Plyndringa av Latvia

Av Jeffrey Sommers, Michael Hudson

2011-04

I Latvia er det sett i verk eit av dei mest brutale innstrammingsregima på eige folk. Politikarane har pressa det til grensa av demografisk samanbrot.

Jeffrey Sommers er professor i politisk økonomi ved University of Wisconsin-Milwaukee.
Michael Hudson er forfatter av flere bøker, blant annet: Super Imperialism: The Economic Strategy of American Empire (Pluto Press) og Trade, Development and Foreign Debt: A History of Theories of Polarization v. Convergence in the World Economy.

Økonomiske tall for siste månaden viser at den globale økonomiske krisa blir verre, i lengde, og på alvor truar krisa no med å bli kjent som Den store depresjonen II. Men sjølv om det er tydeleg for dei fleste at problema byrja med ei finansnæring ute av styring, så legg mange kommentatorar skylda på ofra – folket. Istadenfor å styre finansverda rår dei styresmaktene til å innføre radikale innstrammingstiltak. I denne økonomien er det som å hive eit anker til druknande, mens ein kastar livredningsutstyr til gjerningsmannen i form av pengar.

Frå Robert Samuelson i The Washington Post til fleire av journalistane i The Economist er det uttalte svaret på verdskrisa, mystisk nok (til ein spør «qui bono?»), å finne i eit av dei minste (og fattigaste) EU-landa: Latvia. Eit land som har sett i verk eit av dei mest brutale innstrammingsregima på sitt eige folk, og med politikarar som har pressa det til grensa av demografisk samanbrot.

Latvia har ei høgt utdanna befolkning på nivå med dei rikaste skandinaviske landa. Landet er også velsigna med transitthamnar i verdsklasse. Likevel har Latvia bare halve kjøpekrafta per capita (ppp) av Hellas, og bare marginalt meir enn Kviterussland som er utan tilgang til havet og politisk isolert. Likevel er dette modellen bankdirektørar og talerøyra deira i styresmakter og tenketankar vil andre land skal kopiere.

Dei som køyrer fram den latviske løysinga, forstår verken landet (eller vel å ikkje gjøre det) eller resultatet av innstrammingspolitikken. Ikkje bare insisterer dei på at innstrammingane var naudsynte, men au at det var første staden der innstrammingspolitikken var støtta av befolkninga. Føresetnaden er at veljarane er «modne» og «kloke», og at politikarane dermed ikkje treng vere redde for å sette i verk innstrammingar på eit skikkeleg «opplært» folk. Desse påstandane er både farlege og falske, men vinn like fullt fram.

Røyndommen i Latvia er at landet hadde det største økonomiske tilbakeslaget i verda etter krisa i 2008, og etter det kan ein no sjå eit lite hopp på linje med det ein daud katt får etter fritt fall mot fortauet. Det smålåtne oppsvinget er primært konsekvensen av svensk etterspørsel etter latvisk tømmer, og dei langsiktige økonomiske utsiktene er framleis dårlege.

Dessutan blir pyntinga av Latvias nyare historie som Samuelson og andre forståsegpåarar driv med når dei seier folket har støtta innstrammingane, motsagt av dei massive protestane svært tidleg etter at krisa slo til. Då protestane ikkje førte fram, svarte befolkninga med å røyste med føttene og dra frå landet. Når ein legg emigrasjonen saman med den svært låge fødselsraten, skaper emigrasjonen faktisk eit slags demografisk eutanasi som kan føre til at nasjonen forsvinn. Og partiet som har stått for innstrammingspolitikken, vann ikkje valet 17. september. Med alle desse feilslaga for den latviske innstrammingskuren må ein spørre kor ideen om den økonomiske suksessen og støtta i folket for politikken kom frå?

Alle kriser drar til seg lykkejegarar, og alle personlege feilsteg lengtar etter Scott Fitzgeralds «andre akt». I den økonomiske krisa i Latvia er begge samla i den bankfinansierte reisande økonomi- og politikkonsulenten, Anders Åslund, ein mann som var på veg til å bli gløymt fram til krisa i Latvia kom til unnsetning. For dei som ikkje hugsar fortida hans: Den svenske økonomen var den som høgast hylla sjokkterapien og den makroøkonomiske stabiliseringspolitikken i Russland og den tidlegare Sovjet-blokka på 1990-tallet. Politikken hans den gongen skulle ende på same søppelhaugen som den historiske materialismen praktisert av figurar som Konstantin Tsjernenko.

Latvia opplevde det største kredittfinansierte kalaset i verda i forkant av Den store depresjonen II, og opplevde også det største fallet i krisa. Krisa i 2008 ramma hardast dei landa som følgte den nyliberale økonomiske politikken Åslund pusha i dei post-sovjetiske landa på 1990-tallet. Men krisa i Latvia i 2008 gav Åslund høve til å gjenopplive ryktet sitt som politisk analytikar og konsulent, og finne seg «legar» i sentralbanken og styresmaktene i landet som var villige å skrive ut den giftige innstrammingsmedisinen hans for å bøte på krisa.

Åslund framstiller innstrammingane som ei suksesshistorie – gode nok til å lage ein modell som resten av Europa og USA kunne ta i bruk. Han har også ført uttrykket «intern devaluering» inn i det økonomiske vokabularet. Politikken blir presentert for andre i eurosona som ein måte å behalde euroen på, og som eit middel til å hindre nedskriving av valutaen for nye EU-land om dei skal inn i eurosonen. Forkjemparane tilrår å senke lønns- og arbeidsvilkår og med det kutte offentlege kostnader. Politikken sørgar for at offentleg og privat gjeld blir prioritert så ikkje bankdirektørane blir utsett for «hårklipp» – eit anna nyord laga av banklobbyen. Kort sagt blir bankane betalt, mens folket betaler rekninga. Finansnæringa ser det som ei ryddig løysing på problemet – få folket til å betale den massive gjelda ved å redusere forbruket deira.

Men uheldigvis drep denne politikken realøkonomien ved å redusere etterspørselen, mens det er til fordel for banksektoren. Latvia er endt i ein slags forgjelda liveigenskap – noko dei trudde seg ferdig med tidleg på 1900-tallet.

Forunderleg nok utnemner Åslund seg til arkitekten for dette grusomme programmet. «Suksessen» hans har fått form av ei bok like verdfull som rublar i 1992, men som kommentatorar som Robert Samuelson verdset som sør-afrikanske gullrand. Åslund erklærer at den lange krisevinteren i PIGSlanda (Hellas osv) er slutt for dei plaga økonomiane i Europa. Bells-landa (Latvia osv) har ifølge han og støttene hans gått inn i nye håpefulle tider, og vist vegen ut av økonomisk krise for dei plaga økonomiane i Europa. Slik syng Anders Åslund i si nye bok How Latvia Came Through the Political Crisis, utgitt av bankfinansierte Petersen Institute, og med den latviske innstrammingsministeren Valdis Dombrovskis som medforfattar.

Boka har blitt ei slags oppskriftsbok for nyliberale økonomar som freistar vise at innstramming fungerer. Men me vågar å påstå at boka ikkje ville overlevd gjennomlesing av fagfeller i seriøse akademiske miljø. Normalt ville me avstå frå å ta opp slikt, men her er det rettferdig då Åslund ikkje nøler med å avvise kritikarane sine med at dei kjem frå «venstreorienterte» tenketankar framfor å gå inn på det konkrete innhaldet i kritikken.

Åslund og Samuelson og andre nyliberale sektmedlemmer meiner landa skal etterlikne latvisk og irsk gjeldsnedbetaling til bankane, med økonomisk stagnasjon og samanbrot i den sosiale strukturen som resultat. Samtidig har andre, som dei islandske veljarane, forkasta nyliberalismen, og medlemskap i eurosonen har mista glansen, mens grekarane går til generalstreik og krev utgang frå euroen om det er prisen å betale for å unngå gjeldsslaveri, innstramming og tvungne privatiseringstiltak for å betale utanlandske bankar som står bak det som synest som dårlegn. Dei nyliberale har tydeleg vist kva for veg dei ønskar følge.

Det er alltid to sider av ei sak, og her presenterer me «aktoratets innleiing» mot Åslund i saka: Er finansielle innstrammingar ei suksesshistorie eller ein forsmak på depresjonen? Kan andre politiske leiarar gjøre mot landet sitt det Latvia har gjort? Det er ganske modig gjort å kalle Latvia ein suksess ut frå galgenhumoren vanlege menneske i Latvia gir uttrykk for – «sistemann som drar frå flyplassen må slå av lyset».

La oss undersøke kva Latvias «suksess» betyr. For det første får bankane betalt. Det har ikkje vore nedskriving av gjelda. Dermed har ein svaret på det tidlegare spørsmålet «qui bono?». Latviarane betaler privatgjelda si (i hovudsak til Sverige, Åslunds heimland, og det skal slik sikre Sverige mot krise). Men kostnaden kjem i form av 25 prosent nedgang i Latvias BNP og 30 prosent nedgang i lønningane i offentleg sektor, og arbeidsløysa som følge av offentlege nedskjeringar driv ned lønna i privat sektor. Samtidig må folket i Latvia bære framtidige gjeldskostnader på over 4,4 milliardar euro lånt frå EU og IMF for å halde liv i regjeringa gjennom kriseåra.

Dei som forsvarer den latviske løysinga, hevdar at den økonomiske nedgangen er stoppa opp, at det er moderat vekst og at arbeidsløysa endeleg er under 15 prosent. Men emigrasjonen er ein del av forklaringa på nedgangen i arbeidsløysa, og samtidig er produksjonsinvesteringar og sparerate alt for låge til å etablere robust vekst igjen. Ulikt til dømes Argentina som avviste innstramming, og hadde 6 prosent vekst i økonomien dei første 6 til 7 åra etter krisa, så viser Latvia ingen teikn til slike imponerande tall fordi dei har for lite produksjons- og landbrukskapasitet til å klare det.

Det andre punktet til aktoratet: Åslund hevdar latviarane har støtta innstramminga, og at dei vil velje om att spareregjeringar slik det viste seg då innstrammingspartiet Vienotiba kom til makta igjen ved vala i oktober 2010. Ingen som kjenner latvisk politikk, ser noko slikt. Det latviske valet dreidde seg rett og slett om sjåvinisme og nasjonalisme (frå både etniske latviarar og russarar). Valkampen starta lovande. Det tidlegare sentrumvenstre Harmony Centerpartiet la fram ein keynesiansk plan for å bygge opp att økonomien og sameine etniske latviarar og russarar. Men til slutt førte overdrivne påstandar om lenkar til Kreml (som det kunne vere litt i) frå innstrammingspartiet til eit valresultat ein kunne vente seg, delt etter etniske skille i landet som ein gong var okkupert av USSR. Støtte til innstramminga var ikkje ein fordel, men skada Vienotiba. Men etniske skille vann over dette, i eit land der minna frå femti års sovjetokkupasjon framleis er sterke.

Sidan i fjor har det stort sett innstrammingsvennlege parlamentet i Latvia hatt grovt rekna 5 til 15 prosent av befolkninga bak seg. Inga rungande støtte. I parlamentsvala som skal gå føre seg neste veke (se boks),ligg innstrammingspartiet Vienotiba på ein dårleg tredjeplass. Kort sagt har folket i Latvia og framtidsutsiktene blitt sterkt skada av innstrammingspolitikken.

 

Valet 17. september 2011

Rundt 60 % av 1,54 mill møtte fram ved urnene. Størst vart Harmonisk sentrum – sosialdemokratisk plattform iflg Wikipedia og pro-russisk ifølge Aftenposten – med 28,4 % og 31 av 100 plassar i parlamentet, Zatlers reformparti (sentrumsparti) med 20,8 % og 22 plassar, og Vienotiba med 18,8 % og 19 plassar. GD

 

Så mykje for påstanden om at folket støtta politikken. Så kva med Åslunds påstand om at alle kriseramma land kan følge Latvias eksempel? Andre som vil kopiere dette «eksemplet » må:

  1. Ha ei svært lita befolkning som kan sende ein vesentleg del av innbyggarane som emigrantar til Vest-Europa – stadig meir usannsynleg i det innvandrarfiendtlege klimaet i dag. Latvia har i dag mindre enn 2 millionar innbyggarar. Ein nedgang frå nær 2,7 millionar på det høgaste i sovjettida. I 1987 vart det fødd 42 000 barn i Latvia. Etter at innstrammingspolitikken vart innført, vart det fødd bare 18 000 barn i fjor. Slik kan innstrammingspolitikk føre til demografisk eutanasi i små statar.
  2. Ha tilstrekkeleg smitterisiko til at EU, IMF og nabolanda er villige til å gå inn med redningspakker. Latvia «overlevde» krisa bare fordi store redningspakker (lån/gjeld) blei dynga på dei.
  3. Bankane må primært vere eigde av rike utanlandske nasjonar som kan lobbe for at EU, IMF mv skal lage redningspakker, så kriselanda kan sikre at bankane får tilbake pengane sine.
  4. Landet må ha etter måten avpolitiserte innbyggarar som ein arv frå sovjetttida; innbyggarar som frustrerte over protestar utan resultat emigrerer framfor å halde fram med å protestere. Dermed treng verken Frankrike, Hellas eller Wisconsin melde seg her.
  5. Alvorlege etniske skille må dele innbyggarane politisk, og hindre at innstrammingspartiet blir kasta frå regjeringsposisjonen. Jamvel om innstrammingane i Latvia skulle vere attraktive, kor mange nasjonar fyller kriteria over?

Er den latviske vegen politisk gjennomførbar? Ja, men bare under dei ganske demoraliserande tilhøva som er forklart over, og neppe med sosialrealistiske «heroiske » handlingar som Åslund presenterer i boka si. Er Latvia på veg til å komme seg? Bare tida vil vise det, men utgangspunktet ser svært dårleg ut. Demografisk står sjølve landets eksistens på spel. Økonomisk må landet ifølge talsmennene for intern devaluering eksportere seg tilbake til god helse. Men som økonomen Edward Hugh har vist, bare 10 prosent av Latvias økonomi er produksjon, i motsetning til grovt 40 prosent i industrialiserte økonomiar som Tysklands. Den strukturelle underutviklinga som Åslunds politikk har stått for frå starten av (ingen industripolitikk, flat skatt, stol på direkte utanlandske investeringar), har dermed ribba Latvia for den økonomiske basen landet kunne henta seg inn frå.

Det gode nye er at latviarane har byrja å protestere igjen mot oligarkdømmet, og ser etter alternativ til innstramming. Om dei bare kunne få ein sunn økonomisk politikk som reflekterte folkets vilje, så kanskje dei kunne overleve og nå dei måla dei så modig kjempa for i den nasjonale fronten mot Sovjets okkupasjon sist på 1980-tallet.

(Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen. Artikkelen sto i Counterpunch 19. september 2011, og trykkes med deres tillatelse.)