forplikta seg til å gjennomføra forsøk. Har vi verkeleg komme iallfall eit lite steg nærare sekstimarsdagen, eller er det berre forsøk som blir sett i verk for å "roa ned" dei ivrigaste forkjemparane for sekstimarsdagen?

Før vi trekkjer nokon konklusjon, er det grunn til å merka seg reaksjonane frå NHO. Dei kan tyda på NHO er i gang med å bu seg til "den store krigen mot sekstimarsdagen". Dei har rusta seg med enkel argumentasjon som alt er prøvd ut i tv-debattar – sekstimarsdagen blir altfor dyr, den trugar både konkurranseutsett industri og velferdssamfunnet, og den "verkar ikkje". "Alle forsøk med sekstimarsdag er mislykka." Dersom det framleis stemmer at det er ein god ting å få åtak frå fienden, kan NHO-reaksjonane vera eit teikn på at noko held på å skje.

Kanskje har også NHO skjønt at dersom det blir litt fart i forsøksverksemda, vil mange kunna gjera positive erfaringar, og oppleva at sekstimarsdagen faktisk gir ein betre kvardag? Sånt kan det vera mykje kraft i, og det kan spreia seg fort.

 

Kampen om tida

  • Er det ikkje rimeleg at arbeidstida skal vera slik at det er mogeleg å stå i full stilling?
  • Er det ikkje rimeleg at jobben skal gi den einskilde arbeidstakaren økonomisk sjølvstende?
  • Er det ikkje rimeleg at arbeidstida skal vera slik at det er mogeleg å kombinera arbeid og det å ha barn?
  • Er det ikkje også rimeleg at arbeidstida skal tillata arbeidstakaren å delta i samfunnet utafor jobben?
  • Er det ikkje rimeleg at arbeidstida skal være slik at det er mogeleg å stå i full jobb fram til pensjonsalder?

Kvinneperspektiv og mannserfaringar

For oss som har vore vane med å argumentera for sekstimarsdagen ut frå eit kvinneperspektiv, kan det vera litt forvirrande å sjå at dei som til no har komme i gang med å prøva sekstimarsdagen, er verksemder med så godt som berre mannfolk. Risikerer vi at kvinneperspektivet blir heilt borte i argumentasjonen for og oppsummeringane av erfaringane med sekstimarsdagen?

På den andre sia, det gjer at mannfolk får høve til å gjera positive erfaringar. Stort sett har skepsisen til sekstimarsdagen vore større blant menn enn blant kvinner. Det at stadig fleire mannfolk no kan rapportera om kor fint det er med kortare arbeidstid, slik at dei rekk å vera meir i lag med ungane sine, levera og/eller henta i barnehage, er gull verd for den debatten som må komma. Alt taler for at skeptiske menn høyrer meir på menn med gode erfaringar enn på propaganderande kvinner.

Ubekvem sekstimarsdag

Men det er nok av utfordringar som ventar. Dei som til no har sett i gang forsøk, kombinerer det med overgang frå dagarbeid til toskift. Dermed flyttar dei grensene for normalarbeidsdagen. Ubekvemstillegg for arbeidstid før 07 og etter 17 var ikkje tema i forhandlingane om forsøk med sekstimarsdagen på Nardo bil AS i Trondheim, og heller ikkje på Skifer og naturstein (Minera Norge) på Oppdal. Haldninga hos dei som har vore med i slike forhandlingar, ser ut til å vera noko sånt som at "med den auken i timelønna vi får med sekstimarsdag, kan vi ikkje krevja meir".

I den vidare diskusjonen er det viktig å vera klar over at ubekvemstillegg spelar ei heilt anna rolle for dei som arbeider skift og turnus enn for dei som i hovudsak arbeider dagtid.

For ein sjukepleiar med full ansiennitet som arbeider turnus, utgjer helge- og ubekvemstilleg mellom 60.000 og 70.000 kroner i året av ei årslønn på om lag 370.000. Det er derfor å håpa at dei som inngår avtalar om sekstimarsdagsforsøk, også tar med i vurderinga at ubekvemstillegg eller ikkje, også er eit prinsippspørsmål, og at dersom desse tillegga blir "gløymt" av mange, kan det bli starten på ei generell undergraving av ordningar som er særleg viktige i lågtlønte kvinnerike yrke med skift- og turnusarbeid.

Frå Fellesforbundet sentralt har det vore argumentert med at sekstimarsdag og toskift svekkjer normalarbeidsdagen. I staden for å la dette bli eit argument mot sekstimarsdag, bør det brukast til å forsvara ein sekstimarsdag der ein ikkje gir bort avtalefesta tillegg for arbeid på ubekvemme tider, anten det er kveld, natt eller helg. – Ein framifrå sjanse for Fellesforbundet til å bruka forhandlingsstyrken sin i solidaritet med dei lågtlønte kvinneyrka.

Forsvaret for prinsippet om normalarbeidsdagen blir sentralt både i forsøksperiodar, og i heile diskusjonen om vidare gjennomføring, ikkje minst fordi LO-leiaren argumenterer slik ho gjer om retten til å velja når og korleis ein individuelt skal ta ut ei arbeidstidsforkorting.

Forsøk er ikkje nok

Det som til no er sett i gang av forsøk, og debatten omkring forsøka, illustrerer tydeleg korleis forsøk kan vera ein del av strategien for å innføra sekstimarsdagen, men at det ikkje på nokon måte kan vera nok å berre satsa på forsøk.

For dei produksjonsverksemdene i privat sektor som har innført sekstimarsdag med toskift, har det viktigaste argumentet vore at det lønner seg. Dess meir kapital som er investert i produksjonslokale og -utstyr, dess viktigare blir det å kunna gjera seg nytte av desse investeringane størst mogleg del av døgnet. Med gode avtalar som ikkje fører til eit urimeleg effektiviseringspress, kan sekstimarsdag og toskift gi forbetringar både for arbeidstakar og arbeidsgivar.

Men for alle dei som arbeider i dei arbeidskraftkrevjande yrka innan helse, omsorg, undervising og serviceyrke, vil ikkje ein slik argumentasjon fungera. Korkje sjukepleiaren eller postfunksjonæren kan "produsera" så mykje meir i timen om arbeidsdagen blir kortare. Her er det heilt andre argument som talar for kortare arbeidsdag.

Men både dei og andre i yrke der det trengst fleire tilsette for å gjennomføra kortare arbeidstid, vil kunna få eit betre liv om arbeidsdagen blir kortare. Dei som arbeider deltid, vil lettare kunna få full jobb, og det kan bli jobb til fleire.

Allsidig argumentasjon

Her trengst derfor ein allsidig argumentasjon både frå fagrørsla og frå dei partia som stiller seg bak forsøka med sekstimarsdagen. Økonomisk vinning på den einskilde arbeidsplassen må ikkje få bli det avgjerande argumentet, og det blir viktig å sjå arbeidstidsforkortinga i ein samfunnsmessig samanheng – slik det har vore gjort med alle tidlegare arbeidstidsforkortingar.

Generelt har arbeidstidsforkortingar vore med på å oppmuntra til effektiviseringstiltak, både med innføring av ny teknologi, og ved ei viss innstramming på formelle og uformelle pausar. Men det har ikkje tidlegare vore stilte krav om at arbeidstidsforkortinga skulle "lønna seg" for den einskilde arbeidsgivaren.

Blir det for stor vekt på korleis sekstimarsdagen verkar på den einskilde arbeidsplassen, kan det forsterka oppfatninga av at ei slik reform ikkje let seg gjennomføra. Det er noko anna å få rekneskapen til å gå opp med full lønn for seks timar dersom alle andre framleis har 7,5 timarsdag, enn kva det vil vera når sekstimarsdagen blir det normale for alle.

Både LO og regjeringa har vore opptekne av at sekstimarsdagen skal føra til redusert sjukefråvær. Kortvarige og avgrensa forsøk kan gjera det svært vanskeleg å måla slike effektar, og i den grad kortare arbeidsdag gjer det lettare for folk med helseproblem å vera i jobb, kan verknaden på sjukefråværet bli motsett.

Samfunnsmessige verknader av sekstimarsdagen, til dømes når det gjeld likestilling, vil vera vanskeleg å måla fullt ut så lenge det berre dreier seg om tidsavgrensa forsøk.

Fram for gode idear!

Alt i alt: Situasjonen er gunstig, men det er ingen grunn til å tru at kampen er vunnen. Forsøk som blir sett i gang, tener til å få opp diskusjonen om alle sider ved gjennomføringa, mange fleire tenkjer på og snakkar om sekstimarsdagen.

Der det kan vera aktuelt å setja i gang forsøk, vil det ha mykje å seia kva som blir premissa for forsøk. Kva som skal vera kriterium for vellykka forsøk, kan få mykje å seia både for haldningane hos dei som er med på forsøka, og for korleis det vidare arbeidet for sekstimarsdagen skal arta seg. (Sjå "Hugseliste for evaluering av forsøk"!)

Hugseliste for evaluering av forsøk med sekstimarsdagen

Før forsøk blir sett i gang, er det viktig at arbeidsgivar og tilsette/fagforeining blir einig om kva som skal vektleggjast i evalueringa.

Her er nokre spørsmål som bør vera med:

  • Korleis verkar ordninga inn på trivsel på arbeidsplassen?
  • Verknader på fritid og privatliv?
  • Kor mange har gått over frå deltid til heiltid?
  • Kor mange fleire har fått jobb?
  • Har det blitt lettare for folk med helseplager å vera i arbeid?
  • Korleis skal samfunnsøkonomiske vinningar evaluerast?
  • Kva seier dei som bruker tenestene (særleg viktig i helse- og omsorgsyrke)?

Ligg unna desse spørsmåla:

  • Har sjukefråværet gått ned?
  • Har effektiviteten auka?

Ver varsam med spørsmål om økonomisk vinning, det må sjåast i samanheng med svar på dei andre spørsmåla.

Det at fleire gjer erfaringar med at sekstimarsdagen gir ein betre kvardag, vil vera den beste reklamen for å gå vidare. Og dei som sjølve har gjort gode erfaringar med sekstimarsdag, kan bli vanskelege å ha med å gjera for NHO dersom arbeidsgivarane gjer alvor av å starta "krigen mot sekstimarsdagen".

Vi oppmodar både fagrørsle og kvinnerørsle til å nytta det rommet som er skapt til å organisera diskusjonar om korleis arbeidslivet – og dermed også resten av livet – kan bli annleis med seks timars normalarbeidsdag for alle.


Eit supertips til den raudgrønne regjeringa:

Arbeidstid per veke frå 35,5 timer til 33,5 timer til 30 timer!

I Soria Moria-erklæringa står at regjeringa vil:

  • Bidra til å likestille skiftarbeid og sammenlignbart turnusarbeid i samarbeid med partene i arbeidslivet.
  • Følge opp retten for deltidsansatte til å utvide sin stilling ved nyansettelser.
  • Bidra til forsøk med 6-timersdag/arbeidstidsreformer i samarbeid med partene i arbeidslivet.

Vi har eit framlegg til å hjelpa dei med alle tre punkta! Både store og små arbeidstidsforkortingar krev omlegging av arbeidsrutiner, omstilling av verksemda og fleire tilsette. Når dei tilsette jobbar skift eller turnus, krevst eit stort arbeid med å nyskriva turnusplanar, omorganisera arbeidet og forhandla fram ordningar for kompensasjon for dei ubekvemme vaktene. Kvifor gjera dette store arbeidet i to omgangar? Ta begge reformene i eitt jafs! Innfør 6 timars normalarbeidsdag og 30 timars veke for både skift og turnusarbeidarar!

Regjeringa vil oppnå flere ting med ei slik stor reform:

  • Likestilling mellom store grupper kvinner og menn.
  • Fleire kvinner i helseyrka kan arbeida i fulle stillingar.
  • Lønnsgapet mellom kvinner og menn vil bli mindre.
  • Skiftarbeidarane vil også få ei arbeidstidsforkorting, ikkje berre turnusarbeidarane, og det vil auka oppslutninga om arbeidstidsforkortinga.
  • Fleire, både kvinner og menn, vil få krefter til å arbeida heilt fram til pensjonsalder.
  • Regjeringa vil dramatisk auka sjansane til å bli attvald!