PKK – revolusjonære fornyarar?

Av Erling Folkvord

2016-01 Bokomtaler

Paul White:
The PKK.
Coming down from the mountains
London: Zed Books, 2015, 224 s.

PKK er eit uvanleg parti. Radikale ungdommar var på 1970-talet misnøgde med venstrepartia i Tyrkia. Dei fleste var kurdarar, men tyrkiske ungdomar var og med. Dei stilte og spørsmålet om det fanst ei kurdisk befolkning med sitt eige språk og sin eigen kultur.

Nokre av dei møttest i november 1978 i ein landsby ved Lice, søraust i Tyrkia. Dei oppretta PKK – Partiya Karkerên Kurdistan – Det kurdiske arbeidarpartiet. PKK tok til våpen mot Tyrkia i 1984, men har ikkje hevda at militær siger er muleg. Sia 1993 har PKK gong på gong erklært einsidig våpenkvile for å få i gang forhandlingar om ei politisk løysing. Tyrkia har alltid sagt nei.

Mange forfattarar har skrivi bøker om PKK, og den siste er Paul White med PKK – På veg ned frå fjella. Dette er ei vidareføring av boka han ga ut i 2000: Primitive opprørarar eller revolusjonære fornyarar? Den kurdiske nasjonale rørsla I Tyrkia. Bøkene er ikkje omsett til norsk.

I den nye boka gir White langt på veg eit svar på spørsmålet han stilte i tittelen frå 2000: PKK har etter hans syn endra seg og er i dag revolusjonære fornyarar, mellom anna når det gjeld kvinnefrigjering og framtidig samfunnsorganisering.

White ga ut den første boka året etter at CIA i 1999 kidnappa den daverande PKK-leiaren Abdullah Öcalan. Etter ei menneskejakt over tre verdsdelar henta CIA ut Öcalan frå den greske ambassaden i Kenya. Dei utleverte han til Tyrkia, og der fekk han raskt ein forventa dødsdom. Da White året etter ga ut den første boka, var det enno umuleg å sjå korleis dommen mot Öcalan på sikt ville endre kampen mellom PKK og den tyrkiske staten. Dødsstraffa vart omgjort til fengsel på livstid, etter hard indre strid i den tyrkiske statseliten.

White skriv at han i den nye boka av-slørar det som i den første tida etter 1999 var ei motsetningsfylt utvikling, men som så vart ei entusiastisk tilbakevending til ein ikkje-valdeleg, demokratisk veg framover. Eg synst dette er ei litt merkeleg framstilling av dei første 15 åra etter at Öcalan vart livstidsfange. For det første fordi ikkje-valdeleg organisering av sivilbefolkninga alltid har vori den mest omfattande delen av PKK sitt arbeid. For det andre fordi PKK ikkje ga frå seg våpna etter starten på ein håpefull fredsprosess våren 2013.

«Tida for å la våpnene stilne»

Han skriv at det var enda meir forbløffande at den tyrkiske staten gjekk over til å behandle Öcalan (dealing with him) på grunnlag av PKK sin «demokratiske konføderalisme.» Dette er den samfunnsmodellen PKK hevdar kan bli modell for ein ny type folkestyre både i Kurdistan og resten av Midtausten. Fram til da hadde Tyrkia berre fordømt Öcalan som massemordar.

Fredsprosessen mellom den tyrkiske staten og den kurdiske rørsla kom i gang våren 2013. Det starta med Newroz (kurdisk nyttår) i mars. Den dagen og dei neste to åra vart prega av ein appell frå Abdullah Öcalan der han mellom anna sa:

Denne kampen, som begynte som mitt eget individuelle opprør mot håpløsheten, uvitenheten og slaveriet jeg var født inn i, har prøvd å skape en ny bevissthet, en ny forståelse og en ny ånd. (…) Vi har ofra mye av liva våre for det kurdiske folket, vi betalte en høy pris. Ingen av disse ofrene, ingenting av kampen vi kjempa, var forgjeves. For som en konsekvens av dem har det kurdiske folket fått tilbake sin identitet og sine røtter.

Vi har nå nådd tida for å ‘la våpnene stilne og la ideene og politikken snakke.’

Men Öcalan presiserte samtidig:

Jeg tror alle de som har trodd på denne saka og på meg, er vare for de mulige farene ved prosessen.

Da White avslutta arbeidet med boka, skreiv han at Öcalan «nådelaust har skyvd både sitt eige parti og AKP-regjeringa mot det mest håpefulle fredsinitiativet i heile konflikten i Tyrkia.» (s.103). Men i april 2015 var det slutt og sia da er Öcalan igjen totalt isolert på fengselsøya Imrali. Frå hausten 2015 har det Öcalan kalla «dei mulege farene ved prosessen», eksplodert. Den tyrkiske krigen og terroren mot kurdiske byar og landsbyar hadde ved årsskiftet nådd eit omfang vi ikkje har sett sia 1990-talet.

«Ei feministisk rørsle»

White skriv at PKK tidleg la vekt på at revolusjonen ikkje automatisk vil føre til frigjering av kvinnene. «Med forkastinga av ‘den slaveliknande undertrykkinga av kvinner’ har PKK omdanna seg sjølv til ei feministisk rørsle. Dette har dei oppnådd gjennom å oppmuntre kvinner til å tru på eiga styrke og eigne evner og opprette eigne sjølvstendige organisasjonar på alle nivåa i PKK-rørsla.» Dei som frå slutten av 1970-talet slost mot mannsdominans og kjempa fram ein framtidsretta kvinnepolitikk i den revolusjonære rørsla i Norge, vil kjenne seg igjen. Her er mykje av den same analysen som Kjersti Ericsson, daverande leiar i Arbeidernes Kommunistparti, samanfatta i boka Søstre kamerater/Sisters Comrades. To medlemmar av AKP ga Abdullah Öcalan eit eksemplar da dei besøkte han i 1995.

Paul White samanfattar og opplysningar om Den djupe staten, om Ergenekon-prosessen og islamist-rørsla rundt Fetullah Gülen. Boka gir nyttig informasjon om Kurdistan og Tyrkia som ikkje finst på norsk. Kort sagt: Boka er verd å lese.

Erling Folkvord