Provokatøren

Av Øyvind Bremer Karlsen

2016-04

To lange kassakøar. Det var gunstig. Så valde han rett kø, mannen var rimeleg sikker på at det var rett kø. Kassadama hadde lyst, halvlangt hår, var i trettiåra og passa til beskrivelsen. Ho i den andre kassa var middelaldrande.

Da køen langsamt bevega seg framover, fekk han eit glimt av namneskiltet som kassadama hadde festa på blusen. Brit. Mannen gliste for seg sjølv. Brit som hadde meldt seg inn i Handel og Kontor.

Mannen reiv til seg ei laussalsavis frå stativet og bana seg brått veg utanfor køen av handlevogner og stressa kundar.

Han slengde nokre myntar på varebandet.

«Har hastverk!» ropte han og veifta med avisa.

«Men …» sa kassadama.

Men han var vekk.

Dagen etter fekk kassadama oppseiingsbrevet.

Avskjedsgrunn: Ho hadde unnlatt å føre ei vare gjennom kassa.

Øyvind Bremer Karlsen