Kapitalisme på hell?

Av Olav Randen

2011-03

Sammenbruddet heiter boka til Pål Steigan. Det er ei bok om verda og framtida, ikkje mindre. Hovudtesen hans er at dagens kapitalistiske samfunn er nær ved å bryte saman og neppe vil overleve dette hundreåret. Difor trengst kommunisme i staden.
For lesarar av Rødt! er dette kjende tankar frå Steigan, men i boka utdjupar han dei.

Olav Randen er geitebonde og driv forlaget Boksmia.

Del 1 i boka Sammenbruddet (Spartacus, 2011) handlar om dei økonomiske krisene som har vore og den krisa som byrja i 2007, og som no veks seg sterkare og sterkare. Med EU-land og USA som dei fremste døma hevdar han at den vestlege kapitalismen er i ferd med å bryte saman av uløyselege indre problem, grådigheit og vanstyre. Ein liten overklasse får tak i stadig meir av verdiane, og dei nede i samfunnet får det tyngre. Når dette samtidig er ei klimakrise og ei energikrise, kan følgjene bli dramatiske.

Del 2 tek for seg Kina. Det går betre for Kina enn for Europa og USA, fordi Kina utbyttar sine arbeidarar endå meir omsynslaust enn desse. Difor er Kina i ferd med å bli verdas nye supermakt, medan USA kan kome til å dette saman og nærast få ein tredje verda-status.

Del 3 handlar om miljøkrisa, der Steigan tek opp sju tema: at kloden blir varmare, at toppunktet i oljeutvinninga er passert, at det biologiske mangfaldet blir redusert, at det blir brukt for mykje nitrogen og fosfor samtidig med at fosfor er i ferd med å bli mangelvare, at mange har for lite vatn og fleire snart vil få det, at matjord blir utarma og borte og at livet i hava blir øydelagt.

Del 4 er ei oppsummering så langt. Essensen er at det går til helvete, fordi dei få sine eigeninteresser ligg til grunn for samfunnsstyringa og forståing for fellesskapet og for grenser og sårbarheit i naturen manglar. Den innsikta i naturens funksjonsmåtar som Marx hadde, finst ikkje i dagens kapitalisme.

Del 5 er Steigans svar, kommunisme. Med dataprogram som inspirasjon for inndelinga (eller Lester R. Browns Plan B-bøker) skriv han om kommunisme 1.0 (fellesskapet blant dei første kristne, kvar vart det av urkommunismen Engels skriv om?) fram til hans eigen draum, kommunisme 5.0. Kommunisme 5.0 handlar om eit verdssamfunn basert på likskap, mangfald og vilje til å dele knappe ressursar til alles beste. Kommunisme 5.0 er open kjeldekode der alle har høve til å lage sine versjonar, skriv han med referanse til dataverda.

Det meste av materialet er henta frå tilgjengeleg, akseptert forsking og offentlege utgreiingar, slik at det er samanhengar og konklusjonar som er Steigans eigne. Oftast oppgir han kjelder, men slett ikkje alltid. Når han skriv i innleiinga (side 13) at han berre har brukt kjelder som kan kontrollerast, er det difor ikkje sant.

Steigan er ein dyktig pedagog. På sitt beste greier han å drøfte omfattande spørsmål i eit enkelt språk og med nøkternt presenterte eksempel som byggjer opp under konklusjonane. Enkeltdelar, som om peak oil, ordninga med klimakvotar og Kinas framgang, er framifrå framstillingar.

Litt for ofte er skrivinga skjemd av sleivspark. «Det er klart at de korrupte greske politikerne har kjørt landet (Hellas) på dunken.» Det er ei forklaring mange norske lesarar truleg vil sluke, for forakta for sørlege, europeiske land er stor her. Det er heller ikkje anna å vente enn at dei vel og godtek korrupte politikarar, etter alt me har lese og høyrt om at grekarar drikk altfor mykje ouzo og jobbar altfor lite, går av med pensjon i livets middagshøgd og i det heile er tvilsame individ. I staden bør me, til dess noko anna eventuelt blir dokumentert, gå ut frå at korrupsjonsomfanget blant greske politikarar er om lag som blant politikarar i til dømes Norge, og at den økonomiske krisa landet no er i, har djupareliggjande årsaker. Eit anna døme er når han skriv at Al Gore har ein moralistisk innfallsvinkel til den økologiske krisa når han seier at «vi bidrar alle til klimaendringene gjennom de daglige valgene vi gjør». Det er ikkje rart arbeidsfolk blir forbanna over slike peikefingrar, skriv Steigan. Men Al Gore har rett, både liten og stor i vår del av verda gjer val med negative miljøkonsekvensar, om i liten og stor målestokk, og både liten og stor må gjere andre val om kloden skal kome i greie att.

Kome lenger ut i lesinga finn eg formuleringar som tyder på at Steigan også ser det slik. Til dømes: «…. du ville få store problemer som politiker i Norge hvis du seriøst gikk inn for at norsk forbruk skulle ned på et nivå som ville være bærekraftig i det lange løp. Men det er slike politikere vi trenger.»

Steigan mot Steigan altså. La meg likevel bruke eit avsnitt til på spørsmålet om Al Gore og arbeidsfolk, for det handlar om ein tendens i boka som av og til stikk fram, ei lefling med norske eller vestlege arbeidsfolk. Om me skal løyse miljøproblema, må me seie både at Røkkes hyttepalass og flyplass i Oppdal utgjer enorme og unødvendige klimautslepp og at arbeidsfolk må bruke meir sykkel og mindre bil, at mange må finne seg til rette med ei mindre buflate og sløyfe flyturen til fotballkamp i Liverpool. Liksom dei fleste av oss er i stand til å vurdere miljøargument same om dei kjem frå ein erklært kommunist som Steigan eller ein riking som Al Gore, er me i stand til å skjøne og ta konsekvensen av at også me vanlege folk i vårt hjørne av verda set for store økologiske fotavtrykk.

Ein større veikskap enn denne er at tredje verda-perspektivet langt på veg manglar. Ikkje heilt ut, men langt på veg. Minst like naturleg som kapitlet om Kina ville det vere med eit kapittel om dei landa som er ovanpå og dei som er under, om forholda for dei milliardane av oss som lever på eksistensminimum, om internasjonale reglar og ordningar som hjelper dei med makt til å behalde og styrkje makta si, om Pengefondet og Verdsbanken og WTO og ASEAN og NAFTA og EU/EØS og om den økologiske gjelda den første verda står i til fattige land. Det hadde også vore eit grunnlag for konstruktiv tenking om opprør og endring, det er i den tredje verda langt meir enn i vårt land at ny politikk blir utvikla og at endringane i fornuftig retning no kjem. Og med eit slikt kapittel hadde han fått fram det som no druknar, at det ikkje berre er Kina, men mange asiatiske og afrikanske land som avanserer i verdas økonomiske divisjonar.

Det finst, som Steigan skriv, innsiktsfulle refleksjonar om miljø hos Marx. Det finn me også til dømes i Arbeidarpartiets program og i Stoltenbergs nyttårstalar. Men i alle desse tilfella har dei karakter av strøtankar meir enn heilskapleg tenking. Når det gjeld Marx, er det ikkje anna å vente. Han levde og skreiv i ei tid med 1,5 milliardar menneske, no er me 7 milliardar, ei tid då forureininga var lokal og avgrensa og då verda syntest uendeleg stor med ledig dyrkingsjord, hav med fisk, skogar med vilt og eit stort og langt på veg ukjent planteog dyremangfald. Det Steigan formulerer slik: «Da menneskerettighetserklæringen ble skapt , kunne man ikke ane at det finnes grenser for hvor stort menneskehetens økologiske fotavtrykk kan være,» er ikkje korrekt, for kunnskapar om klodens avgrensa ressursar var der i 1948 då fråsegna vart til. Men det ville vere ein rett påstand brukt om tida då Marx skreiv sine bøker og artiklar.

Eg deler Steigans grunntanke om global likskap som mål og set pris på at han skriv tydeleg om dette. Men i synet på effekten av sosialisering som verkemiddel skil me lag, både når det gjeld historie og tenking om framtida, og eg synest mange av hans vurderingar blir naive og dårleg underbygde, som: «Statoil ble skapt for å være et redskap for det norske folk og for å ivareta de store rikdommene i Nordsjøen til beste for folk i Norge.» Det høyrest såre idyllisk ut. Verkelegheita var beiskare. Selskapet har alltid, også den tid det var heilstatleg og Arve Johnsen sat ved roret, vore eit selskap for dei få og rike og slett ikkje for folk flest.

Viktigare enn vurderinga av Statoils historie er likevel tenkinga om framtida. Steigan skisserer ti tiltak, som å sosialisere energiforsyninga, transportsystem, helsemonopol, store landeigedommar og gruver. Om dette skjer, « ville samfunnet ha tatt kontroll over mer enn 90 prosent av eiendom og strategiske ressurser, praktisk talt uten å berøre småprodusenter og sosiale mellomlag. Det er bare den rikeste prosenten av de rikeste som ville tape det nakketaket de har på verdensøkonomien.» Eg er ikkje usamd i at institusjonane bør sosialiserast, slett ikkje, men det blir utilstrekkeleg og lettvint når tenkinga avgrensar seg til at overgangen til eit anna samfunn skal ramme dei på toppen og samtidig gjerast så smertefri og ubetydeleg for vanlege folk som råd. Viss ikkje Steigans og mine etterkommarar finn metodar som sikrar at fellesinstitusjonane blir styrde nedanfrå, at demokratiet blir levande og at alle får føresetnader for å delta på lik linje i avgjerdsprosessane, blir resultatet at vår halvstatlege kapitalisme blir bytt ut med ein heilstatleg kapitalisme, dersom hans oppskrift blir lagt til grunn. Og då er våre etterkommarar like langt.

Formuleringar av det slaget eg har sitert i avsnitta før dette, gjer meg usikker, dels fordi eg har oppfatta den tidlegare AKPleiaren som ein person som ikkje har kompromissvilje blant sine fremste eigenskapar, og dels fordi andre formuleringar i boka etter mitt skjøn er bastante, stundom svært bastante. «Pål har alltid insistert på å tenke prinsipielt, kommunistisk prinsipielt, også i tider det ikke har vært konjunkturer for slikt,» skriv Jon Børge Hansen om Steigan i festskriftet Fyrstikkalleen. Er Steigan på veg vekk frå dette og over i einslags kommunisme light? Eller har han ikkje teke seg tid til å reflektere over eigne formuleringar?

Nei, eg har ikkje svaret. Men det er mykje av same slaget. Med referanse til artiklar Tron Øgrim skreiv i sine siste leveår, hevdar han at folk flest i eit land som Norge har erfaringar med kommunistiske løysingar, i seinare tid gjennom opent tilgjengelege dataløysingar og tidlegare til dømes gjennom allmenningar,skoleverket og helsestellet. Skoleverket har, iallfall til det siste, vore «styrt etter behov og ikkje etter lommeboka», kan han fortelje. Eg ser det annleis. Skoleverket har hatt som oppgåve at dei små og lettforma skulle a) bli gudstrugne og trugne mot styresmakter, det var langt på veg to sider av same sak, b) lære å forstå at våre norske og vestlege oppfatningar, vår samfunnsform, vår rase og vår religion er dei best tenkjelege, og c) få dei elementære kunnskapane som sette dei i stand til å fungere i det samfunnet dei styrande ønskte. Det har funnest element av likskapstenking i norsk skole, og meir i somme periodar før enn no, så langt er eg samd, men desse trekka har sanneleg ikkje dominert dei vel 270 åra det har vore obligatorisk skolegang for allmugen i dette landet. Om eit samfunn av anna slag skal ta form, krevst nytenking framfor glorifisering av fortida også på dette området.

Og helsestellet, «der det i alle fall fram til nylig har vært slik at det ikke er penger, men behov som avgjør om du får pleie eller ei»? Har Steigan i sin iver etter å gjere kommunisme alminneleg og akseptabel gløymt abortnemndene, Reitgjerdet, isolasjonsceller, pasientar fastspende i reimer, neddoping av menneske fordi piller og sprøyter er billig behandling, lobotomering, sjuke og miljøskadde arbeidsfolk som har fått sine støvlunger diagnostiserte som alderdomsteikn, sterilisering av taterar, utkantfolk for langt unna lege og jordmor til at dei fekk besøk ved sjukdom eller fødslar, det stadige presset for å få familiar og særleg kvinner til å pleie sjuke for å spare samfunnet for kostnader, overklasse med statsbetald huslege og meir av same slaget? Viss norsk helsevesen er eller har vore kommunisme à la Steigan, kan han få ha kommunismen i fred for meg.

For å formulere innvendinga meir generelt: Steigan meiner med kommunisme noko alle har del i. Men han spør ikkje om dei har ein stor eller ein liten del og ikkje om dei har stor eller liten innverknad. I staden for å vurdere klasseforholda i institusjonane, anten det gjeld Statoil, skolen eller helsevesenet, trykkjer han dei ukritisk til sitt bryst. Difor blir også framtidsoppgåva ikkje ei anna tenking og eit anna samfunn bygt nedanfrå, men å ta makta frå «den rikeste prosenten av de rikeste».

Det blir vel mange halvtenkte, omtrentlege og stundom motstridande tankar, og dessverre mest der eg trudde forfattaren hadde meir å bidra med, om korleis hans eige (og mitt, men dette er ei bokmelding og ikkje eit debattinnlegg) ideal, det kommunistiske samfunnet, kan skapast og fungere. Kanskje burde forlaget ha sendt manuset attende med mange merknader og følgjande beskjed: Her trengst ein runde til. Dei beste partia i manuset viser at du både kan analysere skarpt og skrive presist. Fullfør dette manuset gjennom, så blir resultatet bra.

Mot dette kan det innvendast at når boka kjem samtidig på norsk og svensk (med tittelen «En gång skal jorden bliva vår»), viser det at to forlag har vurdert ho ulikt denne bokmeldaren, så kanskje er eg meir kritisk enn det er grunn til. Det kan også innvendast at det er sørgjeleg få bøker om desse temaa på nordiske språk og med nordisk fokus, at det er no det gjeld, og at det er betre med uferdige tankar enn ingen tankar. Henning Mankell skriv i forordet: «Jeg tror ingen lukker denne boken upåvirket, » og kan hende har han rett. I alle høve er det slik at den krisa me er på veg inn i, ikkje berre er ei økonomisk og ei økologisk krise, men også ei ideologisk krise. Rådande tenking og politikk vil framstå som reaksjonær, avleggs eller misvisande, eller alt dette på ein gong. Frå ruinane vil det vekse fram nye tankar og ny politikk. Det er opp til oss, og til dei som kjem etter oss, om det blir betre eller verre. Steigans bok «Sammenbruddet» kan, trass i veikskapane, sjåast som ei av spirene til det betre.

(Du kan kjøpe Sammenbruddet i vår nettbutikk)