Svolt

Av Olav Randen

Nr 2 2009

Det er vanskeleg for oss i det rike Nord å førestelle oss kva svolt eigentleg inneber. For det er så fjernt.

 

Sjølv om tal frå FN-organisasjonen for mat og landbruk, FAO, viser at 963 millionar av verdas innbyggjarar levde under sveltegrensa i 2008, finn vi få reportasjar, få intervju om og få skjønlitterære skildringar frå vår tid av svolt.

 

Vi finn i vårt land knapt nok offentlege utgreiingar frå seinare år, forskingsprosjekt, programerklæringar frå politiske parti eller kommentarar frå politikarar.

 

 
Olav Randen er geitebonde og driver forlaget Boksmia.
 

Om svolten i det heile har ei stemme, er det altså ei kviskring meir enn ei roping. Endå han altså rammar 963 millionar menneske, kvar sjuande av våre medmenneske. Eller truleg endå fleire. Vi kjem attende til at FAO-tala heller er for låge enn for høge. Svolt er meir enn smerter i kroppen.

 

Svolt er spedbarn som græt døgna gjennom. Det er drøymande barn framfor butikk- og restaurantvindauge. Svolt er barn og vaksne i kamp seg imellom og med rotter og rovfuglar om matrestar på søppeldynger. Svolt er stadige konfliktar i familie og samfunn om fordeling av maten. Svolt er dei vanskelegaste av alle val: Skal familien gi mat til dei medlemmene som treng han mest, eller til dei som har størst sjanse til å overleve? Skal den gravide mora prioritere sine små barn eller seg sjølv og fosteret ho har i magen? Skal åtteåringen sendast på skole for å lære å lese og skrive eller ut i byen som skopussar eller fabrikkarbeidar for å skaffe mat til dei mindre ungane? Skal ungjenta sendast heimanfrå på arbeid eller kanskje i prostitusjon for at familien skal få pengar til mat? Skal ho giftast bort tidlegast råd for at huslyden skal få ein munn mindre å mette?

 

Svolt er uvisse om framtida. Det er barn som har fått hemma vekst, brote ned motstandskraft og livsenergi på grunn av for lite og einsidig kost, som risikerer å bli blinde på grunn av A-vitaminmangel, fysisk veikare og få svekka immunforsvar. I Sør-Asia var 46 prosent av barna under 5 år undervektige i 2006, i Afrika sør for Sahara 28 prosent, rapporterer FN.(1)

 

Svolt er folk på vandring, folk som må forlate sine og den staden og det landet der dei helst vil bu, i ei fortvila von om ei betre framtid andre stader. FN seier såleis at den mest effektive metoden for å stoppe spreiinga av aids, er å gi innbyggjarane i utsette land mattryggleik.

 

Svolt pressar folk til desperate handlingar. Eit døme er dei mange tusen nordafrikanarane som kryssar Middelhavet til Europa, pressa saman i opne båtar, i ei fortvila von om å byggje seg ei ny framtid på andre sida av havet. Røde Kors anslår at 2000 afrikanske flyktningar årleg druknar i Middelhavet.(2) Ei av kjeldene deira er rapportar frå italienske og spanske fiskarar om lik i garna.

 

Hungerfella

 

Forskarar bruker uttrykket the hunger trap, hungerfella. Dei som er svekka av svolt, er i ein vond sirkel av svolt og fattigdom og meir svolt og meir fattigdom. Det blir gjerne sagt at dei fattige har berre si arbeidskraft å leve av. Men den permanent svoltne har knapt nok det. Det blir ofte oppfatta som latskap eller motvilje mot arbeid, men er i realiteten annleis. Når svolt har vore ein livslang tilstand, som har hemma vekstevna, svekka immunforsvaret og gjort den som er ramma, meir sårbar for sjukdommar, har det også ramma arbeidsevne og energi.

 

Svekka fysisk tilstand er vanlegvis synleg, aller mest på kroppslengda. Undersøkingar frå mange land syner at personar som ser små og forkomne ut, har større vanskar med å få arbeid, og at om dei får arbeid, er produktiviteten lågare. Anten dei er i lønnseller akkordarbeid blir difor utbyttet ofte lågt.(3)

 

Det gjeld kroppsarbeid, men er det annleis med kontorarbeid og liknande oppgåver? Ofte har den som er plaga av kronisk svolt, heller ikkje fått skolegang. Eller om han eller ho var på skolen, var dei ikkje i stand til å konsentrere seg og dra full nytte av undervisninga. Og svekka fysikk gjer at problema varar ved i vaksen alder.

 

Når mattilgangen er usikker, krevst ekstra innsats av familiemedlemene for å få endane til å møtast. Særleg gjeld dette kvinnene. Undersøkingar blant fattige landarbeidarar og jordlause i Nepal til dømes viser at kvinnene bruker åtte til ti timar dagleg for å samle brensel, dyrefôr, gras og vatn og for å lage mat.(4) All deira tid går med, og dei blir utan høve til å delta i arbeidsliv eller utdanning. Det gjeld også barna. Nauda tvingar foreldra til å setje dei til pass av mindre barn, gjeting av dyr og andre arbeidsoppgåver framfor skolegang.

 

Når barnemora er underernært, blir barnet vanlegvis også underernært. Barna har låg fødselsvekt, dei får lite av den morsmjølka som gjer at små menneske byggjer opp eit immunforsvar mot mange sjukdommar, og dei får ofte veksthemmingar og svekka mental utvikling. Ei underernært mor betyr ikkje berre eit underernært barn, men også svært ofte eit sjukt barn.

 

I Etiopia har mange førstegongsfødande kvinner døydd dei siste åra. Éi av forklaringane er at dei sjølve vart fødde under den dramatiske svoltperioden i siste halvdel av 1980-talet. Matmangelen på den tida gjorde at gravide mødrer og difor fostera ikkje fekk nok mat. Når dei no har vorte tenåringar eller vaksne, kan dei bli gravide, men har for tronge bekken til at dei er i stand til å føde barn.(5)

 

I den grundige publikasjonen Hunger and Health, utgitt av World Food Programme i 2007, blir kvinners underernæring, særleg i land som India og Bangladesh, skildra som ein vond sirkel:

Det startar når jentebarnet blir fødd, undervektig og underernært. Ho får mindre brystmjølk og mindre næringsrik mat enn broren. Ho får ofte ikkje tilgang til helsevern og utdanning. Ho blir tvinga til å arbeide som barn. Arbeidsbøra aukar etter kvart som ho blir eldre, endåtil når ho blir gravid. Ho blir gifta bort og gravid som ungjente, ofte som tenåring. Ho er undervektig og feilernært når ho føder sine barn, som også blir fødde undervektige og feilernærte. Og slik held det fram.»(6)

 

Vegane ut av uføret

 

I det landet eller det området som er råka av svolt, er altså truleg ein stor del av menneska ute av stand til å fungere i vanleg arbeidsliv og til å skaffe seg utdanning. Samtidig vil ein større del av innbyggjarane enn i samfunn flest belaste helse- og sosialvesen, ofte også arbeidet mot kriminalitet, og levealderen vil vere stuttare. Vegen ut av svolt er tung og krevjande for ein familie, for eit samfunn og for eit land.

 

Fordi underernæring først og fremst råkar dei sosialt lågaste i samfunnet, er det også vanlegvis slik at tiltak som fremjar økonomisk vekst og utvikling, i liten grad når fram til desse. Eit land kan oppleve økonomisk vekst samtidig med at svoltproblemet tiltek, slik situasjonen har vore i mange sørasiatiske land det siste tiåret. Dersom svolten skal utryddast, trengst målretta og langsiktige tiltak for å hjelpe dei som er ramma.

 

Men det er også slik at om eit land eller ein region lykkast i å kome seg ut av hungersituasjonen, vil dei kunne oppnå høgare produksjon, deira innbyggjarar vil få lengre arbeidsliv, og dei vil få mindre sjukdommar og mindre helseproblem og difor kunne bruke helsestellet til betre behandling av færre pasientar. Det store framsteget i menneskas kamp for overleving dei siste tiåra er Kinas veg frå fattig og svoltherja land og til eit relativt velståande land. Svolten er langt ifrå utrydda i Kina, men han er vesentleg redusert, frå 194 millionar i 1990–92 og til 150 millionar i 2001–2003.(7) Talet på undervektige barn i landet er halvert mellom 1990 og 2006.(8)

 

FAO, FNs organisasjon for mat og landbruk, har rekna ut at halvering av svolten i verda vil koste verdssamfunnet 24 milliardar dollar i året, og at verda samtidig ville spare 120 milliardar dollar årleg på det, fem gonger så mykje.

 

Kronisk under- eller feilernæring gjeld altså minst ein av sju av oss. Og det gjeld barn og unge meir enn vaksne. Dødsårsaker er samansette, og det blir operert med noko ulike tal. Årleg døyr nesten 10 millionar barn under fem år. Den utløysande dødsårsaka kan vere diaré, meslingar, lungesjukdommar eller malaria. Men bak ligg ofte svolten, som har svekka dei små kroppane og immunsystema deira. Verdas matprogram i regi av FN (WFP) seier at vel halvparten av dødsfalla, 53 prosent, kjem av svolt. Hadde dei fått tilstrekkeleg, stabil og sunn næring, hadde desse fem millionane unge kunne vorte berga. Fem millionar i året er nesten 14 000 om dagen.(9)

 
Dødsårsaker blant barn under 5 år i verda. (10)

Andre 9 %
Diaré 17 %
Lungebetennelse 19 %
Fødselssjukdommar 37 %
HIV/aids 3 %
Skadar/ ulykker 3 %
Meslingar 4 %
Malaria 8 %
Dødsårsaker knytte til underernæring 53 %

 

Det er ein del uvisse rundt desse tala, blant anna avhengig av korleis forholdet mellom utløysande dødsårsak og grunnleggjande årsaker blir vurdert. Redd Barna til dømes bruker talet 3,5 millionar barn under 5 år som døyr årleg.(11)

 

På mange vis har menneska fått det betre dei siste tiåra. Ein stadig større del av oss har lært å lese og skrive, mange sjukdommar er nedkjempa og gjennomsnittleg livslengd har auka. Også svolten gjekk attende i ein periode. Men det siste tiåret har talet på underernærte auka att, og i 2007–2008 har svolten auka mykje, blant anna fordi prisen på matvarer har stige. Det blir dyrare å kjøpe mat, og rike land som gir mathjelp, får mindre mat for hjelpebudsjetta sine. Ved sida av global oppvarming er massesvolten det største problemet kloden står overfor. Men det er ein viktig skilnad mellom dei to problema. Det er svært vanskeleg å stogge den globale oppvarminga, særleg fordi enorme utslepp alt har funne stad. Svolten er enklare å nedkjempe. Vi har ressursar for å fø alle verdas innbyggjarar. Oppgåva er å mobilisere den klokskapen og handlekrafta som må til.

 

Om det skjer, vil det gi verda nytt håp og engasjement for å løyse andre oppgåver, og då aller mest klimaproblema.

 

«Så å seie ikkje noko framsteg har vorte gjort i arbeidet med å redusere svolten, trass i tilrådingane frå regjeringane ved Verdas matkonferanse i 1996 og på nytt med Tusenårsmåla i 2000. Framleis døyr meir enn 6 millionar barn årleg innan dei fyller fem år, på grunn av svolt og svoltrelaterte sjukdommar.»

FN/FAO om matkrisa

«Framleis er vi overtydde om at kapplaupet
mot svolten kan vinnast, men berre om dei
nødvendige ressursane blir brukte og om
politisk vilje og – klarsyn ligg i botnen. Vi deler fullt ut den mest sentrale konklusjonen til FNs tusenårsprosjekt mot svolt: Det er mogeleg.»
FAO: The State of Food Insecurity in the World 2006, forordet

«Så å seie ikkje noko framsteg har vorte
gjort i arbeidet med å redusere svolten, trass i tilrådingane frå regjeringane ved Verdas matkonferanse i 1996 og på nytt med Tusenårsmåla i 2000. Framleis døyr meir enn 6 millionar barn årleg innan dei fyller fem år, på grunn av svolt og svoltrelaterte sjukdommar.»
Rapport frå FNs spesialrapportør Jean Ziegler til generalforsamlinga, 27.8.2007.

«Ingenting er meir nedverdigande enn svolt,
spesielt når det er menneskeskapt. Det fører til sinne, sosial oppløysing, dårleg helse og økonomisk nedgang.»
FNs generalsekretær Ban Ki-moon i opningsinnlegg på FAO-toppmøtet om mattryggleik, Roma 2008.

«Oppgåva å redusere talet på svoltne med 500 millionar i løpet av dei sju åra som er att til 2015 vil krevje enorme og resolutte globale tiltak og konkrete handlingar.»
FAO: The State of Food Inscurity in the World 2008, forordet.

 

Rapport frå FNs spesialrapportør Jean Ziegler til generalforsamlinga, 27.8.2007. «Ingenting er meir nedverdigande enn svolt, spesielt når det er menneskeskapt. Det fører til sinne, sosial oppløysing, dårleg helse og økonomisk nedgang.»

 

FNs generalsekretær Ban Ki-moon i opningsinnlegg på FAO-toppmøtet om mattryggleik, Roma 2008.

«Oppgåva å redusere talet på svoltne med 500 millionar i løpet av dei sju åra som er att til 2015 vil krevje enorme og resolutte globale tiltak og konkrete handlingar.» (FAO: The State of Food Inscurity in the World 2008, forordet.)

 

Målsetjinga som fjernar seg

 

Verdas matkonferanse i Roma i 1974 vedtok at regjeringane og verdssamfunnet skulle ha som mål å utrydde svolt og feilernæring i løpet av 10 år.(13) Slik gjekk det ikkje. Talet på under- og feilernærte i utviklingsland gjekk ned frå 918 millionar i 1969/71 og til 823 millionar i 1990–92.

 

Verdas matkonferanse i Roma i 1996 vedtok eit veikare mål og eit mål med ein lengre tidshorisont, å halvere talet på underog feilernærte frå 1990-nivået og til 2015, altså frå 842 millionar menneske til 421 millionar. Det første tiåret etterpå minka talet på underernærte med 3 millionar.

«Vi vil ikke spare noen anstrengelser for å befri våre medmennesker – menn, kvinner og barn – fra den ekstreme fattigdommens uverdige og umenneskelige forhold, som mer enn en milliard mennesker nå er rammet av.»

 

Sitatet er frå slutterklæringa frå millenniumstoppmøtet i New York 6.–8. september 2000, signert av verdas politiske leiarar. Trass den handlingsviljen desse orda syner, var den målsetjinga dei vedtok for kampen mot svolt, veikare enn begge dei føregåande:

«Vi beslutter innen år 2015 å halvere den andel av verdens befolkning som har en inntekt mindre enn 1 dollar per dag og den andel mennesker som lider av sult, og, til samme dato, halvere den andel som ikke har tilgang til eller ikke har råd til rent drikkevann.»(14)

Tabell 1. Kronisk underernærte verda (millionar) i ulike år.(12)

 

1969-71

1979-81

1990-92

1998-00

2001-03

2003-05

2007

2008

I utviklingsland

918

905

823

799

820

832

907

 

% i utviklingsland

37

28

20

17

17

16

17

 

 I alt

 

 

 842

840

854

848

923

963

Ei halvering av talet på svoltne ut frå 1990–92- tala ville altså innebere ein nedgang på 421 millionar. Andelen kronisk underernærte utgjorde i 1990 16 prosent. Om andelen skal halverast innan 2015 og vi då har eit folketal på 7,3 milliardar, vil målet vere nådd sjølv om 8 prosent av desse, nesten 600 millionar, framleis lever under sveltegrensa. Såleis innebar tusenårsmålet aksept for 150–200 millionar fleire underernærte enn målsetjinga frå matkonferansen i 1996.

 

Så langt tyder det meste på at heller ikkje tusenårsmålet blir nådd. Tvert om aukar talet på underernærte. Den siste tida har også andelen underernærte auka. 963 millionar utgjer meir enn 14 prosent av verdas innbyggjarar, mot 13 prosent i 2003–2005.

 

Om tusenårsmålet skal realiserast, må talet på underernærte reduserast med 60 millionar i året i perioden 2009–2015. Svolten i verda må ned i eit tempo som manglar historiske sidestykke.

 

Er tala rette?

 

Det er vanskeleg på grensa til det umoglege å utarbeide nøyaktig talmateriale om mattilgang og svolt. Det beste tilgjengelege materialet er frå FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO. Det følgjande er ein svært nedkorta presentasjon av metodologien dei legg til grunn.(15)

 

Talmaterialet om mattilgang/matmangel byggjer på vurdering av

  1. samla matproduksjon i eit land eller eit område, handel inn i og ut av landet eller området og tilgjengeleg, lagra mat, alt målt i kaloriar,
  2. vurdering av kaloribehovet for innbyggjarane, ut frå korleis dei fordeler seg i aldersgrupper og kjønn,
  3. kunnskapar om korleis matforbruket fordeler seg.

FAO innarbeider altså informasjon om variasjon i kosthald og om kjønns- og aldersfordeling i eit samfunn. Grensa for svolt varierer difor mellom 1600 og 2000 kaloriar om dagen. Mange meiner dette er for lågt. Til dømes har landbruksdepartementet i USA lagt til grunn 2100 kaloriar per person om dagen i sine analysar.(16)

 

Éin veikskap ved metoden er at kaloriar ikkje er eit tilstrekkeleg mål for næringsstoff. Ein person kan få i seg eit høgt nok tal kaloriar, men likevel mangle ulike typar næringsstoff som er nødvendige for vekst eller vedlikehald. Det skriv vi meir om i neste delkapittel. Ein annan veikskap ved metoden er at tilgangen på mat kan variere i løpet av eit år. Vi kan ta som døme ein asiatisk landsbygdfamilie med ris som dominerande kostgrunnlag og normalt tilstrekkelege mengder. Men eitt år kjem regntida seinare enn normalt, neste risavling blir utsett i tre veker, og familien opplever ein periode med dramatisk svolt.

 

For å innarbeide opplysningar om dette blir talmaterialet supplert med materiale om ernæring og ernæringsstatus, særleg for folk i vekst. Opplysningar om vekt, høgd og alder til barn og unge gir viktig informasjon om dei har fått nok og allsidig kost.

 

Ein tredje analysemetode er å sjå på personars og hushalds inntekter. Det vanleg brukte målet har vore kjøpeevne som er mindre enn 1 og 2 dollar per dag. Verdsbanken samlar inn materiale om dette for utviklingsland. I 2008 er reknegrunn-laget noko revidert, og 1,25 dollar blir brukt som grensa for ekstrem fattigdom, 2,50 dollar for fattigdom. Dette dreiar seg om kjøpekraftvegne dollar (purchasing power parity, PPP-dollar), den penge-mengda som må til for å kjøpe ei viss mengd varer og tenester. Mange ekspertar meiner utrekningsmåten ikkje viser det fulle omfanget av fattigdommen. I alle fall er det god grunn til å sjå det slik at dei som har ei inntekt på under 1,25 dollar, vanlegvis lir av svolt eller feilernæring, og at dei som har ei inntekt på under 2,50 dollar, har usikker mattilgang.

Tabell 2. Talet på fattige i millionar, personar med kjøpekraft under 1,25 og under 2,5 dollar.(17)

 

1981

1984

1987

1990

1993

1996

1999

2002

2005

 – 1,25 dollar

1896

1808

1720

1813

1795

1656

1696

1603

1377

 Utanom Kina

1061

1088

1134

1130

1162

1213

1250

1240

1169

 – 2,50 dollar

2732

2859

2945

3071

3177

3232

3317

3270

3085

 

 

Tabellen viser at talet på ekstremt fattige har gått ned gjennom perioden, av den eine grunnen at Kina har gjort store sprang framover. Talet på ekstremt fattige utanfor Kina har gått opp. Det same har talet på fattige.

 

Ein fjerde analysemetode er å samle inn opplysningar om folks oppfatningar av eigen og hushaldets svolt og utryggleik når det gjeld mat. Då styresmaktene i USA midt på 1990-talet spurde innbyggjarane: «Har du eller andre vaksne i hushaldet gått utan mat ein heil dag fordi du/de ikkje hadde nok pengar til mat?» fekk dei det oppsiktsvekkjande svaret at heile 4,2 millionar hushald leid av matmangel iallfall delar av året. Desse opplysningane førde til auka fokus på matmangel i industrialiserte land.

 

I det følgjande vel vi å leggje FAO-tala til grunn. Desse tala er altså usikre som absolutte tal og mest truleg for låge, men fordi innsamlinga av data skjer etter same metode for kvar treårsperiode, gir dei ein svært god peikepinn for utviklinga over tid.

 

Skjult svolt

 

Uttrykket skjult svolt, hidden hunger, blir brukt om mangel på vitamin og mineral. Vitamin og mineral trengst i små mengder, men dei er likevel avgjerande for helse og vekst. Dei vanlegaste næringsstoffa folk manglar, er A-vitamin, jern, sink, jod og folsyre. I alt rammar skjult svolt minst to milliardar menneske.(18)

 

A-vitamin i tilstrekkelege mengder er avgjerande for immunsystemet. Minst 100 millionar barn under fem år lir av mangel på A-vitamin. Alvorleg mangel kan føre til blindheit og at barn oftare døyr av sjukdommar som meslingar, diare og lungebetennelse. Meslingar kan vere livsfarleg for barn som manglar A-vitamin, men er ufarleg for sunne barn.

 

Jernmangel rammar først og fremst spedbarn, barn i rask vekst og gravide kvinner. Jernmangel resulterer i få raude blodlekamar og difor blodmangel. Det fører til låge fødselsvekter, til sein utvikling av tale og motorikk, til redusert lærekapasitet og auka fare for lungesjukdommar.

 

Den beste sikringa mot mangel på vitamin og mineral er sjølvsagt eit variert og næringsrikt kosthald. Men det finst også ei kriseløysing, tilgang på mange mikronæringsstoff kan sikrast på enkelt og billig vis. Eit døme er tilsetjing av jern og jod i salt. Tilsetjing av tilstrekkelege mengder av desse stoffa i saltet utgjer ein årleg kostnad på rundt ei krone per person. Jernmangel åleine er årsak til meir enn 800 000 dødsfall årleg.(19)

 

Vårt ansvar og våre interesser

 

Det handlar altså om sjudelen av verdas innbyggjarar, og om ein nesten usynleg sjudel. Legg vi anna talmateriale til grunn, kjem vi til at det handlar om endå fleire. Men det handlar samtidig om oss i den rike delen av verda. Om samvit og ansvar for medmenneske, men også om at i ei stadig meir globalisert verd blir dei sveltande meir og meir eit problem for heile kloden. I land etter land høyrer vi at fattige og sveltande protesterer, gjer opprør og krev ei anna fordeling av maten. Og at dei krev å få flytte til land og område med tilgang på mat. Den samanbindinga av kloden som skjer gjennom varehandel, reising og media, gjer at dei som har vore nesten usynlege, vil bli meir og meir synlege i åra som kjem.

Svolt farlegare enn Taliban

Svolten utgjer eit større trugsmål mot gjenoppbygginga av Afghanistan enn det opprøret gjer, skriv feltleiar Paul Smyth ved den kjende britiske tankesmia Royal United Services Institute, som arbeider mest med forsvarsspørsmål. Vinteren 2007–08 var streng, og rundt 1500 afghanarar svalt i hel. Så kom eit veikt vårregn, sommartørke, problem med landbruksvatning, små avlingar, stigande globale matprisar og restriksjonar på kornimport frå grannelanda. Medan verdas auge er retta mot terroristisk vald, lir truleg 8,4 millionar afghanarar, tredjeparten av innbyggjarane, av kronisk og varig svolt. Mange av dei vil søkje hjelp frå FN-styrkane, den nato-leidde ISAFstyrken og eiga regjering for å overleve. Om det internasjonale samfunnet ikkje hjelper, kan vi vente at frustrasjon og sinne vil auke i dei gruppene i folket som såg på den internasjonale intervensjonen i Afghanistan som ein postiv ting, skriv han.(20)

 

Dei siste åra har internasjonal merksemd i aukande grad vorte retta mot land som på engelsk blir kalla failed states, på norsk mislykka eller havarerte statar. Med det meinest land der styresmaktene ikkje sikrar innbyggjarane grunnleggjande tenester som mat, utdanning og helsestell og difor også mister legitimitet. Dei USA-baserte Fund for Peace og Carnegie Endowment for International Peace utarbeider årlege oversyn over mislykka statar. Høgast på 2006-lista stod Sudan, Irak og Somalia. Noko lenger nede på lista kom Afghanistan, Pakistan, Nigeria og Etiopia.

 

Bak fokuset på mislykka statar ligg ei erkjenning av at dei er eit problem for heile verdssamfunnet. Vi kan ta arbeidet for å utrydde sjukdommar som døme. Etter verdsomfattande vaksinering kunne Verdas helseorganisasjon WHO i 1979 kunngjere at koppar var utrydda frå kloden. I 1998 lanserte det internasjonale samfunnet eit tilsvarande arbeid for å utrydde poliomyelitt. Det har lykkast i dei fleste land, men ikkje i Afghanistan, India, Nigeria og Pakistan, der sjukdommen framleis er endemisk. Derifrå kan smitten spreie seg på nytt til andre land. Med mislykka statar er sjansen for ei poliofri verd redusert, for styresmaktene der er ikkje i stand til og har ikkje legitimitet til å gjennomføre eit vaksinasjonsprogram. Av same grunn er sjansen redusert for å bli kvitt sjukdommar som hiv/aids og SARS og dyresjukdommar som fugleinfluensa (som også kan ramme menneske) kugalskap og munn- og klauvsjuke. Eller for å få eit internasjonalt vern av sårbare planter og dyr. Slik er det i heile verdssamfunnets interesse at svolten og dei andre problema i mislykka statar blir nedkjempa, slik at dei mislykka statane kan gå over til å bli fungerande statar.

 

Eit spørsmål til bør nemnast, sjølv om det går ut over temaet i dette heftet: Kva gjer det med oss i det rike og trygge Vesten at sjudelen av våre medmenneske lever under sveltegrensa? At 10 000 eller kanskje 15 000 barn under fem år døyr av svolt og svoltrelaterte sjukdommar kvar einaste dag? At vi i vår del av verda veit at kloden har ressursar, kunnskapar og teknologi som gjer oss i stand til å gjere noko med det, men at vi – eller iallfall våre politiske leiarar – prioriterer eigen velstand, luksus eller konkurranseevne framfor at andre skal overleve? At lovnader frå vår del av verda om å redusere eller løyse problema, gitt på matkonferansar og internasjonale fellesmøte gong på gong, med sjeldne unntak ikkje blir følgde opp slik offentlege vedtak vanlegvis blir følgde, med handlingsplanar, delmål og evalueringar?

 

Dei er i staden uforpliktande lovnader, gløymde av styresmakter i dei fleste land så snart statsleiarane kjem heim att frå dei internasjonale konferansane. Dei er, må ein tru, utforma for å tilfredsstille augneblinkens stemningsbølgje, ikkje for at dei skal få konsekvensar. Kva følgjer får dette for vår tenking, vårt syn på medmenneske og menneskeverd? Og kva følgjer får det for dei andre, dei under og nær sveltegrensa, sitt syn på oss?

 

(Dette er begynnelsen på Olav Randens artikkel i et nytt hefte fra Utviklingsfondet: En verden uten sult. En milliard mangler mat, hvordan kan vi avskaffe sulten? Artikkelen trykkes med tillatelse fra Utviklingsfondet og forfatteren.)

Noter:

  1. United Nations: The Millennium Development Goals Report 2008.
  2. Røde Kors norske nettsider: Anne-Merethe Pedersen: Vil hjelpe irregulære migranter. 20.5.07
  3. Ei klassisk undersøking er Satyanarayana, K. et al: Body size and work output. Amercan Journal of Clinical Nutrition 1977. Fleire referansar i The World Food Programme: World Hunger Series 2007: Hunger and health.
  4. Kumar, S.K.: Consequences of deforestation for women´s time allocation, agricultural production and nutrition in hill areas of Nepal. International Food Policy Research Institute, Washington D.C. 1988.
  5. Munnleg opplysning frå FN-arbeidarar ved FNs befolkningsdivisjon i Etiopia.
  6. The World Food Programme: World Hunger Series 2007: Hunger and Health.
  7. FAO: The State of Food Insecurity in the World 2006.
  8. United Nations: The Millennium Development Goals Report 2008.
  9. The World Food Programme: World Hunger Series 2007: Hunger and Health
  10. The World Food Programme: World Hunger Series 2007: Hunger and Health, basert på Bryce, J. og fleire, WHO Child Health Epidemiology Reference Group.
  11. Sjå til dømes The Child Development Index: Save the Children UK 2008.
  12. FAO: The State of Food and Agriculture 1996; FAO: The State on Food Insecurity in the World 2006; FAO: The State of Food Insecurity in the World 2008; FAO: Hunger on the rise. Pressemelding 18.9.2008; World Population Prospects: Thje 2006 Revision, Population Database.
  13. «Mot sult»-kampanjen (NORAD) . Norsk ernæring og matforsyning i globalt perspektiv. Udatert, truleg 1977.
  14. FN-sambandets nettsider: Tusenårsmålene. Norsk omsetjing, besøkt november 2008.
  15. Metoden er skildra i detalj i The Sixth World Food Survey, FAO 1996. Ei god fagleg vurdering av metodar for måling av svolt og feilernæring finst i John B. Mason: Measuring hunger and malnutrition, www.fao-org/docrep/005/y4249e0d.htm.
  16. Rosen, S., S. Shapouri, K. Quanbeck og B. Meade: 2008 Food Security Assessment. United States Department of Agriculture.
  17. Chen, Chaohua og Martin Ravallion. Policy Research Working Paper 4703. The World Bank, Development Research Group, august 2008.
  18. UNICEFs heimesider: Micronutrients – Iodine, Iron and Vitamin A; The World Food Programme: World Hunger Series 2007: Hunger and Health.
  19. The World Food Programme: World Hunger Series 2007: Hunger and Health.
  20. Paul Smyth: Afghanistan – Preventing an Approaching Crisis. Royal United Services Institute briefing note 31.10.08.
 

 

<br />